Eg har aldri likt å bli lurt. Me likar best at what you see is what you get. I Norge foretrekker me at det meste er like friskt, ekte og naturleg som eplejuicen fra Hardanger. Me foretrekker Kari Traa og Siri Kalvig framfor Paris Hilton og Victoria Beckham. Me vil ha the real thing. Kurt Nilsen vinn Idol, og Erlend Bratland vinn Norske talenter. Sjarmerande med masse særpreg og talent, men ikkje perfekte på den billedskjønne måten. Me heiar på at den søte og klossete antihelten skal banke mr.perfect ned i støvlane. Mange filmar og reklamar vitnar om dette. “Billedskjønn” og “glansbilde” er ikkje nødvendigvis komplimenter hos oss. Det må ikkje bli too much – for mykje av det gode. Eller..?! Er det slik, eller er det kanskje jantelovens klamme hånd som gjer at me bortforklarar det på denne måten? Eg veit ikkje.
Men i Kina spiser folk hund. Og i Kina trur eg dei likar å bli lurt littegrann. OL i Beijing viser iallfall at dei kinesiske myndighetene er meir opptatt av illusjonen enn av realiteten. Forestillinga er viktigare enn sanninga. Først blei det avslørt at dei hadde pynta på fyrverkeri-bildene fra opningsseremonien. Men det som meir enn noko anna kjem til å bli ståande som eit symbol på Kina sin draum om det perfekte OL er biletet av dei to jentene Yang og Lin, 7 og 9 år gamle. Med musefletter og rød kjole imponerte 9 år gamle Lin heile verda då ho song “Ode til moderlandet” under OL-opninga fredag. Men det var 7 år gamle Yang som song så vakkert. Ho var imidlertid “for lubben og hadde ujevne tenner”, og passa derfor ikkje inn i glansbildet Kina ønsker å presentere. Dette kan ein lese meir om blant anna i Dagbladet, i ein kommentar i Dagbladet, og i Aftenposten.
“Vi ønsket at prosjektet skulle gi det riktige bildet og vi tenkte på hva som var best for nasjonen. Barnet på seremonien bør ha ei feilfritt utseende og uttrykk, og Lin er perfekt med tanke på det”, forklarar musikalsk ansvarleg for seremonien. Visepresidenten for Beijings olympiske organisasjonskomitee forstår ikkje kva som er gale med dette, og adm.dir. i IOC (internasjonale olympiske komitee) kan heller ikkje sjå at dette er problematisk. Han uttalar: “Du må være sikker på at både de som opptrer og sangen er på høyest mulig nivå”. Og på spørsmål om korleis han trur Yang føler seg: “Slik er det både i sport og i livet ellers”.
Vestlege land står ikkje tilbake for Kina når det gjeld fokus på ytre verdiar og utsjånad. Skjønnhetshysteriet er nok minst like ille i mange andre delar av verda. Men at barn på 7 og 9 år skal målast og dømmast på denne måten – det er vanskeleg å svelge (begge jentene er jo så søte! Og med min norske oppdragelse synest eg sjølvsagt at den minst billedskjønne er den aller søtaste). Signaleffekten er like ille for begge jentene. Ho eine har lært at ho synger bra, men kva hjelper det når ho ikkje har utsjånaden med seg? Ho andre har lært at ho ser bra ut, men ikkje duger til noko anna enn det.
Dette må vere ein kulturkollisjon, som me lærte om på ungdomsskulen. Dette dreier seg vel nettopp om at kulturar er forskjellige, og at i Kina er det meir godtatt å bli lurt littegrann, meir akseptert å pynte litt på sanninga. Men akkurat dette historien er likevel vanskeleg å tolke som noko anna enn kynisk og hensynslaus bruk av to små jenter som nok begge er stolte av å ha fått gitt sitt bidrag til det perfekte OL.
One world, one dream?
Merkelappar: OL, Kina, kultur, barn, Beijing, opningsseremoni

august 15, 2008 ved 12:07 pm |
Må innrømme at når eg leste om dette i ei avis trudde eg nesten ikkje det kunne vere sant. Dette er jo milevis frå kva eit land skulle ønske å stå for! Eg kan ikkje hjelpe for at om det er synd i den vesle jenta med den fantastiske stemmen er det, som du peikar på, like synd i ho som står der og mimar. Eg håpar for all del det er slik her i livet at det ein gjer er viktigare enn korleis ein ser ut. Dermed blir det ho som mimar som nærmast blir usett for hån i denne samanhengen. Fin å sjå på, men akk, ikkje god nok til å syngje. Eg er glad eg ikkje må mime meg gjennom livet.
Flott blogg, eg er såklart svoren tilhengar av deg IC!
august 15, 2008 ved 12:30 pm |
Takk for kommentar, LK!
Ja, som eg prøver å få fram i innlegget, er dette ein veldig framand tanke for oss, både det å vere så opptatt av “det perfekte” heller enn det ekte, og ikkje minst det å vere så kynisk i sin bruk av små barn. Og sjølv om det til dels sikkert kan forklarast ut fra kulturforskjellar, synest eg ikkje at dette tilfellet kan unnskyldast.
Eg finner utsagnet “Slik er det både i sport og i livet ellers” noko merkeleg. Det er det vel ikkje..?! Særleg ikkje i sport; eg har iallfall aldri høyrt om tilfeller der det er blitt brukt ein billedskjønn stand-in på idrettsbanen, haha!
Godt sagt, LK – bra me ikkje må mime oss gjennom livet!
august 23, 2008 ved 10:17 am |
Enig i at det er forferdelig at barn blir katagorisert på denne måten. At de blir ofre for verdens skjønnhetsidealer. Nå har jo Kina en lang og bokstavligtalt vond historie når det gjelder dette med skjønnhetsidealer. Tenk foreksempel på snøring av føtter… Når det er sagt så tror jeg neppe at Kina er værst i klassen på dette området. Akkurat nå får alt som skjer i Kina generelt men rundt OL spesielt, mye oppmerksomhet fra verdenspressen. Men jeg er sikker på at det finnes mange lignende eksempler rundt i andre land i verden hvis man begynner å lete. Helt sikkert i USA foreksempel… Der driver jo folk med det meste som er av vanvidd og beauty-konkurranser for barn helt ned i spebarnsalder er jo en stor greie der.
Akk o’ ve!
august 25, 2008 ved 4:56 pm |
Inside information: alle kan heldigvis føle seg svært trygge på at (mine kjære slektningar) Inga-Cecilie og Liv Kjersti ikkje har tenkt å mime seg gjennom livet! Hehe
(uoff.red.anm)
Ellers enig med “Kitschpink”: Ja, akk’o’ve x 1000 milliardar! Norge kan kanskje virke uskuldige i forhold til det extreme beauty-contest-opplegget i USA, men det gjennomsyrer og etser seg som kjent vei i det norske samf. ôg – kanskje spesielt fælt for barn som ennå ikkje har rukke å utvikla egne meiningar og sjølrespekt/tillitt. Og det er flust av folk som – om dei ikkje ER ein annan (som i Kina) – skulle ønske at dei var det. Og så videre, og så videre…
Kina: Lurer litt på koss den historia kom ut til mediene i heile tatt? (Satser på den personen som røpte dette allerede har fått ordna med politisk asyl…) Sannsyligvis berre eit av mange triste eksempel. Paradokset er at i eit så vannvittig stort land som Kina, vil på ein måte kanskje begge jentene vere rekna som priviligerte… Sukk… ikkje prinsipielt sjølvsagt, men… Det er for eksempel utrulig å sjå på smilande kinerserar som er glade for at staten har komt og henta barna deira slik at dei kan bli idrettsstjerner. Sjølv har dei ikkje sett barna sine på mange år, men dei smilar likevel. Nok eit eksempel på what you see aint what you see…
Til slutt, på generell basis: At verden skal vere fri for idealer er vel kanskje umulig idealisme?
Heldigvis er eg ein stakkarslig uforbedrelig og sikkert dum idealist inn til marg og bein, blod og kjøtt (der blei eg svimmel), – og blir heilt sikkert grundig lurt. Like sikkert som at far min er ein snikker.
Men ein kan vel kanskje ikkje vere idealist og samtidig ikkje syns noko om idealer? Hjelp!
Og dermed og hermed: Over og ut, håper ikkje for mange utenom IC les kommentarar! Eg seier meg ôg då avslutningsvis enig med artikkelforfattar.