Posts Tagged ‘kjærlighet’

Can’t Buy Me Love

februar 16, 2009

img_7746Som sagt; alt er stort her i USA. Derfor inga overrasking at Valentine’s Day tar av her borte. 14.februar er dagen då alle hjerter skal glede seg, koste kva det koste vil.

Valentine’s Day er angiveleg den tredje største «spending holiday» i USA (etter jul og Halloween, trur eg), altså den tredje største høgtida kva forbruk angår. Den er strategisk plassert midt mellom jul og påske, for at handelsnæringa kan gi folk eit påskudd til å opne lommeboka også i februar. I fjor brukte amerikanarane 122 dollar (ca 850 kroner) kvar på feiringa av denne dagen. I år skal visstnok finanskrisen ha lagt ein dempar på kjøpefesten; predikert forbruk per person var i år redusert til 102 dollar (ca 700 kroner). Blomster og søtsaker står for ca 80% av forbruket på Valentine’s Day, og prisen på nettopp desse varene blir skrudd kraftig opp i forkant av denne dagen. Butikkane har eigne utstillingar lang tid i forvegen, med rosa hjerteforma konfektesker som kostar skjorta og vel så det. Vil du overraske din kjære med røde roser denne dagen, må du også rekne med å punge ut. Eg har høyrt at eit dusin røde roser kan koste opp mot 500 kroner. 

Og kjøpepresset er stort. Rosa reklame blinkar mot deg overalt – skreddarsydd for å gi deg dårleg samvittighet dersom du ikkje viser din kjærlighet til din utkåra på ein kostbar nok måte. Eit anna fenomen eg har lagt merke til: i tida før Valentine’s Day er avisene fulle av «hjelp-til-sjølvhjelp» artiklar for dei «stakkars» single, som ikkje har nokon hjertevenn å dele denne dagen med. Det blir på ein måte tatt for gitt at dette er ei vanskeleg tid for alle einslege, og at dei sitter ensomme og aleine heime og deppar denne kvelden. For noko tull! Eg tippar at dei fleste single gir blaffen i denne krampaktige og kommersielle høgtida. Kanskje er dei rett og slett glade for å sleppe å forholde seg til kjøpepresset og forventningane knytta til denne dagen?

Eg har ingenting i mot ideen om ein dag der ein setter ekstra pris på sin kjæreste, sambuar eller ektefelle – det er ein fin tanke. Men kva med å gjere det på sin eigen måte? Kva med å gjere det resten av året? Kjøp heller blomster ein tilfeldig kvardag! Eller betre; vis at du setter pris på din utkåra på ein måte som ikkje kostar penger. 

På Whole Foods idag var all den rosa hjerteforma konfekten på salg, til 50% av gårsdagens pris.. The best things in life are free (eller på tilbud..?) 😉