Heia pappa!

By ingacecilie

Eg har veldig god tru på norske menn. Eg trur dei er opptatt av å vere gode fedre, og eg trur dei ønsker seg mest mulig tid med barna sine. Det var derfor gledeleg å lese om kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i VG i forgårs. Han er nettopp ferdig med åtte veker pappaperm, og setter nå søkelyset på dei positive sidene ved dette. Han anbefalar alle fedre å ta ut så mykje permisjon som mulig, og understrekar viktigheten av å vere aleine med barnet for å unngå å gjere seg til “reserve”. Applaus til Solhjell, som går føre med eit godt eksempel!

Eg har tidlegare skrive eit innlegg om meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen, og eg er hjertens enig med Solhjell i denne saka. Og det trur eg dei fleste er. Få vil betvile dei positive sidene ved meir permisjon til fedrene. Likevel er det ein del menn som ikkje tar ut heile fedrekvoten. Ifølge ferske tal fra NAV avstår fire av ti fedre fra å ta ut heile sin permisjonskvote på seks veker. Kva er grunnane til dette? Grovt sett kan årsakane delast i to; personlege grunnar, og grunnar som skuldast systemet slik det fungerar idag. 

På det personlege plan er det framleis ofte ei oppfatning av at det er kvinner som har hovudansvaret når eit barn blir født, og at det derfor ikkje vil følast naturleg eller nødvendig å ta ut pappaperm. Mange vil ikkje “ta” noko av permisjonen fra mora, og tar derfor ikkje ut meir enn fedrekvoten på seks veker. Ofte kan nok mødrene også vere motvillige til å dele permisjonstida med faren. Eit anna viktig forhold er arbeidsgivaren sine haldningar; mange forteller om sterk motvilje fra arbeidsgivar dersom dei ønsker å ta ut permisjon. I tillegg er systemet grovt diskriminerande, ifølge advokat Tanja Dahl Ødegaard som uttala seg til VG igår. På grunn av regelverket vil mange tape økonomisk på å ta ut pappapermisjon, fordi utbetalingane fra Folketrygda er begrensa oppad til 6G (ca 420 000 kr). Sidan kvinner i snitt fortsatt tjener mindre enn menn, vil mange ha meir å tape økonomisk dersom mannen har permisjon i forhold til dersom kvinna har permisjon. Farens rett til å kunne ta ut permisjon er også avhengig av om mora har opparbeida seg rett til foreldrepenger. Dersom mora har vore student, utan jobb, uføretrygda eller heimeverande i tida før ho får barn, vil heller ikkje faren ha rett til foreldrepenger. Dette er utvilsomt diskriminering av faren som omsorgsperson, og det er sterkt ønskeleg at også fedre får sjølvstendig opptjeningsrett.

At fedre får meir tid saman med barna sine, er ikkje anna enn rett og rimeleg, og det vil definitivt ha positive ringvirkningar for heile familien. Forhåpentlegvis vil den positive utviklinga fortsette, slik at endå fleire vil følge Solhjell sitt eksempel. Både haldningane og systemet må forbetrast for å oppnå dette!

Merkelappar: , , , ,

7 kommentarar til “Heia pappa!”

  1. Marte seier:

    Nok et godt innlegg, IC! Og dette har vi jo også diskutert noen ganger ;)
    Men jeg tror det økonomiske er grunnen til at så mange menn ikke tar ut særlig med permisjon. Vi har jo fremdeles ikke likelønn i Norge, og fremdeles er det sånn at det er flere menn som har de høyest lønnete stillingene. Ergo taper familien økonomisk dersom mannen skal ha permisjon. Og hevder selv at det er økonomiske grunner og ikke kjønnsproblematikk…når det er nettopp det det er.

  2. Liv Kjersti seier:

    Bra at du set fokus på dette viktige temaet i forhold til likestilling IC! Eg er enig i at det økonomiske for mange er viktig, men eg trur også at dette har fleire sider, som du jo også peikar på. Mange kvinner er nok lite villige til å gi frå seg denne moglegheiten til eit år “fri”. Det er absolutt hardt nok arbeid å gå heime med ein liten baby (dette kan eg seie av erfaring :-) ), men det er og ei tid for avveksling frå den gamle tralten og kanskje nye tankar. Kvifor står ikkje far meir på barrikadane og krevjer å få samme moglegheiten? Er far redd mor? Føler far at det er mor sin permisjon og at det dermed er mor som skal bestemme korleis denne fordelinga skal vere? Det er ingenting som tyder på at mor er ein betre omsorgsperson enn far, sjølv om det rett nok berre er mor som kan amme. Og dette bringer meg inn på ein annan del av denn ammedebatten. Når skal me få alternative stemmer til ammeguru Gro Nylander som kan nyansere ammedebatten ein smule? Eg trur på den islandske modellen og er svært skuffa over barne-og familieministeren som ikkje vil bidra til at likestillinga tar eit skritt lenger fram i dette landet.

  3. ingacecilie seier:

    WOW, så bra kommentarar – takk jenter!
    Marte: You are so right! Nei, til tross for kva prinsesse Marta Louise trur (jfr den famøse uttalelsen i fjor) har me ikkje likelønn i Norge, og det er her mykje av problemet ligg. Og nettopp dette er jo utgangspunktet for ein ond sirkel: mor tjener minst, tar permisjon, går ned i stilling, tapar terreng i yrkeslivet, og tjener endå mindre… Konklusjonen din er genial.
    LK: Her er du på heimebane! Veldig bra skreve. Eg trur som sagt at dei aller fleste fedre gjerne VIL, men av ulike grunnar er ikkje forholda optimalt lagt til rette ennå. Men eg trur absolutt me er på rett vei. Denne saka må haldast varm!

  4. Marte seier:

    Saken må absolutt holdes varm, og noen må passe på at alle sider av saken kommer frem i debatten. Så stå på, IC! Jeg er stor fan av bloggen din :-)

  5. Ingeborg seier:

    Yes, IC, det er vel då på tide at eg og kommenterer innlegga dine… så då startar eg likeså godt her på toppen (per dags dato)!
    Eg får litt prestasjonsangst av desse særdeles velformulerte innlegg og kommentarar, og når det gjeld dette temaet må eg vel berre starte med å: SEI MEG ENIG! Ja, me har jo ôg diskutert dette før naturligvis, hehe… Eg tillegger berre at eg trur absolutt at mange fedre sikkert ville følt at dei ”tar” permisjonen fra mor dersom dei ”krev” større del av permisjonen – d.v.s. uten at det var jenta sjølv som foreslo/ønska det. Føler at menn ofte er litt på defensiven når det gjeld likestillingsspørsmål som gjeld dei sjølve, og ville nok tenkt at det var ”dårlig stil” å kreve ein stor del av permisjonen fra jenta. Det er jo tross alt dama som har vore gjennom svangerskapet, fødselen o.s.v. (veldig krevande – er det blitt meg (og menn) fortalt – grøss). Poenget her er at eg ikkje er uenig i at svangerskap/fødsel er ekstremt (tviler ikkje, hjelp!), men at sikkert veldig få menn vil kreve større del av permisjonen dersom dei ikkje får lovfesta rett/krav til det. Ja, Liv Kjersti: eg trur egentlig at far er litt redd mor! I alle fall på dette området…

  6. ingacecilie seier:

    Velkommen som kommentator! :)
    Ingen grunn til prestasjonsangst, du skriv jo veldig gode kommentarar!
    Eg trur du har heilt rett: mange menn vegrar seg for å kreve større andel av permisjonen. Kanskje fordi dei føler at permisjonen tilhøyrer mora, eller kanskje fordi mora har uttrykt direkte at ho ønsker heile permisjonen sjølv. Og då er det ikkje vanskeleg å forstå at “far blir litt redd mor..” (genial formulering fra LK) Så her må kvinnene rett og slett skjerpe seg litt, og sleppe menn meir til! I tillegg må systemet leggast betre til rette.
    Godt poeng dette med at menn ikkje er på offensiven når det gjeld likestillingsspørsmål som gjeld dei sjølve. Dette er nok fordi likestilling i lang tid har vore nærmast synonymt med kvinnekamp. Men det er viktig å huske på at likestilling gjeld både menn og kvinne sine rettighetar. Og dersom kvinner frontar saker som også gagnar menn, trur eg dei kjem meir på banen etterkvart!

  7. Åse seier:

    heisann:) Jeg er en journaliststudent som skal skrive en artikkel om pappapermisjon, og lurer på om du kan svare på noen spørsmål i den forbindelse, via mail? ;) Hvis du har anledning så kan du sende en mail til:
    gews_87@hotmail.com

    Hilsen Åse

Legg att eit svar