Posts Tagged ‘Sarah Palin’

Pro-choice vs pro-life

oktober 12, 2008

På CNN si nettside kan ein idag lese at Sarah Palin går til frontalangrep på retten til sjølvbestemt abort. Ho er motstandar av abort i alle tilfeller unntatt der mora sitt liv er i fare. Det vil seie at ho også er i mot abort dersom ei kvinne blir gravid etter voldtekt eller incest. Dette er ekstreme meiningar i norsk målestokk. Rett nok vil KrF innføre visse restriksjonar på retten til sjølvbestemt abort, men eg trur ikkje det er så veldig mange fleire enn Ludvig Nessa og Børre Knudsen som vil gå like langt som Palin. Men i USA er denne debatten høgst levande. Landet deler seg mellom dei som er pro-choice og dei som er pro-life. Pro-choice vil seie å vere tilhengar av retten til sjølvbestemt abort, medan pro-life er beteikninga på dei som er motstandar av abort og vil kjempe for fosteret sin rett til liv. Litt forenkla kan ein seie at dei fleste konservative republikanarar er pro-life, medan dei fleste demokratar er pro-choice. Spørreundersøkingar utført i 2007 viste at denne saka deler landet i to, omtrent halve befolkninga på kvar side. 

Korleis er regelverket for abort i USA idag? Den nåverande praksisen baserer seg på ei presedens-skapande sak fra 1973, kjent som Roe vs Wade-saka. Høgsterett fastslo då at å forby abort i første trimester (første 3 mnd) var å rekne som grunnlovsstridig. Dette hovudprinsippet gjeld fortsatt. Detaljar rundt andre forhold, som informering av foreldre, obligatorisk veiledning, og abort etter første trimester, varierar noko fra stat til stat. Sarah Palin og John McCain vil oppheve Roe vs Wade-dommen, og sterkt innskrenke muligheten for abort. Barack Obama vil behalde praksisen som den er, og er dermed tilhengar av kvinner si rett til sjølvbestemt abort. Til nå i valgkampen har Palin unngått å fronte sine ekstreme meiningar i abortsaka, truleg fordi republikanarane har vore redde for at dette kunne skremme vekk sving-velgarar og kvinner. Når ho nå tydelegvis har fått klarsignal til å ta bladet fra munnen, kan det virke som om hennar meiningar er stuereine for John McCain og hans stab. Det er skremmande nyheter. John McCain er nemleg på langt nær like ultrakonservativ og ekstrem som Palin og den mest konservative basen i partiet. Men ved å velge Palin som visepresidentkandidat og gi henne klarsignal til å fronte meiningar som dette, signaliserer han ein annan kurs. Eg har vanskeleg for å sjå kva han kan vinne på dette. Palin sine sosialkonservative haldningar til mellom anna abort appellerar sterkt til den konservative basen i partiet, men eg kan ikkje forstå anna enn at denne velgargruppa vil støtte dei uansett. Burde dei ikkje heller prøve å tiltrekke seg ubestemte velgarar som befinner seg meir i det politiske sentrum, og sving-velgarar som byttar på å sympatisere med dei to partia? 

Det er dårlege nyheter for kvinner i USA at Palin og så mange andre ønsker å sette kvinnesaka minst 50 år tilbake i tid, til ei tid då kvinner ikkje hadde rett til å bestemme over sin eigen kropp eller sitt eige liv. Dei seier at dei er pro-life, men det er ikkje kvinner sine liv dei kjempar for. Abort er ikkje ei enkel sak, og alle si personlege meining bør respekterast. Men å frata kvinner denne retten til sjølve å velge, er vanskeleg å tolke som noko anna enn eit brudd på ein grunnleggande menneskerett. La oss håpe håpe amerikanske kvinner får behalde «a woman’s right to choose».

Dei skitne ords taktikk

oktober 8, 2008

«The high heels are on, and the gloves are off.» Silkehansken er kasta, katta er ute av sekken, og me leikar ikkje lenger valgkamp. I krig og politikk er alt lov! Eller..? Både McCain og Obama har offentleg bedyra at dei vil drive ein annleis valgkamp, utan personangrep og skittkasting. Når me nå likevel er vitne til ein valgkamptaktikk kalla «The Kitchen Sink Strategy», der skitt og grums blir kasta i utslagsvasken og ut til velgarane, er det tydeleg at maktbegjæret kan gjere at ein går på akkord med sine noble prinsipper.

John McCain har vore ein respektert mann i Senatet, på tvers av partia, og han har framstilt seg sjølv som ein moralsk, hederleg og prinsippfast kandidat. Men trengt opp i eit hjørne, med kniven på strupen, har pipa fått ein annan lyd. Republikanske strategar seier det rett ut: Dersom me snakkar om økonomien, tapar me valget! Ein dag utan fokus på økonomi eller Irak, er ein god dag for McCain. Men bailout-planen har ikkje løyst situasjonen, og dei økonomiske problema er meir i fokus enn nokon gong. Dette passa McCain dårleg. Desperasjonen har gitt seg utslag i den mest nedrige strategien av dei alle, ondsinna personangrep og tydeleg appell til folks framandfrykt. «Who is the real Barack Obama..?» spør han retorisk, med eit megetsigande og skeptisk blikk mot forsamlinga. «A terrorist!» brølar ein av tilhøyrarane. Sarah Palin har imidlertid fått hovudansvaret for skittentøysvasken, og ho har på kort tid gjenoppliva alle dei potensielle skjeletta i Obama-skapet. Samtlige historiar er avslørt og oppklart for lenge sidan, men kva gjer vel det; når dei tjener sitt formål om å så tvil om personen Obama og hans hensikter. Sjølv om ho ikkje går så langt som den overivrige tilhøyraren hos McCain og eksplisitt kallar han ein terrorist, antydar ho at han har tette bånd til terroristar: «Our opponent is someone who sees America as being so imperfect that he’s palling around with terrorists.» Fra publikum høyrer ein at nokon ropar: «Kill him!» Sjølvsagt kan ikkje McCain og Palin haldast ansvarlege for kva enkeltpersonar i folkemengda kan finne på å ytre, men dei bør kanskje spørre seg sjølve kva klima dei skapar med ein slik retorikk. 

Dessverre har heller ikkje Obama holdt seg for god til å komme med skitne personangrep. I ein tv-reklame drar kampanjen hans fram igjen den såkalla Keating-skandalen, og prøver å knytte McCain til denne. Etter mi meining burde han ha heva seg langt over dette desperate forsøket fra McCain på å snu fokuset fra sak til person, og kjørt sitt eige løp. Undersøkingar viser at velgarar mislikar personangrep, og det er lett å forstå at dette lett kan bidra til politikarforakten mange føler. Så kvifor gjere det likevel..? Eg trur bakgrunnen er at sjølv om dei fleste er enige om at dette oftast er ondsinna og irrelevante avsporingar fra dei viktige sakene i valgkampen, vil deler av budskapet kunne klistre seg til folk sin underbevissthet. Ved å spele kynisk på frykt for det ukjente, spelar ein på følelsar som ikkje alltid fornufta kan styre. Og følelsar er viktig når folk velger kven dei skal gi sin stemme. Når McCain-kampanjen nå innser at dei ikkje kan vinne debatten om den viktigaste saka for amerikanarar flest, økonomien, håpar dei nå at «The Kitchen Sink Strategy» på mirakuløst vis kan bli ein gamechanger. 

Men svertekampanjane og skittkastinga foregår ikkje på høgaste hald. McCain og Obama voktar seg vel for å få skitt under neglene. Det er valgkampstrategar, bakmenn og -kvinner, og ikkje minst ein pitbull med lipstick som gjer «the dirty work». I kveld har den andre presidentdebatten mellom McCain og Obama gått av stabelen, og det er påfallande kor låg risiko dei tar. Det er stram regi, innøvde replikkar, ingen uventa utbrudd, ingen blir pressa til verkeleg å svare på spørsmåla, og ingen egentleg debatt kandidatane i mellom. Dei berre byttar på å gjenta sine mantra. Det er nesten slik at dersom McCain eller Obama begynner på ein setning, ja då kan eg avslutte den.. Det er forutsigbart og trygt, og så absolutt å foretrekke framfor skittkasting. Men akk, så kjedeleg.. Det er nesten så ein kan få lyst til å dra ein Sarah Palin: Get the high heels on and the gloves off! Men berre nesten…

Biden vs Palin: Med silkehanskar og manus

oktober 4, 2008

 

«Can I call you Joe..?» Slik starta debatten me alle har venta på; visepresident-debatten mellom Joe Biden og Sarah Palin. Forventningane til debatten har vore skyhøge, vel og merke mest på grunn av den potensielle underhaldnings-verdien. Den foreståande debatten har vore eit ynda samtaleemne på lunsjrommet heile veka. Men på jobb idag var dei ei litt oppgitt stemning, sidan debatten viste seg å bli noko kjedeleg og tannlaus. Mest fordi det ikkje var ein reell debatt med direkte ordskifte kandidatane i mellom, meir ei veksling mellom to separate monologar. Biden og Palin – kontrasten kunne knapt vore større.. Ingen vil påstå at dei er på samme politiske nivå, eller at dei stiller som likeverdige debattmotstandarar i denne samanhengen – og begge var fullstendig klar over dei minefelta dette medfører. Derfor hadde dei kvar sin agenda, og kjørte kvart sitt løp. Biden var beherska og disiplinert, og unngjekk demonstrativt å angripe eller utfordre Palin direkte. I staden retta han skytset mot høgare hald, mot den sittande regjeringa og mot McCain. Han viste som forventa bunnsolide kunnskaper og gode debattegenskaper. Eg skulle nok ønske at han hadde konfrontert Palin i litt større grad, men truleg hadde han klare instrukser om å ta silkehanskane på og ikkje risikere noko. Palin sitt mål for kvelden var å sjarmere flest mulig «Joe Six-Packs» og «Hockey-Mums» der ute, med folkeleg image, enkelt språk og «straight talk» rett inn i kamera. Ho gjer eit stort nummer ut av si rolle som ein Washington-outsider, og forsøker etter beste evne å snu si manglande erfaring til noko positivt. Ho lukkast nok delvis med å kommunisere til målgruppa si, ho unngjekk dei aller største tabbane, og tatt i betraktning kor lågt lista låg klarte ho seg betre enn mange forventa.

Når det er sagt, er det nesten noko karikert over den overtydelege folkelegheita hennar. Og det er ikkje berre fordi eg har Tina Fey sin legendariske parodi i bakhovudet. Ho blunkar mot kamera, puttar «darn right» og «heck» inn i annankvar setning, og viser stadig til sin småbybakgrunn: «You know what I did back home in Alaska..?!» Dette kunne kanskje vore sjarmerande trekk i ein annan samanheng, eller dersom ho faktisk hadde noko substans å fare med i tillegg. Men under debatten igår svara ho konsekvent ikkje på spørsmåla, og leste i staden opp forhåndsfabrikkerte svar fra notata sine. Det var i periodar direkte komisk. Så mykje for «straight talk».. Ho innrømma det til og med, ved å seie ting som at «eg vil heller snakke om…» eller «eg svarar kanskje ikkje på spørsmåla, men eg vil snakke rett til det amerikanske folk». God dag Palin, økseskaft! For min del var botnen nådd då ho sa følgande om dei globale klimaendringane: «Eg vil ikkje krangle om kva som er årsakane.. Let’s just fix the problem!» ER DET MULIG..?! Som Biden repliserte: «Dersom ein ikkje veit årsakane, er det komplett umulig å komme opp med ei løysing!» At ein slik kommentar kan glippe ut ved ei enkelt anledning kan vere forståeleg, som då ho sa nærmast det samme under det fatale intervjuet med Katie Couric forrige veke. Men å gjenta det under den velregisserte visepresidentdebatten – det er verkeleg godt gjort. Sarah Palin er sikkert dyktig på mange områder, men å vere visepresident i USA er ikkje nokon spøk, særleg ikkje dersom presidenten er ein 72 år gammal kreftoperert mann. Då bør ein ha den erfaringa og faglege tyngden som gjer ein kompetent til å kunne ta over som president. Det har ikkje Sarah Palin, og eg meiner det er direkte uansvarleg av republikanarane å velge ein inkompetent kandidat i eit desperat forsøk på å sanke stemmer ved populistisk gambling.

Kollegane mine er definitivt ikkje i hennar målgruppe, og stemninga på lunsjrommet vårt er ikkje eit godt barometer på hennar popularitet. Mange meinar då også at sjølv om Biden objektivt sett vant debatten, så lukkast ho med sin strategi. Men ein skal vere forsiktig med å undervurdere dei mange «Joe Six-Packs» og «Hockey-Mums» rundt om i landet. Eg håpar og trur at mange nok tar til fornuft og seier «thanks, but no thanks» den 4.november.

Joker nord?

september 20, 2008

 

«Women on the move from Clinton to Palin». Denne saka er henta fra dagens Metro, ei gratisavis mange leser på T-banen her i Boston. Og nettopp dette var min aller første tanke då eg høyrte at McCain hadde valgt ein kvinneleg visepresidentkandidat; nå prøver han å kapre Hillary-stemmer! Lite visste eg då kven denne Sarah Palin-figuren var. Like ukjent var ho for dei fleste amerikanarar. Som guvernør i Alaska og utan rikspolitisk erfaring var ho eit mildt sagt overraskande valg som visepresidentkandidat. Om valget slo ned som ei bombe, meiner vel nå mange at ho er å ansjå som ei laus kanon på dekk. Minimal politisk erfaring, høgreekstrem og ultrakonservativ er nokon av karakteristikkane. Nokon meiner til og med at ho er «gal» eller «farleg». Ho er mellom anna motstandar av abort under alle omstendigeter, også etter incest eller voldtekt. Ho er mot all lovregulering av våpenbruk, ho er for oljeboring i Alaska sine nasjonalparkar, og ho har uttalt at krigen i Irak er på oppdrag fra Gud. Ekstremt, altså. 

Men likevel. Stadig blir det snakka om Palin-effekten. Hennar image som «hockey-mum med lipstick» slår an hos mange. Republikanarane fekk ein merkbar oppsving etter valget av visepresidentkandidat. Ho er på alles lepper, med eller utan leppestift. Vekas store samtaleemne på jobb har vore Tina Fey sin oppsiktsvekkande parodi av henne på Saturday Night Live forrige lørdag. Så, kven kan vere Norges svar på Sarah Palin..? Det einaste navnet som dukkar opp i hovudet mitt er Eli Hagen. Folkeleg appell, frittalande, høgt hår, og plassert godt til høgre politisk..

Kven er det denne dama appellerer til..? For det første var valget av Sarah Palin ei utstrakt hand til dei mest konservative delene av partiet. John McCain har ikkje vore dei ultrakonservative sin favoritt, og han har heller ikkje fullt så ekstreme sosialkonservative synspunkt som Palin. Med å velge henne, sikra han seg derfor full støtte fra denne velgargruppa. Men denne gruppa kunne han truleg ha tilfredsstilt også ved å velge nokon andre fra ytterste høgre fløy i partiet. Derfor trur eg at det er like viktig at Palin vekkar begeistring i ei anna gruppe; nemleg kvinnelege velgarar fra middel-/arbeidarklasse som har sitte litt på gjerdet etter at Hillary var ute av dansen. Unekteleg vanskeleg å forstå at ein kan gjere eit kvantesprang over fra Hillary til Palin sånn utan vidare – dei deler ikkje akkurat politisk ståstad. Men mange var kanskje litt under middels politisk interessert og usikre på kven dei skulle stemme på, og kan nå vere tilbøyelege til å sympatisere med denne friske pusten fra nord. Som den 51-årige kvinna i Metro-reportasjen seier: «She’s a down-to-earth mom like me. She has a basic knowledge of what it means to be middle class». Ho blir oppfatta som folkeleg og sympatisk, og representerer for mange noko nytt og friskt. Det same kan vere tiltrekkande for velgarar som kanskje ikkje hadde tenkt å avgi stemme, og for såkalla «swing-voters»; velgarar som svingar mellom å foretrekke dei to partia.

Eg trur sistnevnte grupper var utslagsgivande når McCain skulle velge sin kandidat. Eller, truleg var det ikkje hans valg. Han hadde berre truffe Sarah Palin ein einaste gong før, og det blir sagt at ho neppe var hans førstevalg. Dette var overveiande sannsynleg eit reint strategisk valg av dei republikanske valgkampstrategane som står bak McCain. Når Obama valgte trygt og traust i den politisk erfarne Joe Biden, satsa republikanarane friskt og har klart å sette dagsordenen sidan. Politiske kommentatorar her i USA meiner at dette aldri hadde skjedd dersom Barack Obama hadde valgt Hillary Clinton som visepresidentkandidat. Då ville ikkje velgarpotensialet i tomrommet etter henne vere til stades lenger, og noko av den mulige gevinsten derfor utanfor rekkevidde. Ingen veit om Hillary har fått tilbudet og takka nei (til å vere nummer to nok ein gong..), men faktum er iallfall at i staden for Hillary kan me nå risikere at Sarah Palin blir første kvinnelege president i USA. La oss håpe det forblir eit skrekkscenario. Thanks, but no thanks!