Posts Tagged ‘steinaldermannen’

Steinaldermannen – the missing link?

august 21, 2008

Han tilhøyrer ein sjeldan rase. Han er i utakt med si tid, og i høgste grad politisk ukorrekt. Han lar seg sjeldan observere utanfor sitt naturlege habitat, også kjent som gutteklubben grei. Er denne arten utrydningstruga? Bør han fredast eller fryktast? Eg snakkar om steinaldermannen.

Steinaldermannens våte draum?

Steinaldermannens våte draum?

Kva kjenneteiknar steinaldermannen? Ingen ytre kjenneteikn avslører hans identitet. Han kan like gjerne ha stresskoffert og slips, som skjegg og ryggsekk. Vanlegvis prøver han å skjule sine innerste meiningar i det lengste, men nokon faktorar triggar denne mannen, og då er han vanlegvis lett gjenkjenneleg. Det er nemleg eit distinkt sett av meiningar og haldningar som er steinaldermannens fremste karakteristika. Han lengtar tilbake til tidlegare ærefulle tider, då mannen var herren i huset og kvinna holdt seg der ho høyrte heime, på kjøkkenet. Han meiner at sidan kvinner og menn er forskjellige, er likestilling ein uting. Husarbeid og barneoppdragelse er kvinnfolkarbeid – sjølv ønsker han å dyrke sine maskuline interesser, helst jakt og fiske eller andre sysler som bringer han nærare det gamle jegersamfunnet. Retroseksuelle menn som Lars Monsen er idealet. 

Fins det verkeleg eksemplarer av denne arten i år 2008? Dei er sjeldan vare, men tru meg; eg har møtt dei, dei smyg seg gjerne ut av steinhola etter eit visst alkoholinntak. Og ein sjeldan gong stikk dei til og med hovudet fram i den offentlege debatten og viftar litt med klubba si. Eit ferskt eksempel er dei famøse utsagna til investor Jan Haudemann Andersen tidlegare i sommar (sjå blogginnlegg), der han erklærte seg som motstandar av pappaperm og ikkje likte synet av menn med barnevogn. 

Men steinaldermannen har vanskelege levekår for tida. Han føler at det ikkje er lov å vere mann lenger. La nå menn vere menn, seier han. Mannsrolla er i krise, blir det påstått. Samfunnet er blitt femininisert. Nei nå har likestillinga gått for langt. Steinaldermannen anser ei særskilt gruppe som sin verste fiende, nemleg feministane. Eller rødstrømpene, som han ofte yndar å kalle dei. Fysj! Desse orda blir spytta ut med stor forakt, ofte foranlediga av skildrande ord som «militante» eller «rabiate». Også menn med meir moderne meiningar får høyre det: dei er mjuke menn og tøffelheltar, og iallefall ikkje ekte mannfolk. 

Steinaldermannen representerer på mange måtar det som kan beskrivast som the missing link i likestillingsdebatten. Eg tenker på påstanden om at menn ikkje skal få lov til å vere menn lenger. Dette er ei uheldig misforståing. For på kva måte er det ei konflikt mellom det å vere machomann og det å vere opptatt av likestilling..? For å sitere Samantha i Sex and the City: «It’s all that crazy testosterone.. Thank God for it!» Men å vere mannssjåvinist er lite mandig!

Korleis skal ein forholde seg dersom ein uventa møter på denne arten? Etter nøye observasjon kan eg bekrefte at det er som med hoggormen: Den er meir redd meg, enn eg er redd den.. Mykje tyder på at steinaldermannen føler seg truga, og slit med å tilpasse seg dagens moderne samfunn. Så kanskje me heller skal synast litt synd på denne overlevninga fra fortida? Etter alt å dømme kjem nemleg evolusjonen til å utrydde denne arten i nærmaste framtid. Det er lite truleg at nokon kjem til å ville reprodusere seg med steinaldermenn i tida framover. For som Helle Vaagland uttalte: Du gidder ikke ligge med en mann som aldri tar oppvasken!