8.mars? – Yes we can!

img_7760Det er 8.mars – kvinnedagen, og det kan ikkje gå upåakta hen. I fjor blei Norge kåra til det mest likestilte landet i verda. Eit halvår i USA har ytterlegare minna meg på kor langt me faktisk er komne heime i Norge. Så kvifor bør me framleis markere kvinnedagen?

For det første; alle verdas kvinner er ikkje like heldige som oss. Eg blir provosert av å høyre kvinner som seier: Nei, eg føler meg ikkje diskriminert, og er derfor ikkje opptatt av feminisme eller likestilling. Manglande personleg erfaring er ein egoistisk og sneversynt grunn til å unnvike temaet. Særleg nå rundt kvinnedagen er avisene fulle av rystande artiklar om kvinneundertrykking, æresdrap, og vold mot kvinner i andre deler av verda. La oss ikkje sette skylappane på og oversjå den urett som ikkje rammar oss sjølve.

For det andre: La oss ikkje kvile på lauvbæra heime i Norge heller. At Norge nå er på verdstoppen innan likestilling er ikkje ein tilfeldighet. Det har tatt lang tid, og me må ikkje gløyme alle dei kvinner og menn som opp gjennom åra har kjempa for dei rettane me ser på som sjølvsagte i dag. Å latterleggjere ”rødstrømpene” er å håne dei forkjemparane for likestilling som har bidratt til at me er der me er i dag. Å ta avstand fra kvinnebevegelsen fra tidlegare tiår er både ignorant, historielaust og utakknemleg. Me treng ikkje lenger stå på barrikadane. Men det er fordi nokon har gjort det for oss.

Det har også krevd politisk mot og vilje over mange år å komme dit me er i dag. Nokon meinar at likestilling kjem av seg sjølv, med tida; og at ein derfor ikkje bør gripe inn med aktive verkemiddel som kvotering eller lovfesting av rettar. Ideelt sett skulle eg også ønske at kvotering var unødvendig, men då vil dei ønskelege prosessane ta usigeleg lang tid. Utan kvotering hadde me ikkje hatt ein kvinneleg statsminister i Norge (Gro blei kvotert inn i politikken, og er stolt over det!), og me hadde heller ikkje hatt så mange kvinnelege statsrådar. Og kravet om 40% kvinner i styrene var truleg det som gjorde at Norge kapra førsteplassen i den tidlegare nevnte kåringa. Pappapermisjonen var omstridt då den først blei innført, men nå ønsker 7 av 10 fedre seg meir permisjon. 

For det tredje: Likestillinga er ikkje fullkommen i Norge heller. Særleg er me ikkje heilt i mål når det gjeld økonomisk likestilling og likelønn. Det bør vere nok å minne om at kvinner fortsatt tjener 15% mindre enn menn, og at det er altfor få kvinner i leiar- og professorstillingar. Det er framleis slik at normen er at kvinner tar hovudansvar for barn og husarbeid, medan mannen gjer karriere. Kvinner velger fortsatt tradisjonelt, og typiske kvinneyrker er dessverre lågt lønna. Resultatet er i mange tilfelle at kvinner blir økonomisk avhengige av menn, og svært mange kvinner endar opp som minstepensjonistar. Ei meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen er eit beslekta tema eg har vore opptatt av i år. Foreldrepermisjon er eit velferdsgode som begge foreldra bør få nyte godt av, som vil ha positive ringvirkningar for heile familien, og som kan bidra til økt likestilling både i heimen og i arbeidslivet. Vold i nære relasjonar ogvoldtekt er andre enormt viktige saker som fortjener økt oppmerksomhet. Det same kan seiast om integrering og inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn. 

Kva er mine visjonar og ønsker for kommande år?

Eg ønsker meg ein brei og inkluderande debatt rundt feminisme og likestilling. Mange mislikar feminist-stempelet, og føler at dette er eit belasta begrep dei ikkje kan identifisere seg med. Eg har lest mange artiklar og blogginnlegg som diskuterer kva det vil seie ”å vere feminist”. Så interessant dette enn kan vere – eg skulle ønske at me kunne legge denne diskusjonen bak oss, og heller konsentrere oss om dei mange konkrete sakene. Kva bør gjerast for ytterlegare å fremme likestilling, både i Norge og ellers i verda? Ottar-feminist, radikal-feminist, liberal-feminist eller Gucci-feminist – kven bryr seg..? Sjølvsagt er ikkje alle feministar like, men så lenge ein er interessert i å fremme likestilling bør der vere plass til alle. Når diskusjonen sklir over i kor vidt det er kvinnefrigjerande eller ikkje å barbere leggane eller pynte og sminke seg – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje vil kalle seg feministar. Så lenge kvinnegruppa Ottar til stadighet dukkar opp som dei einaste representantane for kvinnesaka i debattar – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje føler at dei kan identifisere seg med feminisme-begrepet. Kvinnene i Ottar gjer ein god jobb, og eg er enig med dei i mange saker. Men eg har også forståelse for at stilen deira kan virke framandgjerande på mange. Men det er plass til alle! Eg trur dei fleste som er opptatt av likestilling har dei samme overordna måla; men framgangsmåte, stil og retorikk er ulik. Så la oss ikkje krangle oss i mellom om smålege detaljar, men la det vere plass til alle i ein konstruktiv debatt om dei viktige sakene.

I tillegg; for å komme vidare er det avgjerande å innsjå at likestilling dreiar seg om både kvinner og menn sine muligheter og rettigheter. For meg er det viktig å reagere på urettferdig behandling av begge kjønn. Sjølv om diskriminering av kvinner har vore det største problemet så langt, er det urimeleg og lite truverdig å neglisjere at menn i nokon samanhengar kan bli diskriminert også. Verneplikt, foreldrepermisjon og barnefordelingssaker er nokon eksempel på at dette. Og ikkje minst; hovudfokus bør vere at likestilling er til det beste for både kvinner og menn. Menn er ikkje fienden, tvert imot. Likestilling handlar ikkje om at det ikkje skal vere lov å vere maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større mangfald av muligheter for begge kjønn. Me kan heller ikkje alltid skulde manglande likestilling på det motsatte kjønn; ofte er det kvinner sjølve som motarbeidar likestilling, for eksempel ved tradisjonelle karrierevalg eller ved å tvihalde på foreldrepermisjonen. Systemet må legge til rette for likestilling, men kvinner og menn har også eit individuelt ansvar for å benytte dei mulighetane som fins.

Gratulerer med dagen!

PS: Det er jammen godt at det er kvinnedag ein gong i året, for det er jo man(n)dag kvar veke.. 😀

Stikkord: , , , , ,

8 kommentarar to “8.mars? – Yes we can!”

  1. Undre Says:

    Hei.

    Dette innlegget vil vi gjerne ha med på http://0803.sonitus.org. Gi et pip og vi ordner tilgang for deg slik at du kan poste det der.

    Mvh

    Undre

  2. martine Votvik Says:

    Hei! Utrolig godt innlegg og gode påminnelser om hvorfor feminismen fremdeles trengs. men….

    «Når diskusjonen sklir over i kor vidt det er kvinnefrigjerande eller ikkje å barbere leggane eller pynte og sminke seg – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje vil kalle seg feministar. Så lenge kvinnegruppa Ottar til stadighet dukkar opp som dei einaste representantane for kvinnesaka i debattar – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje føler at dei kan identifisere seg med feminisme-begrepet. »

    Du får det jo til å høres ut som om kroppshår er alt vi i Ottar bryr oss om og det er faktisk ikke tilfelle, noe et raskt nett-søk kan avkrefte. For det andre er vel kanskje grunnen til at nettopp vi kommer ofte til ordet at vi faktisk engasjerer oss, uttaler oss og krever oppmerksomhet. Dette er det faktisk opp til de enkelte grupperingene/enkeltpersonene å ordne selv, og ikke noe vi kan kritiseres for.

    Hm, men du kritiserer oss kanskje ikke akkurat der da 🙂

    Jeg skjønner godt at enkelte kan bli frastøtt av vårt konfronterende og utfordrende vesen, men det er da sånn man blir hørt her i verden? Ser ikke folk at vi faktisk tøyer strikken for hva andre kan tillate seg å si uten å bli pepet ut?

  3. ingacecilie Says:

    Undre: Tusen takk for tilbudet – eg har sendt deg ein mail!

    Martine: Tusen takk for god kommentar! Det var på ingen måte mi meining å kritisere Ottar. Eg har stor respekt for den jobben Ottar-gruppa gjer, og er som sagt enig med dykk i det meste. Mitt poeng var berre at ein kan vere feminist på så mange måtar, og at det bør vere plass til oss alle! Alle ære til Ottar for at de klarar å gjere dykk så synlege i det offentlege rom!

    Eg ser dei to setningane du siterer kan misforstås. Det var ikkje mi meining at første setning nødvendigvis skulle sjåast i samanheng med andre setning. Altså; det var ikkje Ottar eg tenkte på når eg skriv om leggbarbering, pynting/sminking (men ser at det kan tolkast slik).

    Håpar du vil fortsette å lese og kommentere hos meg, Martine!

    Gratulerer med dagen! 😀

  4. ingacecilie Says:

    Sitat Martine: «Jeg skjønner godt at enkelte kan bli frastøtt av vårt konfronterende og utfordrende vesen.»

    Sjølv om eg respekterar kvinnegruppa Ottar, har eg ofte vanskeleg for å identifisere meg med den stilen og retorikken dei representerar. Eg vil gjerne stå for ein mest mulig inkluderande feminisme, som frastøter færrast mulig og der det er rom for flest mulig, både kvinner og menn. Eg trur det er vegen å gå for å komme vidare og få gjennomslag for konkrete tiltak som kan fremme likestillinga, til det beste for begge kjønn.

  5. Minneapolise Says:

    Om jeg hadde vært feminist skulle jeg til å si, men så kom jeg på at jeg jo er det i teorien, men om jeg skulle kalt meg feminist i alle fall så hadde jeg vært ingacecilie-feminist!

    Er veldig enig i hele posten.

    «alle verdas kvinner er ikkje like heldige som oss»
    Vi er seriøst svine»heldige» i Skandinavie (selv om det ikke burde være hell å ha like rettigheter), selv USA ligger langt bak på dette området og det får meg til å virkelig sette pris på hva folk har jobbet hardt for å få til i landet vårt, og innse hvor nødvendig det er å dytte i riktig retning)

    «Eg blir provosert av å høyre kvinner som seier: Nei, eg føler meg ikkje diskriminert, og er derfor ikkje opptatt av feminisme eller likestilling»

    Jeg kan kanskje oppfattes sånn i bloggerbyen noen ganger, men jeg prøver bare å få en positiv motvekt til pessimismen. Likestilling engasjerer meg, og da blir jeg lettere irritert når jeg føler det misbrukes.

    Kvotering er en sånn ting jeg i teorien er skeptisk til, men i praksis er for. Fordi man ikke starter på like vilkår. Kvotering kan brukes som en motvekt til gamle uvaner, slik at vi får brutt dem ned kjappere.

    Jeg er for lik lønn om man tar like valg, jeg synes ikke man kan argumentere for at kjønn er likere enn man tror for så å argumentere for at typiske kvinneyrker må ha høyere lønn ellers blir det urettferdig. Etter min mening må vi ta det med i beregningen når vi velger jobb om lønn er viktig eller ikke, og så stå for valget. (Jeg er for høyere lønn til lærere og sykepleiere, men av andre grunner, fordi jeg mener vi trenger høy kvalitet i disse yrkene og at høyere lønn vil hjelpe).

    Feminist-stempelet er ikke så inkluderende som det burde være og det er ikke bra for hverken debatten eller å skulle nå målet. Og diskusjonen glir alt for lett over i ikke særlig relevante ting.

    Og sist men ikke minst, ja! La oss fokusere på begge kjønn! Like rettigheter og mindre fordommer er til det beste for samfunnet, uansett hvilket kjønn det gjelder, og begge kjønn har en vei å gå ennå. Forventningene til gutter er ikke nødvendigvis noe mindre eller enklere å takle for individer enn forventninger til jenter, selv om de er forskjellige.

    Så ja, enig enig enig, og glad for at du finnes!

  6. Pippi Says:

    Takk for godt og fint innlegg på kvinnedagen! Det ble lest sammen med min fine kjæreste og bidro til en lang og god søndagsdiskusjon om de viktige tingene i livet:)

  7. ingacecilie Says:

    Enig enig enig med deg også, Minnea! 😀 Takk for veldig god kommentar! Eg har kommentert i det vide og breie på din blogg, og skal ikkje gjenta alt her..
    Eg veit ikkje om «ingacecilie-feminist» er eit innarbeida begrep ennå, men det hadde jo vore noko, hehe.. 😉 Veldig glad for å ha deg med på laget!

    Velkommen, Pippi – eg er glad for at innlegget mitt blei utgangspunkt for ein fin diskusjon på kvinnedagen! 🙂

  8. maerris Says:

    Jeg savner CarriedAway. Jeg har respekt for at du kanskje ikke har tid eller noe, men jeg vil bare minne deg på at du har evnen…!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: