Posts Tagged ‘krig’

USA+Israel=sant?

januar 18, 2009

Å vere her i USA medan Gaza-krigen utspelar seg i Midtausten, gjer at ein undrar seg over følgande: Kva er det som gjer at USA alltid gir Israel si ubetinga støtte? Kva er det som gjer at synet på denne konflikta er så forskjellig i USA og Europa? Eg veit på langt nær nok om dette til å gi dykk svaret, men eg gjer meg nokon tankar. 

Dei amerikanske myndighetene og regjeringa støttar Israel fordi landet utgjer ein viktig alliert i Midtausten, eit område der USA har sterke interesser og også sterke fiendar. Det er av avgjerande betydning for USA å ha ei demokratisk og sterk USA-vennleg militærmakt i dette urolege hjørnet av verda. Når Israel nå bruker «øks i stadan for skalpell» mot Hamas i Gaza-krigen, er dette ein del eit større maktspel i Midtausten. Dei viser musklar for å demonstrere si overlegne militærmakt i området ovanfor fiendar som Iran og libanesiske Hizbollah. Og i Midtausten er det slik at mine venner er dine venner; Israel og USA har dei same vennene og dei same fiendane. 

Det er imidlertid litt vanskelegare å forstå kvifor den amerikanske folkeopinionen også støttar Israel. Haldninga til konflikta mellom Israel og palestinararne er merkbart forskjellig i Europa og her i USA. I Europa har eg inntrykk av at fleirtalet utviser eit snev av nyanse i synet på konflikta, og det er nærmast politisk korrekt å uttrykke ein sunn skepsis ovanfor Israel sin okkupasjonspolitikk. Mitt inntrykk er at storparten av nordmenn, også i det politiske landskapet, prøver å sjå saka fra begge sider. Det kun FrP som kjører ein knallhard Israel-vennleg politikk. Lite tyder på at dette vil vere ein stemmesankar i Norge idag. Men i USA kan ingen bli president utan å vere fullstendig uforbeholden i si støtte til Israel. Det var nesten komisk å sjå korleis kandidatane kjempa om å vere den største Israel-vennen under valgkampen; korleis dei overgjekk kvarandre i å erklære si livslange og inderlege kjærlighet til Israel. Republikanarane prøvde hardnakka å så tvil om Barack Obama verkeleg er ein ekte og lojal Israel-venn. Då han ga uttrykk for eit ønske om ein meir diplomatisk utanrikspolitikk og opna for dialog med USA sine fiendar, som mellom anna Iran, blei han stempla som håplaust naiv. Desse uttalelsane blei han håna kraftig for i kvar debatt – tenk å seie at ein ønsker å snakke med Iran! Nei, då er det vel betre å begrense seg til Bush-administrasjonen sin einsidige taktikk; starte ein krig eller to.. 

Men kvifor er det så viktig for politikarane å markere seg som den største Israel-vennen? Nokon meinar dette er for å vinne stemmane til dei ca 6.7 millionar amerikanske jødane. Dette er sjølvsagt ei side av saka, men kan ikkje fullt ut forklare fenomenet. For eksempel bur heile 1.75 millionar av jødane i New York City, i ein stat som alltid stemmer erke-demokratisk og på ingen måte er nokon vippe-stat. Mange jødar bur også i den viktige staten Florida, og her kan det ha meir praktisk betydning å vinne jødane sine stemmer. Men likevel; dei amerikanske jødane sine stemmer er ikkje aleine nok til å forklare viktigheten av å markere si Israel-støtte. Det er også andre forhold som spelar inn. Den israelske lobbyen står sterkt i USA og har betydeleg makt innan politikk og i samfunnet ellers. Dei sterke interesseorganisasjonane er truleg viktigare enn sjølve antallet jødar i USA, og ein kan sannsynlegvis lide ein rask politisk død dersom ein legger seg ut med desse. Men kanskje endå viktigare: For å vinne det amerikanske valget må ein ikkje berre vere Israel-vennleg, ein må også vere sterkt religiøs. Og med religiøs meinar eg kristen altså, ikkje muslim som Obama meir enn ein gong blei beskyldt for å vere.. Dei sterkt religiøse er ei stor velgargruppe i USA, mykje større enn jødane. Og dei støttar Israel. Overraskande mange kristne amerikanarar leser nemleg Bibelen bokstaveleg, og trur at ein av tinga som må skje før dommedag er at jødane skal få kontroll over Jerusalem. Kåre Willoch siterer The Economist i sin kronikk i Aftenposten: «To av fem amerikanere tror at Israel ble gitt til det jødiske folk av Gud, og en av tre sier at opprettelsen av staten Israel var et skritt i retning av Kristi gjenkomst.» Eit anna forhold som blir påpeika blant anna i denne kronikken av Harald Stanghelle i Aftenposten, er at USA og Israel føler eit skjebnefellesskap i kampen mot terror. Særleg etter 11.september 2001 har denne følelsen av felles skjebne og felles fiendebilde gitt eit endå sterkare fellesskap landa i mellom. Som Stanghelle seier: «Både supermakten USA og landet med Midtøstens mektigste militærkompleks – begge atommakter – ser seg selv i offerrollen, og gjenkjenner frykten i hverandres nasjonale ansikt.»

Avtroppande president George W. Bush og hans regjering har vore ekstremt Israel-vennleg, sjølv i amerikansk målestokk. Dette har truleg hatt negativ innvirkning på konflikta i Midtausten, og ikkje nettopp skapt eit klima for utvikling av ein fredsprosess. Nå håpar mange at Barack Obama kan vere i stand til å «give peace a chance»; ikkje minst er der mange muslimske land som har forhåpningar om ein ny retning i utanrikspolitikken. Mange blei imidlertid skuffa, og tok det som eit dårleg signal, då Obama valgte jødiske Rahm Emanuel som stabssjef. Sjølv om det er overdrevent å trekke slutningar kun basert på denne utnevninga, kan nok kritikarane ha rett i at det neppe blir noko radikal endring av USA si linje ovanfor Israel. Til det er bånda altfor tette, den gjensidige avhengigheten altfor stor. Men ryktene seier at den nye administrasjonen har planar om å opprette ein kanal for kommunikasjon med Hamas, og Obama har sagt at han ønsker å starte ein dialog med Iran. Willoch siterer Nelson Mandela: For at det skal bli fred, må fiendar snakke saman. Det høyres ut som eit betre forslag enn bomber iallfall.. 

På tirsdag blir Barack Obama utnevnt til den 44.amerikanske presidenten. Tida vil vise om han kan lukkast med «mission impossible»; å skape fred i Midtausten. Skal dette nokon gong skje, må USA vere med på laget. Det er vanskeleg å ha for store forhåpningar til verdas urolege hjørne, men me kan jo håpe. Eg håpar iallfall at Obama kan bidra til å gjere verda til ein litt tryggare stad å vere.