Archive for september 2008

A defining moment

september 28, 2008

Alt er stort her i USA. Alt er supersized, og less is not more. Så også med dei politiske debattane i valgkampen, og igår kveld gjekk den første verkeleg store direktesendte tv-debatten på CNN mellom Barack Obama og John McCain av stabelen. Oppladinga starta ein time før startskuddet gjekk, med nedtelling til debattstart på skjermen. Når klokka omsider slo ni, var det høgtidsstemning i stova når den ærverdige herremannen Jim Lehrer prega av stundens alvor ønska velkommen til debatt. Dette var verkeleg ei tv-sending utanom det vanlege. I over 90 minutter samanhengande pågjekk debatten, heilt uavbrutt av dei sedvanlege reklamepausane kvart tiande minutt. Og publikum var godt dressert, dei fekk kun lov til å klappe når kandidatane gjorde sin entré på scenen, etterpå var det ikkje eit knyst å høyre fra salen. 

Denne første tv-debatten mellom presidentkandidatane skulle opprinneleg dreie seg om utanriks- og sikkerhetspolitiske spørsmål. Dei siste vekers hendingar nødvendiggjorde imidlertid ei endring av planen, og den første halvdelen av debatten omhandla krisen i det amerikanske finansmarkedet. Barack Obama kom best ut i starten. Han såg rett inn i kamera og proklamerte at «this is a defining moment of our time». Han var tydeleg på offensiven når han snakka om finanskrisen, og han retta fokuset mot Main Street heller enn Wall Street. Mange vanlege arbeidstakarar har ei lita finanskrise på slutten av kvar månad, sa han mellom anna, og anklaga McCain for å ville gi millionar i skattelette til dei rikaste. McCain på si side messa vidare om at «we gotta fix the system», og «we gotta cut spending!» Løysinga hans på dei økonomiske problemene er å bruke mindre statlege penger og å kutte skattane. Ingen av dei svara direkte på om dei kjem til å støtte den gigantiske redningsplanen til Bush-administrasjonen eller ikkje. Obama fekk inn eit par gode poeng, blant anna at McCain har vore enig med Bush i 90% av tilfellene dei siste åra og dermed er lite truverdig som talsmann for ein ny politisk kurs. Som svar til McCain si oppfordring om å kutte pengebruken, svara Obama at ein eminent måte å spare pengar på er å få slutt på den pengeslukande krigen i Irak. 

Det bringer oss over på det neste temaet i debatten: utanriks- og sikkerhetspolitikk. John McCain er ein krystallklar tilhengar av krigen i Irak, og han kvikna også tydeleg til når temaskiftet var eit faktum. Me vinner krigen i Irak, og me kjem til å komme heim med seier og ære, sa han med stor overbevisning. Han påpeika også at han heile tida var tilhengar av «The Surge», den store økninga i amerikanske styrker som har lykkast i i stabilisere situasjonen i Irak den siste tida. Obama brukte eit pedagogisk grep debatten i gjennom ved at han påpeika saker der han og McCain er fundamentalt uenige. Irak er ei av dei sakene. Obama var motstandar av krigen heilt fra begynnelsen av, noko han bruker som bevis for si dømmekraft. Han meinar at grunnlaget for Irak-krigen var fullstendig fråverande (noko ettertida har gitt han rett i), og at dette har vore ei uklok og kostbar affære for USA. Militæret må brukast på ein klok måte, sa Obama igår. Mean det for McCain er utenkeleg å trekke seg ut av Irak før seieren er eit uomtvisteleg faktum, meinar Obama at krigen var eit stort feilgrep fra starten av og vil avslutte krigen på ein ansvarleg måte ved tilbaketrekning innan 16 månadar. 

Når det gjeld krigen i Afghanistan, er kandiatane meir på linje. Obama meinar at forsterking av styrkane i Afghanistan er nødvendig for å få kontroll over situasjonen. Krigen mot terror starta, og må slutte, i Afghanistan, sa han igår. Han meiner situasjonen har forverra seg fordi ein altfor stor andel av dei amerikanske styrkene er opptatt i Irak. McCain tala varmt for økte styrker og ein ny strategi i Afghanistan, men gir ikkje på same måten uttrykk for samanhengen mellom desse to krigane. Strategien ovanfor land som Iran, Nord-Korea og Russland tydeleggjorde også dei utanrikspolitiske forskjellane mellom kandidatane.  Obama ønsker dialog, og meinar at problemer ikkje kan løysast før ein begynner å snakke saman. McCain er sterkt imot dialog utan at bestemte vilkår er oppfylt i forkant. This is dangerous! sa han og sikta til Obama sin utanrikspolitikk. McCain spelar kraftig på si lange erfaring innan utanrikspolitikken, og droppar stadig navn på statsmenn han har møtt og land han har besøkt. Han påpeikar at han har vore involvert i alle viktige utanriksspørsmål dei siste 20 åra, og meinar dette talar for seg sjølv. 

Så kven sto igjen som vinnar etter denne viktige debatten..? Dei fleste meinar at det enda uavgjort. Ingen knockout i første debatt, skriv CNN på nettsida si. Ein god kveld for McCain, men betre for Obama, uttalar den lokale avisa The Boston Globe. Dei fleste er enige om at Obama var hakket hvassare under økonomidelen av debatten. Det er eg heilt enig i. Obama var mest poengtert i starten av debatten, og gjekk rett på sak med ei punktvis opplisting av kva ein økonomisk kriseplan bør innehalde. Trass i iherdige forsøk på å distansere seg fra den sittande republikanske regjeringa, er det vanskeleg for McCain å unngå å vere på defensiven i denne saka. McCain kom imidlertid sterkare tilbake når debatten skifta over til hans favorittfelt, utanrikspolitikk. McCain har overlegen ekspertise og erfaring på dette feltet, men Obama demonstrerte solid kunnskap og lot seg ikkje vippe av pinnen til tross for at McCain tok i bruk samtlige hersketeknikkar i boka. McCain sin overtydelege strategi var å stille eit stort spørsmålsteikn ved om Obama er klar for presidentansvaret, og han underbygde dette med stadig å seie «Obama forstår ikkje..» eller «det som senator Obama ikkje ser ut til å forstår, er at…» Det er uklart korleis denne strategien vil slå ut hos sving-velgarar. Kanskje virkar hans forsøk på å framstå som mest presidentaktig, mest «commander in chief», men det er også ein mulighet for at han framstår som belærande. Han spelar uhemma på folk sine følelsar når det gjeld krigen, og forteller nærmast på presenilt vis dei same historiane om og om igjen. For min del blir det i meste laget når han endå ein gong forteller om armbåndet fra den drepte Irak-soldaten han bærer med seg, eller når han endå ein gong viser til sine tankar «når han kom ut fra fengselet».  Eg synest også at hans manglande vilje til dialog med andre land og regimer er skremmande. «The silent treatment» har ikkje direkte vore ei suksessoppskrift så langt. Utsagn som at «eg såg Putin inn i augene og såg tre bokstavar: KGB» bringer tankane tilbake til den kalde krigen og kan umulig gi grunnlag for eit godt samarbeidsklima supermaktene imellom. 

Totalt sett må det seiast at begge gjorde ein rimeleg god figur under debatten. Det var ingen store tabbar, begge fekk tydeleg fram meiningane sine, og det var ein disiplinert og forholdsvis lite skitten debatt. Men det er klart at mangelen på ein klar vinnar favoriserer Obama i større grad enn McCain. For det første fordi valgkampens momentum har vore i favør av Obama dei siste to vekene, og han har opparbeida seg ei knapp leiing på meiningsmålingane.  For det andre fordi kveldens hovudtema utanrikspolitikk var forventa å vere klar heimebane for McCain. Nerva i valgkampen er fortsatt i høgspenning. Kva amerikanarane bestemmer seg for den 4.november vil få betydning for oss alle. Så om ikkje denne debatten klargjorde utfallet, er det likevel ingen tvil om at denne valgkampen er eit «defining moment» for vår tid.

It’s the economy, stupid

september 24, 2008

Wall Street-massakre. Lehmann Brothers går konkurs. Forsikringsgiganten AIG må reddast av myndighetene. Store selskap på kanten av stupet. Fare for fullstendig kollaps i kredittmarkeda. Den verste finanskrisen sidan depresjonen på 30-talet? Krisen i den amerikanske økonomien har naturleg nok satt eit sterkt preg på nyhetsbildet dei siste 10 dagane. Og om det ikkje var einstemmig vedtatt fra før av; nå er det ingen tvil om at økonomien er den aller viktigaste saka for amerikanske velgarar. It’s the economy, stupid!

Dei siste dagane har det altoverskyggande temaet vore «The Big Bailout», fritt oversatt den store kausjonen eller frikjøpinga. Dette er den store redningsplanen som skal redde stumpane. Kort fortalt går planen ut på at det amerikanske finansdepartementet vil bruke 700 milliardar dollar på å kjøpe opp lån fra kriseramma bankar. Finansminister Henry Paulson og sentralbanksjef Ben Bernanke har idag lagt planen fram for Kongressen. Dei hevdar at planen er nødvendig for å hindre total kollaps i finansmarkedet, og legg press på Kongressen om å godkjenne planen snarast. 700 milliardar dollar er mykje pengar. Det tilsvarar ca 2000 dollar per innbygggar i USA, eller 2300 dollar (ca 12 000 kr) per skattebetalar. Og skepsisen var framtredande i Kongressen idag. Det er uenighet om kor vidt det er rett å bruke skattebetalarane sine penger til å avhjelpe store bedrifter med gjelda og redde dei fra konkurs, når dette i mange tilfeller er ein situasjon forårsaka av dårleg dømmekraft og uansvarlege beslutningar. Økonomisk konservative republikanarar er prinsipielt motstandarar av all form for inngripen i det frie markedet. Mange tvilar også på den reelle effekten av «bailout»-planen. Vil denne gigantiske redningspakken løyse problema? Nokon meinar at gevinsten kun vil bli kortvarig, og at det er dei underliggande årsakane som må adresserast. Problemet må tas ved rota. Og hastar det å iverksette planen i løpet av dagar eller veker? Eller er det viktigare å bruke tid? Og korleis skal pengane brukast?

Finanskrisa pregar sjølvsagt valgkampen. Det er tilnærma ei politisk naturlov at den sittande regjeringa vil tape oppslutnng når det er dårlege tider eller økonomisk krise. Republikanarane har styrt dei siste 8 åra, og mange legg nå skulda for finanskrisen på Bush-administrasjonen. Obama vinn terreng på dette, og har då også gjort eit hopp på meiningmålingane den siste veka. Obama sin hovudstrategi så langt har vore nettopp dette: å legge skulda på den sittande administrasjonen. Han hevdar at dersom han var president, ville dette aldri ha skjedd. Han har imidlertid inntil nylig vore vag og reservert, og vegra seg for å komme med konkrete løysingsforslag. Idag konkretiserte han fire punkt som han meiner ein kriseplan bør innehalde. Hans budskap er at kriseplanen ikkje berre skal fungere for Wall Street, men også for Main Street, altså den vanlege amerikanar. 

McCain på si side forsøker etter beste evne å distansere seg fra Bush-administrasjonen, for å overbevise om at han representerar ein ny kurs. Sist veke var ei dårleg og tabbeprega veke for McCain. Han begynte veka med å uttale at «the fundamentals of our economy are strong», same dag som Wall Street-krisen var eit faktum, noko som skapte sterke reaksjonar. Seinare har han forsøkt å bortforklare utsagnet, og denne veka omtalar han situasjonen som ei krise, og går hardt ut mot både Bush-administrasjonen og Wall Street. Sjølv om republikanarar generelt er motstandarar av statleg styring og regulering av økomonien og finansmarkedet, foreslår McCain nå økt grad av statleg regulering. Dette kan gjere han upopulær blant dei økonomisk konservative i partiet, men truleg vil dei stemme å han uansett, i mangel på eit betre alternativ. Eg trur hovudsakleg han er ute etter å kapre «swing-voters» og velgarar som ikkje har bestemt seg ennå. I krisesituasjonar ser amerikanarar etter ein sterk og beslutningsdyktig leiartype, ein «commander in chief», og dette kan favorisere McCain i desse velgargruppene. McCain prøver derfor å framstå som den sterke leiaren USA treng i ein krisesituasjon. Han beskyldar Obama for beslutningsvegring, og for å mangle ein plan eller ei løysing. McCain nyttar ein kvar mulighet til å bringe krigssymbolikk og -retorikk inn i valgkampen, og uttala i går: «Senator Obama has been MIA; missing in action!»  

Ingen av kandidatane har framstått som ekstremt overbevisande i denne vanskelege finanskrisa. Ingen av dei har direkte sagt om dei er for eller mot den forslåtte redningsplanen. Men det er forventa at Obama vil vinne mest politisk på situasjonen, rett og slett fordi republikanarane sin politikk dei siste 8 åra blir sett på som ein del av problemet. Det blir spennande å følge forhandlingane i Kongressen utover veka. Og fredag er det klart for den første store TV-debatten mellom presidentkandidatane. Følg med!

Joker nord?

september 20, 2008

 

«Women on the move from Clinton to Palin». Denne saka er henta fra dagens Metro, ei gratisavis mange leser på T-banen her i Boston. Og nettopp dette var min aller første tanke då eg høyrte at McCain hadde valgt ein kvinneleg visepresidentkandidat; nå prøver han å kapre Hillary-stemmer! Lite visste eg då kven denne Sarah Palin-figuren var. Like ukjent var ho for dei fleste amerikanarar. Som guvernør i Alaska og utan rikspolitisk erfaring var ho eit mildt sagt overraskande valg som visepresidentkandidat. Om valget slo ned som ei bombe, meiner vel nå mange at ho er å ansjå som ei laus kanon på dekk. Minimal politisk erfaring, høgreekstrem og ultrakonservativ er nokon av karakteristikkane. Nokon meiner til og med at ho er «gal» eller «farleg». Ho er mellom anna motstandar av abort under alle omstendigeter, også etter incest eller voldtekt. Ho er mot all lovregulering av våpenbruk, ho er for oljeboring i Alaska sine nasjonalparkar, og ho har uttalt at krigen i Irak er på oppdrag fra Gud. Ekstremt, altså. 

Men likevel. Stadig blir det snakka om Palin-effekten. Hennar image som «hockey-mum med lipstick» slår an hos mange. Republikanarane fekk ein merkbar oppsving etter valget av visepresidentkandidat. Ho er på alles lepper, med eller utan leppestift. Vekas store samtaleemne på jobb har vore Tina Fey sin oppsiktsvekkande parodi av henne på Saturday Night Live forrige lørdag. Så, kven kan vere Norges svar på Sarah Palin..? Det einaste navnet som dukkar opp i hovudet mitt er Eli Hagen. Folkeleg appell, frittalande, høgt hår, og plassert godt til høgre politisk..

Kven er det denne dama appellerer til..? For det første var valget av Sarah Palin ei utstrakt hand til dei mest konservative delene av partiet. John McCain har ikkje vore dei ultrakonservative sin favoritt, og han har heller ikkje fullt så ekstreme sosialkonservative synspunkt som Palin. Med å velge henne, sikra han seg derfor full støtte fra denne velgargruppa. Men denne gruppa kunne han truleg ha tilfredsstilt også ved å velge nokon andre fra ytterste høgre fløy i partiet. Derfor trur eg at det er like viktig at Palin vekkar begeistring i ei anna gruppe; nemleg kvinnelege velgarar fra middel-/arbeidarklasse som har sitte litt på gjerdet etter at Hillary var ute av dansen. Unekteleg vanskeleg å forstå at ein kan gjere eit kvantesprang over fra Hillary til Palin sånn utan vidare – dei deler ikkje akkurat politisk ståstad. Men mange var kanskje litt under middels politisk interessert og usikre på kven dei skulle stemme på, og kan nå vere tilbøyelege til å sympatisere med denne friske pusten fra nord. Som den 51-årige kvinna i Metro-reportasjen seier: «She’s a down-to-earth mom like me. She has a basic knowledge of what it means to be middle class». Ho blir oppfatta som folkeleg og sympatisk, og representerer for mange noko nytt og friskt. Det same kan vere tiltrekkande for velgarar som kanskje ikkje hadde tenkt å avgi stemme, og for såkalla «swing-voters»; velgarar som svingar mellom å foretrekke dei to partia.

Eg trur sistnevnte grupper var utslagsgivande når McCain skulle velge sin kandidat. Eller, truleg var det ikkje hans valg. Han hadde berre truffe Sarah Palin ein einaste gong før, og det blir sagt at ho neppe var hans førstevalg. Dette var overveiande sannsynleg eit reint strategisk valg av dei republikanske valgkampstrategane som står bak McCain. Når Obama valgte trygt og traust i den politisk erfarne Joe Biden, satsa republikanarane friskt og har klart å sette dagsordenen sidan. Politiske kommentatorar her i USA meiner at dette aldri hadde skjedd dersom Barack Obama hadde valgt Hillary Clinton som visepresidentkandidat. Då ville ikkje velgarpotensialet i tomrommet etter henne vere til stades lenger, og noko av den mulige gevinsten derfor utanfor rekkevidde. Ingen veit om Hillary har fått tilbudet og takka nei (til å vere nummer to nok ein gong..), men faktum er iallfall at i staden for Hillary kan me nå risikere at Sarah Palin blir første kvinnelege president i USA. La oss håpe det forblir eit skrekkscenario. Thanks, but no thanks!

God bless America!

september 20, 2008

 

Torsdag for ei veke sidan var det 11.september. Eller 9/11 som dei kallar dagen her i USA. Dagen blei markert over heile nasjonen, og fekk brei dekning i samtlige aviser og tv-stasjonar. På kvelden hadde CNN ei omfattande spesialsending med dei to presidentkandidatane. Det var ei interessant oppleving, og det slo meg i kor sterk grad patriotisme står på dagsorden her i USA. Dagen etter leste eg tilfeldigvis magasinet Time på eit venterom. Her var fenomenet patriotisme omtalt over ein fleire siders reportasje, og både McCain og Obama uttalte seg om kva patriotisme betyr for dei personleg. Desse to hendingane fekk eg til å tenke..

I kor stor grad er det ein bevisst patriotisme i Norge? Unntatt på 17.mai og i samband med store idrettsarrangement? Er dette noko me tenker på? Å elske og ære fedrelandet? Nordmenn kan definitivt vere nasjonalistiske og sjølvgode til tider, men etter nærkontakt med den amerikanske patriotismen verkar plutseleg Gro sin «typisk norsk å vere god» som ein lettvektar. Patriotismen når sjølvsagt nye høgder på dagar som 9/11, men likevel: eg trur den amerikanske nasjonalfølelsen er spesiell. Temaet for dei timelange samtalane med McCain og Obama på CNN 11.september var korleis du best kunne «serve your country», altså tjene landet ditt. Dette med «service» er eit begrep dei brukar i vid betydning. Ein kan tjene landet ved å gå inn i militæret, ved å ta på seg verv i samfunnet, engasjere seg i frivillig arbeid, gjennom organisasjonsarbeid eller ved dugnadsarbeid i nabolag og lokalsamfunn. «Americans are exceptional», kunngjorde McCain, men ville ikkje heilt svare direkte på om amerikanarar er betre enn folk fra andre land. «USA is the greatest country in the world», proklamerte Obama når hans tur kom. Og ikkje at eg tvilar på at dei meinar det, men dette MÅ dei faktisk seie. Det er heilt avgjerande å gi uttrykk for sin patriotisme i valgkampen. Ellers blir det ramaskrik! Som når Michelle Obama sa: «..for the first time in my adult lifetime, I am really proud of my country». Tenk å antyde at ho ikkje alltid har vore stolt over landet sitt..! Obama har også fått så øyrene flagra fordi han har stilt opp utan den obligatoriske flagg-pin’en på dressjakken. Det er blitt stilt spørsmål ved om hans patriotisme er djup og ektefølt nok.

Med John McCain er det annleis, han blir i Time-artikkelen omtala som «eit vandrande amerikansk flagg».. McCain snakkar i Time-artikkelen om «Why service is our strength» og om det å tjene eit formål større enn seg sjølv. Det er nesten som om det har noko religiøst over seg. USA er som eit heilagt formål som alle amerikanarar skal elske, ære og i særdeleshet tjene. Alle har ei plikt til å tjene landet sitt, for å gi noko tilbake i takknemleghet for alt det landet har gitt dei. Denne tankegangen får meg til å tenke på John F. Kennedy sitt berømte sitat: «Ask not what your country can do for you, ask what you can do for your country». 

Eg vil våge å påstå at det er relativt låg bevissthet rundt dette perspektivet heime i Norge. Tenker me på kva me kan gjere for landet? Tenker me på korleis me best kan gjere vår patriotiske plikt og tjene landet? Nei, me tenker vel meir på korleis landet kan tjene oss på best mulig måte. Korleis kan me få utnytta oljemilliardane på best mulig måte for oss? Kva parti og kva politikk vil tjene meg best..? Kvifor får eg ikkje det eg har krav på? Kvifor har eit så rikt land problemer i helsevesenet eller dårlege vegar? For ikkje å snakke om bensinprisen.. Og så vidare. 

Men er det ønskeleg å adoptere den ekstreme formen for patriotisme som er idealet her i USA..? Eg trur kanskje ikkje det… Det er verkeleg too much. Truleg har vanlege amerikanarar meir mangfoldige og nyanserte syn på dette, men den retorikken som blir brukt av politikarar på stemmefiske grensar nært mot arroganse og nedvurdering av andre folkelag og andre kulturar. 

Men å vere litt meir takknemlege for at me også er heldige og bur i eit eksepsjonelt land, og litt meir fokus på å yte i tillegg til å kreve – tja, det hadde kanskje vore ein ide..?

CarriedAway «over there»

september 3, 2008

Til orientering for eventuelle faste lesarar av CarriedAway: Eg er nå i gang med 1 års forskningsopphald i Boston i forbindelse med PhD-graden. Dei som har lyst er velkomne til å lese reisebloggen min BostonBlogg, men denne bloggen er av personleg karakter og definitivt mest interessant for familie, venner og bekjente. Eg håpar å klare å halde liv i CarriedAway også mens eg er «over there», men nå i den travle startfasen kan det bli noko sjeldnare oppdateringar. Vil ellers seie tusen takk til alle som leser bloggen min, og ein spesiell takk til alle som har lagt igjen kommentarar – eg setter stor pris på det!