Posts Tagged ‘likelønn’

8.mars? – Yes we can!

mars 8, 2009

img_7760Det er 8.mars – kvinnedagen, og det kan ikkje gå upåakta hen. I fjor blei Norge kåra til det mest likestilte landet i verda. Eit halvår i USA har ytterlegare minna meg på kor langt me faktisk er komne heime i Norge. Så kvifor bør me framleis markere kvinnedagen?

For det første; alle verdas kvinner er ikkje like heldige som oss. Eg blir provosert av å høyre kvinner som seier: Nei, eg føler meg ikkje diskriminert, og er derfor ikkje opptatt av feminisme eller likestilling. Manglande personleg erfaring er ein egoistisk og sneversynt grunn til å unnvike temaet. Særleg nå rundt kvinnedagen er avisene fulle av rystande artiklar om kvinneundertrykking, æresdrap, og vold mot kvinner i andre deler av verda. La oss ikkje sette skylappane på og oversjå den urett som ikkje rammar oss sjølve.

For det andre: La oss ikkje kvile på lauvbæra heime i Norge heller. At Norge nå er på verdstoppen innan likestilling er ikkje ein tilfeldighet. Det har tatt lang tid, og me må ikkje gløyme alle dei kvinner og menn som opp gjennom åra har kjempa for dei rettane me ser på som sjølvsagte i dag. Å latterleggjere ”rødstrømpene” er å håne dei forkjemparane for likestilling som har bidratt til at me er der me er i dag. Å ta avstand fra kvinnebevegelsen fra tidlegare tiår er både ignorant, historielaust og utakknemleg. Me treng ikkje lenger stå på barrikadane. Men det er fordi nokon har gjort det for oss.

Det har også krevd politisk mot og vilje over mange år å komme dit me er i dag. Nokon meinar at likestilling kjem av seg sjølv, med tida; og at ein derfor ikkje bør gripe inn med aktive verkemiddel som kvotering eller lovfesting av rettar. Ideelt sett skulle eg også ønske at kvotering var unødvendig, men då vil dei ønskelege prosessane ta usigeleg lang tid. Utan kvotering hadde me ikkje hatt ein kvinneleg statsminister i Norge (Gro blei kvotert inn i politikken, og er stolt over det!), og me hadde heller ikkje hatt så mange kvinnelege statsrådar. Og kravet om 40% kvinner i styrene var truleg det som gjorde at Norge kapra førsteplassen i den tidlegare nevnte kåringa. Pappapermisjonen var omstridt då den først blei innført, men nå ønsker 7 av 10 fedre seg meir permisjon. 

For det tredje: Likestillinga er ikkje fullkommen i Norge heller. Særleg er me ikkje heilt i mål når det gjeld økonomisk likestilling og likelønn. Det bør vere nok å minne om at kvinner fortsatt tjener 15% mindre enn menn, og at det er altfor få kvinner i leiar- og professorstillingar. Det er framleis slik at normen er at kvinner tar hovudansvar for barn og husarbeid, medan mannen gjer karriere. Kvinner velger fortsatt tradisjonelt, og typiske kvinneyrker er dessverre lågt lønna. Resultatet er i mange tilfelle at kvinner blir økonomisk avhengige av menn, og svært mange kvinner endar opp som minstepensjonistar. Ei meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen er eit beslekta tema eg har vore opptatt av i år. Foreldrepermisjon er eit velferdsgode som begge foreldra bør få nyte godt av, som vil ha positive ringvirkningar for heile familien, og som kan bidra til økt likestilling både i heimen og i arbeidslivet. Vold i nære relasjonar ogvoldtekt er andre enormt viktige saker som fortjener økt oppmerksomhet. Det same kan seiast om integrering og inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn. 

Kva er mine visjonar og ønsker for kommande år?

Eg ønsker meg ein brei og inkluderande debatt rundt feminisme og likestilling. Mange mislikar feminist-stempelet, og føler at dette er eit belasta begrep dei ikkje kan identifisere seg med. Eg har lest mange artiklar og blogginnlegg som diskuterer kva det vil seie ”å vere feminist”. Så interessant dette enn kan vere – eg skulle ønske at me kunne legge denne diskusjonen bak oss, og heller konsentrere oss om dei mange konkrete sakene. Kva bør gjerast for ytterlegare å fremme likestilling, både i Norge og ellers i verda? Ottar-feminist, radikal-feminist, liberal-feminist eller Gucci-feminist – kven bryr seg..? Sjølvsagt er ikkje alle feministar like, men så lenge ein er interessert i å fremme likestilling bør der vere plass til alle. Når diskusjonen sklir over i kor vidt det er kvinnefrigjerande eller ikkje å barbere leggane eller pynte og sminke seg – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje vil kalle seg feministar. Så lenge kvinnegruppa Ottar til stadighet dukkar opp som dei einaste representantane for kvinnesaka i debattar – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje føler at dei kan identifisere seg med feminisme-begrepet. Kvinnene i Ottar gjer ein god jobb, og eg er enig med dei i mange saker. Men eg har også forståelse for at stilen deira kan virke framandgjerande på mange. Men det er plass til alle! Eg trur dei fleste som er opptatt av likestilling har dei samme overordna måla; men framgangsmåte, stil og retorikk er ulik. Så la oss ikkje krangle oss i mellom om smålege detaljar, men la det vere plass til alle i ein konstruktiv debatt om dei viktige sakene.

I tillegg; for å komme vidare er det avgjerande å innsjå at likestilling dreiar seg om både kvinner og menn sine muligheter og rettigheter. For meg er det viktig å reagere på urettferdig behandling av begge kjønn. Sjølv om diskriminering av kvinner har vore det største problemet så langt, er det urimeleg og lite truverdig å neglisjere at menn i nokon samanhengar kan bli diskriminert også. Verneplikt, foreldrepermisjon og barnefordelingssaker er nokon eksempel på at dette. Og ikkje minst; hovudfokus bør vere at likestilling er til det beste for både kvinner og menn. Menn er ikkje fienden, tvert imot. Likestilling handlar ikkje om at det ikkje skal vere lov å vere maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større mangfald av muligheter for begge kjønn. Me kan heller ikkje alltid skulde manglande likestilling på det motsatte kjønn; ofte er det kvinner sjølve som motarbeidar likestilling, for eksempel ved tradisjonelle karrierevalg eller ved å tvihalde på foreldrepermisjonen. Systemet må legge til rette for likestilling, men kvinner og menn har også eit individuelt ansvar for å benytte dei mulighetane som fins.

Gratulerer med dagen!

PS: Det er jammen godt at det er kvinnedag ein gong i året, for det er jo man(n)dag kvar veke.. 😀

In a rich man’s world?

august 7, 2008

Igår kunne ein lese om 66 år gamle Else Johansen i Aftenposten. Ho har oppdratt fem barn og vore adm.dir. i «familiebedrifta AS» i alle år. I tillegg har ho vore aktiv i arbeidslivet nesten like lenge som sin mann. Sjokket var derfor stort då ho nylig fant ut at ho kjem til å bli tilnærma minstepensjonist, medan mannen blir belønna med ein svært god pensjon. Dette er eit klassisk tilfelle, og blir i artikkelen omtala som «minstepensjonistfella». Kvinner som har prioritert familien og tatt hovudansvaret for barn og heim, har gjerne jobba ein del deltid og vore litt inn og ut av arbeidslivet – og blir derfor minstepensjonistar. 

Remember... Be independent! 🙂

Er dette lønn som fortjent? Absolutt ikkje. Omsorg for barn og ansvar for hus og heim er også eit arbeid som må gjerast. Eg trur neppe mannen hennar hadde oppnådd ein like gullkanta pensjon dersom ikkje kona hadde tatt seg av nettopp desse oppgavene. I deira generasjon er denne type arbeidsfordeling regelen heller enn unntaket. Dette skapar ei stor gruppe kvinnelege pensjonstaparar. Men også blant unge kvinner idag er det vanleg å ta hovudansvaret heime, og gjerne jobbe deltid. Spørsmålet er om dei er bevisst kva følger dette kan få for framtidig økonomi og pensjon. 

Kvinnesiden.no har som formål å bevisstgjere kvinner i forhold til eigen privatøkonomi. Siw Ødegaad er ansvarleg for økonomistoffet, og ein artikkel ho skreiv på kvinnedagen i fjor fanga mi interesse. «Kvinner velger feil», skriv ho. Ho påpeikar at kvinners valg er til direkte hinder for økonomisk likestilling. 

Kva er det som gjer at me ikkje har økonomisk likestilling i Norge idag? Ein av grunnane er åpenbart at kvinner tjener dårlegare enn menn. Lønnsforskjellen mellom kjønna er heile 15%. Kvinner velger framleis tradisjonelt i forhold til yrke, og typiske «kvinneyrker» har dessverre låg lønn. I tillegg jobbar kvinner ofte deltid; ifølge Ødegaard er det kun 4 av 10 kvinner som jobbar fulltid. Det er interessant at tidleg i yrkeslivet er lønnsforskjellane mindre, medan dei aukar når ein etablerer familie. Då tar kvinner mesteparten av permisjonen, er mest heime med sjuke barn og går gjerne ned i deltid eller sluttar i jobb ein periode dersom det trengs. Og eg trur ofte det trengs. Det er ikkje vanskeleg å forstå at tidsklemma kan ramme mange familiar, og det er heller ikkje vanskeleg å forstå at ein ønsker å prioritere samvær med barna medan dei er små. Det som er verre å forstå, er kvifor det alltid er kvinnene som tar dette ansvaret? Etter mi meining burde begge foreldra prioritert familien i småbarnsperioden. 

Kva kan grunnane vere til at det er kvinner som oftast tar hovudansvaret heime og prioriterer familien, medan det  oftast er mannen som tar hovudansvaret for økonomi og prioriterer karrieren..? For all del, det har utvilsomt skjedd ei positiv utvikling på denne fronten dei siste åra, men likevel; særleg når ein etablerer familie ser ein at mange velger eit forbløffande tradisjonelt familiemønster. Er det biologiske grunnar til dette? Har kvinner sterkare dragning mot å passe barn og heim, eller betre utvikla omsorgsevner? Er kvinner mindre opptatt av penger og karriere? Synest kvinner det er greit å bli forsørga? Eg trur ikkje det. Eg trur heller dette har med sosiale forventningar å gjere. Det er ei sterk forventning i samfunnet om at kvinner skal prioritere familien. Kvinner blir fortsatt sett rart på dersom dei begynner å jobbe 3 månadar etter fødselen, eller dersom dei prioriterer karriere framfor barn og familie. Det er noko unaturleg over det, som gjer folk usikre i møte med slike utradisjonelle valg. 

Men er det egentleg nødvendig med økonomisk likestilling, da? Er det i det heile tatt ønskeleg? Dersom paret trives med den tradisjonelle arbeidsfordelinga og er enige om å ha det slik, kva er då gale med det? Nei, ingenting er gale med det. I prinsippet. Og dersom dei har felles økonomi, og tilhøyrer dei heldige som har eit ekteskap som «lever lukkeleg alle sine dagar»; ja då treng det ikkje eingong medføre problemer. Men faktum er at over 50% av ekteskap endar i skilsmisse, og for samboarskap er statistikken endå verre. Det bør ein tenke på før ein setter seg i ein situasjon der ein i praksis er økonomisk avhengig av ektefellen/samboaren sin.

Kva bør gjerast for å betre den økonomiske likestillinga? Kvinner velger tradisjonelle kvinneyrke med låg lønn, og eg er ikkje sikker på om det er så mykje å gjere med dette. Eg synest det er positivt å velge utdanning og yrke utfra evner og interesser, heller enn utfra lønn og status. Og det er nå eingong slik at kvinner og menn har ulike interesser og preferanser i så måte. Men når det er sagt; dei som er interessert i å velge utradisjonelt, det vere seg jente eller gutt, bør oppmuntrast til dette. Og ein bør stimulere tiltak som kan gi jevnare kjønnsfordeling i yrker der dette trengs. Ein bør også jobbe for å få fleire heile stillingar, slik at ingen skal bli nødt til å jobbe deltid fordi dei ikkje får full stilling. Eit anna tiltak er å få opp lønna i dei såkalla «kvinneyrkene». Anders Folkestad i Unio «ber Jens tette lønnsgapet», kunne ein lese i Dagsavisen nylig. Han støttar Likelønnskommisjonen sitt forslag om å sette av tre milliardar kroner for å heve lønningane for typiske kvinneyrke opp til nivået for mannsdominerte yrke i same sektor. Omsorgsarbeid bør også verdsettast høgare. I så måte har ein tatt eit lite steg på vegen med den nye pensjonsreformen, der ein kan få såkalla omsorgspoeng i inntil seks år og dermed skal bli mindre straffa for å vere heime med små barn.

I tillegg til dei nevnte tiltaka trur eg at ei bevisstgjering omkring desse forholda er av stor betydning. Både kvinner og menn må vere bevisst konsekvensane av dei valg dei gjer! Visst kan det virke litt trasig å sette seg inn i økonomiske spørsmål og reglane for pensjonspoeng.. Men det kan fort bli meir trasig dersom ein ikkje gjer det. «Jeg hadde drømt om å bruke en god pensjon til å reise og kose meg», avsluttar Else Johansen. Fordi ho hadde fortjent det.

Foreldrepermisjon – eit gode som bør delast!

juli 29, 2008

Eg er tilbake med eit tema eg er veldig opptatt av: deling av foreldrepermisjon. Dette var ei særdeles aktuell sak i mediebildet tidlegare i år, då både Likelønnskommisjonen og Mannspanelet la fram sine rapportar. Likelønnskommisjonen støttar forslaget om ei tredeling av permisjonen, det vil seie den islandske modellen der 1/3 er forbeholdt mor, 1/3 er forbeholdt far og 1/3 er valgfri. Dette er eit forslag som mange støttar, blant anna Ap si kvinnegruppe og SV. Mannspanelet gjekk inn for ei firedeling i første omgang, med ei seinare omlegging til tredeling dersom den totale permisjonstida blir utvida.

Eg kan seie det med ein gong: eg er definitivt positiv til større grad av deling. Eg synest ei tredeling høyrest fornuftig ut, men sjølvsagt kan andre modellar også diskuterast.

Argument som talar for ei meir rettferdig deling av foreldrepermisjonen:

1. Rettferdighet: Foreldrepermisjon er eit viktig velferdsgode, og det synest urimeleg at dette godet ikkje skal delast meir rettferdig mellom foreldra. Kvifor er det i dei fleste tilfeller kun mor som skal ha det privilegiet det er å få vere heime med barnet det første året?

2. Tilknytning: Det er særleg viktig for faren å få mulighet til å knytte seg til barnet tidleg. For mora er dette meir biologisk ordna – gjennom graviditet, fødsel og evt amming. Morsinstinktet kan nok ofte vere til hinder for å sleppe faren til den første tida. Derfor er det svært viktig at faren blir inkludert og får ta ansvar tidleg – også aleine med barnet!

3. Likestilling i arbeidslivet: Større deling vil ha positive konsekvensar når det gjeld kvinners karriere og likestilling i arbeidslivet. Ved ei deling av permisjonen blir lovpålagt, vil ingen arbeidsgivarar kunne nekte eller gjere det vanskeleg for menn å ta permisjon. Det vil også bli like «risikofylt» å ansette ein ung mann som ei ung kvinne, fordi begge vil måtte ut i permisjon når barna kjem. Kvinner vil dessutan ikkje sakke akterut på samme måte som idag, grunna fråvær i permisjonar. Det er i dag eit lønnsgap på 15% mellom kvinner og menn. Likelønnskommisjonen har konkludert med at store deler at dette gapet finn si forklaring i småbarnsperioden. På Island har dei etter innføring av tredelt foreldrepermisjon klart å redusere lønnsforskjellen mellom kjønna med 6%.

4. Likestilling i heimen: Kanskje vel så viktig som likestilling i arbeidslivet; betre fordeling av permisjonen vil vere eit uvurderleg tiltak for å få betre arbeidsfordeling heime. Det kan neppe vere overraskande at kvinner får hovudansvaret heime, både når det gjeld husarbeid og barn, dersom det er kvinner som tar ut heile permisjonen sjølve. Då kjem ein inn i eit mønster som vanskeleg kan snus. Som Anne Sandvik Lindmo sa i eit intervju: Dersom ein ikkje vil dele på permisjonen, kan ein takke seg sjølv for manglande likestilling i heimen.

5. Prinsipielt: Både mor og far har like mykje ansvar for eit felles prosjekt som det eit barn er. Foreldrepermisjonen tilhøyrer verken mor eller far, den tilhøyrer barnet. Staten kjøper foreldra fri fra arbeid for at dei best mulig skal kunne ta seg av barnet det første året. Eg vil tru det er til barnets beste å få tilbringe mest mulig tid med begge foreldre det første året, og eg trur definitivt det er til familiens beste at både mor og far tar aktiv del i barnets oppvekst fra starten av.

Dei vanlegaste motargumenta:

1. Valgfriheten blir fratatt familiane. Mange meiner at staten ikkje skal styre familiepolitikken. Argumentet om valgfrihet blir dratt fram fra Høgre og KrF kvar einaste gong det skal innførast tiltak retta mot familien. Eg er tilhengar av ei fleksibel ordning, men meiner at ei deling av permisjonen kan vere fleksibel. Og sjølv om foreldra kan dele permisjonen i dag, er det svært få som faktisk gjer det. Grunnane kan vere mange. For eksempel kan mor ønske å ha heile permisjonen sjølv, eller fars arbeidsgivar kan vere negativ til pappaperm. I kor stor grad har faren då valgfrihet..? Dei konservative partia er i mot alle inngrep og kvoteringar, og meiner at samfunnet sjølv vil ordne dette på sikt. Det kan godt hende, men vil me vente mange tiår på ei utvikling som vil ha så mange positive ringvirkningar? Me kunne ha droppa kvotering av kvinner inn i politikken også, men då ville ikkje unge jenter i dag hatt rollemodellar som Gro Harlem Brundtland (som er stolt over å ha blitt kvotert inn i politikken!), og kvinnelege statsrådar ville vore mangelvare.

2. Amming. Mange uttrykker bekymring for at ei deling av permisjonen vil føre til problemer med amminga. Dersom mor tar ut 2/3 av permisjonen vil ho kunne vere heime i 6 eller 8 mnd (avhengig av om ein tar ut 10 eller 12 mnd). Det er også ei ordning som gir ein time ammefri fra jobben. Korriger meg dersom eg tar feil, men så vidt eg veit er det ingen dokumentasjon for viktige helsegevinstar for barnet ved amming utover 6 mnd her i vestlege land. Det er utan tvil dei første månadane med amming som er viktigast. Dessutan er det sjeldan aktuelt med fullamming etter 6 mnd, då bør barnet begynne å få annan mat i tillegg. Det må heilt klart leggast til rette for amming utover 6-8 mnd dersom foreldra ønsker dette, men eg kan ikkje sjå at dette er eit argument sterkt nok til å vege opp for alle dei positive konsekvensane av delt permisjon.

3. Ein kan ikkje ta dette godet fra mor. Som nevnt tidlegare; det er ikkje mor sin permisjon. Utanom 3 veker før fødsel og 6 veker etter fødsel (som er øyremerka mor), kan permisjonen delast fritt mellom foreldra. Dette argumentet held derfor ikkje. Ei deling av permisjonen vil på sikt kunne gi mor noko endå eir verdifullt: nemleg ein far som er deltakande og likestilt i heimen og i forhold til barnet.

4. Biologi. Eg mistenker at nokon framleis er av den oppfatning at kvinner er betre omsorgspersonar enn menn, og at det eksisterer biologiske grunnar til at et er kvinnene som skal ha hovudansvaret for barna. Eg håpar dette er eit forelda syn, men under debatten som pågjekk i vinter var det tendenser til lett kamuflerte biologiske argument. Eg er overbevist om at menn er like gode omsorgspersonar som kvinner, men dei må få sleppe meir til!

5. Menn skal tvingast til å ta permisjon. Når Oddvar Steenstrøm i Tabloid stirrar inn i tv-kamera, rettar peikefingeren mot deg og ropar: ”Er det riktig at fedre skal TVINGES til å være hjemme med barna..?!” – ja då er det sjølvsagt ein provokasjon i kjent stil, men samstundes ei påminning om den positive utviklinga me har vore vitne til dei siste generasjonane. Det er vel ingen kommande fedre nå for tida som synest det er eit overgrep å få vere heime med sitt lille barn..? Eg trur menn meir enn gjerne vil stille opp meir heime. Undersøkelsar viser at 7 av 10 menn ønsker seg meir permisjon. Som Erik Solheim sa: Han er stolt over å tilhøyre ein generasjon menn som ikkje føler maskuliniteten truga av å ha omsorg for barn, heller tvert imot. Bravo!

For ei kjapt blikk på debatten som pågjekk tidlegare i år: Les gjerne her eller her. Les synspunkta til nokon som er enige med meg her, eller nokon som er uenige med meg her.

Og skriv gjerne ein kommentar om kva DU meiner!