Posts Tagged ‘pensjon’

In a rich man’s world?

august 7, 2008

Igår kunne ein lese om 66 år gamle Else Johansen i Aftenposten. Ho har oppdratt fem barn og vore adm.dir. i «familiebedrifta AS» i alle år. I tillegg har ho vore aktiv i arbeidslivet nesten like lenge som sin mann. Sjokket var derfor stort då ho nylig fant ut at ho kjem til å bli tilnærma minstepensjonist, medan mannen blir belønna med ein svært god pensjon. Dette er eit klassisk tilfelle, og blir i artikkelen omtala som «minstepensjonistfella». Kvinner som har prioritert familien og tatt hovudansvaret for barn og heim, har gjerne jobba ein del deltid og vore litt inn og ut av arbeidslivet – og blir derfor minstepensjonistar. 

Remember... Be independent! 🙂

Er dette lønn som fortjent? Absolutt ikkje. Omsorg for barn og ansvar for hus og heim er også eit arbeid som må gjerast. Eg trur neppe mannen hennar hadde oppnådd ein like gullkanta pensjon dersom ikkje kona hadde tatt seg av nettopp desse oppgavene. I deira generasjon er denne type arbeidsfordeling regelen heller enn unntaket. Dette skapar ei stor gruppe kvinnelege pensjonstaparar. Men også blant unge kvinner idag er det vanleg å ta hovudansvaret heime, og gjerne jobbe deltid. Spørsmålet er om dei er bevisst kva følger dette kan få for framtidig økonomi og pensjon. 

Kvinnesiden.no har som formål å bevisstgjere kvinner i forhold til eigen privatøkonomi. Siw Ødegaad er ansvarleg for økonomistoffet, og ein artikkel ho skreiv på kvinnedagen i fjor fanga mi interesse. «Kvinner velger feil», skriv ho. Ho påpeikar at kvinners valg er til direkte hinder for økonomisk likestilling. 

Kva er det som gjer at me ikkje har økonomisk likestilling i Norge idag? Ein av grunnane er åpenbart at kvinner tjener dårlegare enn menn. Lønnsforskjellen mellom kjønna er heile 15%. Kvinner velger framleis tradisjonelt i forhold til yrke, og typiske «kvinneyrker» har dessverre låg lønn. I tillegg jobbar kvinner ofte deltid; ifølge Ødegaard er det kun 4 av 10 kvinner som jobbar fulltid. Det er interessant at tidleg i yrkeslivet er lønnsforskjellane mindre, medan dei aukar når ein etablerer familie. Då tar kvinner mesteparten av permisjonen, er mest heime med sjuke barn og går gjerne ned i deltid eller sluttar i jobb ein periode dersom det trengs. Og eg trur ofte det trengs. Det er ikkje vanskeleg å forstå at tidsklemma kan ramme mange familiar, og det er heller ikkje vanskeleg å forstå at ein ønsker å prioritere samvær med barna medan dei er små. Det som er verre å forstå, er kvifor det alltid er kvinnene som tar dette ansvaret? Etter mi meining burde begge foreldra prioritert familien i småbarnsperioden. 

Kva kan grunnane vere til at det er kvinner som oftast tar hovudansvaret heime og prioriterer familien, medan det  oftast er mannen som tar hovudansvaret for økonomi og prioriterer karrieren..? For all del, det har utvilsomt skjedd ei positiv utvikling på denne fronten dei siste åra, men likevel; særleg når ein etablerer familie ser ein at mange velger eit forbløffande tradisjonelt familiemønster. Er det biologiske grunnar til dette? Har kvinner sterkare dragning mot å passe barn og heim, eller betre utvikla omsorgsevner? Er kvinner mindre opptatt av penger og karriere? Synest kvinner det er greit å bli forsørga? Eg trur ikkje det. Eg trur heller dette har med sosiale forventningar å gjere. Det er ei sterk forventning i samfunnet om at kvinner skal prioritere familien. Kvinner blir fortsatt sett rart på dersom dei begynner å jobbe 3 månadar etter fødselen, eller dersom dei prioriterer karriere framfor barn og familie. Det er noko unaturleg over det, som gjer folk usikre i møte med slike utradisjonelle valg. 

Men er det egentleg nødvendig med økonomisk likestilling, da? Er det i det heile tatt ønskeleg? Dersom paret trives med den tradisjonelle arbeidsfordelinga og er enige om å ha det slik, kva er då gale med det? Nei, ingenting er gale med det. I prinsippet. Og dersom dei har felles økonomi, og tilhøyrer dei heldige som har eit ekteskap som «lever lukkeleg alle sine dagar»; ja då treng det ikkje eingong medføre problemer. Men faktum er at over 50% av ekteskap endar i skilsmisse, og for samboarskap er statistikken endå verre. Det bør ein tenke på før ein setter seg i ein situasjon der ein i praksis er økonomisk avhengig av ektefellen/samboaren sin.

Kva bør gjerast for å betre den økonomiske likestillinga? Kvinner velger tradisjonelle kvinneyrke med låg lønn, og eg er ikkje sikker på om det er så mykje å gjere med dette. Eg synest det er positivt å velge utdanning og yrke utfra evner og interesser, heller enn utfra lønn og status. Og det er nå eingong slik at kvinner og menn har ulike interesser og preferanser i så måte. Men når det er sagt; dei som er interessert i å velge utradisjonelt, det vere seg jente eller gutt, bør oppmuntrast til dette. Og ein bør stimulere tiltak som kan gi jevnare kjønnsfordeling i yrker der dette trengs. Ein bør også jobbe for å få fleire heile stillingar, slik at ingen skal bli nødt til å jobbe deltid fordi dei ikkje får full stilling. Eit anna tiltak er å få opp lønna i dei såkalla «kvinneyrkene». Anders Folkestad i Unio «ber Jens tette lønnsgapet», kunne ein lese i Dagsavisen nylig. Han støttar Likelønnskommisjonen sitt forslag om å sette av tre milliardar kroner for å heve lønningane for typiske kvinneyrke opp til nivået for mannsdominerte yrke i same sektor. Omsorgsarbeid bør også verdsettast høgare. I så måte har ein tatt eit lite steg på vegen med den nye pensjonsreformen, der ein kan få såkalla omsorgspoeng i inntil seks år og dermed skal bli mindre straffa for å vere heime med små barn.

I tillegg til dei nevnte tiltaka trur eg at ei bevisstgjering omkring desse forholda er av stor betydning. Både kvinner og menn må vere bevisst konsekvensane av dei valg dei gjer! Visst kan det virke litt trasig å sette seg inn i økonomiske spørsmål og reglane for pensjonspoeng.. Men det kan fort bli meir trasig dersom ein ikkje gjer det. «Jeg hadde drømt om å bruke en god pensjon til å reise og kose meg», avsluttar Else Johansen. Fordi ho hadde fortjent det.