Posts Tagged ‘stripping’

Stripp snapp snute..

august 3, 2008

Eg tenkte egentleg ikkje å skrive om denne saka, men klarar ikkje heilt å dy meg.. Storås-strippinga blei eit antiklimaks og ein skuffelse, noko ein kan lese om blant anna i Dagbladet og Adresseavisa. «Stor ståhei for ganske lite», kallar Adresseavisa det i sin kommentar. Eg vil ikkje gå tungt inn i diskusjonen om stripping er kvinnefrigjerande eller kvinneundertrykkande, om porno er feminisme eller bør forbys. Kanskje ein annan gong! Men eg vil kommentere to forhold som er interessante ved denne saka. For det første kvifor eg synest strippeshow var eit dårleg trekk av Storås-festivalen, og for det andre det tragikomiske i at showet blei eit realt antiklimaks. 

Denne saka har typisk nok fått altfor mykje oppmerksomhet i beste agurk-sesong, noko som truleg også var grunnen til at festivalen booka dette showet. Mykje PR på kort sikt, men er verkeleg all PR god PR, spør ein journalist i Dagsavisen..? Eg trur ikkje det. Og eg trur ikkje Storås vil vinne på dette på lang sikt. Dette er blitt ei sak først og fremst på grunn av den type festival Storås gjerne vil vere. Dei markedsfører seg som ein annleis festival, med sosial samvittighet og samarbeidspartnarar som Framtiden i våre hender. Det er ikkje nødvendigvis noko gale med at ei vaksen norsk jente frivillig velger å ty til stripping for å stille sine ekshibisjonistiske behov. Not my style, men versågod! I Norge er stripping i stor grad ein frivillig bransje, og det også høgst frivillig om eit vil sjå på strippeshowet. Stripping er imidlertid nært knytta til pornobransjen, og særleg i dette tilfellet sidan jenta er aktiv i begge bransjar. Og sjølv om også porno kan virke uskyldig og prega av frivillighet her i Norge, så er dette truleg ein av verdas mest skitne industriar. Globalt er dette ein bransje prega av kriminalitet, kvinneundertrykking og mangel på reell valgfrihet for kvinnene. I solidaritet med alle desse kvinnene bør ein tenke seg om før ein flørtar med denne bransjen. Ein kan ikkje lukke augene for det som foregår rundt om verda, sjølv om det i dette tilfellet truleg dreiar seg om ei oppgåande norsk jente som gjer dette av eigen fri vilje. Det står ho sjølvsagt fritt til å gjere, men ein festival må vere bevisst kva signaler dei sender og kva bransje dei knyttar seg til. I tillegg er det klart at pornobransjen representerer også eit forelda og sjåvinistisk kvinnesyn, som det er overraskande at Storås vil identifisere seg med. 

Det andre forholdet som er interessant med denne saka er at sjølve showet blei ein skuffelse. Stripparen kasta oppskriftsmessig klærne og grisa seg til med diverse matvarer, og vips, på ni minutter var antiklimakset eit faktum. Det tragikomiske er sjølvsagt: Kva i all verda hadde folk forventa seg..? Med den forhåndsomtalen som dette showet hadde fått, var tydelegvis ikkje god gammaldags nakenhet nok til å innfri publikum sine forventningar. Min fantasi strekker (heldigvis) ikkje til for å spekulere i kva folk hadde forventa seg, men det er unekteleg eit tankekors kor mykje som skal til for å sjokkere folk idag. Sexolog Kristin Spitznogle skreiv nylig i ei av tabloidene om det faktum at stadig fleire sliter med manglande lyst og andre problemer i sexlivet. Ho spekulerte i om dette kan ha samanheng med det massive sex-fokuset me er vitne til i dagens frigjorte samfunn. Sex og nakenhet ser ein idag støtt og stadig på tv, film, i aviser og blader. Er det blitt så vanleg at det er blitt kjedeleg..? Den seksuelle frigjeringa som har skjedd dei siste tiåra er definitivt positiv, og ikkje minst for kvinner sitt liv har dette vore viktig. Tenk berre kva sjølvbestemt abort og p-piller har betydd for likestillinga! Men med den enorme overfokuseringa på sex som ein har sett i media dei siste åra, står ein vel kanskje i fare for å ødelegge litt av spenninga? Ironisk nok er kanskje burlesk-uttrykket «The art of the tease» treffande i denne samanhengen..? Eller less is more..??