Pro-choice vs pro-life

På CNN si nettside kan ein idag lese at Sarah Palin går til frontalangrep på retten til sjølvbestemt abort. Ho er motstandar av abort i alle tilfeller unntatt der mora sitt liv er i fare. Det vil seie at ho også er i mot abort dersom ei kvinne blir gravid etter voldtekt eller incest. Dette er ekstreme meiningar i norsk målestokk. Rett nok vil KrF innføre visse restriksjonar på retten til sjølvbestemt abort, men eg trur ikkje det er så veldig mange fleire enn Ludvig Nessa og Børre Knudsen som vil gå like langt som Palin. Men i USA er denne debatten høgst levande. Landet deler seg mellom dei som er pro-choice og dei som er pro-life. Pro-choice vil seie å vere tilhengar av retten til sjølvbestemt abort, medan pro-life er beteikninga på dei som er motstandar av abort og vil kjempe for fosteret sin rett til liv. Litt forenkla kan ein seie at dei fleste konservative republikanarar er pro-life, medan dei fleste demokratar er pro-choice. Spørreundersøkingar utført i 2007 viste at denne saka deler landet i to, omtrent halve befolkninga på kvar side. 

Korleis er regelverket for abort i USA idag? Den nåverande praksisen baserer seg på ei presedens-skapande sak fra 1973, kjent som Roe vs Wade-saka. Høgsterett fastslo då at å forby abort i første trimester (første 3 mnd) var å rekne som grunnlovsstridig. Dette hovudprinsippet gjeld fortsatt. Detaljar rundt andre forhold, som informering av foreldre, obligatorisk veiledning, og abort etter første trimester, varierar noko fra stat til stat. Sarah Palin og John McCain vil oppheve Roe vs Wade-dommen, og sterkt innskrenke muligheten for abort. Barack Obama vil behalde praksisen som den er, og er dermed tilhengar av kvinner si rett til sjølvbestemt abort. Til nå i valgkampen har Palin unngått å fronte sine ekstreme meiningar i abortsaka, truleg fordi republikanarane har vore redde for at dette kunne skremme vekk sving-velgarar og kvinner. Når ho nå tydelegvis har fått klarsignal til å ta bladet fra munnen, kan det virke som om hennar meiningar er stuereine for John McCain og hans stab. Det er skremmande nyheter. John McCain er nemleg på langt nær like ultrakonservativ og ekstrem som Palin og den mest konservative basen i partiet. Men ved å velge Palin som visepresidentkandidat og gi henne klarsignal til å fronte meiningar som dette, signaliserer han ein annan kurs. Eg har vanskeleg for å sjå kva han kan vinne på dette. Palin sine sosialkonservative haldningar til mellom anna abort appellerar sterkt til den konservative basen i partiet, men eg kan ikkje forstå anna enn at denne velgargruppa vil støtte dei uansett. Burde dei ikkje heller prøve å tiltrekke seg ubestemte velgarar som befinner seg meir i det politiske sentrum, og sving-velgarar som byttar på å sympatisere med dei to partia? 

Det er dårlege nyheter for kvinner i USA at Palin og så mange andre ønsker å sette kvinnesaka minst 50 år tilbake i tid, til ei tid då kvinner ikkje hadde rett til å bestemme over sin eigen kropp eller sitt eige liv. Dei seier at dei er pro-life, men det er ikkje kvinner sine liv dei kjempar for. Abort er ikkje ei enkel sak, og alle si personlege meining bør respekterast. Men å frata kvinner denne retten til sjølve å velge, er vanskeleg å tolke som noko anna enn eit brudd på ein grunnleggande menneskerett. La oss håpe håpe amerikanske kvinner får behalde «a woman’s right to choose».

Stikkord: , , , , , ,

12 kommentarar to “Pro-choice vs pro-life”

  1. Virrvarr Says:

    Vel talt, Carrie. Nå har jeg stalket bloggen din en stund og putter den på lenkelisten min. Ok? (c:

  2. Tante Grønn Says:

    Tror du sånne utspill fra Palin kan være en måte for henne å posisjonere seg på med tanke på egen framtid i politikken, og ikke først og fremst som del av McCains kampanje? Som du selv sier er jo ikke McCain så ultrakonservativ, og ville kanskje helst tonet ned sånne innspill. Kan det tenkes at Palin ser forbi nettopp dette valget og mot det neste – der hun ser seg selv som kandidat til posisjonen på topp?

  3. ingacecilie Says:

    Virrvarr: Det er ei ære, tusen takk! Forøvrig ser eg at eg ved ein forgløymelse ikkje har deg på blogroll’en min, det skal fiksast umiddelbart! 🙂
    Marte: Interessant vinkling. Dersom så er tilfelle, er denne dama smartare enn eg har trudd.. Eg synest også det er rart at ho får klarsignal til fritt å fronte sine ultrakonservative meiningar, men det kan vere at det er ein strategi for å mobilisere maksimalt fra den konservative basen i partiet. Husk at det er svært låg valgdeltaking i USA, vanlegvis ca 50% ved presidentvalg. Baktanken med Palin kan vere å få flest mulig konservative til å stemme.

  4. Sexy Sadie Says:

    Du tror ikke hun er smart?
    Hun er tross alt guvernør av Alaska. Man trenger ikke å være en ringrev for å være politiker, men litt sluhet behøves. Jeg er ikke for alt kjerringa kommer med, men jeg er for en kvinne i visepresidentstolen. Det er på tide.

  5. ingacecilie Says:

    Eg har fulgt valgkampen på nært hald her i Boston, og fram til nå har ikkje Palin framstått som verken kompetent for jobben eller særleg lynskarp. Ho kan sikkert gjere ein god jobb som guvernør i Alaska, men å vere visepresident krever ein del meir. Sjølv om eg gjerne skulle sette ein kvinneleg visepresident, eller aller helst ein kvinneleg president, kan eg på ingen måte støtte henne kun fordi ho er kvinne. Det ville vore latterleg. Kvinner som er kompetente for jobben fins, men dessverre er ikkje Palin ei av dei.

  6. Tante Grønn Says:

    Enig med IC, bare det at Palin er kvinne er ikke nok til at jeg vil støtte henne, selv om jeg virkelig skulle ønske at USA får en kvinne i en så høy posisjon. Men å støtte henne bare fordi hun er kvinne blir ikke likestilling, men heller det motsatte. De som blir valgt til president og visepresident bør bli det fordi det er dyktige og har en god politikk, uavhengig av hvilket kjønn de har, kvinne eller ikke.

  7. Sexy Sadie Says:

    Vel, hvor mange av de mannelige presidentene i USA har til å nå i realiteten vært kompetent til jobben de var i? Den siste har virkelig kjørt statene på dunken, ingen trekker inn hans kjønn når man snakker om akkurat det.

  8. Tante Grønn Says:

    Ingen har trukket inn hans kjønn fordi kjønn ikke har noe med kompetanse eller inkompetanse å gjøre. At Bush er udugelig har vel ikke noe med Y-kromosomet hans å gjøre.

  9. ingacecilie Says:

    Eg trur dei fleste, også her i USA, er enige om at Bush-administrasjonen og dei siste 8 åra har vore svært uheldige for USA. Nettopp derfor fortjener både USA og verda ein amerikansk politikk som kan snu dette vanstyret, føre ein meir ansvarleg utanrikspolitikk og få økonomien på rett kjøl igjen. For å klare dette treng dei ein kvalifisert og dyktig person som står for ein annan type politikk enn den Bush-adm. har ført. Sjølv om eg trur McCain er meir oppegåande enn Bush, og ein erfaren politikar, vil hans politikk i realiteten ikkje representere nokon stor forskjell fra den sittande regjeringa. Palin har ingen erfaring i rikspolitikken, og franstår som ein ultrakonservativ kristenfundamentalist. Eg skulle veldig gjerne hatt ei kvinne i denne posisjonen, men då må det vere ei kvinne som er kvalifisert for jobben og som står for den rette politikken.

  10. kvalitetssynsing Says:

    «bestemme over sin eigen kropp»

    Skal alle bestemme over sin egen kropp, blir alt lov. Drapsmenn må f.eks. få lov til å trykke sin egen finger på en avtrekker. Det er jo deres kropp.

    Argumentet er altså i beste fall i en gråsone, og brukes til å feie helt vekk sammensatte moralske problemstillinger som man kunne skrevet minst én doktorgrad om. Spørsmålet er nyansert, og i slike tilfeller blir jeg alltid skeptisk til hallelujarop – uansett hvilket parti de måtte ta.

    Jeg registrerer også at det ser ut til å eksistere en saueflokk der ute:

    Kvinne + nynorsk + sosialist = fri abort – i hvert eneste bidige tilfelle. Dette er ganske rart.

  11. ingacecilie Says:

    Kvalitetssynsing: Sjoelv om eg berre har tilgang til amerikansk tastatur for oeyeblikket – dette kan ikkje faa staa uimotsagt.
    Det er heilt meiningslaust aa ta frasen «bestemme over sin eigen kropp» fullstendig ut av kontekst slik du gjer her! Eg snakkar om retten til aa faa bestemme over sin eigen kropp i denne enkeltsaka. Ein kan ikkje derfra trekke slutninga at eg eller andre tilhengarar av sjoelvbestemt abort meinar at ein skal kunne bestemme over sin eigen kropp i alle andre samanhengar. Det er jo berre latterleg. Eksempelet ditt med drapsmannen er vel heller ikkje heilt holdbart. Daa bestemmer du jo ikkje over eigen kropp – daa bestemmer du over offeret sitt liv.
    Eg er fullstendig klar over at abort er eit vanskeleg og komplisert tema, noko eg ogsaa skriv i innlegget, men nettopp derfor meiner eg at dette er ei sak som den enkelte maa faa bestemme sjoelv.
    Det er dessutan ei ganske frimodig generalisering du presenterer paa slutten av din kommentar. Korleis veit du at eg er sosialist..?? Fordi eg skreiv eit innlegg der eg kommenterer den overdrevne sosialistfrykta i USA som forhindrar amerikanarar i aa ha tilgang til grunnleggande velferdsordningar..??
    Og kva meinar du med «fri abort»? Det eg snakkar om er retten til sjoelvbestemt abort i foerste trimester.
    Kommenter gjerne igjen, men kvaliteten paa synsinga kan godt bli betre!

  12. kvalitetssynsing Says:

    Takk for svar. Jeg tar til meg kritikken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: