Posts Tagged ‘barn’

Anonymt avfall

desember 16, 2008

Eg prøver å følge litt med i dei norske nettavisene, men nå har eg sett meg kraftig lei på følgande fenomen: Anonyme kommentarar på artiklar, kronikkar og alt mulig som det går an å meine noko om. Takk og pris for ytringsfriheten, men det må då vel kunne gå an å stå fram med fullt navn dersom ein har noko viktig å seie..?? Eg forstår at tanken bak denne anonymiteten er at fleire skal kommentere og delta i debattane, og at ein kanskje skal oppnå eit breiare meiningsmangfold enn ein hadde gjort dersom folk måtte oppgi navn. Men ein kan lure på om dette egentleg fører til ein meir konstruktiv og nyttig debatt?

Fredag leste eg ein kronikk i Aftenposten kalla «Barn er ikke alt», av skribenten Anniken Strømøy. Denne kronikken blei skreve i kjølvatnet av Knut Olav Åmås sin kronikk «De frivillig barnfrie» i samme avis, der han skildrar det å ikkje ønske seg barn som eit stort tabu i dagens samfunn. Strømøy skriv ein svært personleg kronikk der ho deler sine eigne erfaringar og følelsar rundt det å få barn. Ho skriv om ting som at det var grusomt å gå gravid, at ho ikkje kjente nokon glede når barnet blei født, og at ho ofte skulle ønske seg friheten tilbake. Samtidig presiserar ho at ho er utruleg glad i den lille 6-åringen sin, og at ho ikkje angrar på at ho fekk barnet. 

Kommentarfeltet under denne kronikken er til dels sterk lesning. Mange støttar henne, og synest det var befriande at nokon setter ord på dei mindre rosenrøde sidene ved det å få barn. Mange har også liknande erfaringar. Men det haglar også med direkte utskjelling og utilbørlege anklager:

«Mest sannsynlig burde forfatteren aldri vært mor, da hun virker som hun vil leve for seg selv og ikke for sine barn.»

«..bare det å tenke tanken på å såre følelsene til en person DU har satt til verden fordi du ikke opplever morsrollen som en porselensglasert paradegate av komfort, er i mine øyne heslig, du skulle hatt deg en saftig smekk, vær den moren ungen din trenger og fortjener, kvinne!»

«Ingen ber om å bli født, og vi har adgang til abort i Norge.den følelsen du vekket i meg var rett og slett «forakt»»

«Det er det mest sutrete og patetiske innlegget jeg lest!»

«Hater slike damer som deg! Ta ansvar for det du har gjort, og sørg for at barnet får det så godt som overhode mulig. Stakkars barn!!!»

«Det burde vært lisens på å få unger når man hører slikt egosentrert preik fra en selvopptatt mor.»

«Jeg synes at mødre som ønsker seg både i pose og sekk skal gå inn i seg selv og finne ut hva slags mennesker de er. Barna har ikke bedt om å komme til verden, og min erfaring er at det i første rekke er kvinnene som ønsker seg barn.»

«Skam deg du som angrer! Du burde kansje ha adoptert bort barnet ditt til noen som ville ha elsket henne i stedet.»

«Nettopp pga slike kvinner er Norge en døende kultur. Barnehatende, mannshatende, «leve «livet» først», tvilende, «skulle gjerne ha knullet en neger først», utro av prinsipp, ansvarsløs, «krevende», rettigheter og ingen plikter. Disse kvinnene, kanskje ca 70% av norske kvinner, må man for enhver pris unngå.»
«Dette tror jeg er det mest ureflekterte, selvsentrerte, og latterligste jeg har lest i hele mitt liv
Nei det er synd på disse kjerringene her i landet… »  

«..dette er andre gang et innlegg fra meg blir slettet….dagens kjerringer ER egosentriske,tåler dere ikke høre det?»

 

Etter desse kommentarane er det lett å vere enig med Åmås og Strømøy; å snakke om slike følelsar verkeleg må vere eit stort tabu.. 

Når nokon er modige og deler sine personlege opplevingar på eit så sårbart område som dette, kan ein kjenne seg igjen eller ikkje; vere einig eller ikkje; tenke sitt i sitt stille sinn eller ikkje; – men ein bruker då vel vanleg folkeskikk og behandlar forfattaren med respekt..?! Og dette er berre eit enkelt eksempel på ein ukultur som berre har akselerert den siste tida. 

I Aftenposten sine reglar for innlegg og kommentarar står det følgande: «Innlegg som strider mot norsk lov eller alminnelig folkeskikk vil bli fjernet. (…) Selv om man er uenige, forventer vi at man behandler andre debattanter med respekt. Krenkende og nedsettende kommentarer om motparten er et tegn på at man selv er gått tom for argumenter, og denne type innhold vil bli fjernet.» Då lurer eg på: Kor går grensa? Kva må til for å bryte alminneleg folkeskikk eller opptre respektlaust..?? Det kan forøvrig nevnast at etter 109 kommentarar blei denne debatten stengt for anonyme innlegg. 

Eg synest denne utviklinga i norske nettaviser er hårreisande, og kan ikkje sjå at anonymiteten bidrar til anna enn ei forsøpling og ei fordumming av det offentlege rom.

Jobbsøkar i «barneklar alder»..?

november 12, 2008

Bør det vere forbudt å spørre om graviditet og familieplanlegging under jobbintervju? Om få dagar går høyringsfrista ut for ei endring av likestillingsloven som vil gjere dette forbudt. Det er allerede forbudt å diskriminere på bakgrunn av graviditet i ein ansettelsesprosess, men denne presiseringa av loven vil sende eit sterkt signal om at det også er uholdbart å stille spørsmål om dette i ein intervjusituasjon. I høyringsnotatet står følgande: «Et eksplisitt forbud mot spørsmål om graviditet vil kunne effektivisere diskrimineringsvernet ved at det klargjør dagens rettstilstand og kan motvirke at arbeidsgiver stiller spørsmål om forhold det ikke er adgang til å vektlegge.»

I ein kronikk i Aftenposten idag diskuterar ein skribent i «barneklar alder» dette spørsmålet. Ho fryktar at eit lovforbud mot spørsmål om graviditet under jobbintervju kan virke mot si hensikt, og gjere jobbsøking vanskelegare for kvinner i «barneklar alder». Ho begrunnar dette med at mange bedrifter kan velge minste motstands veg, og rett og slett la vere å innkalle desse kvinnene til intervju. 

Artikkelen belysar problemstillinga på ein god måte, men eg er uenig i konklusjonen. For det første ar eg vanskeleg for å tru at særleg mange bedrifter vil vere så ukloke og kortsiktige at dei unnlatar å innkalle kvalifiserte kvinner til intervju. For det andre forstår eg ikkje heilt denne prinsipplause pragmatismen basert på høgst hypotetiske konsekvensar som stadig gir seg utslag i diverse debattar. Det var akkurat det samme i debatten rundt kriminalisering av kjøp av seksuelle tjenester. Dei fleste er enige i at prinsipielt og moralsk sett bør dette vere forbudt. Mange var likevel skeptiske til eit forbud på grunn av hypotetiske følger dette kunne få, som at bransjen vil gå under jorda og skape dårlegare forhold for dei prostituerte.  

Men bør ikkje lovar og reglar gjenspegle kva som er akseptabelt og ikkje i eit samfunn? Bør ikkje lovar og reglar signalisere samfunnet sine haldningar? Skal spekulasjonar eller mulige konsekvensar avgjere kva som skal vere lovleg og ikkje..?

Akkurat i dette tilfellet er det sannsynleg at presiseringa av lova blir vedtatt. Det ville vore eit tvetydig signal dersom det skal vere ulovleg å diskriminere på bakgrunn av graviditet, men likevel lov til å spørre om det i ein intervjusituasjon. Nokon vil kanskje tenke at arbeidgivar har rett til å få kjennskap til ein mulig arbeidstakar sine planar framover. Eg meinar at i ein ansettelsesprosess bør søkaren sitt privatliv og personlege framtidsplanar vere totalt irrelevant. Alle bør bli vurdert på bakgrunn av sine kvalifikasjonar og si erfaring. Imidlertid er det forståeleg at arbeidsgivar av praktiske grunnar kan ha eit ønske om å bli informert om arbeidstakar sin graviditet på eit forholdsvis tidleg tidspunkt. Dette kan vere eit rimeleg krav, vel og merke etter at vedkommande er ansatt. Men dersom det skal vere legitimt å etterspørre slik informasjon i ein ansettelsesprosess vil dette utvilsomt øke risikoen for at unge kvinner blir diskriminert på usakleg grunnlag. Det samme må sjølvsagt også gjelde for unge menn i «barneklar alder». Dersom arbeidsgivarar følger med i timen, veit dei at stadig fleire menn tar ut foreldrepermisjon, også utover fedrekvoten. På samme måte som det bør vere uakseptabelt å spørre om ei kvinne sin graviditet under eit jobbintervju, bør det like fullt vere uakseptabelt å spørre ein mann om han planlegg familieforsøkelse og om han isåfall har tenkt å ta permisjon.

Kva meinar mine lesarar i «barneklar alder» om dette? Er diskriminering av unge kvinner (og menn) eit stort problem? Vil det nevnte lovforslaget kunne endre dette i positiv eller negativ retning? Og kva skal ligge til grunn for lovgivinga; prinsipper, pragmatisme eller begge deler..?

La dei små barn komme..

november 11, 2008

Tenk deg at du ligg med ei lita nyfødt jente i armane, utslitt etter fødsel og eit langt svangerskap, med mange nye rutinar som skal lærast både for deg, barnet og den stolte barnefaren. Nattevåk, amming, bli kjent med eit nytt lite menneske. Tenk deg så at i staden for å glede dykk til totalt 1 års lønna foreldrepermisjon, ligg du der og bekymrar deg for kor mange dagar eller kanskje veker du har råd til å vere vekke fra jobben. Kanskje får du berre eit par veker lønna permisjon, kanskje må du bruke av ferie eller sjukedagar, eller kanskje får du ingen lønna permisjon i det heile tatt.. Tenk deg at du må levere den vesle bylten i fra deg til framande etter nokon få veker eller månadar for å begynne på jobb igjen. Velkommen til USA.

Me er heldige i Norge. Ordningane for foreldrepermisjon er svært gode, og det er politisk vilje til å gjere ordningane endå betre; nå sist ved økninga av fedrekvoten fra seks til ti veker. Eg har tidlegare skreve om at det også i Norge er rom for forbetring, særleg når det gjeld å fordele permisjonstida meir rettferdig mellom foreldra, men når ein høyrer korleis forholda er her i USA er det lett å vere glad for at me bur i eit priveligert og beskytta lite hjørne av verda. Her i USA er det nemleg ikkje slik at lønna foreldrepermisjon er ein lovfesta rett. Praksis vil dermed avhenge av kor du jobbar, kor lenge du har jobba der, og i nokon tilfeller kva stat du bur i. Ifølge ein rapport fra 2007 utarbeida av Institute for Women’s Policy Research er ikkje lønna permisjon eingong standard i dei «beste bedriftene». Dei har sett nærmare på dei 100 mest familievennlege bedriftene i landet, og det viser seg 24% av desse bedriftene tilbyr 4 veker lønna permisjon eller mindre. Nær halvparten tilbyr ingen permisjon for fedre eller adoptivforeldre. 7% av desse bedriftene tilbyr ingen lønna permisjon. Og dette er altså snakk om forbilledlege bedrifter som i ei undersøking er kåra til dei mest familievennlege i landet. Som forventa er tilgangen til permisjon endå dårlegare dersom ein ser på heile privat sektor under eitt. Samme rapport angir då at kun 8% har tilgang til lønna permisjon. Dei påpeikar også at offentleg sektor ikkje går føre med eit godt eksempel; heller ikkje her er lønna permisjon standard. 

Kva seier det føderale lovverket i USA om foreldrepermisjon? The Pregnancy Discrimination Act of 1978 (PDA) pålegger arbeidsgivarar å gi gravide samme behandling og rettighetar som andre arbeidstakarar, og forbyr diskriminering av gravide. The federal Family and Medical Leave Act of 1993 (FMLA) beskyttar arbeidstakar sin jobbsikkerhet ved sjukdom (inkludert svangerskap og fødsel), og gir rett på inntil 12 veker ulønna permisjon årleg. FMLA gjeld imidlertid berre dersom du jobbar over 20 veker årleg, har jobba minst 12 månadar hos nåverande arbeidsgivar, og jobbar i eit firma med minst 50 ansatte. Utover dette er det fleire statar som har eigne bestemmelsar som tilbyr arbeidstakarar noko betre ordningar. 

Rett nok er me godt stilt i Norge, men i denne samanhengen er det faktisk USA som skiller seg radikalt fra dei aller fleste andre industrialiserte land. Ifølge ein artikkel i USA Today viste ei undersøking fra Harvard University at 163 av 168 undersøkte land hadde ei eller anna form for lønna foreldrepermisjon. Dette plasserer USA i selskap med land som Lesotho, Papua New Guinea og Swaziland. Kva kan vere årsakane til at USA har valgt ein annan kurs enn land det ville vore naturleg å samanlikne seg med? Den første teorien mine kollegaer lanserte, var at økt foreldrepermisjon blir sett på som sosialistisk. At frykta for sosialismen fratar amerikanarene mange grunnleggande velferdstilbod har eg tidlegare skreve om på denne bloggen. Artikkelen i USA Today peikar på at medan mange andre land har ført en bevisst familiepolitikk for å stimulere til fleire barnefødslar og halde folketalet oppe, har ikkje USA hatt dette behovet fordi innvandring har sikra folkeveksten. I USA er fødselraten per par 2.1, som tilsvarar den raten som er nødvendig for å halde befolkningstalet oppe. Til samanlikning er fødselsraten i Norge 1.9. Nokon meinar også at den feministiske bevegelsen har hatt ulike mål i Europa og USA. Medan europeiske feministar lenge har framheva ordningar som permisjon og barnehagar som eit viktig likestillingspolitisk verkemiddel, var det i USA lenge uaktuelt å kreve særbehandling av kvinner. Amerikanske feministar søkte likebehandling på alle plan og kjempa derfor heller ikkje for ordningar for gravide og mødrer. Nå har denne mentaliteten endra seg, men noko av forklaringa kan ligge i i tidlegare feministar sine haldningar. Andre peikar på det naturlege spørsmålet: Kven skal betale for det..? Det er lite tradisjon for offentlege skattefinansierte ordningar her i USA, jamfør den overdrevne frykta for sosialismen; og arbeidsgivarar er uvillige til å påta seg denne betydelege ekstrakostnaden. 

Tenk deg så at den vesle jenta di skal begynne i barnehage, og du oppdagar til din forskrekkelse at prisen på barnehage nærmast er som å ta opp eit ekstra huslån. Kva skal du gjere..? Tjenar du nok til å klare dei skyhøge barnehageprisane? Dersom du har fleire barn er det lite sannsynleg. Skal du skaffe dagmamma? Eller skal du slutte i jobben og bli heimeverande? Dette er daglegdagse betraktningar i USA idag. Ei av mine kollegaer har ei lita jente på 8 månadar. Dersom ho skulle hatt jenta i barnehage, hadde dette kosta henne 1800 dollar i månaden – med dagens dollarkurs tilsvarar dette godt over 12 000 norske kroner i månaden. Her i Boston er rett nok barnehage dyrare enn mange andre stader i landet, men det er likevel sjokkerande stor kontrast til den norske maksprisen for barnehageplass (for tida 2330 kr/mnd, med mål om å komme ned i 1750 kr/mnd innan 2012). 

Mange får sjokk når dei oppdagar kor dyrt det er å ha barn her i USA, men mange er også smerteleg klar over det i forkant. Eg har i løpet av mi korte tid i landet snakka med fleire jenter over 30 år, med høg utdanning og sikre jobbar, som seier rett ut at dei gjerne vil ha barn – men dei har ikkje råd ennå. Ei av jentene fortalde meg at sidan ho og ektemannen har kjøpt hus, må dei vente med å få barn. Naturleg nok vil mange vente med barn til dei har lagt seg opp nok penger til å kunne gi barnet sitt det aller beste; det vere seg bustad, barnehage eller college. Men skal ein verkeleg måtte vente fordi ein ikkje har råd..? Skal ein måtte velge mellom bustad eller barn?

Utfra desse skildringane skulle ein tru at barne-, familie- og likestillingspolitikk sto høgt på den politiske dagsordenen her i USA, og at dette var viktige kampsaker under den nyleg avslutta valgkampen. Tru om igjen! Dette er saker som såvidt meg bekjent ikkje blei nevnt med eit ord under valgkampen, iallfall ikkje i nokon av dei siste store debattane. Det er liten politisk vilje til å ta tak i desse sakene, og akkurat nå kan ein vel kanskje seie at USA har større og meir umiddelbart presserande problemer å ta tak i. Men likevel; mitt inntrykk er at dette er viktig for folk; dette er noko folk kjenner på kroppen og noko som i sterk grad påverkar folk sine livsvalg. Amerikanske familiar fortjenar velferdsordningar på linje med andre vestlege land, men då trengs det ein ny politisk vilje til å prioritere barne- og familiespørsmål og sjå viktigheten av dette i ein større samanheng. Kvifor er ikkje dette tilfelle idag? Kvifor er dei velferdsordningane me tar for gitt i Norge utopi her i USA? Og korleis kan det ha seg at amerikanarar likevel får fleire barn enn nordmenn..?

Heia Tufte?

august 26, 2008

Eg sto opp uvanleg tidleg for å sjå Olav Tufte vinne sitt andre OL-gull i roing. Eg jubla då han på mirakuløst vis klarte å vinne innspurten, og eg måtte felle eit par tårer då muskelbunten gråtkvalt sto på seierspallen til lyden av nasjonalsongen. Ein fantastisk idrettsmann. Heia Tufte!

Men nå ser eg meg nødt til å kommentere hans siste utspel, som ein kan lese om både i Dagbladet og Aftenposten idag. Han kritiserer «egoistiske» karriereforeldre, og meiner at karrierejaget øydelegg for barna sine muligheter til fysisk aktivitet. «Foreldre har barna i barnehagen fra sju om morgonen til sju om kvelden. Så gjeld det å fore ungene, få lagt dei og deretter gjere litt meir arbeid. Karrierejaget øydelegg for barna sine muligheter,» uttalar Tufte. 

Det er mulig at saka er blitt satt på spissen. Det er mulig at han har eit poeng i sjeldne tilfeller. Og eg trur utvilsomt at han har gode hensikter med dette utspelet. MEN! For det første: Kva haldepunkter har han for å påstå at karrierebevisste foreldre er synonymt med egoistiske foreldre som tenker meir på seg sjølv enn barna sine behov? Er det så enkelt som at dersom ein prioriterer karriere, så må ein nødvendigvis nedprioritere barna? Må ein velge enten-eller..? Forskning tyder på at han tar feil. «Barn av foreldre med høgare sosioøkonomisk status viser seg å være meir aktive enn barn av foreldre med lågare status», seier forskar Elin Kolle ved Norges Idrettshøgskule til Dagbladet. Dette blir forklart med at foreldre med høg utdanning har større kjennskap til dei positive effektane av fysisk aktivitet. Ho får støtte fra fleire andre forskarar. Undersøkelsar viser dessutan at foreldre idag er mykje meir engasjerte enn kva dei var for 30 år sidan. 

For det andre: Kven er det han anklagar for å vere dårlege foreldre? Kven er det som gjer «karriere»? Det kan vel tenkast at det er fullt mulig å «gjere karriere» innanfor normal arbeidstid? Eller at det går an å gjere karriere og likevel ta seg tid til barna? Eg mistenker at han ser for seg den karikerte karrierekvinna Tårnfrid når han kastar ut denne brannfakkelen. Sjølv kjenner eg etterkvart mange foreldre med høg utdanning og såkalla karriere, men har aldri truffe nokon som er i nærheten av å passe inn i dette bildet. Mitt inntrykk er at desse foreldra er svært opptatt av barna sine, og svært opptatt av å gjere alt rett; både når det gjeld oppfølgning på skulen, fritidsaktiviteter og kosthald. Og mange velger å prioritere meir tid til barna og familien på bekostning av karrieren. Rett nok har eg tidlegare kritisert det faktum at det stort sett er kvinnene som gjer dette valget, og det er sterkt ønskeleg at ansvaret for barn og heim blir meir likt fordelt mellom kjønna. Men eg er slett ikkje sikker på at alt var så mykje betre i gamle dagar!

Ironisk nok kjem dette utspelet fra toppidrettsutøvaren Olav Tufte.. Utan å vite noko om korleis han disponerer tida si, er det vel naturleg å gjette på at han har prioritert seg sjølv dei siste åra..? Han har sjølv uttalt at familien har vore nødt til å ta hensyn til han i alle desse åra med knallhard satsing på idretten. Så korleis han kan rette peikefingeren mot foreldre som etter beste evne forsøker å kombinere familie og arbeidsliv – det er noko uklart for meg.. La oss skulde på gullrusen, og håpe at han kjem med eit meir gjennomtenkt utspel neste gong! For ein debatt om fysisk aktivitet hos barn, både i skulen og på fritida, er sjølvsagt velkommen. Men å konkludere med at foreldra sin karriere står i vegen for barn sin fysiske aktivitet, det er vel som å skyte fra hofta i halvblinde.. For å bruke eit språk som Olav Tufte forstår!

One dream, two girls

august 14, 2008

Eg har aldri likt å bli lurt. Me likar best at what you see is what you get. I Norge foretrekker me at det meste er like friskt, ekte og naturleg som eplejuicen fra Hardanger. Me foretrekker Kari Traa og Siri Kalvig framfor Paris Hilton og Victoria Beckham. Me vil ha the real thing. Kurt Nilsen vinn Idol, og Erlend Bratland vinn Norske talenter. Sjarmerande med masse særpreg og talent, men ikkje perfekte på den billedskjønne måten. Me heiar på at den søte og klossete antihelten skal banke mr.perfect ned i støvlane. Mange filmar og reklamar vitnar om dette. «Billedskjønn» og «glansbilde» er ikkje nødvendigvis komplimenter hos oss. Det må ikkje bli too much – for mykje av det gode. Eller..?! Er det slik, eller er det kanskje jantelovens klamme hånd som gjer at me bortforklarar det på denne måten? Eg veit ikkje. 

Men i Kina spiser folk hund. Og i Kina trur eg dei likar å bli lurt littegrann. OL i Beijing viser iallfall at dei kinesiske myndighetene er meir opptatt av illusjonen enn av realiteten. Forestillinga er viktigare enn sanninga. Først blei det avslørt at dei hadde pynta på fyrverkeri-bildene fra opningsseremonien. Men det som meir enn noko anna kjem til å bli ståande som eit symbol på Kina sin draum om det perfekte OL er biletet av dei to jentene Yang og Lin, 7 og 9 år gamle. Med musefletter og rød kjole imponerte 9 år gamle Lin heile verda då ho song «Ode til moderlandet» under OL-opninga fredag. Men det var 7 år gamle Yang som song så vakkert. Ho var imidlertid «for lubben og hadde ujevne tenner», og passa derfor ikkje inn i glansbildet Kina ønsker å presentere. Dette kan ein lese meir om blant anna i Dagbladet, i ein kommentar i Dagbladet, og i Aftenposten

AFP/AP/Scanpix (fra dagbladet.no)

Foto: AFP/AP/Scanpix (fra dagbladet.no)

«Vi ønsket at prosjektet skulle gi det riktige bildet og vi tenkte på hva som var best for nasjonen. Barnet på seremonien bør ha ei feilfritt utseende og uttrykk, og Lin er perfekt med tanke på det», forklarar musikalsk ansvarleg for seremonien. Visepresidenten for Beijings olympiske organisasjonskomitee forstår ikkje kva som er gale med dette, og adm.dir. i IOC (internasjonale olympiske komitee) kan heller ikkje sjå at dette er problematisk. Han uttalar: «Du må være sikker på at både de som opptrer og sangen er på høyest mulig nivå». Og på spørsmål om korleis han trur Yang føler seg: «Slik er det både i sport og i livet ellers». 

Vestlege land står ikkje tilbake for Kina når det gjeld fokus på ytre verdiar og utsjånad. Skjønnhetshysteriet er nok minst like ille i mange andre delar av verda. Men at barn på 7 og 9 år skal målast og dømmast på denne måten – det er vanskeleg å svelge (begge jentene er jo så søte! Og med min norske oppdragelse synest eg sjølvsagt at den minst billedskjønne er den aller søtaste). Signaleffekten er like ille for begge jentene. Ho eine har lært at ho synger bra, men kva hjelper det når ho ikkje har utsjånaden med seg? Ho andre har lært at ho ser bra ut, men ikkje duger til noko anna enn det. 

Dette må vere ein kulturkollisjon, som me lærte om på ungdomsskulen. Dette dreier seg vel nettopp om at kulturar er forskjellige, og at i Kina er det meir godtatt å bli lurt littegrann, meir akseptert å pynte litt på sanninga. Men akkurat dette historien er likevel vanskeleg å tolke som noko anna enn kynisk og hensynslaus bruk av to små jenter som nok begge er stolte av å ha fått gitt sitt bidrag til det perfekte OL.

One world, one dream?