Posts Tagged ‘karriere’

Gubbeklubben Grei

desember 14, 2008

Til dagleg tenker eg ikkje vidare over dei mulighetane eg har fått tildelt. Sjølvsagt kan eg ta utdanning og bli lege! Sjølvsagt kan eg ta doktorgrad! Sjølvsagt kan eg reise eit år til Boston! Som eg sa den gong eg som lita jente ville og skulle klare alt (men kalla meg sjølv «du» i stadan for «eg»..): «Du skal! Du kan!» Men av og til blir eg minna på at det ikkje er så lenge sidan dette ikkje var sjølvsagt. Iallefall ikkje for størsteparten av befolkninga. Og iallfall ikkje for jenter. 

Nyleg var eg på ei foredragsrekke på Brigham and Women’s Hospital, i eit stort flott amfiteater eller auditorium. Tankane kan lett vandre av stad i slike samanhengar, særleg når detaljutbroderinga av basalforskning fjernt fra eige fagfelt drar ut i langdrag. På dette foredraget begynte eg å kikke meg rundt i auditoriet, og blei etterkvart fascinert av at veggene nærmast var dekka av portrettmaleri av gamle professorar. Eg veit sjølvsagt ikkje kven alle dei portretterte menna var, men eg reknar med at dei var framståande legar og forskarar fra opp gjennom sjukehusets historie. Det var sikkert snakk om totalt tredve maleri på auditoriets to langvegger, og av desse var det kun ei einsleg kvinne. Resten var eldre ærverdige gråhåra menn i dress eller legefrakk. Det portrettet som særleg fanga oppmerksomheten min var av ein professor som sto smilande framfor arbeidspulten sin. På pulten i bakgrunnen var det inniblant bøker og papirer også to familiebilder; truleg av kone og barn. Detaljar i bakgrunnen. Eg kunne ikkje la vere å tenke på at slik var det nok for mange av familiane til desse framståande og ærverdige professorane: Dei var i bakgrunnen. Dei blei ikkje prioritert. Dei la til rette for professoren sin suksess, dei laga mat og stelte hus og heim. Dei fleste ektefellene hadde truleg ikkje anledning til eigen utdanning, jobb eller karriere. Det kan ikkje ha vore lett for professorane sjølve heller. Lange arbeidsdagar og lite ferie, stort arbeidspress. Kanskje såg dei familien sin oftare på fotografiet på pulten enn i levande live..?

Ting har endra seg. Ingen finn seg lenger i ein så altoppslukande jobbkvardag, der ein må forsaka tid med familie og fritid for å kunne lukkast. Jenter blir legar og tar doktorgrad sjølve, i stadan for å sitte heime og vente med middagen klar til ein mann som jobbar 15 timars dagar. Me er heldige. Men også idag er det store fleirtalet professorar gamle grå menn. Til tross for at jenter for lengst har gjort sitt inntog i høgare utdanning og forskning, viser statistikken at veldig mange faller av på veg oppover karrierestigen. La oss sjå nærmare på dei harde fakta: Likestillingsstatistikk fra Universitetet i Bergen (UiB) for året 2007 viser at 49% av stipendiatane ved UiB er kvinner. Kvinneandelen varierar betydeleg mellom ulike fagområde. Medisin er eit av dei fagområda med størst kvinneandel, i 2007 var 62% av stipendiatane ved Medisinsk Fakultet kvinner. Dette er ei økning på nesten 10% dei siste ti åra, og gjenspeglar den utviklinga me ser på medisinstudiet; der fleirtalet studentar dei siste åra har vore kvinner. Statistikken på professornivå viser ei anna kjønnsfordeling. Kvinneandelen blant professorar på UiB er 17%, og her har det ikkje vore nokon økning dei siste åra. Innan fagfeltet medisin er 16% av professorane kvinner, også dette talet har vore stabilt dei siste åra. Noko av denne forskjellen kan sjølvsagt forklarast utfra det faktum at det tar tid å oppnå professor-kompetanse, og at det derfor nødvendigvis vil måtte ta nokon år før desse kjønnsforskjellane utjevnar seg.

untitled1

Kilde: Likestillingsstatistikk, UiB 2007

Men dette er ikkje einaste forklaringa. Isåfall burde kvinneandelen også på professornivå ha økt meir enn den har gjort. Forskningsminister Tora Aasland uttalar følgande til Norges Forskningsråd: «Kvinneandelen i medisinfaget er høy og har vært det en stund. Men selv om 56 prosent av dagens doktorander i medisin er kvinner, får vi ikke flere kvinnelige professorer i faget. Da er det grunn til å se nærmere på hva det er som gjør at utviklingen stopper opp på doktorgradsnivå.» Figuren ovanfor illustrerar det som blir kalla ”the leaky pipeline”, nemleg at kvinner fell i frå på den akademiske karrierestigen i større grad enn menn. Mens ein tidlegare trudde at så lenge fleire kvinner tok høgare utdanning, ville kjønnsforskjellane også i toppstillingane forsvinne etterkvart, ser ein nå at dette truleg ikkje kjem til å skje heilt automatisk. Det kjem iallfall til å ta lengre tid enn forventa. Mange brukar begrepet ”glasstaket” for å illustrere at kvinner kan møte motstand i systemet i større grad enn menn. Både «the leaky pipeline» og «glasstaket» har truleg mange og kompliserte årsakar. Mest sannsynleg er fenomenet delvis forårsaka av kvinner sine eigne valg, og delvis av treghet i systemet. Stadig fleire universitet og bedrifter har nå ein bevisst likestillingspolitikk, der det er eit uttalt mål å utjevne kjønnsforskjellane og få opp kvinneandelen på toppnivå. Innan medisinsk forskning er det avgjerande at det blir oppretta fleire stillingar i mellomsjiktet mellom stipendiat og professor, og at desse stillingane blir tryggare og meir forutsigbare. Men det er også viktig at ein på individuelt nivå tenker over kva «glasstak» ein har i sitt eige liv. Kva er årsakane til at mange kvinner frivillig hoppar av den akademiske karrierestigen?

Professorane er fortsatt i all hovudsak gamle grå menn. Og oftast er dei ei uvurderleg ressurs for oss i den nye generasjonen legeforskarar, dei fleste tar i mot oss med opne armar og øser av sin kunnskap. Eg har etterkvart vore på ein del forskningsmøter og -kongressar. Mi erfaring gjenspeglar statistikken: Mange unge kvinnelege stipendiatar og mange eldre mannlege professorar. Hierarkiet på mange møter er ofte påfallande forutsigbart. Dei mannlege professorane sitter fremst og snakkar desidert mest, med den største sjølvsagthet. Me i den yngre garde setter oss oftast langt bak til tross for at det er ledige plassar lenger framme, og me tar sjeldan ordet uoppfordra. Dette er ikkje alltid sant, men det er ofte tilfelle. Og dessverre er me jenter verst.. Held me oss pynteleg i bakgrunnen og tier i forsamlingar..?? Det er kanskje på tide å våge å ta litt meir plass? Men eg trur også det delvis har med ein annan kultur å gjere. Ein stille revolusjon er på gang. Me blir nok professorar, men kanskje me ikkje føler behov for å få maleriet vårt på veggen?

Tilbake på foredragsrekka på Brigham and Women’s Hospital: 6 framståande forskarar innan sitt fagfelt var valgt ut til å halde kvart sitt foredrag. Kor mange var kvinner? Ei av seks. Det er betre enn ei av tredve. Det går framover. 

Heia Tufte?

august 26, 2008

Eg sto opp uvanleg tidleg for å sjå Olav Tufte vinne sitt andre OL-gull i roing. Eg jubla då han på mirakuløst vis klarte å vinne innspurten, og eg måtte felle eit par tårer då muskelbunten gråtkvalt sto på seierspallen til lyden av nasjonalsongen. Ein fantastisk idrettsmann. Heia Tufte!

Men nå ser eg meg nødt til å kommentere hans siste utspel, som ein kan lese om både i Dagbladet og Aftenposten idag. Han kritiserer «egoistiske» karriereforeldre, og meiner at karrierejaget øydelegg for barna sine muligheter til fysisk aktivitet. «Foreldre har barna i barnehagen fra sju om morgonen til sju om kvelden. Så gjeld det å fore ungene, få lagt dei og deretter gjere litt meir arbeid. Karrierejaget øydelegg for barna sine muligheter,» uttalar Tufte. 

Det er mulig at saka er blitt satt på spissen. Det er mulig at han har eit poeng i sjeldne tilfeller. Og eg trur utvilsomt at han har gode hensikter med dette utspelet. MEN! For det første: Kva haldepunkter har han for å påstå at karrierebevisste foreldre er synonymt med egoistiske foreldre som tenker meir på seg sjølv enn barna sine behov? Er det så enkelt som at dersom ein prioriterer karriere, så må ein nødvendigvis nedprioritere barna? Må ein velge enten-eller..? Forskning tyder på at han tar feil. «Barn av foreldre med høgare sosioøkonomisk status viser seg å være meir aktive enn barn av foreldre med lågare status», seier forskar Elin Kolle ved Norges Idrettshøgskule til Dagbladet. Dette blir forklart med at foreldre med høg utdanning har større kjennskap til dei positive effektane av fysisk aktivitet. Ho får støtte fra fleire andre forskarar. Undersøkelsar viser dessutan at foreldre idag er mykje meir engasjerte enn kva dei var for 30 år sidan. 

For det andre: Kven er det han anklagar for å vere dårlege foreldre? Kven er det som gjer «karriere»? Det kan vel tenkast at det er fullt mulig å «gjere karriere» innanfor normal arbeidstid? Eller at det går an å gjere karriere og likevel ta seg tid til barna? Eg mistenker at han ser for seg den karikerte karrierekvinna Tårnfrid når han kastar ut denne brannfakkelen. Sjølv kjenner eg etterkvart mange foreldre med høg utdanning og såkalla karriere, men har aldri truffe nokon som er i nærheten av å passe inn i dette bildet. Mitt inntrykk er at desse foreldra er svært opptatt av barna sine, og svært opptatt av å gjere alt rett; både når det gjeld oppfølgning på skulen, fritidsaktiviteter og kosthald. Og mange velger å prioritere meir tid til barna og familien på bekostning av karrieren. Rett nok har eg tidlegare kritisert det faktum at det stort sett er kvinnene som gjer dette valget, og det er sterkt ønskeleg at ansvaret for barn og heim blir meir likt fordelt mellom kjønna. Men eg er slett ikkje sikker på at alt var så mykje betre i gamle dagar!

Ironisk nok kjem dette utspelet fra toppidrettsutøvaren Olav Tufte.. Utan å vite noko om korleis han disponerer tida si, er det vel naturleg å gjette på at han har prioritert seg sjølv dei siste åra..? Han har sjølv uttalt at familien har vore nødt til å ta hensyn til han i alle desse åra med knallhard satsing på idretten. Så korleis han kan rette peikefingeren mot foreldre som etter beste evne forsøker å kombinere familie og arbeidsliv – det er noko uklart for meg.. La oss skulde på gullrusen, og håpe at han kjem med eit meir gjennomtenkt utspel neste gong! For ein debatt om fysisk aktivitet hos barn, både i skulen og på fritida, er sjølvsagt velkommen. Men å konkludere med at foreldra sin karriere står i vegen for barn sin fysiske aktivitet, det er vel som å skyte fra hofta i halvblinde.. For å bruke eit språk som Olav Tufte forstår!