Posts Tagged ‘skihopp’

Hipp hopp hurra!

februar 21, 2009

Kilde: Scanpix (www.dagbladet.no)

Kilde: Scanpix (www.dagbladet.no)

 «En historisk dag for damene», skriv Marte på bloggen sin idag. Eg kunne ikkje vore meir enig. Dessverre fekk eg ikkje sjølv vere augevitne til det første VM-hopprennet for kvinner, men pyttsann; eg kan skrive om det likevel!

Det har vore ei lang ferd mot VM-skihopping for jentene. Eg har sett mang ein diskusjon og debatt om dette dei siste åra. Bakstreverske haldningar og fordommar har skjult seg bak tilsynelatande velmeinande argument som at «sikkerheten må stå i fokus» eller at «bredden er ikkje stor nok». Medan det ein leser mellom linjene er at «skihopp er ikkje noko for jenter» eller at «skihopping er for farleg for jenter». Eg skal ikkje snakke stygt om Torbjørn Yggestad, eg leste på nettet at han er alvorleg sjuk. Eg lar han tale for seg sjølv: «Jeg synes det er veldig koselig at de er med. Men det kommer til å ta mange år fremover før vi får skikkelig blest og fart rundt dette med damehopp. Det finnes fremdeles for få damer med den kapasiteten som trengs for å lage et skikkelig renn», seier han på vg.no. Koseleg var ikkje det første ordet som falt meg inn, men greit nok. Han meinar det nok godt. Og eg såg jo ikkje rennet idag, men var det ikkje eit «skikkeleg renn»..?

For jentene må ikkje berre få hoppe, dei må få hoppe skikkeleg! Eg leser at den norske hopparen Line Jahr uttalar til dagbladet.no at «juryen var dritfeig» og at «det ser så jævlig dårlig ut når jentene lander på kulen». Det er viktig at utøvarane får optimale forhold, særleg sidan skihopp for jenter er ein ny sport som treng litt «blest og fart» som Yggestad seier. Idag virkar det som om farten hadde vore altfor dårleg, slik at mange landa på kulen og dei lange hoppa uteblei. Dette er jo ein sport der jentene sannsynlegvis har betre forutsetningar enn gutane. Men dei må få ein sjanse til å vise kva dei kan. Marte skriv at under rennet var ekspertkommentator og tidlegare hoppar Espen Bredesen avmålt og strekte seg ikkje lenger enn til å seie at enkelte av hoppjentene er «relativt gode». På ein slik historisk dag kunne vel superlativa sitte litt lausare..? Eller er det nokon som føler seg trua?

Vanlegvis skyr eg kommentarfelta i nettavisene, men idag kom eg tilfeldigvis over ein kommentar eg merka meg: Vedkommande som skreiv kommentaren hadde besøkt si gamle mor på sjukeheimen idag. Ho hadde tørka sine modige tårer då jentene satte utfor hoppkanten i VM. Ho var nemleg ei av dei første norske jentene som dreiv med skihopping i sin ungdom på 40-talet. Det har vore ei lang ferd.