Change we can believe in? Yes we can! Barack Obama si første halvanna veke som president har markert ei kraftig kursendring i amerikansk politikk. Mange av tiltaka hans har vore mest av symbolsk art og hatt som formål å distansere seg fra Bush og hans politikk. Andre tiltak har nærmast hatt eit historisk sus over seg, med potensiale til å få betydning langt utover USA sine grenser.
Obama venta ikkje lenge med å sette løftene om endring ut i politisk praksis. “He hit the ground running”, som dei seier her i USA. Han var kjapt ute med å reversere mykje av Bush sin sikkerhetspolitikk, ved å beordre stenging av den berykta Guantanamo-basen i løpet av eit år, forby dei hemmelege CIA-fengsla, og endre reglane for avhør av terrormistenkte. Han har gitt krystallklar beskjed om at USA ikkje er eit land som skal drive med tortur. Målet skal ikkje lenger heilaggjere bruk av alle tenkelege midler, og kampen mot terror skal kjempast på ein måte som ivaretar USA sine ideal og moralske prinsipp. “We believe we can abide by a rule that says, We don’t torture, but we can effectively obtain the intelligence we need”, uttala Obama om denne saka.
Også innan familie- og likestilingspolitikken har Obama markert seg innan eit par saker som har stor symbolverdi, og som lovar godt for framtida. Først fjerna han det som blir kalla “the global gag rule”, ei lov som har lagt ned forbud mot støtte til internasjonale organisasjonar som driv med familieplanlegging og aborthjelp. Denne ballen har blitt sparka att og fram mellom republikanarane og demokratane sidan Reagan innførte forbudet i 1984. Clinton fjerna forbudet då han kom på plass i det kvite hus, og Bush var kjapp med å gjeninnføre forbudet då det blei hans tur. Som forventa sparka Obama ballen i retur så snart han fekk sjansen, men i det stille og utan å gjere noko nummer ut av det. Truleg vil han kaste minst mulig ild på det følelsesladde abort-bålet nå i dei viktige første vekene som president.
Eit anna positivt signal fra Obama var signeringa av Lilly Ledbetter Fair Pay Act, ei lov vedtatt av Kongressen og oppkalla etter ei kvinne som gjekk til retten fordi ho opplevde å få mindre lønn enn sine mannlege kolleager. Ho fekk medhald i retten, men Høgsterett avviste saka fordi det hadde gått meir enn 180 dagar fra første gong ho opplevde forskjellsbehandling til ho gjekk til søksmål. Den nye lova endrar desse strikte reglane, og skal gjere det enklare å gå rettens veg dersom ein opplever diskriminering i arbeidslivet.
Obama har også signalisert ein ny stil innad i det kvite hus. Han har vedtatt reglar som skal begrense og regulere lobbyvirksomheten, og varsla større åpenhet rundt dei politiske prosessane. Han har også vedtatt ei frysing av lønningane til alle ansatte i det kvite hus som tjener over 100 000 dollar i året, og dermed satt eit eksempel til etterfølgelse; moderasjon må gjelde alle i desse økonomiske krisetider. Han har også gitt Wall-Street leiarane ei skikkeleg overhøvling fordi dei tok ut store summar i bonus til seg sjølv medan finanskrisen sendte økonomien i ein nedadgåande spiral. Det var tydeleg at dette provoserte Obama, og han brukte sterke ord: “That is the height of irresponsibility. It is shameful.”
Økonomien har naturleg nok vore den viktigaste enkeltsaka for Obama å gripe fatt i. Nyleg blei stimulus-pakken hans på 819 milliardar dollar vedtatt i Representantenes Hus, rett nok utan støtte fra ein einaste republikanar. Det må ha vore noko skuffande at redningsplanen ikkje oppnådde noko som helst tverrpolitisk støtte, men viktigare er det nok om planen vil virke etter hensikten eller ikkje. Det vil truleg ha mykje å sei for Obama si politiske framtid. Kriseplanen skal nå til vidare behandling i Senatet, og justeringar kan framleis gjerast før Obama setter sin signatur på papiret, noko han håpar å gjere i midten av februar.
Men økonomi, sikkerhet, familiepolitikk og annan innanrikspolitikk til side.. – det som utan tvil har gjort sterkast inntrykk på meg er den fundamentalt nye tonen innan utanrikspolitikken. Me har fått ein forsmak på dette gjennom valgkampen og ikkje minst i talen under innsettinga, då han henvendte seg direkte til heile verda. Hans bruk av den utstrakte hånda som eit bilde på dette blir truleg ein klassikar: “we will extend a hand if you are willing to unclench your fist”. Å sjå at dette skjer i praksis er likevel noko anna enn å høyre det i talar. I løpet av sin første dag som president var Obama på telefonen med mange av verdas leiarar, også i Midtausten, for å vise sin vilje til dialog. Vidare har han gitt uttrykk for vilje til å ta tak i konflikta mellom Israel og palestinarane heilt fra starten av, og har allerede gjort ei populær utnevning av George Mitchell som spesialutsending til Midtausten. Han presiserte også at Mitchell si hovudoppgave i første omgang er å lytte, ikkje diktere, og at tiltak vil bli sett i verk først etter å ha konsultert alle partar i konflikta nøye. Dette er nye tonar.
Change we can believe in..? La meg seie det slik: So far, so good. Etter mi meining har Obama komt godt i gong desse første dagane av si presidentgjerning. Forventningane er store, men han rir også på ei bølge av godvilje fra amerikanarar og fra verda ellers. Alle forstår me at ting kjem til å ta tid. Alle ønsker me at han skal lukkast. Eg seier som i X-files: I want to believe.
Den mest talande handlinga til nå er utan tvil intervjuet Obama ga på den arabiske tv-kanalen Al-Arabiya i veka som gjekk. ”My job to the Muslim world is to communicate that the Americans are not your enemy. We sometimes make mistakes. We have not been perfect.”
Den utstrakte handa gjekk fra å vere ein abstrakt metafor i ein tale til å bli ein håndfast realitet.
Merkelappar: Barack Obama, politikk, USA