Posts Tagged ‘kjønnsroller’

8.mars? – Yes we can!

mars 8, 2009

img_7760Det er 8.mars – kvinnedagen, og det kan ikkje gå upåakta hen. I fjor blei Norge kåra til det mest likestilte landet i verda. Eit halvår i USA har ytterlegare minna meg på kor langt me faktisk er komne heime i Norge. Så kvifor bør me framleis markere kvinnedagen?

For det første; alle verdas kvinner er ikkje like heldige som oss. Eg blir provosert av å høyre kvinner som seier: Nei, eg føler meg ikkje diskriminert, og er derfor ikkje opptatt av feminisme eller likestilling. Manglande personleg erfaring er ein egoistisk og sneversynt grunn til å unnvike temaet. Særleg nå rundt kvinnedagen er avisene fulle av rystande artiklar om kvinneundertrykking, æresdrap, og vold mot kvinner i andre deler av verda. La oss ikkje sette skylappane på og oversjå den urett som ikkje rammar oss sjølve.

For det andre: La oss ikkje kvile på lauvbæra heime i Norge heller. At Norge nå er på verdstoppen innan likestilling er ikkje ein tilfeldighet. Det har tatt lang tid, og me må ikkje gløyme alle dei kvinner og menn som opp gjennom åra har kjempa for dei rettane me ser på som sjølvsagte i dag. Å latterleggjere ”rødstrømpene” er å håne dei forkjemparane for likestilling som har bidratt til at me er der me er i dag. Å ta avstand fra kvinnebevegelsen fra tidlegare tiår er både ignorant, historielaust og utakknemleg. Me treng ikkje lenger stå på barrikadane. Men det er fordi nokon har gjort det for oss.

Det har også krevd politisk mot og vilje over mange år å komme dit me er i dag. Nokon meinar at likestilling kjem av seg sjølv, med tida; og at ein derfor ikkje bør gripe inn med aktive verkemiddel som kvotering eller lovfesting av rettar. Ideelt sett skulle eg også ønske at kvotering var unødvendig, men då vil dei ønskelege prosessane ta usigeleg lang tid. Utan kvotering hadde me ikkje hatt ein kvinneleg statsminister i Norge (Gro blei kvotert inn i politikken, og er stolt over det!), og me hadde heller ikkje hatt så mange kvinnelege statsrådar. Og kravet om 40% kvinner i styrene var truleg det som gjorde at Norge kapra førsteplassen i den tidlegare nevnte kåringa. Pappapermisjonen var omstridt då den først blei innført, men nå ønsker 7 av 10 fedre seg meir permisjon. 

For det tredje: Likestillinga er ikkje fullkommen i Norge heller. Særleg er me ikkje heilt i mål når det gjeld økonomisk likestilling og likelønn. Det bør vere nok å minne om at kvinner fortsatt tjener 15% mindre enn menn, og at det er altfor få kvinner i leiar- og professorstillingar. Det er framleis slik at normen er at kvinner tar hovudansvar for barn og husarbeid, medan mannen gjer karriere. Kvinner velger fortsatt tradisjonelt, og typiske kvinneyrker er dessverre lågt lønna. Resultatet er i mange tilfelle at kvinner blir økonomisk avhengige av menn, og svært mange kvinner endar opp som minstepensjonistar. Ei meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen er eit beslekta tema eg har vore opptatt av i år. Foreldrepermisjon er eit velferdsgode som begge foreldra bør få nyte godt av, som vil ha positive ringvirkningar for heile familien, og som kan bidra til økt likestilling både i heimen og i arbeidslivet. Vold i nære relasjonar ogvoldtekt er andre enormt viktige saker som fortjener økt oppmerksomhet. Det same kan seiast om integrering og inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn. 

Kva er mine visjonar og ønsker for kommande år?

Eg ønsker meg ein brei og inkluderande debatt rundt feminisme og likestilling. Mange mislikar feminist-stempelet, og føler at dette er eit belasta begrep dei ikkje kan identifisere seg med. Eg har lest mange artiklar og blogginnlegg som diskuterer kva det vil seie ”å vere feminist”. Så interessant dette enn kan vere – eg skulle ønske at me kunne legge denne diskusjonen bak oss, og heller konsentrere oss om dei mange konkrete sakene. Kva bør gjerast for ytterlegare å fremme likestilling, både i Norge og ellers i verda? Ottar-feminist, radikal-feminist, liberal-feminist eller Gucci-feminist – kven bryr seg..? Sjølvsagt er ikkje alle feministar like, men så lenge ein er interessert i å fremme likestilling bør der vere plass til alle. Når diskusjonen sklir over i kor vidt det er kvinnefrigjerande eller ikkje å barbere leggane eller pynte og sminke seg – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje vil kalle seg feministar. Så lenge kvinnegruppa Ottar til stadighet dukkar opp som dei einaste representantane for kvinnesaka i debattar – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje føler at dei kan identifisere seg med feminisme-begrepet. Kvinnene i Ottar gjer ein god jobb, og eg er enig med dei i mange saker. Men eg har også forståelse for at stilen deira kan virke framandgjerande på mange. Men det er plass til alle! Eg trur dei fleste som er opptatt av likestilling har dei samme overordna måla; men framgangsmåte, stil og retorikk er ulik. Så la oss ikkje krangle oss i mellom om smålege detaljar, men la det vere plass til alle i ein konstruktiv debatt om dei viktige sakene.

I tillegg; for å komme vidare er det avgjerande å innsjå at likestilling dreiar seg om både kvinner og menn sine muligheter og rettigheter. For meg er det viktig å reagere på urettferdig behandling av begge kjønn. Sjølv om diskriminering av kvinner har vore det største problemet så langt, er det urimeleg og lite truverdig å neglisjere at menn i nokon samanhengar kan bli diskriminert også. Verneplikt, foreldrepermisjon og barnefordelingssaker er nokon eksempel på at dette. Og ikkje minst; hovudfokus bør vere at likestilling er til det beste for både kvinner og menn. Menn er ikkje fienden, tvert imot. Likestilling handlar ikkje om at det ikkje skal vere lov å vere maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større mangfald av muligheter for begge kjønn. Me kan heller ikkje alltid skulde manglande likestilling på det motsatte kjønn; ofte er det kvinner sjølve som motarbeidar likestilling, for eksempel ved tradisjonelle karrierevalg eller ved å tvihalde på foreldrepermisjonen. Systemet må legge til rette for likestilling, men kvinner og menn har også eit individuelt ansvar for å benytte dei mulighetane som fins.

Gratulerer med dagen!

PS: Det er jammen godt at det er kvinnedag ein gong i året, for det er jo man(n)dag kvar veke.. 😀

The Oscar Curse

mars 1, 2009

img_7773Sist helg gjekk den årlege Oscar-utdelinga av stabelen i Hollywood. Mange av dykk registrerte sikkert at Slumdog Millionaire vant ei rekke prisar, inkludert den gjevaste prisen for Beste Film; og at Kate Winslet og Sean Penn stakk av med seieren for Beste Hovedroller. Nokon av dykk har sikkert også høyrt om det som blir kalla «The Oscar Curse», eller Oscar-forbannelsen. Å vinne Oscar er den høgaste utmerkelsen i filmbransjen, og det er rekna som ei stor ære å vinne den prestisjetunge prisen. Men nokon meiner også at det å vinne Oscar kan vere ein forbannelse, både for karrieren og for privatlivet. 

Eg hadde også høyrt om dette angivelege fenomenet, men ei av jentene på jobb forklarte det meir i detalj. Ifølge henne er Oscar-forbannelsen som følger: Vinnaren av Beste Kvinnelege Birolle får ein karrieremessig knekk og vil slite med å få gode roller igjen. For vinnaren av Beste Kvinnelege Hovudrolle vil ekteskapet eller forholdet ryke. Eit kjapt internett-søk bekreftar at dette er eit kjent og mykje omtalt fenomen her i USA. Det er lett å finne eksempler på skuespelarar som har fått smake Oscar-prisens bakside.

Første aspekt ved forbannelsen blir ofte omtala som «Post-Oscar» syndromet; nemleg at mange skuespelarar sliter med å følge opp suksessen i ettertid, og henfaller til dårlege B-filmar eller tv-seriar. Nokon stader blir dette fenomenet skildra etter Oscar-pris for både birolle- og hovudrolle, og nokon meiner at dette ofte er tilfelle både for kvinner og menn. Men mest kjent er «Best Supporting Actress Curse»; at mange lovande  kvinnelege skuespelarar som vinn prisen for beste birolle ikkje klarar å leve opp til forventningane. Særleg på nittitalet blir det hevda at mange har blitt offer for denne forbannelsen, blant andre Whoopi Goldberg, Mercedes Ruehl, Kim Basinger, Mira Sorvino, Geena Davis og Marisa Tomei. 

Eit anna aspekt ved Oscar-forbannelsen er det som blir kalla «Oscar’s Relationship Curse». Og denne baksida av medalja skal visstnok vere forbeholdt kvinner. Teorien går ut på at kvinner som vinn Oscar, hovudsakleg for Beste Hovudrolle, går eit snarleg samlivsbrudd i møte. Ifølge mi venninne på jobb, er følgande scenario hyppig tilfelle: Den kvinnelege Oscar-vinnaren er gift med ein mindre kjent mann, som reagerer på kona sin suksess med å finne seg ein ny og mindre kjent kjæraste. Mest sannsynleg er samlivsbrudda rett etter Oscar-tildelinga ein tilfeldighet, men det er påfallande mange kvinner som har delt denne skjebnen. Eg nevner i fleng: Reese Witherspoon, Julia Roberts, Hillary Swank, Halle Berry, Gwyneth Paltrow og Helen Hunt. I tillegg tok forholdet mellom Nicole Kidman og Tom Cruise slutt rett før ho mottok Oscar for «The Hours» i 2002.

«Win an Oscar – lose your man». Det blir sagt at «she who wins an Best Actress will bring home one man (Oscar), but lose her own». Er det verkeleg slik at menn ikkje tåler at kvinner er meir berømte eller suksessfulle..? «It is hard on any couple when the woman is perceived to be more successful», blir det sagt i ein av artiklane om dette temaet. Er det verkeleg slik..?! Og i såfall, gjeld dette berre når kvinna er meir berømt og suksessfull enn mannen? Kvifor skulle det ikkje vere like problematisk andre vegen?

Eg håpar dette er ei myte. Men eg fryktar at det er ei kime av sannhet i det – særleg her i USA..

Warning: High Ick-Factor!

februar 9, 2009

Eg likar mange typar filmar. Eg kan også like romantiske komediar, dersom dei er godt laga. Eg kan gjerne sjå ein lett film for underhaldninga si skuld. Eg likte både Notting Hill og Love Actually. Sex and the City er min favorittserie. Men ein plass går grensa. Etter å ha sett «He’s just not that into you» på kino i helga, må eg kvesse slaktekniven. I’m just not that into this movie..

Filmen er det nye stjernespekka tilskuddet på romantisk komedie-stammen. Ei rekke kjente skuespelarar har stilt opp i denne filmatiseringa av det som opprinneleg var ei sjølvhjelpsbok om dating. «He’s just not that into you» var også bakgrunnen for ein episode i Sex and the City-seriens sjette sesong. Konseptet går ut på at dersom ein mann ikkje ringer deg etter ein date, er det fordi «he’s just not that into you». Det er ikkje fordi mobilen ikkje virkar, han har det travelt eller eit familiemedlem er avgått ved døden.. Dersom han er interessert, vil han få tak i deg. There are no mixed messages. Denne moralen harselerar altså med kvinners tendens til å dissekere, overanalysere og bortforklare når det gjeld dating og forhold. Det kunne vore eit artig utgangspunkt for ei romantisk komedie litt utanom det vanlege. I Sex and the City er denne episoden veldig morsom og treffande, og seriens Miranda får ei frigjerande åpenbaring når ho høyrer dette budskapet: He’s just not that into you. Genialt. Move on.

Så kva går så alldeles gale i filmen..? Filmen kretsar rundt ei rekke personar, unge vaksne som enten er single eller i eit forhold, men som alle har eit eller anna problem i sitt forhold til det motsatte kjønn. Midt i begivenhetane sitt sentrum finn me single Gigi (Ginnifer Goodwin) som er så desperat, obsessiv, nevrotisk og reint ut irriterande at Carrie Bradshaw blir som Dalai Lama å rekne i forhold.. Ho er desperat opptatt av dating og det å finne seg ein mann, koste kva det koste vil. Men å ta noko form for initiativ sjølv er utelukka; i stadan slepp ho ikkje mobilen av syne i vekesvis i håp om at den siste date’n skal slå på tråden. Desperasjonen og grensepsykosen lyser lang veg av henne, og det er egentleg fullt forståeleg at dei fleste menn skyggar banen..

Filmen lar oss også bli kjent med ei rekke andre meir og mindre dysfunksjonelle unge menn og kvinner. Jennifer Aniston og Ben Affleck spelar eit samboarpar som har vore ilag i 7 år, men der ho er så besatt av at dei må gifte seg; at forholdet tar slutt som resultat. Eit anna par har vore gift i mange år, men eit stort oppussingsprosjekt tærar på forholdet, og mannen innleiar ei affære med filmens femme fatale, spela av Scarlett Johansson. I tilleggg er det bartendaren Alex, som begynnar å gi Gigi råd om dating, etter reglane i «he’s just not that into you» konseptet, og ei rekke andre personar som viklar seg inn i denne søtsuppa. 

For søtsuppe blir det nemleg. Filmen er ein einaste stor sjølvmotsigelse. Reglane i «he’s just not that into you» konseptet gjeld berre fram til siste halvtimen, knapt nok det. Då er plutseleg alle så «into» alle, at den påfølgande kvalme happy ending’en fekk meg og Qingling til å simulere brekningar til kvarandre. Ick..! Men: søtsuppe er ikkje i seg sjølv bakgrunn for denne bloddryppande slakten. Hovudproblemet med filmen er at den framstillar jenter som patetiske og desperate, utan andre mål i livet enn mann og bryllup. Dei single jentene i filmen er besatt av å skaffe seg ein mann, og dei som er i eit forhold er besatt av å gifte seg.. Eindimensjonale robotar på stadig søken etter den store kjærligheten..! Framstillinga av mennene i filmen er ikkje like kliss klisjefylt, men det er sanneleg ikkje langt unna. Dei er redde for forpliktelsar generelt og bryllup spesielt. Dei går hodestups inn i utroskapsfella og mister både kone og elskerinne med dumskapen sin. Både menn og kvinner blir undervurdert og fornærma i denne håplause framstillinga av kjønnsrollene. 

Eg er klar over at kjønnsrollemønsteret er hakket meir konservativt her i USA enn heime, og at viktigheten av det å gifte seg er større her; men likevel: Hallo Hollywood! Dette går ikkje an!! Og til mine kjære lesarar: Dykk er herved advart! Ikkje la dykk lure av Hollywood sine forsøk på å lobotomere både kvinner og menn. Me kan betre enn dette! Skygg unna denne filmen!

Gubbeklubben Grei

desember 14, 2008

Til dagleg tenker eg ikkje vidare over dei mulighetane eg har fått tildelt. Sjølvsagt kan eg ta utdanning og bli lege! Sjølvsagt kan eg ta doktorgrad! Sjølvsagt kan eg reise eit år til Boston! Som eg sa den gong eg som lita jente ville og skulle klare alt (men kalla meg sjølv «du» i stadan for «eg»..): «Du skal! Du kan!» Men av og til blir eg minna på at det ikkje er så lenge sidan dette ikkje var sjølvsagt. Iallefall ikkje for størsteparten av befolkninga. Og iallfall ikkje for jenter. 

Nyleg var eg på ei foredragsrekke på Brigham and Women’s Hospital, i eit stort flott amfiteater eller auditorium. Tankane kan lett vandre av stad i slike samanhengar, særleg når detaljutbroderinga av basalforskning fjernt fra eige fagfelt drar ut i langdrag. På dette foredraget begynte eg å kikke meg rundt i auditoriet, og blei etterkvart fascinert av at veggene nærmast var dekka av portrettmaleri av gamle professorar. Eg veit sjølvsagt ikkje kven alle dei portretterte menna var, men eg reknar med at dei var framståande legar og forskarar fra opp gjennom sjukehusets historie. Det var sikkert snakk om totalt tredve maleri på auditoriets to langvegger, og av desse var det kun ei einsleg kvinne. Resten var eldre ærverdige gråhåra menn i dress eller legefrakk. Det portrettet som særleg fanga oppmerksomheten min var av ein professor som sto smilande framfor arbeidspulten sin. På pulten i bakgrunnen var det inniblant bøker og papirer også to familiebilder; truleg av kone og barn. Detaljar i bakgrunnen. Eg kunne ikkje la vere å tenke på at slik var det nok for mange av familiane til desse framståande og ærverdige professorane: Dei var i bakgrunnen. Dei blei ikkje prioritert. Dei la til rette for professoren sin suksess, dei laga mat og stelte hus og heim. Dei fleste ektefellene hadde truleg ikkje anledning til eigen utdanning, jobb eller karriere. Det kan ikkje ha vore lett for professorane sjølve heller. Lange arbeidsdagar og lite ferie, stort arbeidspress. Kanskje såg dei familien sin oftare på fotografiet på pulten enn i levande live..?

Ting har endra seg. Ingen finn seg lenger i ein så altoppslukande jobbkvardag, der ein må forsaka tid med familie og fritid for å kunne lukkast. Jenter blir legar og tar doktorgrad sjølve, i stadan for å sitte heime og vente med middagen klar til ein mann som jobbar 15 timars dagar. Me er heldige. Men også idag er det store fleirtalet professorar gamle grå menn. Til tross for at jenter for lengst har gjort sitt inntog i høgare utdanning og forskning, viser statistikken at veldig mange faller av på veg oppover karrierestigen. La oss sjå nærmare på dei harde fakta: Likestillingsstatistikk fra Universitetet i Bergen (UiB) for året 2007 viser at 49% av stipendiatane ved UiB er kvinner. Kvinneandelen varierar betydeleg mellom ulike fagområde. Medisin er eit av dei fagområda med størst kvinneandel, i 2007 var 62% av stipendiatane ved Medisinsk Fakultet kvinner. Dette er ei økning på nesten 10% dei siste ti åra, og gjenspeglar den utviklinga me ser på medisinstudiet; der fleirtalet studentar dei siste åra har vore kvinner. Statistikken på professornivå viser ei anna kjønnsfordeling. Kvinneandelen blant professorar på UiB er 17%, og her har det ikkje vore nokon økning dei siste åra. Innan fagfeltet medisin er 16% av professorane kvinner, også dette talet har vore stabilt dei siste åra. Noko av denne forskjellen kan sjølvsagt forklarast utfra det faktum at det tar tid å oppnå professor-kompetanse, og at det derfor nødvendigvis vil måtte ta nokon år før desse kjønnsforskjellane utjevnar seg.

untitled1

Kilde: Likestillingsstatistikk, UiB 2007

Men dette er ikkje einaste forklaringa. Isåfall burde kvinneandelen også på professornivå ha økt meir enn den har gjort. Forskningsminister Tora Aasland uttalar følgande til Norges Forskningsråd: «Kvinneandelen i medisinfaget er høy og har vært det en stund. Men selv om 56 prosent av dagens doktorander i medisin er kvinner, får vi ikke flere kvinnelige professorer i faget. Da er det grunn til å se nærmere på hva det er som gjør at utviklingen stopper opp på doktorgradsnivå.» Figuren ovanfor illustrerar det som blir kalla ”the leaky pipeline”, nemleg at kvinner fell i frå på den akademiske karrierestigen i større grad enn menn. Mens ein tidlegare trudde at så lenge fleire kvinner tok høgare utdanning, ville kjønnsforskjellane også i toppstillingane forsvinne etterkvart, ser ein nå at dette truleg ikkje kjem til å skje heilt automatisk. Det kjem iallfall til å ta lengre tid enn forventa. Mange brukar begrepet ”glasstaket” for å illustrere at kvinner kan møte motstand i systemet i større grad enn menn. Både «the leaky pipeline» og «glasstaket» har truleg mange og kompliserte årsakar. Mest sannsynleg er fenomenet delvis forårsaka av kvinner sine eigne valg, og delvis av treghet i systemet. Stadig fleire universitet og bedrifter har nå ein bevisst likestillingspolitikk, der det er eit uttalt mål å utjevne kjønnsforskjellane og få opp kvinneandelen på toppnivå. Innan medisinsk forskning er det avgjerande at det blir oppretta fleire stillingar i mellomsjiktet mellom stipendiat og professor, og at desse stillingane blir tryggare og meir forutsigbare. Men det er også viktig at ein på individuelt nivå tenker over kva «glasstak» ein har i sitt eige liv. Kva er årsakane til at mange kvinner frivillig hoppar av den akademiske karrierestigen?

Professorane er fortsatt i all hovudsak gamle grå menn. Og oftast er dei ei uvurderleg ressurs for oss i den nye generasjonen legeforskarar, dei fleste tar i mot oss med opne armar og øser av sin kunnskap. Eg har etterkvart vore på ein del forskningsmøter og -kongressar. Mi erfaring gjenspeglar statistikken: Mange unge kvinnelege stipendiatar og mange eldre mannlege professorar. Hierarkiet på mange møter er ofte påfallande forutsigbart. Dei mannlege professorane sitter fremst og snakkar desidert mest, med den største sjølvsagthet. Me i den yngre garde setter oss oftast langt bak til tross for at det er ledige plassar lenger framme, og me tar sjeldan ordet uoppfordra. Dette er ikkje alltid sant, men det er ofte tilfelle. Og dessverre er me jenter verst.. Held me oss pynteleg i bakgrunnen og tier i forsamlingar..?? Det er kanskje på tide å våge å ta litt meir plass? Men eg trur også det delvis har med ein annan kultur å gjere. Ein stille revolusjon er på gang. Me blir nok professorar, men kanskje me ikkje føler behov for å få maleriet vårt på veggen?

Tilbake på foredragsrekka på Brigham and Women’s Hospital: 6 framståande forskarar innan sitt fagfelt var valgt ut til å halde kvart sitt foredrag. Kor mange var kvinner? Ei av seks. Det er betre enn ei av tredve. Det går framover. 

Steinaldermannen – the missing link?

august 21, 2008

Han tilhøyrer ein sjeldan rase. Han er i utakt med si tid, og i høgste grad politisk ukorrekt. Han lar seg sjeldan observere utanfor sitt naturlege habitat, også kjent som gutteklubben grei. Er denne arten utrydningstruga? Bør han fredast eller fryktast? Eg snakkar om steinaldermannen.

Steinaldermannens våte draum?

Steinaldermannens våte draum?

Kva kjenneteiknar steinaldermannen? Ingen ytre kjenneteikn avslører hans identitet. Han kan like gjerne ha stresskoffert og slips, som skjegg og ryggsekk. Vanlegvis prøver han å skjule sine innerste meiningar i det lengste, men nokon faktorar triggar denne mannen, og då er han vanlegvis lett gjenkjenneleg. Det er nemleg eit distinkt sett av meiningar og haldningar som er steinaldermannens fremste karakteristika. Han lengtar tilbake til tidlegare ærefulle tider, då mannen var herren i huset og kvinna holdt seg der ho høyrte heime, på kjøkkenet. Han meiner at sidan kvinner og menn er forskjellige, er likestilling ein uting. Husarbeid og barneoppdragelse er kvinnfolkarbeid – sjølv ønsker han å dyrke sine maskuline interesser, helst jakt og fiske eller andre sysler som bringer han nærare det gamle jegersamfunnet. Retroseksuelle menn som Lars Monsen er idealet. 

Fins det verkeleg eksemplarer av denne arten i år 2008? Dei er sjeldan vare, men tru meg; eg har møtt dei, dei smyg seg gjerne ut av steinhola etter eit visst alkoholinntak. Og ein sjeldan gong stikk dei til og med hovudet fram i den offentlege debatten og viftar litt med klubba si. Eit ferskt eksempel er dei famøse utsagna til investor Jan Haudemann Andersen tidlegare i sommar (sjå blogginnlegg), der han erklærte seg som motstandar av pappaperm og ikkje likte synet av menn med barnevogn. 

Men steinaldermannen har vanskelege levekår for tida. Han føler at det ikkje er lov å vere mann lenger. La nå menn vere menn, seier han. Mannsrolla er i krise, blir det påstått. Samfunnet er blitt femininisert. Nei nå har likestillinga gått for langt. Steinaldermannen anser ei særskilt gruppe som sin verste fiende, nemleg feministane. Eller rødstrømpene, som han ofte yndar å kalle dei. Fysj! Desse orda blir spytta ut med stor forakt, ofte foranlediga av skildrande ord som «militante» eller «rabiate». Også menn med meir moderne meiningar får høyre det: dei er mjuke menn og tøffelheltar, og iallefall ikkje ekte mannfolk. 

Steinaldermannen representerer på mange måtar det som kan beskrivast som the missing link i likestillingsdebatten. Eg tenker på påstanden om at menn ikkje skal få lov til å vere menn lenger. Dette er ei uheldig misforståing. For på kva måte er det ei konflikt mellom det å vere machomann og det å vere opptatt av likestilling..? For å sitere Samantha i Sex and the City: «It’s all that crazy testosterone.. Thank God for it!» Men å vere mannssjåvinist er lite mandig!

Korleis skal ein forholde seg dersom ein uventa møter på denne arten? Etter nøye observasjon kan eg bekrefte at det er som med hoggormen: Den er meir redd meg, enn eg er redd den.. Mykje tyder på at steinaldermannen føler seg truga, og slit med å tilpasse seg dagens moderne samfunn. Så kanskje me heller skal synast litt synd på denne overlevninga fra fortida? Etter alt å dømme kjem nemleg evolusjonen til å utrydde denne arten i nærmaste framtid. Det er lite truleg at nokon kjem til å ville reprodusere seg med steinaldermenn i tida framover. For som Helle Vaagland uttalte: Du gidder ikke ligge med en mann som aldri tar oppvasken!

Heia pappa!

august 19, 2008

Eg har veldig god tru på norske menn. Eg trur dei er opptatt av å vere gode fedre, og eg trur dei ønsker seg mest mulig tid med barna sine. Det var derfor gledeleg å lese om kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i VG i forgårs. Han er nettopp ferdig med åtte veker pappaperm, og setter nå søkelyset på dei positive sidene ved dette. Han anbefalar alle fedre å ta ut så mykje permisjon som mulig, og understrekar viktigheten av å vere aleine med barnet for å unngå å gjere seg til «reserve». Applaus til Solhjell, som går føre med eit godt eksempel!

Eg har tidlegare skrive eit innlegg om meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen, og eg er hjertens enig med Solhjell i denne saka. Og det trur eg dei fleste er. Få vil betvile dei positive sidene ved meir permisjon til fedrene. Likevel er det ein del menn som ikkje tar ut heile fedrekvoten. Ifølge ferske tal fra NAV avstår fire av ti fedre fra å ta ut heile sin permisjonskvote på seks veker. Kva er grunnane til dette? Grovt sett kan årsakane delast i to; personlege grunnar, og grunnar som skuldast systemet slik det fungerar idag. 

På det personlege plan er det framleis ofte ei oppfatning av at det er kvinner som har hovudansvaret når eit barn blir født, og at det derfor ikkje vil følast naturleg eller nødvendig å ta ut pappaperm. Mange vil ikkje «ta» noko av permisjonen fra mora, og tar derfor ikkje ut meir enn fedrekvoten på seks veker. Ofte kan nok mødrene også vere motvillige til å dele permisjonstida med faren. Eit anna viktig forhold er arbeidsgivaren sine haldningar; mange forteller om sterk motvilje fra arbeidsgivar dersom dei ønsker å ta ut permisjon. I tillegg er systemet grovt diskriminerande, ifølge advokat Tanja Dahl Ødegaard som uttala seg til VG igår. På grunn av regelverket vil mange tape økonomisk på å ta ut pappapermisjon, fordi utbetalingane fra Folketrygda er begrensa oppad til 6G (ca 420 000 kr). Sidan kvinner i snitt fortsatt tjener mindre enn menn, vil mange ha meir å tape økonomisk dersom mannen har permisjon i forhold til dersom kvinna har permisjon. Farens rett til å kunne ta ut permisjon er også avhengig av om mora har opparbeida seg rett til foreldrepenger. Dersom mora har vore student, utan jobb, uføretrygda eller heimeverande i tida før ho får barn, vil heller ikkje faren ha rett til foreldrepenger. Dette er utvilsomt diskriminering av faren som omsorgsperson, og det er sterkt ønskeleg at også fedre får sjølvstendig opptjeningsrett.

At fedre får meir tid saman med barna sine, er ikkje anna enn rett og rimeleg, og det vil definitivt ha positive ringvirkningar for heile familien. Forhåpentlegvis vil den positive utviklinga fortsette, slik at endå fleire vil følge Solhjell sitt eksempel. Både haldningane og systemet må forbetrast for å oppnå dette!

In a rich man’s world?

august 7, 2008

Igår kunne ein lese om 66 år gamle Else Johansen i Aftenposten. Ho har oppdratt fem barn og vore adm.dir. i «familiebedrifta AS» i alle år. I tillegg har ho vore aktiv i arbeidslivet nesten like lenge som sin mann. Sjokket var derfor stort då ho nylig fant ut at ho kjem til å bli tilnærma minstepensjonist, medan mannen blir belønna med ein svært god pensjon. Dette er eit klassisk tilfelle, og blir i artikkelen omtala som «minstepensjonistfella». Kvinner som har prioritert familien og tatt hovudansvaret for barn og heim, har gjerne jobba ein del deltid og vore litt inn og ut av arbeidslivet – og blir derfor minstepensjonistar. 

Remember... Be independent! 🙂

Er dette lønn som fortjent? Absolutt ikkje. Omsorg for barn og ansvar for hus og heim er også eit arbeid som må gjerast. Eg trur neppe mannen hennar hadde oppnådd ein like gullkanta pensjon dersom ikkje kona hadde tatt seg av nettopp desse oppgavene. I deira generasjon er denne type arbeidsfordeling regelen heller enn unntaket. Dette skapar ei stor gruppe kvinnelege pensjonstaparar. Men også blant unge kvinner idag er det vanleg å ta hovudansvaret heime, og gjerne jobbe deltid. Spørsmålet er om dei er bevisst kva følger dette kan få for framtidig økonomi og pensjon. 

Kvinnesiden.no har som formål å bevisstgjere kvinner i forhold til eigen privatøkonomi. Siw Ødegaad er ansvarleg for økonomistoffet, og ein artikkel ho skreiv på kvinnedagen i fjor fanga mi interesse. «Kvinner velger feil», skriv ho. Ho påpeikar at kvinners valg er til direkte hinder for økonomisk likestilling. 

Kva er det som gjer at me ikkje har økonomisk likestilling i Norge idag? Ein av grunnane er åpenbart at kvinner tjener dårlegare enn menn. Lønnsforskjellen mellom kjønna er heile 15%. Kvinner velger framleis tradisjonelt i forhold til yrke, og typiske «kvinneyrker» har dessverre låg lønn. I tillegg jobbar kvinner ofte deltid; ifølge Ødegaard er det kun 4 av 10 kvinner som jobbar fulltid. Det er interessant at tidleg i yrkeslivet er lønnsforskjellane mindre, medan dei aukar når ein etablerer familie. Då tar kvinner mesteparten av permisjonen, er mest heime med sjuke barn og går gjerne ned i deltid eller sluttar i jobb ein periode dersom det trengs. Og eg trur ofte det trengs. Det er ikkje vanskeleg å forstå at tidsklemma kan ramme mange familiar, og det er heller ikkje vanskeleg å forstå at ein ønsker å prioritere samvær med barna medan dei er små. Det som er verre å forstå, er kvifor det alltid er kvinnene som tar dette ansvaret? Etter mi meining burde begge foreldra prioritert familien i småbarnsperioden. 

Kva kan grunnane vere til at det er kvinner som oftast tar hovudansvaret heime og prioriterer familien, medan det  oftast er mannen som tar hovudansvaret for økonomi og prioriterer karrieren..? For all del, det har utvilsomt skjedd ei positiv utvikling på denne fronten dei siste åra, men likevel; særleg når ein etablerer familie ser ein at mange velger eit forbløffande tradisjonelt familiemønster. Er det biologiske grunnar til dette? Har kvinner sterkare dragning mot å passe barn og heim, eller betre utvikla omsorgsevner? Er kvinner mindre opptatt av penger og karriere? Synest kvinner det er greit å bli forsørga? Eg trur ikkje det. Eg trur heller dette har med sosiale forventningar å gjere. Det er ei sterk forventning i samfunnet om at kvinner skal prioritere familien. Kvinner blir fortsatt sett rart på dersom dei begynner å jobbe 3 månadar etter fødselen, eller dersom dei prioriterer karriere framfor barn og familie. Det er noko unaturleg over det, som gjer folk usikre i møte med slike utradisjonelle valg. 

Men er det egentleg nødvendig med økonomisk likestilling, da? Er det i det heile tatt ønskeleg? Dersom paret trives med den tradisjonelle arbeidsfordelinga og er enige om å ha det slik, kva er då gale med det? Nei, ingenting er gale med det. I prinsippet. Og dersom dei har felles økonomi, og tilhøyrer dei heldige som har eit ekteskap som «lever lukkeleg alle sine dagar»; ja då treng det ikkje eingong medføre problemer. Men faktum er at over 50% av ekteskap endar i skilsmisse, og for samboarskap er statistikken endå verre. Det bør ein tenke på før ein setter seg i ein situasjon der ein i praksis er økonomisk avhengig av ektefellen/samboaren sin.

Kva bør gjerast for å betre den økonomiske likestillinga? Kvinner velger tradisjonelle kvinneyrke med låg lønn, og eg er ikkje sikker på om det er så mykje å gjere med dette. Eg synest det er positivt å velge utdanning og yrke utfra evner og interesser, heller enn utfra lønn og status. Og det er nå eingong slik at kvinner og menn har ulike interesser og preferanser i så måte. Men når det er sagt; dei som er interessert i å velge utradisjonelt, det vere seg jente eller gutt, bør oppmuntrast til dette. Og ein bør stimulere tiltak som kan gi jevnare kjønnsfordeling i yrker der dette trengs. Ein bør også jobbe for å få fleire heile stillingar, slik at ingen skal bli nødt til å jobbe deltid fordi dei ikkje får full stilling. Eit anna tiltak er å få opp lønna i dei såkalla «kvinneyrkene». Anders Folkestad i Unio «ber Jens tette lønnsgapet», kunne ein lese i Dagsavisen nylig. Han støttar Likelønnskommisjonen sitt forslag om å sette av tre milliardar kroner for å heve lønningane for typiske kvinneyrke opp til nivået for mannsdominerte yrke i same sektor. Omsorgsarbeid bør også verdsettast høgare. I så måte har ein tatt eit lite steg på vegen med den nye pensjonsreformen, der ein kan få såkalla omsorgspoeng i inntil seks år og dermed skal bli mindre straffa for å vere heime med små barn.

I tillegg til dei nevnte tiltaka trur eg at ei bevisstgjering omkring desse forholda er av stor betydning. Både kvinner og menn må vere bevisst konsekvensane av dei valg dei gjer! Visst kan det virke litt trasig å sette seg inn i økonomiske spørsmål og reglane for pensjonspoeng.. Men det kan fort bli meir trasig dersom ein ikkje gjer det. «Jeg hadde drømt om å bruke en god pensjon til å reise og kose meg», avsluttar Else Johansen. Fordi ho hadde fortjent det.

Stripp snapp snute..

august 3, 2008

Eg tenkte egentleg ikkje å skrive om denne saka, men klarar ikkje heilt å dy meg.. Storås-strippinga blei eit antiklimaks og ein skuffelse, noko ein kan lese om blant anna i Dagbladet og Adresseavisa. «Stor ståhei for ganske lite», kallar Adresseavisa det i sin kommentar. Eg vil ikkje gå tungt inn i diskusjonen om stripping er kvinnefrigjerande eller kvinneundertrykkande, om porno er feminisme eller bør forbys. Kanskje ein annan gong! Men eg vil kommentere to forhold som er interessante ved denne saka. For det første kvifor eg synest strippeshow var eit dårleg trekk av Storås-festivalen, og for det andre det tragikomiske i at showet blei eit realt antiklimaks. 

Denne saka har typisk nok fått altfor mykje oppmerksomhet i beste agurk-sesong, noko som truleg også var grunnen til at festivalen booka dette showet. Mykje PR på kort sikt, men er verkeleg all PR god PR, spør ein journalist i Dagsavisen..? Eg trur ikkje det. Og eg trur ikkje Storås vil vinne på dette på lang sikt. Dette er blitt ei sak først og fremst på grunn av den type festival Storås gjerne vil vere. Dei markedsfører seg som ein annleis festival, med sosial samvittighet og samarbeidspartnarar som Framtiden i våre hender. Det er ikkje nødvendigvis noko gale med at ei vaksen norsk jente frivillig velger å ty til stripping for å stille sine ekshibisjonistiske behov. Not my style, men versågod! I Norge er stripping i stor grad ein frivillig bransje, og det også høgst frivillig om eit vil sjå på strippeshowet. Stripping er imidlertid nært knytta til pornobransjen, og særleg i dette tilfellet sidan jenta er aktiv i begge bransjar. Og sjølv om også porno kan virke uskyldig og prega av frivillighet her i Norge, så er dette truleg ein av verdas mest skitne industriar. Globalt er dette ein bransje prega av kriminalitet, kvinneundertrykking og mangel på reell valgfrihet for kvinnene. I solidaritet med alle desse kvinnene bør ein tenke seg om før ein flørtar med denne bransjen. Ein kan ikkje lukke augene for det som foregår rundt om verda, sjølv om det i dette tilfellet truleg dreiar seg om ei oppgåande norsk jente som gjer dette av eigen fri vilje. Det står ho sjølvsagt fritt til å gjere, men ein festival må vere bevisst kva signaler dei sender og kva bransje dei knyttar seg til. I tillegg er det klart at pornobransjen representerer også eit forelda og sjåvinistisk kvinnesyn, som det er overraskande at Storås vil identifisere seg med. 

Det andre forholdet som er interessant med denne saka er at sjølve showet blei ein skuffelse. Stripparen kasta oppskriftsmessig klærne og grisa seg til med diverse matvarer, og vips, på ni minutter var antiklimakset eit faktum. Det tragikomiske er sjølvsagt: Kva i all verda hadde folk forventa seg..? Med den forhåndsomtalen som dette showet hadde fått, var tydelegvis ikkje god gammaldags nakenhet nok til å innfri publikum sine forventningar. Min fantasi strekker (heldigvis) ikkje til for å spekulere i kva folk hadde forventa seg, men det er unekteleg eit tankekors kor mykje som skal til for å sjokkere folk idag. Sexolog Kristin Spitznogle skreiv nylig i ei av tabloidene om det faktum at stadig fleire sliter med manglande lyst og andre problemer i sexlivet. Ho spekulerte i om dette kan ha samanheng med det massive sex-fokuset me er vitne til i dagens frigjorte samfunn. Sex og nakenhet ser ein idag støtt og stadig på tv, film, i aviser og blader. Er det blitt så vanleg at det er blitt kjedeleg..? Den seksuelle frigjeringa som har skjedd dei siste tiåra er definitivt positiv, og ikkje minst for kvinner sitt liv har dette vore viktig. Tenk berre kva sjølvbestemt abort og p-piller har betydd for likestillinga! Men med den enorme overfokuseringa på sex som ein har sett i media dei siste åra, står ein vel kanskje i fare for å ødelegge litt av spenninga? Ironisk nok er kanskje burlesk-uttrykket «The art of the tease» treffande i denne samanhengen..? Eller less is more..??

Foreldrepermisjon – eit gode som bør delast!

juli 29, 2008

Eg er tilbake med eit tema eg er veldig opptatt av: deling av foreldrepermisjon. Dette var ei særdeles aktuell sak i mediebildet tidlegare i år, då både Likelønnskommisjonen og Mannspanelet la fram sine rapportar. Likelønnskommisjonen støttar forslaget om ei tredeling av permisjonen, det vil seie den islandske modellen der 1/3 er forbeholdt mor, 1/3 er forbeholdt far og 1/3 er valgfri. Dette er eit forslag som mange støttar, blant anna Ap si kvinnegruppe og SV. Mannspanelet gjekk inn for ei firedeling i første omgang, med ei seinare omlegging til tredeling dersom den totale permisjonstida blir utvida.

Eg kan seie det med ein gong: eg er definitivt positiv til større grad av deling. Eg synest ei tredeling høyrest fornuftig ut, men sjølvsagt kan andre modellar også diskuterast.

Argument som talar for ei meir rettferdig deling av foreldrepermisjonen:

1. Rettferdighet: Foreldrepermisjon er eit viktig velferdsgode, og det synest urimeleg at dette godet ikkje skal delast meir rettferdig mellom foreldra. Kvifor er det i dei fleste tilfeller kun mor som skal ha det privilegiet det er å få vere heime med barnet det første året?

2. Tilknytning: Det er særleg viktig for faren å få mulighet til å knytte seg til barnet tidleg. For mora er dette meir biologisk ordna – gjennom graviditet, fødsel og evt amming. Morsinstinktet kan nok ofte vere til hinder for å sleppe faren til den første tida. Derfor er det svært viktig at faren blir inkludert og får ta ansvar tidleg – også aleine med barnet!

3. Likestilling i arbeidslivet: Større deling vil ha positive konsekvensar når det gjeld kvinners karriere og likestilling i arbeidslivet. Ved ei deling av permisjonen blir lovpålagt, vil ingen arbeidsgivarar kunne nekte eller gjere det vanskeleg for menn å ta permisjon. Det vil også bli like «risikofylt» å ansette ein ung mann som ei ung kvinne, fordi begge vil måtte ut i permisjon når barna kjem. Kvinner vil dessutan ikkje sakke akterut på samme måte som idag, grunna fråvær i permisjonar. Det er i dag eit lønnsgap på 15% mellom kvinner og menn. Likelønnskommisjonen har konkludert med at store deler at dette gapet finn si forklaring i småbarnsperioden. På Island har dei etter innføring av tredelt foreldrepermisjon klart å redusere lønnsforskjellen mellom kjønna med 6%.

4. Likestilling i heimen: Kanskje vel så viktig som likestilling i arbeidslivet; betre fordeling av permisjonen vil vere eit uvurderleg tiltak for å få betre arbeidsfordeling heime. Det kan neppe vere overraskande at kvinner får hovudansvaret heime, både når det gjeld husarbeid og barn, dersom det er kvinner som tar ut heile permisjonen sjølve. Då kjem ein inn i eit mønster som vanskeleg kan snus. Som Anne Sandvik Lindmo sa i eit intervju: Dersom ein ikkje vil dele på permisjonen, kan ein takke seg sjølv for manglande likestilling i heimen.

5. Prinsipielt: Både mor og far har like mykje ansvar for eit felles prosjekt som det eit barn er. Foreldrepermisjonen tilhøyrer verken mor eller far, den tilhøyrer barnet. Staten kjøper foreldra fri fra arbeid for at dei best mulig skal kunne ta seg av barnet det første året. Eg vil tru det er til barnets beste å få tilbringe mest mulig tid med begge foreldre det første året, og eg trur definitivt det er til familiens beste at både mor og far tar aktiv del i barnets oppvekst fra starten av.

Dei vanlegaste motargumenta:

1. Valgfriheten blir fratatt familiane. Mange meiner at staten ikkje skal styre familiepolitikken. Argumentet om valgfrihet blir dratt fram fra Høgre og KrF kvar einaste gong det skal innførast tiltak retta mot familien. Eg er tilhengar av ei fleksibel ordning, men meiner at ei deling av permisjonen kan vere fleksibel. Og sjølv om foreldra kan dele permisjonen i dag, er det svært få som faktisk gjer det. Grunnane kan vere mange. For eksempel kan mor ønske å ha heile permisjonen sjølv, eller fars arbeidsgivar kan vere negativ til pappaperm. I kor stor grad har faren då valgfrihet..? Dei konservative partia er i mot alle inngrep og kvoteringar, og meiner at samfunnet sjølv vil ordne dette på sikt. Det kan godt hende, men vil me vente mange tiår på ei utvikling som vil ha så mange positive ringvirkningar? Me kunne ha droppa kvotering av kvinner inn i politikken også, men då ville ikkje unge jenter i dag hatt rollemodellar som Gro Harlem Brundtland (som er stolt over å ha blitt kvotert inn i politikken!), og kvinnelege statsrådar ville vore mangelvare.

2. Amming. Mange uttrykker bekymring for at ei deling av permisjonen vil føre til problemer med amminga. Dersom mor tar ut 2/3 av permisjonen vil ho kunne vere heime i 6 eller 8 mnd (avhengig av om ein tar ut 10 eller 12 mnd). Det er også ei ordning som gir ein time ammefri fra jobben. Korriger meg dersom eg tar feil, men så vidt eg veit er det ingen dokumentasjon for viktige helsegevinstar for barnet ved amming utover 6 mnd her i vestlege land. Det er utan tvil dei første månadane med amming som er viktigast. Dessutan er det sjeldan aktuelt med fullamming etter 6 mnd, då bør barnet begynne å få annan mat i tillegg. Det må heilt klart leggast til rette for amming utover 6-8 mnd dersom foreldra ønsker dette, men eg kan ikkje sjå at dette er eit argument sterkt nok til å vege opp for alle dei positive konsekvensane av delt permisjon.

3. Ein kan ikkje ta dette godet fra mor. Som nevnt tidlegare; det er ikkje mor sin permisjon. Utanom 3 veker før fødsel og 6 veker etter fødsel (som er øyremerka mor), kan permisjonen delast fritt mellom foreldra. Dette argumentet held derfor ikkje. Ei deling av permisjonen vil på sikt kunne gi mor noko endå eir verdifullt: nemleg ein far som er deltakande og likestilt i heimen og i forhold til barnet.

4. Biologi. Eg mistenker at nokon framleis er av den oppfatning at kvinner er betre omsorgspersonar enn menn, og at det eksisterer biologiske grunnar til at et er kvinnene som skal ha hovudansvaret for barna. Eg håpar dette er eit forelda syn, men under debatten som pågjekk i vinter var det tendenser til lett kamuflerte biologiske argument. Eg er overbevist om at menn er like gode omsorgspersonar som kvinner, men dei må få sleppe meir til!

5. Menn skal tvingast til å ta permisjon. Når Oddvar Steenstrøm i Tabloid stirrar inn i tv-kamera, rettar peikefingeren mot deg og ropar: ”Er det riktig at fedre skal TVINGES til å være hjemme med barna..?!” – ja då er det sjølvsagt ein provokasjon i kjent stil, men samstundes ei påminning om den positive utviklinga me har vore vitne til dei siste generasjonane. Det er vel ingen kommande fedre nå for tida som synest det er eit overgrep å få vere heime med sitt lille barn..? Eg trur menn meir enn gjerne vil stille opp meir heime. Undersøkelsar viser at 7 av 10 menn ønsker seg meir permisjon. Som Erik Solheim sa: Han er stolt over å tilhøyre ein generasjon menn som ikkje føler maskuliniteten truga av å ha omsorg for barn, heller tvert imot. Bravo!

For ei kjapt blikk på debatten som pågjekk tidlegare i år: Les gjerne her eller her. Les synspunkta til nokon som er enige med meg her, eller nokon som er uenige med meg her.

Og skriv gjerne ein kommentar om kva DU meiner!

Ein god latter…

juli 17, 2008

…forlengar angiveleg livet. I så fall bør eg takke milliardær og investor Jan Haudemann Andersen for å ha gitt meg et år eller to ekstra. Nå skal eg demonstrere ein hersketeknikk. Latterleggjering. Fordi han fortjener det.

I VG i helga var han via heile sju sider i helgemagasinet, og to sider inne i sjølve avisa. I helgemagasinet fekk han synse i hytt og pine om klimadebatten (som han meiner er ein bløff), pappaperm (som han meiner er noko tull), norske politikarar, klimaklovnen Petter Stordalen.. And so the story goes.

Men han slår dei fleste rekordar med utsagnet: ”Jeg er ikke glad i å se menn trille barnevogn”. Dette ser han på som ein feminin syssel. Og fordi det er forskjell på menn og kvinner bør det som seg hør og bør vere ei viss arbeidsfordeling.

Det er unekteleg ein smule komisk at milliardærar får fritt spelerom til å synse i vilden sky fra framsida på landets største avis (og kvifor i all verden skal denne typen ha noko truverdighet i klimadebatten..?). Dette dreier seg sjølvsagt om ein gjensidig avhengighet mellom PR-kåte rikingar og tabloide aviser.

”Alle må jo få ha sine meninger”, svarar Haudemann Andersen til kritikken. Vel og bra det, men av og til er et kanskje betre å halde sine eigne meiningar innanfor husets 700 kvadratmeter..?! Ellers kan ein lett gå i fella og bli ein barnevogn-klovn… 😀

I couldn’t help but wonder…

juli 16, 2008

Slik startar skribenten Carrie Bradshaw sine betraktningar i avisspalta med same namn som serien og filmen Sex and the City (SATC). Og eg kan heller ikkje la vere å undre: Kva er det som gjer at SATC framleis oppnår store overskrifter? Den amerikanske tv-serien om dei fire venninnene i New York var eit friskt pust og til dels kontroversiell då den starta i 1998. Den 6.juni hadde filmen basert på tv-serien premiere i Noreg, noko som har medført rekordstort førehandssal og betydeleg medieomtale. SATC har ikkje gått av moten.

Rollefigurane er fire sterke og sjølvstendige kvinner i 30-40 åra som spelar hovudrolla i sitt eige liv. Og som menn har gjort på lerretet i årevis, tar dei for seg av det Manhattan har å by på, det vere seg cosmopolitans eller menn. Den raude tråden er likevel det vennskapen og samhaldet dei støttar seg til gjennom smått og stort, gjennom medgang og motgang. Store dosar humor, sarkasme, legendariske sitat og sjølvironi er viktige tilleggsingrediensar. Og visst kjem det heile i fin innpakning! Mote, designerplagg, vesker og ikkje minst sko gjer det heile til ei frydefull og uoppnåeleg visuell oppleving. Det er lett å vere einig i noko av kritikken mot SATC, særleg dette som gjeld den konsumkulturen serien representerar. Eit anna paradoks er at dei ”single and fabulous” jentene stadig er på jakt etter den store kjærleiken. Eg har imidlertid høyrt serien bli samanlikna med ei god venninne: ikkje perfekt, men ein er veldig glad i henne likevel.

Som stor tilhengar av serien har eg sjølvsagt følgt nøye med på medieomtalen i kjølvatnet av premieren. Mykje er blitt sagt, men mest slåande er den dirrande peikefingeren som stadig dukkar opp. Nokon lar seg tydelegvis kraftig provosere og opprøre av denne filmen. SATC blir skulda for å vere egoistisk, overflatisk, materialistisk, å oppfordre til bruk-og-kast av menn og for å undervurdere kvinner. Ikkje lite! Folk må sjølvsagt få meine akkurat kva dei vil om SATC. Mest interessant er det imidlertid at ikkje berre filmen, men også me som ser den, blir gjenstand for nedsetjande karakteristikkar (blant anna i mange anonyme kommentarar til anmeldelsen i BT). Me er angiveleg egosentriske shopoholikarar som bryr oss meir om å skaffe oss Manolo Blahnik-sko enn om kva som skjer elles i verda. Me er prinsesser som leitar etter draumeprinsen. Og i svenske Aftonbladet: Dersom me likar SATC, fortener me berre halvparten av lønna til menn. Eg har ikkje tenkt å ta dette alvorleg, men det er likevel eit symptom på at dette er eit fenomen som opprører enkelte. Kva er grunnen til dette?

Eg håpar verkeleg ikkje at ein serie om fire sjølvstendige kvinner verkar trugande på nokon i år 2008.  Jentene er blitt kalla dei nye feministiske forbilda, men i så måte var serien frekkare i frasparket enn kva filmen er. I filmen har dei dessverre gått litt i Hollywood-fella og jakta på kjærleiken er det dominerande temaet.  Dette kan vel ikkje vere sprengstoff?

Kritikken kretsar stadig rundt den ytre innpakninga. For oss som kjenner serien er SATC så mykje meir enn dette sukkerspinnet på toppen. Men sjølv om det ikkje hadde handla om anna enn sex og mote – kva så? Er det noko gale med rein og skjær underhaldning? Vanlegvis ikkje. Det er ingen som tillegger menn spesielle personlege eigenskapar fordi om dei er lidenskapleg opptatt av James Bond eller andre actionheltar. Men også her er me i høgste grad vitne til materialisme, produktplassering, dyre bilar, og så absolutt bruk-og-kast av kvinner. Men på eit vis er typisk kvinnelege interesser som mote og shopping mykje lågare på rangstigen enn typisk mannlege interesser som spreke bilar eller dyrt sportsutstyr.

Så kanskje har det litt med kjønnsroller å gjere likevel? Enkelte meiner tydelegvis at kvinner ikkje skal kunne seie ”ja takk, begge deler”. Me skal ikkje kunne drøyme oss vekk med SATC og samstundes behalde vår integritet og oppnå respekt. Eg verken håpar eller trur at dette er ei utbredt haldning, då den vitnar om eit avgrensa handlingsrom for kvinner. Mens det me eigentleg treng, er eit større perspektiv i feminisme-begrepet og større aksept for ulike livsvalg, noko eg meiner SATC er eit positivt bidrag til.

Sjølv om me likar SATC, kan me vere opptatt av andre ting også. Sjølv om me likar SATC, er det ikkje sikkert at den største draumen vår er å få ei Louis Vuitton-veske. Sjølv om mi gode venninne er hardnakka SATC-fan, er ho også meir sosialt engasjert og reflektert enn dei fleste eg kjenner. Til høsten flyttar ho til Uganda for å jobbe med AIDS-saka for FN. Eg håpar ho tar shoe-box’en med heile SATC-serien med seg. Ja takk, begge deler!