Posts Tagged ‘feminisme’

8.mars? – Yes we can!

mars 8, 2009

img_7760Det er 8.mars – kvinnedagen, og det kan ikkje gå upåakta hen. I fjor blei Norge kåra til det mest likestilte landet i verda. Eit halvår i USA har ytterlegare minna meg på kor langt me faktisk er komne heime i Norge. Så kvifor bør me framleis markere kvinnedagen?

For det første; alle verdas kvinner er ikkje like heldige som oss. Eg blir provosert av å høyre kvinner som seier: Nei, eg føler meg ikkje diskriminert, og er derfor ikkje opptatt av feminisme eller likestilling. Manglande personleg erfaring er ein egoistisk og sneversynt grunn til å unnvike temaet. Særleg nå rundt kvinnedagen er avisene fulle av rystande artiklar om kvinneundertrykking, æresdrap, og vold mot kvinner i andre deler av verda. La oss ikkje sette skylappane på og oversjå den urett som ikkje rammar oss sjølve.

For det andre: La oss ikkje kvile på lauvbæra heime i Norge heller. At Norge nå er på verdstoppen innan likestilling er ikkje ein tilfeldighet. Det har tatt lang tid, og me må ikkje gløyme alle dei kvinner og menn som opp gjennom åra har kjempa for dei rettane me ser på som sjølvsagte i dag. Å latterleggjere ”rødstrømpene” er å håne dei forkjemparane for likestilling som har bidratt til at me er der me er i dag. Å ta avstand fra kvinnebevegelsen fra tidlegare tiår er både ignorant, historielaust og utakknemleg. Me treng ikkje lenger stå på barrikadane. Men det er fordi nokon har gjort det for oss.

Det har også krevd politisk mot og vilje over mange år å komme dit me er i dag. Nokon meinar at likestilling kjem av seg sjølv, med tida; og at ein derfor ikkje bør gripe inn med aktive verkemiddel som kvotering eller lovfesting av rettar. Ideelt sett skulle eg også ønske at kvotering var unødvendig, men då vil dei ønskelege prosessane ta usigeleg lang tid. Utan kvotering hadde me ikkje hatt ein kvinneleg statsminister i Norge (Gro blei kvotert inn i politikken, og er stolt over det!), og me hadde heller ikkje hatt så mange kvinnelege statsrådar. Og kravet om 40% kvinner i styrene var truleg det som gjorde at Norge kapra førsteplassen i den tidlegare nevnte kåringa. Pappapermisjonen var omstridt då den først blei innført, men nå ønsker 7 av 10 fedre seg meir permisjon. 

For det tredje: Likestillinga er ikkje fullkommen i Norge heller. Særleg er me ikkje heilt i mål når det gjeld økonomisk likestilling og likelønn. Det bør vere nok å minne om at kvinner fortsatt tjener 15% mindre enn menn, og at det er altfor få kvinner i leiar- og professorstillingar. Det er framleis slik at normen er at kvinner tar hovudansvar for barn og husarbeid, medan mannen gjer karriere. Kvinner velger fortsatt tradisjonelt, og typiske kvinneyrker er dessverre lågt lønna. Resultatet er i mange tilfelle at kvinner blir økonomisk avhengige av menn, og svært mange kvinner endar opp som minstepensjonistar. Ei meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen er eit beslekta tema eg har vore opptatt av i år. Foreldrepermisjon er eit velferdsgode som begge foreldra bør få nyte godt av, som vil ha positive ringvirkningar for heile familien, og som kan bidra til økt likestilling både i heimen og i arbeidslivet. Vold i nære relasjonar ogvoldtekt er andre enormt viktige saker som fortjener økt oppmerksomhet. Det same kan seiast om integrering og inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn. 

Kva er mine visjonar og ønsker for kommande år?

Eg ønsker meg ein brei og inkluderande debatt rundt feminisme og likestilling. Mange mislikar feminist-stempelet, og føler at dette er eit belasta begrep dei ikkje kan identifisere seg med. Eg har lest mange artiklar og blogginnlegg som diskuterer kva det vil seie ”å vere feminist”. Så interessant dette enn kan vere – eg skulle ønske at me kunne legge denne diskusjonen bak oss, og heller konsentrere oss om dei mange konkrete sakene. Kva bør gjerast for ytterlegare å fremme likestilling, både i Norge og ellers i verda? Ottar-feminist, radikal-feminist, liberal-feminist eller Gucci-feminist – kven bryr seg..? Sjølvsagt er ikkje alle feministar like, men så lenge ein er interessert i å fremme likestilling bør der vere plass til alle. Når diskusjonen sklir over i kor vidt det er kvinnefrigjerande eller ikkje å barbere leggane eller pynte og sminke seg – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje vil kalle seg feministar. Så lenge kvinnegruppa Ottar til stadighet dukkar opp som dei einaste representantane for kvinnesaka i debattar – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje føler at dei kan identifisere seg med feminisme-begrepet. Kvinnene i Ottar gjer ein god jobb, og eg er enig med dei i mange saker. Men eg har også forståelse for at stilen deira kan virke framandgjerande på mange. Men det er plass til alle! Eg trur dei fleste som er opptatt av likestilling har dei samme overordna måla; men framgangsmåte, stil og retorikk er ulik. Så la oss ikkje krangle oss i mellom om smålege detaljar, men la det vere plass til alle i ein konstruktiv debatt om dei viktige sakene.

I tillegg; for å komme vidare er det avgjerande å innsjå at likestilling dreiar seg om både kvinner og menn sine muligheter og rettigheter. For meg er det viktig å reagere på urettferdig behandling av begge kjønn. Sjølv om diskriminering av kvinner har vore det største problemet så langt, er det urimeleg og lite truverdig å neglisjere at menn i nokon samanhengar kan bli diskriminert også. Verneplikt, foreldrepermisjon og barnefordelingssaker er nokon eksempel på at dette. Og ikkje minst; hovudfokus bør vere at likestilling er til det beste for både kvinner og menn. Menn er ikkje fienden, tvert imot. Likestilling handlar ikkje om at det ikkje skal vere lov å vere maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større mangfald av muligheter for begge kjønn. Me kan heller ikkje alltid skulde manglande likestilling på det motsatte kjønn; ofte er det kvinner sjølve som motarbeidar likestilling, for eksempel ved tradisjonelle karrierevalg eller ved å tvihalde på foreldrepermisjonen. Systemet må legge til rette for likestilling, men kvinner og menn har også eit individuelt ansvar for å benytte dei mulighetane som fins.

Gratulerer med dagen!

PS: Det er jammen godt at det er kvinnedag ein gong i året, for det er jo man(n)dag kvar veke.. 😀

Hipp hopp hurra!

februar 21, 2009

Kilde: Scanpix (www.dagbladet.no)

Kilde: Scanpix (www.dagbladet.no)

 «En historisk dag for damene», skriv Marte på bloggen sin idag. Eg kunne ikkje vore meir enig. Dessverre fekk eg ikkje sjølv vere augevitne til det første VM-hopprennet for kvinner, men pyttsann; eg kan skrive om det likevel!

Det har vore ei lang ferd mot VM-skihopping for jentene. Eg har sett mang ein diskusjon og debatt om dette dei siste åra. Bakstreverske haldningar og fordommar har skjult seg bak tilsynelatande velmeinande argument som at «sikkerheten må stå i fokus» eller at «bredden er ikkje stor nok». Medan det ein leser mellom linjene er at «skihopp er ikkje noko for jenter» eller at «skihopping er for farleg for jenter». Eg skal ikkje snakke stygt om Torbjørn Yggestad, eg leste på nettet at han er alvorleg sjuk. Eg lar han tale for seg sjølv: «Jeg synes det er veldig koselig at de er med. Men det kommer til å ta mange år fremover før vi får skikkelig blest og fart rundt dette med damehopp. Det finnes fremdeles for få damer med den kapasiteten som trengs for å lage et skikkelig renn», seier han på vg.no. Koseleg var ikkje det første ordet som falt meg inn, men greit nok. Han meinar det nok godt. Og eg såg jo ikkje rennet idag, men var det ikkje eit «skikkeleg renn»..?

For jentene må ikkje berre få hoppe, dei må få hoppe skikkeleg! Eg leser at den norske hopparen Line Jahr uttalar til dagbladet.no at «juryen var dritfeig» og at «det ser så jævlig dårlig ut når jentene lander på kulen». Det er viktig at utøvarane får optimale forhold, særleg sidan skihopp for jenter er ein ny sport som treng litt «blest og fart» som Yggestad seier. Idag virkar det som om farten hadde vore altfor dårleg, slik at mange landa på kulen og dei lange hoppa uteblei. Dette er jo ein sport der jentene sannsynlegvis har betre forutsetningar enn gutane. Men dei må få ein sjanse til å vise kva dei kan. Marte skriv at under rennet var ekspertkommentator og tidlegare hoppar Espen Bredesen avmålt og strekte seg ikkje lenger enn til å seie at enkelte av hoppjentene er «relativt gode». På ein slik historisk dag kunne vel superlativa sitte litt lausare..? Eller er det nokon som føler seg trua?

Vanlegvis skyr eg kommentarfelta i nettavisene, men idag kom eg tilfeldigvis over ein kommentar eg merka meg: Vedkommande som skreiv kommentaren hadde besøkt si gamle mor på sjukeheimen idag. Ho hadde tørka sine modige tårer då jentene satte utfor hoppkanten i VM. Ho var nemleg ei av dei første norske jentene som dreiv med skihopping i sin ungdom på 40-talet. Det har vore ei lang ferd. 

Norge best på likestilling!

november 12, 2008

img_6666Gledelege nyheter idag: Aftenposten kan melde at Norge er kåra til verdsmestarar i likestilling! Ifølge den ferske rapporten «The Global Gender Gap» fra World Economic Forum er Norge det landet i verda der likestillinga er komt lengst. Rapporten måler avstanden mellom menn og kvinner på fire viktige områder: 1) Økonomisk deltaking og muligheter, 2) utdanningsnivå, 3) politisk representasjon, og 4) helse og forventet levealder. Den omfattande rapporten har gitt 130 land ein «Global Gender Gap index score». Indeksen kan tolkast som prosentandelen av gapet mellom menn og kvinner som er blitt lukka, og Norge får ein score på 82,39 prosent. Denne målinga er blitt utført dei tre siste åra, men 2008 er det første året der Norge tronar på toppen av lista. Finland og Sverige følger på 2. og 3.plass, medan USA er å finne heilt nede på 27.plass. Les heile rapporten her

Dette er gode nyheter, som viser at politiske valg gir konkrete resultater. Som barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt seier til aftenposten.no: «Mange har sagt at likestilling vil komme av seg selv, og at man ikke skal gripe inn i folks privatliv og bedriftenes anliggender. Men dette viser at tiltakene fører frem.»

Så la oss ikkje kvile på lauvbæra, men fokusere på arbeidsoppgavene; og la det vere typisk norsk å vere best framover også! 82% likestilling er kanskje best i verda, men det er ikkje bra nok-

Pro-choice vs pro-life

oktober 12, 2008

På CNN si nettside kan ein idag lese at Sarah Palin går til frontalangrep på retten til sjølvbestemt abort. Ho er motstandar av abort i alle tilfeller unntatt der mora sitt liv er i fare. Det vil seie at ho også er i mot abort dersom ei kvinne blir gravid etter voldtekt eller incest. Dette er ekstreme meiningar i norsk målestokk. Rett nok vil KrF innføre visse restriksjonar på retten til sjølvbestemt abort, men eg trur ikkje det er så veldig mange fleire enn Ludvig Nessa og Børre Knudsen som vil gå like langt som Palin. Men i USA er denne debatten høgst levande. Landet deler seg mellom dei som er pro-choice og dei som er pro-life. Pro-choice vil seie å vere tilhengar av retten til sjølvbestemt abort, medan pro-life er beteikninga på dei som er motstandar av abort og vil kjempe for fosteret sin rett til liv. Litt forenkla kan ein seie at dei fleste konservative republikanarar er pro-life, medan dei fleste demokratar er pro-choice. Spørreundersøkingar utført i 2007 viste at denne saka deler landet i to, omtrent halve befolkninga på kvar side. 

Korleis er regelverket for abort i USA idag? Den nåverande praksisen baserer seg på ei presedens-skapande sak fra 1973, kjent som Roe vs Wade-saka. Høgsterett fastslo då at å forby abort i første trimester (første 3 mnd) var å rekne som grunnlovsstridig. Dette hovudprinsippet gjeld fortsatt. Detaljar rundt andre forhold, som informering av foreldre, obligatorisk veiledning, og abort etter første trimester, varierar noko fra stat til stat. Sarah Palin og John McCain vil oppheve Roe vs Wade-dommen, og sterkt innskrenke muligheten for abort. Barack Obama vil behalde praksisen som den er, og er dermed tilhengar av kvinner si rett til sjølvbestemt abort. Til nå i valgkampen har Palin unngått å fronte sine ekstreme meiningar i abortsaka, truleg fordi republikanarane har vore redde for at dette kunne skremme vekk sving-velgarar og kvinner. Når ho nå tydelegvis har fått klarsignal til å ta bladet fra munnen, kan det virke som om hennar meiningar er stuereine for John McCain og hans stab. Det er skremmande nyheter. John McCain er nemleg på langt nær like ultrakonservativ og ekstrem som Palin og den mest konservative basen i partiet. Men ved å velge Palin som visepresidentkandidat og gi henne klarsignal til å fronte meiningar som dette, signaliserer han ein annan kurs. Eg har vanskeleg for å sjå kva han kan vinne på dette. Palin sine sosialkonservative haldningar til mellom anna abort appellerar sterkt til den konservative basen i partiet, men eg kan ikkje forstå anna enn at denne velgargruppa vil støtte dei uansett. Burde dei ikkje heller prøve å tiltrekke seg ubestemte velgarar som befinner seg meir i det politiske sentrum, og sving-velgarar som byttar på å sympatisere med dei to partia? 

Det er dårlege nyheter for kvinner i USA at Palin og så mange andre ønsker å sette kvinnesaka minst 50 år tilbake i tid, til ei tid då kvinner ikkje hadde rett til å bestemme over sin eigen kropp eller sitt eige liv. Dei seier at dei er pro-life, men det er ikkje kvinner sine liv dei kjempar for. Abort er ikkje ei enkel sak, og alle si personlege meining bør respekterast. Men å frata kvinner denne retten til sjølve å velge, er vanskeleg å tolke som noko anna enn eit brudd på ein grunnleggande menneskerett. La oss håpe håpe amerikanske kvinner får behalde «a woman’s right to choose».

Steinaldermannen – the missing link?

august 21, 2008

Han tilhøyrer ein sjeldan rase. Han er i utakt med si tid, og i høgste grad politisk ukorrekt. Han lar seg sjeldan observere utanfor sitt naturlege habitat, også kjent som gutteklubben grei. Er denne arten utrydningstruga? Bør han fredast eller fryktast? Eg snakkar om steinaldermannen.

Steinaldermannens våte draum?

Steinaldermannens våte draum?

Kva kjenneteiknar steinaldermannen? Ingen ytre kjenneteikn avslører hans identitet. Han kan like gjerne ha stresskoffert og slips, som skjegg og ryggsekk. Vanlegvis prøver han å skjule sine innerste meiningar i det lengste, men nokon faktorar triggar denne mannen, og då er han vanlegvis lett gjenkjenneleg. Det er nemleg eit distinkt sett av meiningar og haldningar som er steinaldermannens fremste karakteristika. Han lengtar tilbake til tidlegare ærefulle tider, då mannen var herren i huset og kvinna holdt seg der ho høyrte heime, på kjøkkenet. Han meiner at sidan kvinner og menn er forskjellige, er likestilling ein uting. Husarbeid og barneoppdragelse er kvinnfolkarbeid – sjølv ønsker han å dyrke sine maskuline interesser, helst jakt og fiske eller andre sysler som bringer han nærare det gamle jegersamfunnet. Retroseksuelle menn som Lars Monsen er idealet. 

Fins det verkeleg eksemplarer av denne arten i år 2008? Dei er sjeldan vare, men tru meg; eg har møtt dei, dei smyg seg gjerne ut av steinhola etter eit visst alkoholinntak. Og ein sjeldan gong stikk dei til og med hovudet fram i den offentlege debatten og viftar litt med klubba si. Eit ferskt eksempel er dei famøse utsagna til investor Jan Haudemann Andersen tidlegare i sommar (sjå blogginnlegg), der han erklærte seg som motstandar av pappaperm og ikkje likte synet av menn med barnevogn. 

Men steinaldermannen har vanskelege levekår for tida. Han føler at det ikkje er lov å vere mann lenger. La nå menn vere menn, seier han. Mannsrolla er i krise, blir det påstått. Samfunnet er blitt femininisert. Nei nå har likestillinga gått for langt. Steinaldermannen anser ei særskilt gruppe som sin verste fiende, nemleg feministane. Eller rødstrømpene, som han ofte yndar å kalle dei. Fysj! Desse orda blir spytta ut med stor forakt, ofte foranlediga av skildrande ord som «militante» eller «rabiate». Også menn med meir moderne meiningar får høyre det: dei er mjuke menn og tøffelheltar, og iallefall ikkje ekte mannfolk. 

Steinaldermannen representerer på mange måtar det som kan beskrivast som the missing link i likestillingsdebatten. Eg tenker på påstanden om at menn ikkje skal få lov til å vere menn lenger. Dette er ei uheldig misforståing. For på kva måte er det ei konflikt mellom det å vere machomann og det å vere opptatt av likestilling..? For å sitere Samantha i Sex and the City: «It’s all that crazy testosterone.. Thank God for it!» Men å vere mannssjåvinist er lite mandig!

Korleis skal ein forholde seg dersom ein uventa møter på denne arten? Etter nøye observasjon kan eg bekrefte at det er som med hoggormen: Den er meir redd meg, enn eg er redd den.. Mykje tyder på at steinaldermannen føler seg truga, og slit med å tilpasse seg dagens moderne samfunn. Så kanskje me heller skal synast litt synd på denne overlevninga fra fortida? Etter alt å dømme kjem nemleg evolusjonen til å utrydde denne arten i nærmaste framtid. Det er lite truleg at nokon kjem til å ville reprodusere seg med steinaldermenn i tida framover. For som Helle Vaagland uttalte: Du gidder ikke ligge med en mann som aldri tar oppvasken!

The blindingly obvious truth about rape..?

august 19, 2008

Oh my God I can’t believe it! Altfor ofte er ein vitne til meir eller mindre tildekka insinuasjonar om at offeret kan klandrast i voldtektssaker. Altfor ofte blir fokus satt på kva jenter kan (og bør) gjere for å unngå å bli voldtatt. Ikkje gå med miniskjørt eller djup utringning! Ikkje gå heim aleine fra byen! Ikkje driv med utagerande festing! Ikkje ver lett på tråden! Ikkje bli med menn heim! For då kan du takke deg sjølv dersom du blir voldtatt! Då har du bedt om det! Då er det for seint å seie nei.. Dette er eit frykteleg feil fokus, og det provoserer meg grenselaust. 

Den til nå mest eksplisitte artikkelen eg har sett om dette temaet, fann eg på nettsida til engelske Daily Mail. Dette er ein tilsynelatande seriøs artikkel der skribenten Peter Hitchens presenterar det han meinar er «the blindingly obvious truth about rape». Les gjerne makkverket sjølv, men i korte trekk meinar han at jenter som drikk seg fulle aukar sin risiko for å bli voldtatt, og dermed ikkje bør få like høgt erstatningsbeløp som andre etter overgrepet. Sitat:»…a rape victim who was drunk deserves less sympathy». Han påpeikar at det å bli full er eit fritt valg, og at ein sjølv må ta ansvar for konsekvensane: enten det er å krasje med bilen i fulla, eller bli voldtatt..! Nytt sitat:»Getting drunk is not something that happens to you. It is something you do.» Og sidan det er eit fritt valg å bli full (hold deg fast!): «But I cannot see why women who ignore the wisdom of the ages, and make themselves more likely to be victims by drinking too much, should get the same size cheque as women who are raped despite acting responsibly.» 

Lookin' for trouble..?!

Lookin' for trouble..?!

 Dette er så legendarisk dårleg at ein kan lure på om det er seriøst meint.. Han trekker det milevis lenger enn eg har sett nokon gong før, men tendensen lurer stadig også i den norske debatten, og ikkje minst i rettsalane der voldtektsofra si påkledning eller seksualmoral er tema som blir belyst. Det dei insinuerer er følgande: «Jenta har sjølv delvis ansvaret for det overgrepet som er begått mot henne. Dersom ho ikkje hadde gjort slik eller slik, ville ikkje dette skjedd». Dette er bullshit! Offeret har ALDRI ansvar i ei voldtekt. Det som skjer, er utelukkande overgriparen si skuld. Uansett kva jenta har på seg, kor ho beveger seg, eller kor sørpe full ho er! Argumentasjonen er Hitchens er ikkje berre skremmande sjåvinistisk og ufølsom, det er også ein gigantisk logisk brist her som skjærer meg i augene: Javisst er det eit fritt valg å drikke seg full, og ofte er ikkje dette det luraste ein kan gjere.. MEN, det er ikkje eit fritt valg å bli voldtatt! Eg kan ikkje fatte og begripe at det er mulig å samanlikne dette med det frie valget det er å sette seg inn i ein bil og kjøre i alkoholpåverka tilstand, noko ein sjølvsagt må ta det fulle ansvaret for sjølv. Kvifor har Hitchens fokus på kva offeret bør gjere for å unngå å bli voldtatt..? Ein skal vel ikkje trenge å gjere noko for å unngå dette. Det er overgriparen som må gjere noko! Menn som blir valdelege i fylla, eller menn som ikkje kan styre seg – det er dei som bør unngå å drikke seg fulle! Og er ei jente så full at ho ikkje er i stand til å samtykke eller nekte; ja då bør ein kanskje ikkje ligge med henne..?!

Nei, dette tar kaka.. Eller som den amerikanske feministbloggen feministing.com seier det i sin omtale av artikkelen: «..this one takes the asshole, rape-apologist cake». Dei kårar Peter Hitchens artikkel til «victim-blaming article of the year». No shit!

Stripp snapp snute..

august 3, 2008

Eg tenkte egentleg ikkje å skrive om denne saka, men klarar ikkje heilt å dy meg.. Storås-strippinga blei eit antiklimaks og ein skuffelse, noko ein kan lese om blant anna i Dagbladet og Adresseavisa. «Stor ståhei for ganske lite», kallar Adresseavisa det i sin kommentar. Eg vil ikkje gå tungt inn i diskusjonen om stripping er kvinnefrigjerande eller kvinneundertrykkande, om porno er feminisme eller bør forbys. Kanskje ein annan gong! Men eg vil kommentere to forhold som er interessante ved denne saka. For det første kvifor eg synest strippeshow var eit dårleg trekk av Storås-festivalen, og for det andre det tragikomiske i at showet blei eit realt antiklimaks. 

Denne saka har typisk nok fått altfor mykje oppmerksomhet i beste agurk-sesong, noko som truleg også var grunnen til at festivalen booka dette showet. Mykje PR på kort sikt, men er verkeleg all PR god PR, spør ein journalist i Dagsavisen..? Eg trur ikkje det. Og eg trur ikkje Storås vil vinne på dette på lang sikt. Dette er blitt ei sak først og fremst på grunn av den type festival Storås gjerne vil vere. Dei markedsfører seg som ein annleis festival, med sosial samvittighet og samarbeidspartnarar som Framtiden i våre hender. Det er ikkje nødvendigvis noko gale med at ei vaksen norsk jente frivillig velger å ty til stripping for å stille sine ekshibisjonistiske behov. Not my style, men versågod! I Norge er stripping i stor grad ein frivillig bransje, og det også høgst frivillig om eit vil sjå på strippeshowet. Stripping er imidlertid nært knytta til pornobransjen, og særleg i dette tilfellet sidan jenta er aktiv i begge bransjar. Og sjølv om også porno kan virke uskyldig og prega av frivillighet her i Norge, så er dette truleg ein av verdas mest skitne industriar. Globalt er dette ein bransje prega av kriminalitet, kvinneundertrykking og mangel på reell valgfrihet for kvinnene. I solidaritet med alle desse kvinnene bør ein tenke seg om før ein flørtar med denne bransjen. Ein kan ikkje lukke augene for det som foregår rundt om verda, sjølv om det i dette tilfellet truleg dreiar seg om ei oppgåande norsk jente som gjer dette av eigen fri vilje. Det står ho sjølvsagt fritt til å gjere, men ein festival må vere bevisst kva signaler dei sender og kva bransje dei knyttar seg til. I tillegg er det klart at pornobransjen representerer også eit forelda og sjåvinistisk kvinnesyn, som det er overraskande at Storås vil identifisere seg med. 

Det andre forholdet som er interessant med denne saka er at sjølve showet blei ein skuffelse. Stripparen kasta oppskriftsmessig klærne og grisa seg til med diverse matvarer, og vips, på ni minutter var antiklimakset eit faktum. Det tragikomiske er sjølvsagt: Kva i all verda hadde folk forventa seg..? Med den forhåndsomtalen som dette showet hadde fått, var tydelegvis ikkje god gammaldags nakenhet nok til å innfri publikum sine forventningar. Min fantasi strekker (heldigvis) ikkje til for å spekulere i kva folk hadde forventa seg, men det er unekteleg eit tankekors kor mykje som skal til for å sjokkere folk idag. Sexolog Kristin Spitznogle skreiv nylig i ei av tabloidene om det faktum at stadig fleire sliter med manglande lyst og andre problemer i sexlivet. Ho spekulerte i om dette kan ha samanheng med det massive sex-fokuset me er vitne til i dagens frigjorte samfunn. Sex og nakenhet ser ein idag støtt og stadig på tv, film, i aviser og blader. Er det blitt så vanleg at det er blitt kjedeleg..? Den seksuelle frigjeringa som har skjedd dei siste tiåra er definitivt positiv, og ikkje minst for kvinner sitt liv har dette vore viktig. Tenk berre kva sjølvbestemt abort og p-piller har betydd for likestillinga! Men med den enorme overfokuseringa på sex som ein har sett i media dei siste åra, står ein vel kanskje i fare for å ødelegge litt av spenninga? Ironisk nok er kanskje burlesk-uttrykket «The art of the tease» treffande i denne samanhengen..? Eller less is more..??

I couldn’t help but wonder…

juli 16, 2008

Slik startar skribenten Carrie Bradshaw sine betraktningar i avisspalta med same namn som serien og filmen Sex and the City (SATC). Og eg kan heller ikkje la vere å undre: Kva er det som gjer at SATC framleis oppnår store overskrifter? Den amerikanske tv-serien om dei fire venninnene i New York var eit friskt pust og til dels kontroversiell då den starta i 1998. Den 6.juni hadde filmen basert på tv-serien premiere i Noreg, noko som har medført rekordstort førehandssal og betydeleg medieomtale. SATC har ikkje gått av moten.

Rollefigurane er fire sterke og sjølvstendige kvinner i 30-40 åra som spelar hovudrolla i sitt eige liv. Og som menn har gjort på lerretet i årevis, tar dei for seg av det Manhattan har å by på, det vere seg cosmopolitans eller menn. Den raude tråden er likevel det vennskapen og samhaldet dei støttar seg til gjennom smått og stort, gjennom medgang og motgang. Store dosar humor, sarkasme, legendariske sitat og sjølvironi er viktige tilleggsingrediensar. Og visst kjem det heile i fin innpakning! Mote, designerplagg, vesker og ikkje minst sko gjer det heile til ei frydefull og uoppnåeleg visuell oppleving. Det er lett å vere einig i noko av kritikken mot SATC, særleg dette som gjeld den konsumkulturen serien representerar. Eit anna paradoks er at dei ”single and fabulous” jentene stadig er på jakt etter den store kjærleiken. Eg har imidlertid høyrt serien bli samanlikna med ei god venninne: ikkje perfekt, men ein er veldig glad i henne likevel.

Som stor tilhengar av serien har eg sjølvsagt følgt nøye med på medieomtalen i kjølvatnet av premieren. Mykje er blitt sagt, men mest slåande er den dirrande peikefingeren som stadig dukkar opp. Nokon lar seg tydelegvis kraftig provosere og opprøre av denne filmen. SATC blir skulda for å vere egoistisk, overflatisk, materialistisk, å oppfordre til bruk-og-kast av menn og for å undervurdere kvinner. Ikkje lite! Folk må sjølvsagt få meine akkurat kva dei vil om SATC. Mest interessant er det imidlertid at ikkje berre filmen, men også me som ser den, blir gjenstand for nedsetjande karakteristikkar (blant anna i mange anonyme kommentarar til anmeldelsen i BT). Me er angiveleg egosentriske shopoholikarar som bryr oss meir om å skaffe oss Manolo Blahnik-sko enn om kva som skjer elles i verda. Me er prinsesser som leitar etter draumeprinsen. Og i svenske Aftonbladet: Dersom me likar SATC, fortener me berre halvparten av lønna til menn. Eg har ikkje tenkt å ta dette alvorleg, men det er likevel eit symptom på at dette er eit fenomen som opprører enkelte. Kva er grunnen til dette?

Eg håpar verkeleg ikkje at ein serie om fire sjølvstendige kvinner verkar trugande på nokon i år 2008.  Jentene er blitt kalla dei nye feministiske forbilda, men i så måte var serien frekkare i frasparket enn kva filmen er. I filmen har dei dessverre gått litt i Hollywood-fella og jakta på kjærleiken er det dominerande temaet.  Dette kan vel ikkje vere sprengstoff?

Kritikken kretsar stadig rundt den ytre innpakninga. For oss som kjenner serien er SATC så mykje meir enn dette sukkerspinnet på toppen. Men sjølv om det ikkje hadde handla om anna enn sex og mote – kva så? Er det noko gale med rein og skjær underhaldning? Vanlegvis ikkje. Det er ingen som tillegger menn spesielle personlege eigenskapar fordi om dei er lidenskapleg opptatt av James Bond eller andre actionheltar. Men også her er me i høgste grad vitne til materialisme, produktplassering, dyre bilar, og så absolutt bruk-og-kast av kvinner. Men på eit vis er typisk kvinnelege interesser som mote og shopping mykje lågare på rangstigen enn typisk mannlege interesser som spreke bilar eller dyrt sportsutstyr.

Så kanskje har det litt med kjønnsroller å gjere likevel? Enkelte meiner tydelegvis at kvinner ikkje skal kunne seie ”ja takk, begge deler”. Me skal ikkje kunne drøyme oss vekk med SATC og samstundes behalde vår integritet og oppnå respekt. Eg verken håpar eller trur at dette er ei utbredt haldning, då den vitnar om eit avgrensa handlingsrom for kvinner. Mens det me eigentleg treng, er eit større perspektiv i feminisme-begrepet og større aksept for ulike livsvalg, noko eg meiner SATC er eit positivt bidrag til.

Sjølv om me likar SATC, kan me vere opptatt av andre ting også. Sjølv om me likar SATC, er det ikkje sikkert at den største draumen vår er å få ei Louis Vuitton-veske. Sjølv om mi gode venninne er hardnakka SATC-fan, er ho også meir sosialt engasjert og reflektert enn dei fleste eg kjenner. Til høsten flyttar ho til Uganda for å jobbe med AIDS-saka for FN. Eg håpar ho tar shoe-box’en med heile SATC-serien med seg. Ja takk, begge deler!