Posts Tagged ‘finanskrise’

It’s the economy, stupid

september 24, 2008

Wall Street-massakre. Lehmann Brothers går konkurs. Forsikringsgiganten AIG må reddast av myndighetene. Store selskap på kanten av stupet. Fare for fullstendig kollaps i kredittmarkeda. Den verste finanskrisen sidan depresjonen på 30-talet? Krisen i den amerikanske økonomien har naturleg nok satt eit sterkt preg på nyhetsbildet dei siste 10 dagane. Og om det ikkje var einstemmig vedtatt fra før av; nå er det ingen tvil om at økonomien er den aller viktigaste saka for amerikanske velgarar. It’s the economy, stupid!

Dei siste dagane har det altoverskyggande temaet vore «The Big Bailout», fritt oversatt den store kausjonen eller frikjøpinga. Dette er den store redningsplanen som skal redde stumpane. Kort fortalt går planen ut på at det amerikanske finansdepartementet vil bruke 700 milliardar dollar på å kjøpe opp lån fra kriseramma bankar. Finansminister Henry Paulson og sentralbanksjef Ben Bernanke har idag lagt planen fram for Kongressen. Dei hevdar at planen er nødvendig for å hindre total kollaps i finansmarkedet, og legg press på Kongressen om å godkjenne planen snarast. 700 milliardar dollar er mykje pengar. Det tilsvarar ca 2000 dollar per innbygggar i USA, eller 2300 dollar (ca 12 000 kr) per skattebetalar. Og skepsisen var framtredande i Kongressen idag. Det er uenighet om kor vidt det er rett å bruke skattebetalarane sine penger til å avhjelpe store bedrifter med gjelda og redde dei fra konkurs, når dette i mange tilfeller er ein situasjon forårsaka av dårleg dømmekraft og uansvarlege beslutningar. Økonomisk konservative republikanarar er prinsipielt motstandarar av all form for inngripen i det frie markedet. Mange tvilar også på den reelle effekten av «bailout»-planen. Vil denne gigantiske redningspakken løyse problema? Nokon meinar at gevinsten kun vil bli kortvarig, og at det er dei underliggande årsakane som må adresserast. Problemet må tas ved rota. Og hastar det å iverksette planen i løpet av dagar eller veker? Eller er det viktigare å bruke tid? Og korleis skal pengane brukast?

Finanskrisa pregar sjølvsagt valgkampen. Det er tilnærma ei politisk naturlov at den sittande regjeringa vil tape oppslutnng når det er dårlege tider eller økonomisk krise. Republikanarane har styrt dei siste 8 åra, og mange legg nå skulda for finanskrisen på Bush-administrasjonen. Obama vinn terreng på dette, og har då også gjort eit hopp på meiningmålingane den siste veka. Obama sin hovudstrategi så langt har vore nettopp dette: å legge skulda på den sittande administrasjonen. Han hevdar at dersom han var president, ville dette aldri ha skjedd. Han har imidlertid inntil nylig vore vag og reservert, og vegra seg for å komme med konkrete løysingsforslag. Idag konkretiserte han fire punkt som han meiner ein kriseplan bør innehalde. Hans budskap er at kriseplanen ikkje berre skal fungere for Wall Street, men også for Main Street, altså den vanlege amerikanar. 

McCain på si side forsøker etter beste evne å distansere seg fra Bush-administrasjonen, for å overbevise om at han representerar ein ny kurs. Sist veke var ei dårleg og tabbeprega veke for McCain. Han begynte veka med å uttale at «the fundamentals of our economy are strong», same dag som Wall Street-krisen var eit faktum, noko som skapte sterke reaksjonar. Seinare har han forsøkt å bortforklare utsagnet, og denne veka omtalar han situasjonen som ei krise, og går hardt ut mot både Bush-administrasjonen og Wall Street. Sjølv om republikanarar generelt er motstandarar av statleg styring og regulering av økomonien og finansmarkedet, foreslår McCain nå økt grad av statleg regulering. Dette kan gjere han upopulær blant dei økonomisk konservative i partiet, men truleg vil dei stemme å han uansett, i mangel på eit betre alternativ. Eg trur hovudsakleg han er ute etter å kapre «swing-voters» og velgarar som ikkje har bestemt seg ennå. I krisesituasjonar ser amerikanarar etter ein sterk og beslutningsdyktig leiartype, ein «commander in chief», og dette kan favorisere McCain i desse velgargruppene. McCain prøver derfor å framstå som den sterke leiaren USA treng i ein krisesituasjon. Han beskyldar Obama for beslutningsvegring, og for å mangle ein plan eller ei løysing. McCain nyttar ein kvar mulighet til å bringe krigssymbolikk og -retorikk inn i valgkampen, og uttala i går: «Senator Obama has been MIA; missing in action!»  

Ingen av kandidatane har framstått som ekstremt overbevisande i denne vanskelege finanskrisa. Ingen av dei har direkte sagt om dei er for eller mot den forslåtte redningsplanen. Men det er forventa at Obama vil vinne mest politisk på situasjonen, rett og slett fordi republikanarane sin politikk dei siste 8 åra blir sett på som ein del av problemet. Det blir spennande å følge forhandlingane i Kongressen utover veka. Og fredag er det klart for den første store TV-debatten mellom presidentkandidatane. Følg med!