Posts Tagged ‘fysisk aktivitet’

Heia Tufte?

august 26, 2008

Eg sto opp uvanleg tidleg for å sjå Olav Tufte vinne sitt andre OL-gull i roing. Eg jubla då han på mirakuløst vis klarte å vinne innspurten, og eg måtte felle eit par tårer då muskelbunten gråtkvalt sto på seierspallen til lyden av nasjonalsongen. Ein fantastisk idrettsmann. Heia Tufte!

Men nå ser eg meg nødt til å kommentere hans siste utspel, som ein kan lese om både i Dagbladet og Aftenposten idag. Han kritiserer «egoistiske» karriereforeldre, og meiner at karrierejaget øydelegg for barna sine muligheter til fysisk aktivitet. «Foreldre har barna i barnehagen fra sju om morgonen til sju om kvelden. Så gjeld det å fore ungene, få lagt dei og deretter gjere litt meir arbeid. Karrierejaget øydelegg for barna sine muligheter,» uttalar Tufte. 

Det er mulig at saka er blitt satt på spissen. Det er mulig at han har eit poeng i sjeldne tilfeller. Og eg trur utvilsomt at han har gode hensikter med dette utspelet. MEN! For det første: Kva haldepunkter har han for å påstå at karrierebevisste foreldre er synonymt med egoistiske foreldre som tenker meir på seg sjølv enn barna sine behov? Er det så enkelt som at dersom ein prioriterer karriere, så må ein nødvendigvis nedprioritere barna? Må ein velge enten-eller..? Forskning tyder på at han tar feil. «Barn av foreldre med høgare sosioøkonomisk status viser seg å være meir aktive enn barn av foreldre med lågare status», seier forskar Elin Kolle ved Norges Idrettshøgskule til Dagbladet. Dette blir forklart med at foreldre med høg utdanning har større kjennskap til dei positive effektane av fysisk aktivitet. Ho får støtte fra fleire andre forskarar. Undersøkelsar viser dessutan at foreldre idag er mykje meir engasjerte enn kva dei var for 30 år sidan. 

For det andre: Kven er det han anklagar for å vere dårlege foreldre? Kven er det som gjer «karriere»? Det kan vel tenkast at det er fullt mulig å «gjere karriere» innanfor normal arbeidstid? Eller at det går an å gjere karriere og likevel ta seg tid til barna? Eg mistenker at han ser for seg den karikerte karrierekvinna Tårnfrid når han kastar ut denne brannfakkelen. Sjølv kjenner eg etterkvart mange foreldre med høg utdanning og såkalla karriere, men har aldri truffe nokon som er i nærheten av å passe inn i dette bildet. Mitt inntrykk er at desse foreldra er svært opptatt av barna sine, og svært opptatt av å gjere alt rett; både når det gjeld oppfølgning på skulen, fritidsaktiviteter og kosthald. Og mange velger å prioritere meir tid til barna og familien på bekostning av karrieren. Rett nok har eg tidlegare kritisert det faktum at det stort sett er kvinnene som gjer dette valget, og det er sterkt ønskeleg at ansvaret for barn og heim blir meir likt fordelt mellom kjønna. Men eg er slett ikkje sikker på at alt var så mykje betre i gamle dagar!

Ironisk nok kjem dette utspelet fra toppidrettsutøvaren Olav Tufte.. Utan å vite noko om korleis han disponerer tida si, er det vel naturleg å gjette på at han har prioritert seg sjølv dei siste åra..? Han har sjølv uttalt at familien har vore nødt til å ta hensyn til han i alle desse åra med knallhard satsing på idretten. Så korleis han kan rette peikefingeren mot foreldre som etter beste evne forsøker å kombinere familie og arbeidsliv – det er noko uklart for meg.. La oss skulde på gullrusen, og håpe at han kjem med eit meir gjennomtenkt utspel neste gong! For ein debatt om fysisk aktivitet hos barn, både i skulen og på fritida, er sjølvsagt velkommen. Men å konkludere med at foreldra sin karriere står i vegen for barn sin fysiske aktivitet, det er vel som å skyte fra hofta i halvblinde.. For å bruke eit språk som Olav Tufte forstår!