Archive for desember 2008

Anonymt avfall

desember 16, 2008

Eg prøver å følge litt med i dei norske nettavisene, men nå har eg sett meg kraftig lei på følgande fenomen: Anonyme kommentarar på artiklar, kronikkar og alt mulig som det går an å meine noko om. Takk og pris for ytringsfriheten, men det må då vel kunne gå an å stå fram med fullt navn dersom ein har noko viktig å seie..?? Eg forstår at tanken bak denne anonymiteten er at fleire skal kommentere og delta i debattane, og at ein kanskje skal oppnå eit breiare meiningsmangfold enn ein hadde gjort dersom folk måtte oppgi navn. Men ein kan lure på om dette egentleg fører til ein meir konstruktiv og nyttig debatt?

Fredag leste eg ein kronikk i Aftenposten kalla «Barn er ikke alt», av skribenten Anniken Strømøy. Denne kronikken blei skreve i kjølvatnet av Knut Olav Åmås sin kronikk «De frivillig barnfrie» i samme avis, der han skildrar det å ikkje ønske seg barn som eit stort tabu i dagens samfunn. Strømøy skriv ein svært personleg kronikk der ho deler sine eigne erfaringar og følelsar rundt det å få barn. Ho skriv om ting som at det var grusomt å gå gravid, at ho ikkje kjente nokon glede når barnet blei født, og at ho ofte skulle ønske seg friheten tilbake. Samtidig presiserar ho at ho er utruleg glad i den lille 6-åringen sin, og at ho ikkje angrar på at ho fekk barnet. 

Kommentarfeltet under denne kronikken er til dels sterk lesning. Mange støttar henne, og synest det var befriande at nokon setter ord på dei mindre rosenrøde sidene ved det å få barn. Mange har også liknande erfaringar. Men det haglar også med direkte utskjelling og utilbørlege anklager:

«Mest sannsynlig burde forfatteren aldri vært mor, da hun virker som hun vil leve for seg selv og ikke for sine barn.»

«..bare det å tenke tanken på å såre følelsene til en person DU har satt til verden fordi du ikke opplever morsrollen som en porselensglasert paradegate av komfort, er i mine øyne heslig, du skulle hatt deg en saftig smekk, vær den moren ungen din trenger og fortjener, kvinne!»

«Ingen ber om å bli født, og vi har adgang til abort i Norge.den følelsen du vekket i meg var rett og slett «forakt»»

«Det er det mest sutrete og patetiske innlegget jeg lest!»

«Hater slike damer som deg! Ta ansvar for det du har gjort, og sørg for at barnet får det så godt som overhode mulig. Stakkars barn!!!»

«Det burde vært lisens på å få unger når man hører slikt egosentrert preik fra en selvopptatt mor.»

«Jeg synes at mødre som ønsker seg både i pose og sekk skal gå inn i seg selv og finne ut hva slags mennesker de er. Barna har ikke bedt om å komme til verden, og min erfaring er at det i første rekke er kvinnene som ønsker seg barn.»

«Skam deg du som angrer! Du burde kansje ha adoptert bort barnet ditt til noen som ville ha elsket henne i stedet.»

«Nettopp pga slike kvinner er Norge en døende kultur. Barnehatende, mannshatende, «leve «livet» først», tvilende, «skulle gjerne ha knullet en neger først», utro av prinsipp, ansvarsløs, «krevende», rettigheter og ingen plikter. Disse kvinnene, kanskje ca 70% av norske kvinner, må man for enhver pris unngå.»
«Dette tror jeg er det mest ureflekterte, selvsentrerte, og latterligste jeg har lest i hele mitt liv
Nei det er synd på disse kjerringene her i landet… »  

«..dette er andre gang et innlegg fra meg blir slettet….dagens kjerringer ER egosentriske,tåler dere ikke høre det?»

 

Etter desse kommentarane er det lett å vere enig med Åmås og Strømøy; å snakke om slike følelsar verkeleg må vere eit stort tabu.. 

Når nokon er modige og deler sine personlege opplevingar på eit så sårbart område som dette, kan ein kjenne seg igjen eller ikkje; vere einig eller ikkje; tenke sitt i sitt stille sinn eller ikkje; – men ein bruker då vel vanleg folkeskikk og behandlar forfattaren med respekt..?! Og dette er berre eit enkelt eksempel på ein ukultur som berre har akselerert den siste tida. 

I Aftenposten sine reglar for innlegg og kommentarar står det følgande: «Innlegg som strider mot norsk lov eller alminnelig folkeskikk vil bli fjernet. (…) Selv om man er uenige, forventer vi at man behandler andre debattanter med respekt. Krenkende og nedsettende kommentarer om motparten er et tegn på at man selv er gått tom for argumenter, og denne type innhold vil bli fjernet.» Då lurer eg på: Kor går grensa? Kva må til for å bryte alminneleg folkeskikk eller opptre respektlaust..?? Det kan forøvrig nevnast at etter 109 kommentarar blei denne debatten stengt for anonyme innlegg. 

Eg synest denne utviklinga i norske nettaviser er hårreisande, og kan ikkje sjå at anonymiteten bidrar til anna enn ei forsøpling og ei fordumming av det offentlege rom.

Gubbeklubben Grei

desember 14, 2008

Til dagleg tenker eg ikkje vidare over dei mulighetane eg har fått tildelt. Sjølvsagt kan eg ta utdanning og bli lege! Sjølvsagt kan eg ta doktorgrad! Sjølvsagt kan eg reise eit år til Boston! Som eg sa den gong eg som lita jente ville og skulle klare alt (men kalla meg sjølv «du» i stadan for «eg»..): «Du skal! Du kan!» Men av og til blir eg minna på at det ikkje er så lenge sidan dette ikkje var sjølvsagt. Iallefall ikkje for størsteparten av befolkninga. Og iallfall ikkje for jenter. 

Nyleg var eg på ei foredragsrekke på Brigham and Women’s Hospital, i eit stort flott amfiteater eller auditorium. Tankane kan lett vandre av stad i slike samanhengar, særleg når detaljutbroderinga av basalforskning fjernt fra eige fagfelt drar ut i langdrag. På dette foredraget begynte eg å kikke meg rundt i auditoriet, og blei etterkvart fascinert av at veggene nærmast var dekka av portrettmaleri av gamle professorar. Eg veit sjølvsagt ikkje kven alle dei portretterte menna var, men eg reknar med at dei var framståande legar og forskarar fra opp gjennom sjukehusets historie. Det var sikkert snakk om totalt tredve maleri på auditoriets to langvegger, og av desse var det kun ei einsleg kvinne. Resten var eldre ærverdige gråhåra menn i dress eller legefrakk. Det portrettet som særleg fanga oppmerksomheten min var av ein professor som sto smilande framfor arbeidspulten sin. På pulten i bakgrunnen var det inniblant bøker og papirer også to familiebilder; truleg av kone og barn. Detaljar i bakgrunnen. Eg kunne ikkje la vere å tenke på at slik var det nok for mange av familiane til desse framståande og ærverdige professorane: Dei var i bakgrunnen. Dei blei ikkje prioritert. Dei la til rette for professoren sin suksess, dei laga mat og stelte hus og heim. Dei fleste ektefellene hadde truleg ikkje anledning til eigen utdanning, jobb eller karriere. Det kan ikkje ha vore lett for professorane sjølve heller. Lange arbeidsdagar og lite ferie, stort arbeidspress. Kanskje såg dei familien sin oftare på fotografiet på pulten enn i levande live..?

Ting har endra seg. Ingen finn seg lenger i ein så altoppslukande jobbkvardag, der ein må forsaka tid med familie og fritid for å kunne lukkast. Jenter blir legar og tar doktorgrad sjølve, i stadan for å sitte heime og vente med middagen klar til ein mann som jobbar 15 timars dagar. Me er heldige. Men også idag er det store fleirtalet professorar gamle grå menn. Til tross for at jenter for lengst har gjort sitt inntog i høgare utdanning og forskning, viser statistikken at veldig mange faller av på veg oppover karrierestigen. La oss sjå nærmare på dei harde fakta: Likestillingsstatistikk fra Universitetet i Bergen (UiB) for året 2007 viser at 49% av stipendiatane ved UiB er kvinner. Kvinneandelen varierar betydeleg mellom ulike fagområde. Medisin er eit av dei fagområda med størst kvinneandel, i 2007 var 62% av stipendiatane ved Medisinsk Fakultet kvinner. Dette er ei økning på nesten 10% dei siste ti åra, og gjenspeglar den utviklinga me ser på medisinstudiet; der fleirtalet studentar dei siste åra har vore kvinner. Statistikken på professornivå viser ei anna kjønnsfordeling. Kvinneandelen blant professorar på UiB er 17%, og her har det ikkje vore nokon økning dei siste åra. Innan fagfeltet medisin er 16% av professorane kvinner, også dette talet har vore stabilt dei siste åra. Noko av denne forskjellen kan sjølvsagt forklarast utfra det faktum at det tar tid å oppnå professor-kompetanse, og at det derfor nødvendigvis vil måtte ta nokon år før desse kjønnsforskjellane utjevnar seg.

untitled1

Kilde: Likestillingsstatistikk, UiB 2007

Men dette er ikkje einaste forklaringa. Isåfall burde kvinneandelen også på professornivå ha økt meir enn den har gjort. Forskningsminister Tora Aasland uttalar følgande til Norges Forskningsråd: «Kvinneandelen i medisinfaget er høy og har vært det en stund. Men selv om 56 prosent av dagens doktorander i medisin er kvinner, får vi ikke flere kvinnelige professorer i faget. Da er det grunn til å se nærmere på hva det er som gjør at utviklingen stopper opp på doktorgradsnivå.» Figuren ovanfor illustrerar det som blir kalla ”the leaky pipeline”, nemleg at kvinner fell i frå på den akademiske karrierestigen i større grad enn menn. Mens ein tidlegare trudde at så lenge fleire kvinner tok høgare utdanning, ville kjønnsforskjellane også i toppstillingane forsvinne etterkvart, ser ein nå at dette truleg ikkje kjem til å skje heilt automatisk. Det kjem iallfall til å ta lengre tid enn forventa. Mange brukar begrepet ”glasstaket” for å illustrere at kvinner kan møte motstand i systemet i større grad enn menn. Både «the leaky pipeline» og «glasstaket» har truleg mange og kompliserte årsakar. Mest sannsynleg er fenomenet delvis forårsaka av kvinner sine eigne valg, og delvis av treghet i systemet. Stadig fleire universitet og bedrifter har nå ein bevisst likestillingspolitikk, der det er eit uttalt mål å utjevne kjønnsforskjellane og få opp kvinneandelen på toppnivå. Innan medisinsk forskning er det avgjerande at det blir oppretta fleire stillingar i mellomsjiktet mellom stipendiat og professor, og at desse stillingane blir tryggare og meir forutsigbare. Men det er også viktig at ein på individuelt nivå tenker over kva «glasstak» ein har i sitt eige liv. Kva er årsakane til at mange kvinner frivillig hoppar av den akademiske karrierestigen?

Professorane er fortsatt i all hovudsak gamle grå menn. Og oftast er dei ei uvurderleg ressurs for oss i den nye generasjonen legeforskarar, dei fleste tar i mot oss med opne armar og øser av sin kunnskap. Eg har etterkvart vore på ein del forskningsmøter og -kongressar. Mi erfaring gjenspeglar statistikken: Mange unge kvinnelege stipendiatar og mange eldre mannlege professorar. Hierarkiet på mange møter er ofte påfallande forutsigbart. Dei mannlege professorane sitter fremst og snakkar desidert mest, med den største sjølvsagthet. Me i den yngre garde setter oss oftast langt bak til tross for at det er ledige plassar lenger framme, og me tar sjeldan ordet uoppfordra. Dette er ikkje alltid sant, men det er ofte tilfelle. Og dessverre er me jenter verst.. Held me oss pynteleg i bakgrunnen og tier i forsamlingar..?? Det er kanskje på tide å våge å ta litt meir plass? Men eg trur også det delvis har med ein annan kultur å gjere. Ein stille revolusjon er på gang. Me blir nok professorar, men kanskje me ikkje føler behov for å få maleriet vårt på veggen?

Tilbake på foredragsrekka på Brigham and Women’s Hospital: 6 framståande forskarar innan sitt fagfelt var valgt ut til å halde kvart sitt foredrag. Kor mange var kvinner? Ei av seks. Det er betre enn ei av tredve. Det går framover.