La dei små barn komme..

Tenk deg at du ligg med ei lita nyfødt jente i armane, utslitt etter fødsel og eit langt svangerskap, med mange nye rutinar som skal lærast både for deg, barnet og den stolte barnefaren. Nattevåk, amming, bli kjent med eit nytt lite menneske. Tenk deg så at i staden for å glede dykk til totalt 1 års lønna foreldrepermisjon, ligg du der og bekymrar deg for kor mange dagar eller kanskje veker du har råd til å vere vekke fra jobben. Kanskje får du berre eit par veker lønna permisjon, kanskje må du bruke av ferie eller sjukedagar, eller kanskje får du ingen lønna permisjon i det heile tatt.. Tenk deg at du må levere den vesle bylten i fra deg til framande etter nokon få veker eller månadar for å begynne på jobb igjen. Velkommen til USA.

Me er heldige i Norge. Ordningane for foreldrepermisjon er svært gode, og det er politisk vilje til å gjere ordningane endå betre; nå sist ved økninga av fedrekvoten fra seks til ti veker. Eg har tidlegare skreve om at det også i Norge er rom for forbetring, særleg når det gjeld å fordele permisjonstida meir rettferdig mellom foreldra, men når ein høyrer korleis forholda er her i USA er det lett å vere glad for at me bur i eit priveligert og beskytta lite hjørne av verda. Her i USA er det nemleg ikkje slik at lønna foreldrepermisjon er ein lovfesta rett. Praksis vil dermed avhenge av kor du jobbar, kor lenge du har jobba der, og i nokon tilfeller kva stat du bur i. Ifølge ein rapport fra 2007 utarbeida av Institute for Women’s Policy Research er ikkje lønna permisjon eingong standard i dei «beste bedriftene». Dei har sett nærmare på dei 100 mest familievennlege bedriftene i landet, og det viser seg 24% av desse bedriftene tilbyr 4 veker lønna permisjon eller mindre. Nær halvparten tilbyr ingen permisjon for fedre eller adoptivforeldre. 7% av desse bedriftene tilbyr ingen lønna permisjon. Og dette er altså snakk om forbilledlege bedrifter som i ei undersøking er kåra til dei mest familievennlege i landet. Som forventa er tilgangen til permisjon endå dårlegare dersom ein ser på heile privat sektor under eitt. Samme rapport angir då at kun 8% har tilgang til lønna permisjon. Dei påpeikar også at offentleg sektor ikkje går føre med eit godt eksempel; heller ikkje her er lønna permisjon standard. 

Kva seier det føderale lovverket i USA om foreldrepermisjon? The Pregnancy Discrimination Act of 1978 (PDA) pålegger arbeidsgivarar å gi gravide samme behandling og rettighetar som andre arbeidstakarar, og forbyr diskriminering av gravide. The federal Family and Medical Leave Act of 1993 (FMLA) beskyttar arbeidstakar sin jobbsikkerhet ved sjukdom (inkludert svangerskap og fødsel), og gir rett på inntil 12 veker ulønna permisjon årleg. FMLA gjeld imidlertid berre dersom du jobbar over 20 veker årleg, har jobba minst 12 månadar hos nåverande arbeidsgivar, og jobbar i eit firma med minst 50 ansatte. Utover dette er det fleire statar som har eigne bestemmelsar som tilbyr arbeidstakarar noko betre ordningar. 

Rett nok er me godt stilt i Norge, men i denne samanhengen er det faktisk USA som skiller seg radikalt fra dei aller fleste andre industrialiserte land. Ifølge ein artikkel i USA Today viste ei undersøking fra Harvard University at 163 av 168 undersøkte land hadde ei eller anna form for lønna foreldrepermisjon. Dette plasserer USA i selskap med land som Lesotho, Papua New Guinea og Swaziland. Kva kan vere årsakane til at USA har valgt ein annan kurs enn land det ville vore naturleg å samanlikne seg med? Den første teorien mine kollegaer lanserte, var at økt foreldrepermisjon blir sett på som sosialistisk. At frykta for sosialismen fratar amerikanarene mange grunnleggande velferdstilbod har eg tidlegare skreve om på denne bloggen. Artikkelen i USA Today peikar på at medan mange andre land har ført en bevisst familiepolitikk for å stimulere til fleire barnefødslar og halde folketalet oppe, har ikkje USA hatt dette behovet fordi innvandring har sikra folkeveksten. I USA er fødselraten per par 2.1, som tilsvarar den raten som er nødvendig for å halde befolkningstalet oppe. Til samanlikning er fødselsraten i Norge 1.9. Nokon meinar også at den feministiske bevegelsen har hatt ulike mål i Europa og USA. Medan europeiske feministar lenge har framheva ordningar som permisjon og barnehagar som eit viktig likestillingspolitisk verkemiddel, var det i USA lenge uaktuelt å kreve særbehandling av kvinner. Amerikanske feministar søkte likebehandling på alle plan og kjempa derfor heller ikkje for ordningar for gravide og mødrer. Nå har denne mentaliteten endra seg, men noko av forklaringa kan ligge i i tidlegare feministar sine haldningar. Andre peikar på det naturlege spørsmålet: Kven skal betale for det..? Det er lite tradisjon for offentlege skattefinansierte ordningar her i USA, jamfør den overdrevne frykta for sosialismen; og arbeidsgivarar er uvillige til å påta seg denne betydelege ekstrakostnaden. 

Tenk deg så at den vesle jenta di skal begynne i barnehage, og du oppdagar til din forskrekkelse at prisen på barnehage nærmast er som å ta opp eit ekstra huslån. Kva skal du gjere..? Tjenar du nok til å klare dei skyhøge barnehageprisane? Dersom du har fleire barn er det lite sannsynleg. Skal du skaffe dagmamma? Eller skal du slutte i jobben og bli heimeverande? Dette er daglegdagse betraktningar i USA idag. Ei av mine kollegaer har ei lita jente på 8 månadar. Dersom ho skulle hatt jenta i barnehage, hadde dette kosta henne 1800 dollar i månaden – med dagens dollarkurs tilsvarar dette godt over 12 000 norske kroner i månaden. Her i Boston er rett nok barnehage dyrare enn mange andre stader i landet, men det er likevel sjokkerande stor kontrast til den norske maksprisen for barnehageplass (for tida 2330 kr/mnd, med mål om å komme ned i 1750 kr/mnd innan 2012). 

Mange får sjokk når dei oppdagar kor dyrt det er å ha barn her i USA, men mange er også smerteleg klar over det i forkant. Eg har i løpet av mi korte tid i landet snakka med fleire jenter over 30 år, med høg utdanning og sikre jobbar, som seier rett ut at dei gjerne vil ha barn – men dei har ikkje råd ennå. Ei av jentene fortalde meg at sidan ho og ektemannen har kjøpt hus, må dei vente med å få barn. Naturleg nok vil mange vente med barn til dei har lagt seg opp nok penger til å kunne gi barnet sitt det aller beste; det vere seg bustad, barnehage eller college. Men skal ein verkeleg måtte vente fordi ein ikkje har råd..? Skal ein måtte velge mellom bustad eller barn?

Utfra desse skildringane skulle ein tru at barne-, familie- og likestillingspolitikk sto høgt på den politiske dagsordenen her i USA, og at dette var viktige kampsaker under den nyleg avslutta valgkampen. Tru om igjen! Dette er saker som såvidt meg bekjent ikkje blei nevnt med eit ord under valgkampen, iallfall ikkje i nokon av dei siste store debattane. Det er liten politisk vilje til å ta tak i desse sakene, og akkurat nå kan ein vel kanskje seie at USA har større og meir umiddelbart presserande problemer å ta tak i. Men likevel; mitt inntrykk er at dette er viktig for folk; dette er noko folk kjenner på kroppen og noko som i sterk grad påverkar folk sine livsvalg. Amerikanske familiar fortjenar velferdsordningar på linje med andre vestlege land, men då trengs det ein ny politisk vilje til å prioritere barne- og familiespørsmål og sjå viktigheten av dette i ein større samanheng. Kvifor er ikkje dette tilfelle idag? Kvifor er dei velferdsordningane me tar for gitt i Norge utopi her i USA? Og korleis kan det ha seg at amerikanarar likevel får fleire barn enn nordmenn..?

Stikkord: , , , ,

2 kommentarar to “La dei små barn komme..”

  1. Tante Grønn Says:

    Veldig interessant, informerende og ikke minst velskrevet innlegg, IC! Jeg nøt å lese det 🙂
    Som jeg sa borte på bostonblogg, så må jo finanskrisen gjøre situasjonen enda verre for småbarnsfamiliene. Med økt arbeidsledighet og dårligere tider blir det enda vanskeligere å få råd til ekstra permisjon eller skyhøye barnehagepriser. Så dermed er jo dette en del av problemet for middelklassen, og det burde man ta med i beregningen når Obama skal lage sin redningspakke for middelklassen. Men dette er kanskje en veldig «sosialistisk» eller i alle fall sosialdemokratisk måte å se problemet på, og dermed er kanskje argumentet dødt i et land med sosialismefrykt?

  2. ingacecilie Says:

    Du har heilt rett, Marte – både her og på BostonBlogg! 🙂
    Eg trur at dei ovanfornevnte forholda er med på å gjere den økonomiske kvardagen vanskeleg for svært mange amerikanske familiar. Men det er så mange manglande velferdsordningar å ta tak i her i USA, så eg trur ikkje foreldrepermisjon og billigare barnehage vil ha høgaste prioritet med det første. Meir sannsynleg vil «universal health care» og betre ordningar for dei arbeidsledige stå fremst i køen.
    Men slik situasjonen er i USA nå, trur eg mange har meir reelle problem å frykte enn sosialismespøkelset, og dermed får me berre håpe at den politisk viljen og gjennomslagskrafta for endringar vil komme. Change we can believe in! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: