Posts Tagged ‘tabloid’

Å slange seg i sola..

juli 31, 2008

Hot town, summer in the city.. Agurknyheter er eit sikkert sommarteikn. Eg trudde det verste var overstått etter dagesvis med saftige krigsoverskrifter om Storås, sex, burlesk, porno, stripping og andre klassiske agurk-ord. 

Men igår fekk jentene seg ein god latter då me kikka på dei tabloide framsidene i lunsjkøen: «Legene tok penisen min!» står det på Dagbladet, sjølvsagt med «penisen min» i absolutt størst mulig skriftstørrelse og feite krigstypar. Innhaldet i saka er sikkert alvorleg nok det, men sjølve formen blir noko komisk når bildet bak overskrifta er eit ektepar med strålande smil om munnen! Mannen ser superhappy ut, og jaggu meg ser kona ganske så tilfreds ut også..

VG følger i samme spor med ei skikkeleg slangeagurk: Eksplosjon av huggorm og veps i sommar! Stort bilde av ein huggorm. Budskap: Les VG og få dei livsviktige råda, ellers kan du vere ille ute..

Ei anna viktig sak er også via rikeleg plass på VG si førsteside: den franske presidentfrua Carla Bruni kan avsløre at: «Sarkozy elsket nakenbildet!» Å jøss, seier du det – likte ektemannen din nakenbildet av deg..? Men VG veit som alltid å benytte sjansen til å klistre eit nakenbilde på framsida!