Posts Tagged ‘patriotisme’

God bless America!

september 20, 2008

 

Torsdag for ei veke sidan var det 11.september. Eller 9/11 som dei kallar dagen her i USA. Dagen blei markert over heile nasjonen, og fekk brei dekning i samtlige aviser og tv-stasjonar. På kvelden hadde CNN ei omfattande spesialsending med dei to presidentkandidatane. Det var ei interessant oppleving, og det slo meg i kor sterk grad patriotisme står på dagsorden her i USA. Dagen etter leste eg tilfeldigvis magasinet Time på eit venterom. Her var fenomenet patriotisme omtalt over ein fleire siders reportasje, og både McCain og Obama uttalte seg om kva patriotisme betyr for dei personleg. Desse to hendingane fekk eg til å tenke..

I kor stor grad er det ein bevisst patriotisme i Norge? Unntatt på 17.mai og i samband med store idrettsarrangement? Er dette noko me tenker på? Å elske og ære fedrelandet? Nordmenn kan definitivt vere nasjonalistiske og sjølvgode til tider, men etter nærkontakt med den amerikanske patriotismen verkar plutseleg Gro sin «typisk norsk å vere god» som ein lettvektar. Patriotismen når sjølvsagt nye høgder på dagar som 9/11, men likevel: eg trur den amerikanske nasjonalfølelsen er spesiell. Temaet for dei timelange samtalane med McCain og Obama på CNN 11.september var korleis du best kunne «serve your country», altså tjene landet ditt. Dette med «service» er eit begrep dei brukar i vid betydning. Ein kan tjene landet ved å gå inn i militæret, ved å ta på seg verv i samfunnet, engasjere seg i frivillig arbeid, gjennom organisasjonsarbeid eller ved dugnadsarbeid i nabolag og lokalsamfunn. «Americans are exceptional», kunngjorde McCain, men ville ikkje heilt svare direkte på om amerikanarar er betre enn folk fra andre land. «USA is the greatest country in the world», proklamerte Obama når hans tur kom. Og ikkje at eg tvilar på at dei meinar det, men dette MÅ dei faktisk seie. Det er heilt avgjerande å gi uttrykk for sin patriotisme i valgkampen. Ellers blir det ramaskrik! Som når Michelle Obama sa: «..for the first time in my adult lifetime, I am really proud of my country». Tenk å antyde at ho ikkje alltid har vore stolt over landet sitt..! Obama har også fått så øyrene flagra fordi han har stilt opp utan den obligatoriske flagg-pin’en på dressjakken. Det er blitt stilt spørsmål ved om hans patriotisme er djup og ektefølt nok.

Med John McCain er det annleis, han blir i Time-artikkelen omtala som «eit vandrande amerikansk flagg».. McCain snakkar i Time-artikkelen om «Why service is our strength» og om det å tjene eit formål større enn seg sjølv. Det er nesten som om det har noko religiøst over seg. USA er som eit heilagt formål som alle amerikanarar skal elske, ære og i særdeleshet tjene. Alle har ei plikt til å tjene landet sitt, for å gi noko tilbake i takknemleghet for alt det landet har gitt dei. Denne tankegangen får meg til å tenke på John F. Kennedy sitt berømte sitat: «Ask not what your country can do for you, ask what you can do for your country». 

Eg vil våge å påstå at det er relativt låg bevissthet rundt dette perspektivet heime i Norge. Tenker me på kva me kan gjere for landet? Tenker me på korleis me best kan gjere vår patriotiske plikt og tjene landet? Nei, me tenker vel meir på korleis landet kan tjene oss på best mulig måte. Korleis kan me få utnytta oljemilliardane på best mulig måte for oss? Kva parti og kva politikk vil tjene meg best..? Kvifor får eg ikkje det eg har krav på? Kvifor har eit så rikt land problemer i helsevesenet eller dårlege vegar? For ikkje å snakke om bensinprisen.. Og så vidare. 

Men er det ønskeleg å adoptere den ekstreme formen for patriotisme som er idealet her i USA..? Eg trur kanskje ikkje det… Det er verkeleg too much. Truleg har vanlege amerikanarar meir mangfoldige og nyanserte syn på dette, men den retorikken som blir brukt av politikarar på stemmefiske grensar nært mot arroganse og nedvurdering av andre folkelag og andre kulturar. 

Men å vere litt meir takknemlege for at me også er heldige og bur i eit eksepsjonelt land, og litt meir fokus på å yte i tillegg til å kreve – tja, det hadde kanskje vore ein ide..?