Posts Tagged ‘sex and the city’

I couldn’t help but wonder…

juli 16, 2008

Slik startar skribenten Carrie Bradshaw sine betraktningar i avisspalta med same namn som serien og filmen Sex and the City (SATC). Og eg kan heller ikkje la vere å undre: Kva er det som gjer at SATC framleis oppnår store overskrifter? Den amerikanske tv-serien om dei fire venninnene i New York var eit friskt pust og til dels kontroversiell då den starta i 1998. Den 6.juni hadde filmen basert på tv-serien premiere i Noreg, noko som har medført rekordstort førehandssal og betydeleg medieomtale. SATC har ikkje gått av moten.

Rollefigurane er fire sterke og sjølvstendige kvinner i 30-40 åra som spelar hovudrolla i sitt eige liv. Og som menn har gjort på lerretet i årevis, tar dei for seg av det Manhattan har å by på, det vere seg cosmopolitans eller menn. Den raude tråden er likevel det vennskapen og samhaldet dei støttar seg til gjennom smått og stort, gjennom medgang og motgang. Store dosar humor, sarkasme, legendariske sitat og sjølvironi er viktige tilleggsingrediensar. Og visst kjem det heile i fin innpakning! Mote, designerplagg, vesker og ikkje minst sko gjer det heile til ei frydefull og uoppnåeleg visuell oppleving. Det er lett å vere einig i noko av kritikken mot SATC, særleg dette som gjeld den konsumkulturen serien representerar. Eit anna paradoks er at dei ”single and fabulous” jentene stadig er på jakt etter den store kjærleiken. Eg har imidlertid høyrt serien bli samanlikna med ei god venninne: ikkje perfekt, men ein er veldig glad i henne likevel.

Som stor tilhengar av serien har eg sjølvsagt følgt nøye med på medieomtalen i kjølvatnet av premieren. Mykje er blitt sagt, men mest slåande er den dirrande peikefingeren som stadig dukkar opp. Nokon lar seg tydelegvis kraftig provosere og opprøre av denne filmen. SATC blir skulda for å vere egoistisk, overflatisk, materialistisk, å oppfordre til bruk-og-kast av menn og for å undervurdere kvinner. Ikkje lite! Folk må sjølvsagt få meine akkurat kva dei vil om SATC. Mest interessant er det imidlertid at ikkje berre filmen, men også me som ser den, blir gjenstand for nedsetjande karakteristikkar (blant anna i mange anonyme kommentarar til anmeldelsen i BT). Me er angiveleg egosentriske shopoholikarar som bryr oss meir om å skaffe oss Manolo Blahnik-sko enn om kva som skjer elles i verda. Me er prinsesser som leitar etter draumeprinsen. Og i svenske Aftonbladet: Dersom me likar SATC, fortener me berre halvparten av lønna til menn. Eg har ikkje tenkt å ta dette alvorleg, men det er likevel eit symptom på at dette er eit fenomen som opprører enkelte. Kva er grunnen til dette?

Eg håpar verkeleg ikkje at ein serie om fire sjølvstendige kvinner verkar trugande på nokon i år 2008.  Jentene er blitt kalla dei nye feministiske forbilda, men i så måte var serien frekkare i frasparket enn kva filmen er. I filmen har dei dessverre gått litt i Hollywood-fella og jakta på kjærleiken er det dominerande temaet.  Dette kan vel ikkje vere sprengstoff?

Kritikken kretsar stadig rundt den ytre innpakninga. For oss som kjenner serien er SATC så mykje meir enn dette sukkerspinnet på toppen. Men sjølv om det ikkje hadde handla om anna enn sex og mote – kva så? Er det noko gale med rein og skjær underhaldning? Vanlegvis ikkje. Det er ingen som tillegger menn spesielle personlege eigenskapar fordi om dei er lidenskapleg opptatt av James Bond eller andre actionheltar. Men også her er me i høgste grad vitne til materialisme, produktplassering, dyre bilar, og så absolutt bruk-og-kast av kvinner. Men på eit vis er typisk kvinnelege interesser som mote og shopping mykje lågare på rangstigen enn typisk mannlege interesser som spreke bilar eller dyrt sportsutstyr.

Så kanskje har det litt med kjønnsroller å gjere likevel? Enkelte meiner tydelegvis at kvinner ikkje skal kunne seie ”ja takk, begge deler”. Me skal ikkje kunne drøyme oss vekk med SATC og samstundes behalde vår integritet og oppnå respekt. Eg verken håpar eller trur at dette er ei utbredt haldning, då den vitnar om eit avgrensa handlingsrom for kvinner. Mens det me eigentleg treng, er eit større perspektiv i feminisme-begrepet og større aksept for ulike livsvalg, noko eg meiner SATC er eit positivt bidrag til.

Sjølv om me likar SATC, kan me vere opptatt av andre ting også. Sjølv om me likar SATC, er det ikkje sikkert at den største draumen vår er å få ei Louis Vuitton-veske. Sjølv om mi gode venninne er hardnakka SATC-fan, er ho også meir sosialt engasjert og reflektert enn dei fleste eg kjenner. Til høsten flyttar ho til Uganda for å jobbe med AIDS-saka for FN. Eg håpar ho tar shoe-box’en med heile SATC-serien med seg. Ja takk, begge deler!