Posts Tagged ‘sosialisme’

Better dead than red

oktober 28, 2008

«Obama said to Joe the Plumber that he wanted to «spread the wealth around». Joe the Plumber said, it sounded to him like socialism.» I denne duren har refrenget i den republikanske valgkampen gått dei siste vekene. Etter at responsen på The Kitchen Sink Strategy ikkje var optimal, og etter at terrorist-stempelet ikkje heilt klistra seg fast, fant dei ut at tida var inne for kraftigare skyts: dei henta fram s-ordet. Nei, eg tenker ikkje på satanist, sjåvinist eller svindlar.. Her i USA er verstingen blant skjellsorda eit anna s-ord: sosialist. 

Å bli kalla sosialist er sterk lut, og republikanarane valgte då også å la desse orda komme fra den nyttige idioten Joe the Plumber, i staden for å ta s-ordet i eigen munn. Røyrleggaren fra Ohio som diskuterte skattepolitikk med Obama, har fått kjendisstatus i rekordfart og blitt eit symbol for McCain sin kampanje. Obama skal i den forbindelse ha sagt noko om at alle vil få det betre dersom ein sprer velferda til flest mulig. Dette var eit utsagn som republikanarane greip med begge hender. Dette var ein gyllen mulighet til å stemple Obama som ein sosialist som ønsker å øke skattane og øke statleg styring. 

Den amerikanske frykta for sosialismen har sjølvsagt djupe historiske røtter i kampen mot kommunismen, men dessverre har denne overdrevne frykta for alt som luktar av sosialistiske ordningar gjort at mange velferdsordningar er fråverande eller lite utvikla i USA. Mangelen på eit offentleg helsesystem for alle er eit godt eksempel. Her må folk kjøpe privat helseforsikring, og kor mykje penger du kan legge på bordet vil følgeleg avgjere kvaliteten og omfanget av ordninga. Svært mange fattige i USA er heilt utan helseforsikring. Det er verkeleg uforståeleg korleis eit framståande og velutvikla land som USA kan vedkjenne seg at helsetilbud er ei vare du må kjøpe, i motsetning til eit tilbud alle har grunnleggande rett på. Eit anna eksempel er den totale mangelen på barne-, familie- og likestillingspolitikk. Kvinner som får barn i USA har ikkje nødvendigvis rett på lønna permisjon. Mange arbeidsgivarar har ei ordning som sikrar dei noko lønna permisjon, men det er snakk om veker og i dei beste tilfellene opp mot 3 månadar. Pappapermisjon eksisterer vel knapt. I tillegg er barnehage usannsynleg dyrt. Ei av mine kollegaer sa at dersom ho skulle ha dottera i barnehage, hadde det kosta henne utrulege 1800 dollar i månaden. Då eg spurte dei kvifor dette ikkje var ei sak på den politiske agendaen i det heile tatt, svara dei at det blei sett på som «socialism». Velferdsordningar finansiert av skattebetalarane sine penger blir altså lett ansett som sosialisme. 

Så til tross for at både Joe the Plumber, Joe Six-Packs og ikkje minst Hockey-Mums rundt om i landet kunne hatt god bruk for betre velferdsordningar, er det ingenting amerikanarane er meir redde for enn skatteøkning. Å forslå skatteøkning er verre enn å banne i kyrkja. Det høyrer med til historia at Obama faktisk forslår skattekutt for alle som tjener mindre enn 250 000 dollar. For dei som har personinntekt over dette vil han øke skattenivået nokon få prosent, til det nivået som var på 90-talet, før Bush sine skattekutt til dei rike blei innført. Likevel reiser McCain og Palin nå rundt i landet og skremmer folk med at Obama er ein sosialist som vil øke skattane deira. «Spreading the wealth.» Orda blir spytta foraktfullt ut, som om det ville vore det verste skrekkscenario ein kan tenke seg. Han vil TA pengene dine! McCain vil ikkje at nokon skal få økte skattar. Men så vil han heller ikkje investere i helse eller utdanning. Han vil i staden fortsette å pøse ut skattebetalarane sine penger i Irak. 

Det store paradokset er sjølvsagt at veldig mange av velgarane som McCain klarar å skremme over på si side, faktisk ville ha profittert mykje betre på Obama sin økonomiske politikk. Det frie marked og rein kapitalisme fungerer tross alt best for dei som har penger. Men med dagens økonomiske situasjon i USA er det verkeleg mange som sliter. Ved hjelp av Sarah Palin og Joe the Plumber prøver McCain seg på ein genistrek: å framstå som ein folkeleg talsmann for den vanlege mann i gata. Han vil ikkje ta pengene dine. Han vil ikkje «spread the wealth around». Han er FOR FOLK FLEST..