Steinaldermannen – the missing link?

Han tilhøyrer ein sjeldan rase. Han er i utakt med si tid, og i høgste grad politisk ukorrekt. Han lar seg sjeldan observere utanfor sitt naturlege habitat, også kjent som gutteklubben grei. Er denne arten utrydningstruga? Bør han fredast eller fryktast? Eg snakkar om steinaldermannen.

Steinaldermannens våte draum?

Steinaldermannens våte draum?

Kva kjenneteiknar steinaldermannen? Ingen ytre kjenneteikn avslører hans identitet. Han kan like gjerne ha stresskoffert og slips, som skjegg og ryggsekk. Vanlegvis prøver han å skjule sine innerste meiningar i det lengste, men nokon faktorar triggar denne mannen, og då er han vanlegvis lett gjenkjenneleg. Det er nemleg eit distinkt sett av meiningar og haldningar som er steinaldermannens fremste karakteristika. Han lengtar tilbake til tidlegare ærefulle tider, då mannen var herren i huset og kvinna holdt seg der ho høyrte heime, på kjøkkenet. Han meiner at sidan kvinner og menn er forskjellige, er likestilling ein uting. Husarbeid og barneoppdragelse er kvinnfolkarbeid – sjølv ønsker han å dyrke sine maskuline interesser, helst jakt og fiske eller andre sysler som bringer han nærare det gamle jegersamfunnet. Retroseksuelle menn som Lars Monsen er idealet. 

Fins det verkeleg eksemplarer av denne arten i år 2008? Dei er sjeldan vare, men tru meg; eg har møtt dei, dei smyg seg gjerne ut av steinhola etter eit visst alkoholinntak. Og ein sjeldan gong stikk dei til og med hovudet fram i den offentlege debatten og viftar litt med klubba si. Eit ferskt eksempel er dei famøse utsagna til investor Jan Haudemann Andersen tidlegare i sommar (sjå blogginnlegg), der han erklærte seg som motstandar av pappaperm og ikkje likte synet av menn med barnevogn. 

Men steinaldermannen har vanskelege levekår for tida. Han føler at det ikkje er lov å vere mann lenger. La nå menn vere menn, seier han. Mannsrolla er i krise, blir det påstått. Samfunnet er blitt femininisert. Nei nå har likestillinga gått for langt. Steinaldermannen anser ei særskilt gruppe som sin verste fiende, nemleg feministane. Eller rødstrømpene, som han ofte yndar å kalle dei. Fysj! Desse orda blir spytta ut med stor forakt, ofte foranlediga av skildrande ord som «militante» eller «rabiate». Også menn med meir moderne meiningar får høyre det: dei er mjuke menn og tøffelheltar, og iallefall ikkje ekte mannfolk. 

Steinaldermannen representerer på mange måtar det som kan beskrivast som the missing link i likestillingsdebatten. Eg tenker på påstanden om at menn ikkje skal få lov til å vere menn lenger. Dette er ei uheldig misforståing. For på kva måte er det ei konflikt mellom det å vere machomann og det å vere opptatt av likestilling..? For å sitere Samantha i Sex and the City: «It’s all that crazy testosterone.. Thank God for it!» Men å vere mannssjåvinist er lite mandig!

Korleis skal ein forholde seg dersom ein uventa møter på denne arten? Etter nøye observasjon kan eg bekrefte at det er som med hoggormen: Den er meir redd meg, enn eg er redd den.. Mykje tyder på at steinaldermannen føler seg truga, og slit med å tilpasse seg dagens moderne samfunn. Så kanskje me heller skal synast litt synd på denne overlevninga fra fortida? Etter alt å dømme kjem nemleg evolusjonen til å utrydde denne arten i nærmaste framtid. Det er lite truleg at nokon kjem til å ville reprodusere seg med steinaldermenn i tida framover. For som Helle Vaagland uttalte: Du gidder ikke ligge med en mann som aldri tar oppvasken!

Stikkord: , , , ,

8 kommentarar to “Steinaldermannen – the missing link?”

  1. Liv Kjersti Says:

    AHH! Eg smiler frå øyre til øyre, dette innlegget har eg venta på og sjølvsagt vart det akkurat så velformulert og spisst som eg trudde. Veldig bra IC! Samtidig er det litt skremmande at slike menn(eske) framleis finnes, ein må jo tru at enkelte av dei faktisk er i ektemannposisjonen og dermed i stand til å reprodusere seg i allefall ein generasjon til. Uansett håpar og trur eg at steinaldermannen er på retur, eg applauderer Vaagland som seier det som det er, me gidd ikkje leve saman med ein mann som ikkje tar i eit tak. Nettopp derfor kan me le litt av steinaldremannen, sjølv om me vel alle har blitt provosert av ein. Dei dukkar opp der ein minst ventar det. Ver forberedt!

  2. Ingeborg Says:

    «Kvinnfolk»! Og mannfolk og kvinnfolk og mannfolk og kvedner og kara, blærk – uuuuuuuu!!! 😀

  3. Iskwew Says:

    Denne var veldig bra!

    Jeg tror forresten alle disse Steinaldermennene er inne og kommenterer i diverse nettdebatter.

  4. Hege Merete Says:

    Helt hærlig! – Har møtt på denne i typen i ny og ne 🙂 De er nok dessverre kanskje flere enn vi frykter – synes de røper seg til stadighet i diverse debattforum og nettsider.
    Veldig spisst og vittig formulet!
    LOL 🙂

  5. virrvarr Says:

    Ja, steinaldermannen kommenterer i nettavisene, sender sms’er under TV-debatter og ser på The Man Show. Uffameeg. Og flott innlegg!

  6. ingacecilie Says:

    Takk jenter! Dokke forstår tydelegvis veldig godt kva eg snakkar om! 🙂

  7. 8.mars? - Yes we can! « BostonBlogg Says:

    […] vere maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større […]

  8. 8.mars - Yes we can! « CarriedAway Says:

    […] maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: