Posts Tagged ‘infertilitet’

Dårleg forslag, Lønning!

august 4, 2008

På nettet idag kan ein lese at Inge Lønning fra Høyre vil fjerne støtten til assistert befruktning. Han meiner at ufrivillig barnlaushet (infertilitet) ikkje kan definerast som eit helseproblem, og at dei barnlause bør betale for assistert befruktning (IVF; in vitro fertilisering) sjølve. Han ønsker derfor å ta dei 100 millionane som blir brukt årleg ut av helsebudsjettet for å spare penger. Etter mi meining går han også langt i å antyde at dette ofte er eit sjølvforskyldt problem, då han seier: «En viktig grunn til at flere og flere par er barnløse er at de venter for lenge.» Han vil derfor legge forholda betre til rette for unge jenter, slik at det blir meir attraktivt for å føde barn tidlegare. 

Litt fakta: 

  • I 2006 blei det født 1532 barn ved hjelp av IVF i Norge (2,6 % av alle fødslar). Staten betaler cirka 65 000 kroner for kvart barn som blir født ved hjelp av denne metoden. Det offentlege dekkar inntil tre forsøk, deretter må paret evt betale sjølve. 
  • Det er brei enighet om at ein bør stimulere tiltak som kan øke fødselsraten i Norge. Idag er fødselsraten nesten 1,9 barn per par, og dette er nokså bra samanlikna med mange andre vestlege land. Sannsynlegvis skyldes dette dei gode velferdsordningane i Norge, med lang foreldrepermisjon, barnetrygd og gode muligheter for barnehage. Men for å oppretthalde befolkningtalet i landet, må fødselsraten opp til minst 2,1. 
  • Gjennomsnittleg alder for førstegangsfødande i Norge var 28 år i 2006, i Oslo-regionen over 31 år. 

Dersom eg forstår Lønning rett, meiner han altså følgande: 

  1. Infertilitet er ikkje eit helseproblem. Ufrivillig barnlaushet er både eit helseproblem og eit samfunnsproblem. Mange medisinske tilstandar har infertilitet som komplikasjon eller følgetilstand. Mange opplever også psykiske problemer som følge av ufrivillig barnlaushet. 
  2. Barnlause bør betale for IVF-forsøk sjølve. Dette vil skape eit samfunn der dei økonomisk godt stilte familiane kan «kjøpe seg» barn, medan mange ikkje vil ha muligheten. 
  3. Det er store penger å spare i helsebudsjettet på å fjerne dette tilbudet. 100 millionar er ein liten sum i denne samanhengen. Andre tiltak bør ha betre potensiale for innsparing. 
  4. Det er ikkje samfunnsøkonomisk lønnsomt å bruke 65 000 kr på å sette eit barn til verda. Det er klart at dette er lønnsomt, på så mange måtar! Men sidan Lønning først og fremst er opptatt av økonomi; ein arbeidstakar og skattebetalar i eit livsløp vil bidra med mykje meir enn dette! Innan helsepolitikk bør dette vere noko av det mest «lønnsomme» ein kan bruke pengar på. Summar i samme størrelsesorden blir brukt på dyre medisiner med forholdsvis liten effekt for å øke livslengda til alvorleg sjuke med nokon få månadar. (Eg seier slett ikkje at det er feil bruk av penger, men i det perspektvet kan ein umulig seie at 65 000 kr for å sette eit barn til verda er for dyrt!)
  5. Dette er eit problem som i hovudsak skyldes at kvinner ventar for lenge med å få barn. Det er sant at kvinner ventar lenger med å få barn (gj.snittsalder for førstegangsfødande var 23 år på 60-talet), men dette er ledd i ei positiv utvikling som det ikkje er ønskeleg å snu! Kvinner vil utdanne seg og gjere karriere, og me har idag mange sikre prevensjonsmetodar. Derfor velger mange kvinner å vente med barn til dei er vaksne og etablerte og kan gi barna trygge og stabile oppvekstvilkår. Det er mulig at det biologisk sett er optimalt å få barn når ein er 25 år, men sosiale forhold må også tas med i betrakninga. Å tvinge jenter til å føde barn tidlegare er derfor ikkje noko god løysing. Men det er absolutt positivt med betre økonomiske støtteordningar for dei som velger å få barn f.eks under studietida. Men; det er ikkje sant at hovudårsaka til infertilitet er at kvinner ventar for lenge med å få barn! Rett nok går fertiliteten ned med økande alder, men ikkje i ei slik grad at dette kan vere hovudårsaken. Mange i 20-åra slit med dette problemet, og dei som er eldre har ofte prøvd i mange år før dei oppsøker hjelp. Det er ei rekke medisinske tilstandar som er hyppige årsaker til infertilitet, og i mange tilfeller finn ein ikkje nokon sikker årsak. Dette kan ein lese litt om f.eks i Pasienthandboka

Etter mi meining bør ein legge forholda til rette for fleire barn på meir enn ein måte. Ein av vegane å gå er familiepolitiske tiltak som fremmar likestilling, betre og billigare barnehagetilbud, og betre økonomiske støtteordningar for dei som ikkje har opparbeida rett til foreldrepenger. Ein annan viktig veg er å hjelpe dei som slit med infertilitet, og utbetre det offentlege tilbudet heller enn å fjerne det! 

I forrige veke omtala Jan Bøhler dette på ein mykje meir klok måte i ein kommentar i Dagbladet. Det er tydeleg at han tilhøyrer ein annan generasjon enn Lønning.