Mamma mia!

UIP    

Foto: UIP

What a night… Dot dot dot! 

Som namnet på bloggen min tilseier, har eg ein tendens til å la meg rive med.. Idag har eg berre ein ting å seie: Ta beina fatt og spring i full fart for å sjå Mamma mia-filmen! Eg såg den for andre gong i forgårs, og fleire skal det bli.

 

 

 

 

Dette er spikertynn søtsuppe og karikerte klisjear, men it doesn’t matter! FOR EIT KICK! 🙂 Denne filmen er eit fyrverkeri, ei energibombe og uimotståeleg sjarmerande. Den trår klampen i bånn fra første sekund og tar rett og slett heilt av! Sjefen sjølv, Meryl Streep, er både dancing queen og drama queen, og høgdepunktet er når ho syng «The winner takes it all» så rått og lidenskapleg at frysningane varar lenge etterpå. Og Pierce Brosnan overraskar! Når sjølvaste 007 kastar seg ut i sang og dans, er det nesten så ein ikkje trur det ein ser: Han tullar ikkje – han meinar det. Det er så ektefølt og inderleg at det er ikkje til å tru.

Eg er veldig glad for at eg har evnen til å ta hemningslaust av over ein fjollete film. Denne evnen delar eg med ein filmanmeldar utanom det vanlege, nemleg fargeklatten Arild Abrahamsen i Stavanger Aftenblad. Les hans anmeldelse av Mamma mia her, så forstår du kva eg meinar. 

Thank you for the music!

Stikkord: , ,

7 kommentarar to “Mamma mia!”

  1. Liv Kjersti Says:

    Som du veit (og merka under kinoen) deler eg din kinoglede heilt og fullt! Herleg og befriande å la seg rive med og le så ein grin og så grine så ein grin for til slutt å le så ein grin. Nå sette eg filmmusikken på og reise på ferie, me snakkes snart! Takk for ei kjempekoselig helg 🙂

  2. Øystein Says:

    Nå drar du den vel langt, Inga! Vet du ikke at både Batman og Indiana Jones også går på kino nå?!

  3. ingacecilie Says:

    Haha, Øystein! 🙂 Mamma mia er vel ein anelse chick-flick kanskje.. Men veldig bra! Blir sikkert dratt med for å sjå Batman, og dersom den er like bra blir det kanskje eit spontant blogginnlegg av den også.. Fin blogg du har forresten! Særleg likte eg oversikten over kva dokke hadde hatt til middag i eit heilt år..! 🙂

  4. oddlaug Says:

    Hei Inga. Eg og AG var i Etne og såg filmen saman med ein flokk «vaksne» damer, små jenter og EIN mann. Filmen var kjempekjekk. Me satt heilt til slutt og fekk altså med oss den spesielle slutten. Kjøyrde heim med musikken i hovudet!. KJEKT!!!

  5. ingacecilie Says:

    Tusen takk for kommentar, Oddlaug! Så kjekt at du leser bloggen min! 🙂
    Kjøp filmmusikken!

  6. Per Helge Says:

    Koffor kjøpa filmmusikken når ABBA synge songane endo bedre?? 🙂
    Kul blogg forresten!

  7. ingacecilie Says:

    Godt poeng, Per Helge! Kjøp heller den originale Abba-musikken og kjøp filmen på dvd! 🙂 Veldig kjekt at dokke leser bloggen min!

Legg att svar til Øystein Avbryt svar