Posts Tagged ‘pappaperm’

Heia pappa!

august 19, 2008

Eg har veldig god tru på norske menn. Eg trur dei er opptatt av å vere gode fedre, og eg trur dei ønsker seg mest mulig tid med barna sine. Det var derfor gledeleg å lese om kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i VG i forgårs. Han er nettopp ferdig med åtte veker pappaperm, og setter nå søkelyset på dei positive sidene ved dette. Han anbefalar alle fedre å ta ut så mykje permisjon som mulig, og understrekar viktigheten av å vere aleine med barnet for å unngå å gjere seg til «reserve». Applaus til Solhjell, som går føre med eit godt eksempel!

Eg har tidlegare skrive eit innlegg om meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen, og eg er hjertens enig med Solhjell i denne saka. Og det trur eg dei fleste er. Få vil betvile dei positive sidene ved meir permisjon til fedrene. Likevel er det ein del menn som ikkje tar ut heile fedrekvoten. Ifølge ferske tal fra NAV avstår fire av ti fedre fra å ta ut heile sin permisjonskvote på seks veker. Kva er grunnane til dette? Grovt sett kan årsakane delast i to; personlege grunnar, og grunnar som skuldast systemet slik det fungerar idag. 

På det personlege plan er det framleis ofte ei oppfatning av at det er kvinner som har hovudansvaret når eit barn blir født, og at det derfor ikkje vil følast naturleg eller nødvendig å ta ut pappaperm. Mange vil ikkje «ta» noko av permisjonen fra mora, og tar derfor ikkje ut meir enn fedrekvoten på seks veker. Ofte kan nok mødrene også vere motvillige til å dele permisjonstida med faren. Eit anna viktig forhold er arbeidsgivaren sine haldningar; mange forteller om sterk motvilje fra arbeidsgivar dersom dei ønsker å ta ut permisjon. I tillegg er systemet grovt diskriminerande, ifølge advokat Tanja Dahl Ødegaard som uttala seg til VG igår. På grunn av regelverket vil mange tape økonomisk på å ta ut pappapermisjon, fordi utbetalingane fra Folketrygda er begrensa oppad til 6G (ca 420 000 kr). Sidan kvinner i snitt fortsatt tjener mindre enn menn, vil mange ha meir å tape økonomisk dersom mannen har permisjon i forhold til dersom kvinna har permisjon. Farens rett til å kunne ta ut permisjon er også avhengig av om mora har opparbeida seg rett til foreldrepenger. Dersom mora har vore student, utan jobb, uføretrygda eller heimeverande i tida før ho får barn, vil heller ikkje faren ha rett til foreldrepenger. Dette er utvilsomt diskriminering av faren som omsorgsperson, og det er sterkt ønskeleg at også fedre får sjølvstendig opptjeningsrett.

At fedre får meir tid saman med barna sine, er ikkje anna enn rett og rimeleg, og det vil definitivt ha positive ringvirkningar for heile familien. Forhåpentlegvis vil den positive utviklinga fortsette, slik at endå fleire vil følge Solhjell sitt eksempel. Både haldningane og systemet må forbetrast for å oppnå dette!