Fornuft og følelsar

Med berre 4 dagar igjen til det amerikanske presidentvalget, tenkte eg å gi dykk eit lite innblikk i følgande: Kven stemmer kva, og kvifor? Dette innlegget er ei salig sjangerblanding, med fakta og følelsar om kvarandre – akkurat som valgkampen sjølv. Å sjå nærmare på desse spørsmåla gir ikkje berre innsikt i amerikansk velgardemografi; til ei viss grad kan skillelinjene også ekstrapolerast til å beteikne heile det amerikanske samfunnet. For sjølv om Obama seier: «There is no liberal America, there is no conservative America – there is just the United States of America», så kan ein av og til få følelsen av at USA er ein splitta nasjon. Iallfall når det er snakk om politikk. Som komikaren Groucho Marx sa i si tid: «All people are born alike – except Republicans and Democrats..»

Republikanarane framstår for meg grovt sett som ei todelt gruppe velgarar. For det første er det mange pengesterke forretningsfolk som sympatiserar med partiet. Dei er økonomisk konservative, det vil seie at dei har klokkartru på det frie markedets og den reine kapitalismens velsignelse. Dei er motstandarar av økt statleg styring, og ikkje minst; dei er sterkt i mot skatteøkning. Det er sikkert ideologiske og godt begrunna årsarar til dette standpunktet, men den enklaste forklaringa er ofte den beste: Dei er redde for at uvedkommande kan komme til å få sugerøyret ned i pengebingen deira. I tillegg til dresskledde businessfolk er det også mange eldre som stemmar republikansk, mest av gammal vane kan det ofte virke som. Partiet har ikkje tilnavnet Grand Old Party (GOP) for ingenting – det er eit ærverdig parti med lange og stolte tradisjonar. Den andre hovudgruppa er truleg fleire i antall enn businessfolka; dette er folk fra smalltown America og mindre tettbebygde strøk, særleg i statane midt i landet og i sør. Det er denne folkerike velgargruppa McCain og Palin prøver å appellere til ved å snakke om Hockey-Mums, Joe Sixpacks og ikkje minst det siste tilskuddet til familien; Joe the Plumber. Dette er for det meste vanlege arbeidsfolk som har lite å vinne på den konservative økonomiske politikken til det republikanarane. McCain prøvar å skremme dei med at Obama vil ta pengene deira og «spread the wealth around», men faktum er at mange ville ha profittert betre på Obama sin økonomiske politikk. Mange i denne velgargruppa er religiøse og sterkt sosialkonservative, f.eks når det gjeld abort eller homofile ekteskap. Dei er også skeptiske til for mykje statleg innblanding og kontroll. 

Demokratane virkar umiddelbart som ei meir heterogen og mindre stereotyp velgargruppe. Demokratane er meir liberale både i økonomiske og sosiale spørsmål, og er i fleirtal blant innbyggarane i dei store byane, blant høgt utdanna og blant unge velgarar. Geografisk kan ein forenkla seie at øst- og vestkysten er demokratisk, medan midten av landet og sør er republikansk. Ifølge ei meiningsmåling utført av Time er demokratane støtta av 97% av svarte velgarar, 88% av registrerte demokratar, 88% av folk som reknar seg som liberale, 56% av alle kvinner, 54% av dei som reknar seg som moderate, 49% av partiuavhengige (independents), 48% av kvite kvinner, 43% av alle menn, 38% av kvite menn og 20% av konservative. Til samanlikning er republikanarane støtta av 90% av registrerte republikanarar, 75% av konservative, 57% av kvite menn, 51% av alle menn, 45% av kvite kvinner, 43% av partiuavhengige, 38% av moderate, 37% av alle kvinner, 6% av liberale og 0% av svarte velgarar. Dette er ei enkelt meiningsmåling utført i begynnelsen av oktober. Den gir ikkje heile sanninga, men eit lite innblikk i kven som støttar dei to partia. 

Ei velgargruppe det er mykje fokus på nå i valgkampinnspurten er dei såkalla sving-velgarane (swing-voters). Dette er ei noko diffus beteikning på velgarar som ikkje har bunde seg til ein kandidat eller eit parti. Dei kan derfor like gjerne stemme både til høgre og venstre. Kor stor er denne velgargruppa? Gjennomsnittleg dei siste tiåra har sving-velgarane utgjort cirka 20% av alle velgarar. Dette antallet er imidlertid synkande, og i 2004 var dette talet nede i ca 13%. Antallet er høgare tidleg i valgkampen, og går nedover ettersom det nærmar seg valg. Det er snakk om eit betydeleg antall potensielle velgarar, og begge kandidatar brukar mykje tid og penger på å overbevise denne ubestemte gruppa velgarar. Sving-velgarar er ikkje ei demografisk definert velgargruppe, men dei tenderer til å vere moderate og ikkje veldig politisk engasjerte. Mange klarar då heller aldri å velge side, og endar opp med å ikkje stemme. Eg vil tippe at i denne valgkampen er det mange sving-velgarar å finne blant kvit middel/arbeidarklasse utanfor dei store byane, mange av desse var kanskje tilhengarar av Hillary Clinton i primærvalga. 

Så kva er det til sjuande og sist som avgjer kven ein stemmer på..? Dei politiske sakene er sjølvsagt viktige, og i år har økonomien naturleg nok vore den klart viktgaste saka for amerikanarane. Men det er ikkje berre fornuft som ligg bak valget av ein kandidat – følelsar spelar også inn. Mange gir si stemme til den kandidaten dei likar best, den kandidaten dei kjenner seg mest igjen i, og som dei lettast kan identifisere seg med. Mange har spekulert i kor stor betydning rase vil ha i årets valgkamp. Mi meining er at rase kan vere eit ledd i beslutningstakinga for nokon få, men eg trur også at det det ofte er meir komplekse forhold som ligg bak den Obama-skepsisen nokon føler. Han framstår for mange som vanskeleg å identifisere seg med av ulike grunnar. Nokon kallar han for elitistisk og akademisk, andre synest han er «annleis» på grunn av sin eksotiske bakgrunn. Det har derfor vore ein del snakk om korvidt han er «amerikansk nok» eller «patriotisk nok». I kor stor grad dette er uttrykk for meir eller mindre bevisst diskriminering på grunn av rase, er ukjent, men eg trur bakgrunnen for haldningane er meir samansette.

Når han nå ligg an til å vinne, er det mange grunnar til dette også. Bush er kanskje tidenes mest upopulære president, og dei aller fleste er enige om at dei siste 8 åra har vore eit svart kapittel i amerikanske historie. USA har starta to krigar. Krigen i Irak blei starta på feilaktig grunnlag og er blitt eit pengesluk av dimensjonar. Den nasjonale gjelda har økt noko heilt usannsynleg. Det har lenge vore økning i arbeidsløyse og tvangssalg av boligar, og den nedadgåande økonomispiralen enda som kjent nyleg med den største finanskrisa sidan 30-talet. Det er dermed lett å forstå at det amerikanske folket er klare for endring. Men dette er ikkje heile forklaringa. Obama har vist seg å utklasse McCain når det gjeld retorikk og talegaver, han har hatt eit meir konsistent og ufravikeleg budskap heile kampanjen gjennom, han presenterte eit tydelegare forslag til løysing då finanskrisa var eit faktum, og han engasjerar og inspirerar nye velgargrupper på ein unik måte. McCain på si side har ført ein meir vinglete valgkamp, der budskap og strategi nærmast har skifta fra veke til veke. Eg trur tidspunktet er tilnærma perfekt for Obama, men eg trur også han er rett mann til rett tid. Vil den neste presidenten bidra til å dempe kulturkrigen som den politiske polariseringa representerar, og virke samlande på the United States of America?

Snart får me vite om USA verkeleg er «ready for change».

Stikkord: , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: