Posts Tagged ‘mamma mia’

Mamma mia!

juli 18, 2008
UIP    

Foto: UIP

What a night… Dot dot dot! 

Som namnet på bloggen min tilseier, har eg ein tendens til å la meg rive med.. Idag har eg berre ein ting å seie: Ta beina fatt og spring i full fart for å sjå Mamma mia-filmen! Eg såg den for andre gong i forgårs, og fleire skal det bli.

 

 

 

 

Dette er spikertynn søtsuppe og karikerte klisjear, men it doesn’t matter! FOR EIT KICK! 🙂 Denne filmen er eit fyrverkeri, ei energibombe og uimotståeleg sjarmerande. Den trår klampen i bånn fra første sekund og tar rett og slett heilt av! Sjefen sjølv, Meryl Streep, er både dancing queen og drama queen, og høgdepunktet er når ho syng «The winner takes it all» så rått og lidenskapleg at frysningane varar lenge etterpå. Og Pierce Brosnan overraskar! Når sjølvaste 007 kastar seg ut i sang og dans, er det nesten så ein ikkje trur det ein ser: Han tullar ikkje – han meinar det. Det er så ektefølt og inderleg at det er ikkje til å tru.

Eg er veldig glad for at eg har evnen til å ta hemningslaust av over ein fjollete film. Denne evnen delar eg med ein filmanmeldar utanom det vanlege, nemleg fargeklatten Arild Abrahamsen i Stavanger Aftenblad. Les hans anmeldelse av Mamma mia her, så forstår du kva eg meinar. 

Thank you for the music!