Posts Tagged ‘valgkamp’

Front row to history

november 6, 2008

img_7231«This is our moment. This is our time.» Eg trur me alle følte at me sat på fremste rad og såg historien utspele seg framfor augene våre igår. Kva vil eg huske fra 4.november 2008?

 

Eg kjem til å huske den unge svarte jenta på t-banen om morgonen. Eg trur det er vanskeleg å fullt ut forstå kor viktig denne dagen er for den svarte befolkninga her i USA. Mange hadde nok ikkje trudd at dei skulle få oppleve denne dagen. «I never thought I’d live to see the day». Jenta på t-banen hadde Obama-genser, sat rak i ryggen, og såg så utruleg stolt og glad ut. Kanskje kom ho rett fra stemmelokalet? Det formeleg lyste stolthet av henne. Yes we can. 

Eg kjem til å huske den spesielle stemninga på jobb. Lett nervøs stemning, håpet om at dette kunne gå vegen, frykta for at dei kunne bli skuffa denne gongen også. Dei fleste av kollegaene mine hadde stått i kø og avgitt si stemme før dei kom på jobb, og hadde «I voted»-klistermerke på genseren. Dei fleste trudde at Obama kom til å vinne, men det var delte meiningar om korvidt det kom til å bli spennande eller ikkje. Eg følte meg sikker på at Obama kom til å vinne stort. Ingen grunn til å tvile nå. Yes we can. 

Eg kjem til å huske at då me kom til Kings Lane, ein av dei mange barane som arrangerte «election party» denne kvelden, hadde McCain klar ledelse i mange av dei viktige sving-statane. Me blei redde eit øyeblikk, før den rasjonelle forklaringa gjekk opp for oss: Sannsynlegvis var opptellinga kun ferdig på små plassar utanfor dei store byane. Me slapp med skrekken. Yes we can. 

Eg kjem til å huske øyeblikket då det ikkje var tvil lenger. Klokka var berre halv ti på kvelden, men Obama blei annonsert som vinnar av viktige Ohio. Eg kjem til å huske den store unge vennegjengen som braut ut i spontane jubelbrøl og kasta seg om halsen på kvarandre. Ei av dei hadde ei t-skjorte med påskrifta: Yes we can. 

img_72261Eg kjem til å huske at presis klokka elleve var det offisielt: «Barack Obama elected president!» På storskjermen viste CNN fantastiske jubelscenar fra rundt om i landet. Ikkje lenge etter holdt John McCain ein svært god tale der han erkjente nederlaget. Han framsto som oppriktig og verdig, og gjorde ein av sine beste talar. Etter dette venta alle på den talen det var knytta aller størst forventningar til: Barack Obama direkte framfor tusenvis av tilhøyrarar i Grant Park, Chicago. Han innfridde forventningane. Eg trur alle hadde konstant gåsehud og ei tåre i augekroken under denne legendariske talen oppbygd rundt det som har vore slagordet i valgkampen: Yes we can. 

Eg kjem til å huske Jesse Jackson sine tårer, den vesle jenta i Chicago som burde ha vore i seng for lengst, at Obama snakka om den 106 år gamle svarte kvinna fra Atlanta som etter eit langt og begivenhetsrikt liv avga si stemme for forandring og for framtida på ein elektronisk skjerm, og den enorme folkemengda i Chicago som taktfast ropte: Yes we can. 

Eg kjem til å huske at då me gjekk mot t-banen var det store gjengar ungdommar ute i gatene, dei song og dansa og var elleville av glede. Og kanskje det mest påtakelege; både igår og idag har alle virka så stolte..! Endeleg har me klart det, virkar det som om folk tenker. Ein av naboane våre har tidlegare fortalt oss at ho føler behov for å unnskylde på vegne av det amerikanske folk når ho er i Europa. Ho føler at ho må seie unnskyld for alt det USA har stelt i stand dei siste åra. Versåsnill, ikkje tru at alle amerikanarar er enige med Bush! Det samme inntrykket har eg fått på jobb. Dei er skamfulle heller enn stolte over landet sitt. Nå er det som om folk pustar letta ut. Håpet og trua på den amerikanske draumen vender tilbake. Det er store forventningar til kva Obama kan utrette som president. Men som Obama sjølv seier: «I’m reminded every day that I am not a perfect man. I will not be a perfect president.»

Men han har allerede gjort mykje for mange. Han har gjort dei stolte. Han har gitt dei håpet tilbake. Yes we can.

Fornuft og følelsar

oktober 31, 2008

Med berre 4 dagar igjen til det amerikanske presidentvalget, tenkte eg å gi dykk eit lite innblikk i følgande: Kven stemmer kva, og kvifor? Dette innlegget er ei salig sjangerblanding, med fakta og følelsar om kvarandre – akkurat som valgkampen sjølv. Å sjå nærmare på desse spørsmåla gir ikkje berre innsikt i amerikansk velgardemografi; til ei viss grad kan skillelinjene også ekstrapolerast til å beteikne heile det amerikanske samfunnet. For sjølv om Obama seier: «There is no liberal America, there is no conservative America – there is just the United States of America», så kan ein av og til få følelsen av at USA er ein splitta nasjon. Iallfall når det er snakk om politikk. Som komikaren Groucho Marx sa i si tid: «All people are born alike – except Republicans and Democrats..»

Republikanarane framstår for meg grovt sett som ei todelt gruppe velgarar. For det første er det mange pengesterke forretningsfolk som sympatiserar med partiet. Dei er økonomisk konservative, det vil seie at dei har klokkartru på det frie markedets og den reine kapitalismens velsignelse. Dei er motstandarar av økt statleg styring, og ikkje minst; dei er sterkt i mot skatteøkning. Det er sikkert ideologiske og godt begrunna årsarar til dette standpunktet, men den enklaste forklaringa er ofte den beste: Dei er redde for at uvedkommande kan komme til å få sugerøyret ned i pengebingen deira. I tillegg til dresskledde businessfolk er det også mange eldre som stemmar republikansk, mest av gammal vane kan det ofte virke som. Partiet har ikkje tilnavnet Grand Old Party (GOP) for ingenting – det er eit ærverdig parti med lange og stolte tradisjonar. Den andre hovudgruppa er truleg fleire i antall enn businessfolka; dette er folk fra smalltown America og mindre tettbebygde strøk, særleg i statane midt i landet og i sør. Det er denne folkerike velgargruppa McCain og Palin prøver å appellere til ved å snakke om Hockey-Mums, Joe Sixpacks og ikkje minst det siste tilskuddet til familien; Joe the Plumber. Dette er for det meste vanlege arbeidsfolk som har lite å vinne på den konservative økonomiske politikken til det republikanarane. McCain prøvar å skremme dei med at Obama vil ta pengene deira og «spread the wealth around», men faktum er at mange ville ha profittert betre på Obama sin økonomiske politikk. Mange i denne velgargruppa er religiøse og sterkt sosialkonservative, f.eks når det gjeld abort eller homofile ekteskap. Dei er også skeptiske til for mykje statleg innblanding og kontroll. 

Demokratane virkar umiddelbart som ei meir heterogen og mindre stereotyp velgargruppe. Demokratane er meir liberale både i økonomiske og sosiale spørsmål, og er i fleirtal blant innbyggarane i dei store byane, blant høgt utdanna og blant unge velgarar. Geografisk kan ein forenkla seie at øst- og vestkysten er demokratisk, medan midten av landet og sør er republikansk. Ifølge ei meiningsmåling utført av Time er demokratane støtta av 97% av svarte velgarar, 88% av registrerte demokratar, 88% av folk som reknar seg som liberale, 56% av alle kvinner, 54% av dei som reknar seg som moderate, 49% av partiuavhengige (independents), 48% av kvite kvinner, 43% av alle menn, 38% av kvite menn og 20% av konservative. Til samanlikning er republikanarane støtta av 90% av registrerte republikanarar, 75% av konservative, 57% av kvite menn, 51% av alle menn, 45% av kvite kvinner, 43% av partiuavhengige, 38% av moderate, 37% av alle kvinner, 6% av liberale og 0% av svarte velgarar. Dette er ei enkelt meiningsmåling utført i begynnelsen av oktober. Den gir ikkje heile sanninga, men eit lite innblikk i kven som støttar dei to partia. 

Ei velgargruppe det er mykje fokus på nå i valgkampinnspurten er dei såkalla sving-velgarane (swing-voters). Dette er ei noko diffus beteikning på velgarar som ikkje har bunde seg til ein kandidat eller eit parti. Dei kan derfor like gjerne stemme både til høgre og venstre. Kor stor er denne velgargruppa? Gjennomsnittleg dei siste tiåra har sving-velgarane utgjort cirka 20% av alle velgarar. Dette antallet er imidlertid synkande, og i 2004 var dette talet nede i ca 13%. Antallet er høgare tidleg i valgkampen, og går nedover ettersom det nærmar seg valg. Det er snakk om eit betydeleg antall potensielle velgarar, og begge kandidatar brukar mykje tid og penger på å overbevise denne ubestemte gruppa velgarar. Sving-velgarar er ikkje ei demografisk definert velgargruppe, men dei tenderer til å vere moderate og ikkje veldig politisk engasjerte. Mange klarar då heller aldri å velge side, og endar opp med å ikkje stemme. Eg vil tippe at i denne valgkampen er det mange sving-velgarar å finne blant kvit middel/arbeidarklasse utanfor dei store byane, mange av desse var kanskje tilhengarar av Hillary Clinton i primærvalga. 

Så kva er det til sjuande og sist som avgjer kven ein stemmer på..? Dei politiske sakene er sjølvsagt viktige, og i år har økonomien naturleg nok vore den klart viktgaste saka for amerikanarane. Men det er ikkje berre fornuft som ligg bak valget av ein kandidat – følelsar spelar også inn. Mange gir si stemme til den kandidaten dei likar best, den kandidaten dei kjenner seg mest igjen i, og som dei lettast kan identifisere seg med. Mange har spekulert i kor stor betydning rase vil ha i årets valgkamp. Mi meining er at rase kan vere eit ledd i beslutningstakinga for nokon få, men eg trur også at det det ofte er meir komplekse forhold som ligg bak den Obama-skepsisen nokon føler. Han framstår for mange som vanskeleg å identifisere seg med av ulike grunnar. Nokon kallar han for elitistisk og akademisk, andre synest han er «annleis» på grunn av sin eksotiske bakgrunn. Det har derfor vore ein del snakk om korvidt han er «amerikansk nok» eller «patriotisk nok». I kor stor grad dette er uttrykk for meir eller mindre bevisst diskriminering på grunn av rase, er ukjent, men eg trur bakgrunnen for haldningane er meir samansette.

Når han nå ligg an til å vinne, er det mange grunnar til dette også. Bush er kanskje tidenes mest upopulære president, og dei aller fleste er enige om at dei siste 8 åra har vore eit svart kapittel i amerikanske historie. USA har starta to krigar. Krigen i Irak blei starta på feilaktig grunnlag og er blitt eit pengesluk av dimensjonar. Den nasjonale gjelda har økt noko heilt usannsynleg. Det har lenge vore økning i arbeidsløyse og tvangssalg av boligar, og den nedadgåande økonomispiralen enda som kjent nyleg med den største finanskrisa sidan 30-talet. Det er dermed lett å forstå at det amerikanske folket er klare for endring. Men dette er ikkje heile forklaringa. Obama har vist seg å utklasse McCain når det gjeld retorikk og talegaver, han har hatt eit meir konsistent og ufravikeleg budskap heile kampanjen gjennom, han presenterte eit tydelegare forslag til løysing då finanskrisa var eit faktum, og han engasjerar og inspirerar nye velgargrupper på ein unik måte. McCain på si side har ført ein meir vinglete valgkamp, der budskap og strategi nærmast har skifta fra veke til veke. Eg trur tidspunktet er tilnærma perfekt for Obama, men eg trur også han er rett mann til rett tid. Vil den neste presidenten bidra til å dempe kulturkrigen som den politiske polariseringa representerar, og virke samlande på the United States of America?

Snart får me vite om USA verkeleg er «ready for change».

Better dead than red

oktober 28, 2008

«Obama said to Joe the Plumber that he wanted to «spread the wealth around». Joe the Plumber said, it sounded to him like socialism.» I denne duren har refrenget i den republikanske valgkampen gått dei siste vekene. Etter at responsen på The Kitchen Sink Strategy ikkje var optimal, og etter at terrorist-stempelet ikkje heilt klistra seg fast, fant dei ut at tida var inne for kraftigare skyts: dei henta fram s-ordet. Nei, eg tenker ikkje på satanist, sjåvinist eller svindlar.. Her i USA er verstingen blant skjellsorda eit anna s-ord: sosialist. 

Å bli kalla sosialist er sterk lut, og republikanarane valgte då også å la desse orda komme fra den nyttige idioten Joe the Plumber, i staden for å ta s-ordet i eigen munn. Røyrleggaren fra Ohio som diskuterte skattepolitikk med Obama, har fått kjendisstatus i rekordfart og blitt eit symbol for McCain sin kampanje. Obama skal i den forbindelse ha sagt noko om at alle vil få det betre dersom ein sprer velferda til flest mulig. Dette var eit utsagn som republikanarane greip med begge hender. Dette var ein gyllen mulighet til å stemple Obama som ein sosialist som ønsker å øke skattane og øke statleg styring. 

Den amerikanske frykta for sosialismen har sjølvsagt djupe historiske røtter i kampen mot kommunismen, men dessverre har denne overdrevne frykta for alt som luktar av sosialistiske ordningar gjort at mange velferdsordningar er fråverande eller lite utvikla i USA. Mangelen på eit offentleg helsesystem for alle er eit godt eksempel. Her må folk kjøpe privat helseforsikring, og kor mykje penger du kan legge på bordet vil følgeleg avgjere kvaliteten og omfanget av ordninga. Svært mange fattige i USA er heilt utan helseforsikring. Det er verkeleg uforståeleg korleis eit framståande og velutvikla land som USA kan vedkjenne seg at helsetilbud er ei vare du må kjøpe, i motsetning til eit tilbud alle har grunnleggande rett på. Eit anna eksempel er den totale mangelen på barne-, familie- og likestillingspolitikk. Kvinner som får barn i USA har ikkje nødvendigvis rett på lønna permisjon. Mange arbeidsgivarar har ei ordning som sikrar dei noko lønna permisjon, men det er snakk om veker og i dei beste tilfellene opp mot 3 månadar. Pappapermisjon eksisterer vel knapt. I tillegg er barnehage usannsynleg dyrt. Ei av mine kollegaer sa at dersom ho skulle ha dottera i barnehage, hadde det kosta henne utrulege 1800 dollar i månaden. Då eg spurte dei kvifor dette ikkje var ei sak på den politiske agendaen i det heile tatt, svara dei at det blei sett på som «socialism». Velferdsordningar finansiert av skattebetalarane sine penger blir altså lett ansett som sosialisme. 

Så til tross for at både Joe the Plumber, Joe Six-Packs og ikkje minst Hockey-Mums rundt om i landet kunne hatt god bruk for betre velferdsordningar, er det ingenting amerikanarane er meir redde for enn skatteøkning. Å forslå skatteøkning er verre enn å banne i kyrkja. Det høyrer med til historia at Obama faktisk forslår skattekutt for alle som tjener mindre enn 250 000 dollar. For dei som har personinntekt over dette vil han øke skattenivået nokon få prosent, til det nivået som var på 90-talet, før Bush sine skattekutt til dei rike blei innført. Likevel reiser McCain og Palin nå rundt i landet og skremmer folk med at Obama er ein sosialist som vil øke skattane deira. «Spreading the wealth.» Orda blir spytta foraktfullt ut, som om det ville vore det verste skrekkscenario ein kan tenke seg. Han vil TA pengene dine! McCain vil ikkje at nokon skal få økte skattar. Men så vil han heller ikkje investere i helse eller utdanning. Han vil i staden fortsette å pøse ut skattebetalarane sine penger i Irak. 

Det store paradokset er sjølvsagt at veldig mange av velgarane som McCain klarar å skremme over på si side, faktisk ville ha profittert mykje betre på Obama sin økonomiske politikk. Det frie marked og rein kapitalisme fungerer tross alt best for dei som har penger. Men med dagens økonomiske situasjon i USA er det verkeleg mange som sliter. Ved hjelp av Sarah Palin og Joe the Plumber prøver McCain seg på ein genistrek: å framstå som ein folkeleg talsmann for den vanlege mann i gata. Han vil ikkje ta pengene dine. Han vil ikkje «spread the wealth around». Han er FOR FOLK FLEST..

Pro-choice vs pro-life

oktober 12, 2008

På CNN si nettside kan ein idag lese at Sarah Palin går til frontalangrep på retten til sjølvbestemt abort. Ho er motstandar av abort i alle tilfeller unntatt der mora sitt liv er i fare. Det vil seie at ho også er i mot abort dersom ei kvinne blir gravid etter voldtekt eller incest. Dette er ekstreme meiningar i norsk målestokk. Rett nok vil KrF innføre visse restriksjonar på retten til sjølvbestemt abort, men eg trur ikkje det er så veldig mange fleire enn Ludvig Nessa og Børre Knudsen som vil gå like langt som Palin. Men i USA er denne debatten høgst levande. Landet deler seg mellom dei som er pro-choice og dei som er pro-life. Pro-choice vil seie å vere tilhengar av retten til sjølvbestemt abort, medan pro-life er beteikninga på dei som er motstandar av abort og vil kjempe for fosteret sin rett til liv. Litt forenkla kan ein seie at dei fleste konservative republikanarar er pro-life, medan dei fleste demokratar er pro-choice. Spørreundersøkingar utført i 2007 viste at denne saka deler landet i to, omtrent halve befolkninga på kvar side. 

Korleis er regelverket for abort i USA idag? Den nåverande praksisen baserer seg på ei presedens-skapande sak fra 1973, kjent som Roe vs Wade-saka. Høgsterett fastslo då at å forby abort i første trimester (første 3 mnd) var å rekne som grunnlovsstridig. Dette hovudprinsippet gjeld fortsatt. Detaljar rundt andre forhold, som informering av foreldre, obligatorisk veiledning, og abort etter første trimester, varierar noko fra stat til stat. Sarah Palin og John McCain vil oppheve Roe vs Wade-dommen, og sterkt innskrenke muligheten for abort. Barack Obama vil behalde praksisen som den er, og er dermed tilhengar av kvinner si rett til sjølvbestemt abort. Til nå i valgkampen har Palin unngått å fronte sine ekstreme meiningar i abortsaka, truleg fordi republikanarane har vore redde for at dette kunne skremme vekk sving-velgarar og kvinner. Når ho nå tydelegvis har fått klarsignal til å ta bladet fra munnen, kan det virke som om hennar meiningar er stuereine for John McCain og hans stab. Det er skremmande nyheter. John McCain er nemleg på langt nær like ultrakonservativ og ekstrem som Palin og den mest konservative basen i partiet. Men ved å velge Palin som visepresidentkandidat og gi henne klarsignal til å fronte meiningar som dette, signaliserer han ein annan kurs. Eg har vanskeleg for å sjå kva han kan vinne på dette. Palin sine sosialkonservative haldningar til mellom anna abort appellerar sterkt til den konservative basen i partiet, men eg kan ikkje forstå anna enn at denne velgargruppa vil støtte dei uansett. Burde dei ikkje heller prøve å tiltrekke seg ubestemte velgarar som befinner seg meir i det politiske sentrum, og sving-velgarar som byttar på å sympatisere med dei to partia? 

Det er dårlege nyheter for kvinner i USA at Palin og så mange andre ønsker å sette kvinnesaka minst 50 år tilbake i tid, til ei tid då kvinner ikkje hadde rett til å bestemme over sin eigen kropp eller sitt eige liv. Dei seier at dei er pro-life, men det er ikkje kvinner sine liv dei kjempar for. Abort er ikkje ei enkel sak, og alle si personlege meining bør respekterast. Men å frata kvinner denne retten til sjølve å velge, er vanskeleg å tolke som noko anna enn eit brudd på ein grunnleggande menneskerett. La oss håpe håpe amerikanske kvinner får behalde «a woman’s right to choose».

Dei skitne ords taktikk

oktober 8, 2008

«The high heels are on, and the gloves are off.» Silkehansken er kasta, katta er ute av sekken, og me leikar ikkje lenger valgkamp. I krig og politikk er alt lov! Eller..? Både McCain og Obama har offentleg bedyra at dei vil drive ein annleis valgkamp, utan personangrep og skittkasting. Når me nå likevel er vitne til ein valgkamptaktikk kalla «The Kitchen Sink Strategy», der skitt og grums blir kasta i utslagsvasken og ut til velgarane, er det tydeleg at maktbegjæret kan gjere at ein går på akkord med sine noble prinsipper.

John McCain har vore ein respektert mann i Senatet, på tvers av partia, og han har framstilt seg sjølv som ein moralsk, hederleg og prinsippfast kandidat. Men trengt opp i eit hjørne, med kniven på strupen, har pipa fått ein annan lyd. Republikanske strategar seier det rett ut: Dersom me snakkar om økonomien, tapar me valget! Ein dag utan fokus på økonomi eller Irak, er ein god dag for McCain. Men bailout-planen har ikkje løyst situasjonen, og dei økonomiske problema er meir i fokus enn nokon gong. Dette passa McCain dårleg. Desperasjonen har gitt seg utslag i den mest nedrige strategien av dei alle, ondsinna personangrep og tydeleg appell til folks framandfrykt. «Who is the real Barack Obama..?» spør han retorisk, med eit megetsigande og skeptisk blikk mot forsamlinga. «A terrorist!» brølar ein av tilhøyrarane. Sarah Palin har imidlertid fått hovudansvaret for skittentøysvasken, og ho har på kort tid gjenoppliva alle dei potensielle skjeletta i Obama-skapet. Samtlige historiar er avslørt og oppklart for lenge sidan, men kva gjer vel det; når dei tjener sitt formål om å så tvil om personen Obama og hans hensikter. Sjølv om ho ikkje går så langt som den overivrige tilhøyraren hos McCain og eksplisitt kallar han ein terrorist, antydar ho at han har tette bånd til terroristar: «Our opponent is someone who sees America as being so imperfect that he’s palling around with terrorists.» Fra publikum høyrer ein at nokon ropar: «Kill him!» Sjølvsagt kan ikkje McCain og Palin haldast ansvarlege for kva enkeltpersonar i folkemengda kan finne på å ytre, men dei bør kanskje spørre seg sjølve kva klima dei skapar med ein slik retorikk. 

Dessverre har heller ikkje Obama holdt seg for god til å komme med skitne personangrep. I ein tv-reklame drar kampanjen hans fram igjen den såkalla Keating-skandalen, og prøver å knytte McCain til denne. Etter mi meining burde han ha heva seg langt over dette desperate forsøket fra McCain på å snu fokuset fra sak til person, og kjørt sitt eige løp. Undersøkingar viser at velgarar mislikar personangrep, og det er lett å forstå at dette lett kan bidra til politikarforakten mange føler. Så kvifor gjere det likevel..? Eg trur bakgrunnen er at sjølv om dei fleste er enige om at dette oftast er ondsinna og irrelevante avsporingar fra dei viktige sakene i valgkampen, vil deler av budskapet kunne klistre seg til folk sin underbevissthet. Ved å spele kynisk på frykt for det ukjente, spelar ein på følelsar som ikkje alltid fornufta kan styre. Og følelsar er viktig når folk velger kven dei skal gi sin stemme. Når McCain-kampanjen nå innser at dei ikkje kan vinne debatten om den viktigaste saka for amerikanarar flest, økonomien, håpar dei nå at «The Kitchen Sink Strategy» på mirakuløst vis kan bli ein gamechanger. 

Men svertekampanjane og skittkastinga foregår ikkje på høgaste hald. McCain og Obama voktar seg vel for å få skitt under neglene. Det er valgkampstrategar, bakmenn og -kvinner, og ikkje minst ein pitbull med lipstick som gjer «the dirty work». I kveld har den andre presidentdebatten mellom McCain og Obama gått av stabelen, og det er påfallande kor låg risiko dei tar. Det er stram regi, innøvde replikkar, ingen uventa utbrudd, ingen blir pressa til verkeleg å svare på spørsmåla, og ingen egentleg debatt kandidatane i mellom. Dei berre byttar på å gjenta sine mantra. Det er nesten slik at dersom McCain eller Obama begynner på ein setning, ja då kan eg avslutte den.. Det er forutsigbart og trygt, og så absolutt å foretrekke framfor skittkasting. Men akk, så kjedeleg.. Det er nesten så ein kan få lyst til å dra ein Sarah Palin: Get the high heels on and the gloves off! Men berre nesten…

Biden vs Palin: Med silkehanskar og manus

oktober 4, 2008

 

«Can I call you Joe..?» Slik starta debatten me alle har venta på; visepresident-debatten mellom Joe Biden og Sarah Palin. Forventningane til debatten har vore skyhøge, vel og merke mest på grunn av den potensielle underhaldnings-verdien. Den foreståande debatten har vore eit ynda samtaleemne på lunsjrommet heile veka. Men på jobb idag var dei ei litt oppgitt stemning, sidan debatten viste seg å bli noko kjedeleg og tannlaus. Mest fordi det ikkje var ein reell debatt med direkte ordskifte kandidatane i mellom, meir ei veksling mellom to separate monologar. Biden og Palin – kontrasten kunne knapt vore større.. Ingen vil påstå at dei er på samme politiske nivå, eller at dei stiller som likeverdige debattmotstandarar i denne samanhengen – og begge var fullstendig klar over dei minefelta dette medfører. Derfor hadde dei kvar sin agenda, og kjørte kvart sitt løp. Biden var beherska og disiplinert, og unngjekk demonstrativt å angripe eller utfordre Palin direkte. I staden retta han skytset mot høgare hald, mot den sittande regjeringa og mot McCain. Han viste som forventa bunnsolide kunnskaper og gode debattegenskaper. Eg skulle nok ønske at han hadde konfrontert Palin i litt større grad, men truleg hadde han klare instrukser om å ta silkehanskane på og ikkje risikere noko. Palin sitt mål for kvelden var å sjarmere flest mulig «Joe Six-Packs» og «Hockey-Mums» der ute, med folkeleg image, enkelt språk og «straight talk» rett inn i kamera. Ho gjer eit stort nummer ut av si rolle som ein Washington-outsider, og forsøker etter beste evne å snu si manglande erfaring til noko positivt. Ho lukkast nok delvis med å kommunisere til målgruppa si, ho unngjekk dei aller største tabbane, og tatt i betraktning kor lågt lista låg klarte ho seg betre enn mange forventa.

Når det er sagt, er det nesten noko karikert over den overtydelege folkelegheita hennar. Og det er ikkje berre fordi eg har Tina Fey sin legendariske parodi i bakhovudet. Ho blunkar mot kamera, puttar «darn right» og «heck» inn i annankvar setning, og viser stadig til sin småbybakgrunn: «You know what I did back home in Alaska..?!» Dette kunne kanskje vore sjarmerande trekk i ein annan samanheng, eller dersom ho faktisk hadde noko substans å fare med i tillegg. Men under debatten igår svara ho konsekvent ikkje på spørsmåla, og leste i staden opp forhåndsfabrikkerte svar fra notata sine. Det var i periodar direkte komisk. Så mykje for «straight talk».. Ho innrømma det til og med, ved å seie ting som at «eg vil heller snakke om…» eller «eg svarar kanskje ikkje på spørsmåla, men eg vil snakke rett til det amerikanske folk». God dag Palin, økseskaft! For min del var botnen nådd då ho sa følgande om dei globale klimaendringane: «Eg vil ikkje krangle om kva som er årsakane.. Let’s just fix the problem!» ER DET MULIG..?! Som Biden repliserte: «Dersom ein ikkje veit årsakane, er det komplett umulig å komme opp med ei løysing!» At ein slik kommentar kan glippe ut ved ei enkelt anledning kan vere forståeleg, som då ho sa nærmast det samme under det fatale intervjuet med Katie Couric forrige veke. Men å gjenta det under den velregisserte visepresidentdebatten – det er verkeleg godt gjort. Sarah Palin er sikkert dyktig på mange områder, men å vere visepresident i USA er ikkje nokon spøk, særleg ikkje dersom presidenten er ein 72 år gammal kreftoperert mann. Då bør ein ha den erfaringa og faglege tyngden som gjer ein kompetent til å kunne ta over som president. Det har ikkje Sarah Palin, og eg meiner det er direkte uansvarleg av republikanarane å velge ein inkompetent kandidat i eit desperat forsøk på å sanke stemmer ved populistisk gambling.

Kollegane mine er definitivt ikkje i hennar målgruppe, og stemninga på lunsjrommet vårt er ikkje eit godt barometer på hennar popularitet. Mange meinar då også at sjølv om Biden objektivt sett vant debatten, så lukkast ho med sin strategi. Men ein skal vere forsiktig med å undervurdere dei mange «Joe Six-Packs» og «Hockey-Mums» rundt om i landet. Eg håpar og trur at mange nok tar til fornuft og seier «thanks, but no thanks» den 4.november.

A defining moment

september 28, 2008

Alt er stort her i USA. Alt er supersized, og less is not more. Så også med dei politiske debattane i valgkampen, og igår kveld gjekk den første verkeleg store direktesendte tv-debatten på CNN mellom Barack Obama og John McCain av stabelen. Oppladinga starta ein time før startskuddet gjekk, med nedtelling til debattstart på skjermen. Når klokka omsider slo ni, var det høgtidsstemning i stova når den ærverdige herremannen Jim Lehrer prega av stundens alvor ønska velkommen til debatt. Dette var verkeleg ei tv-sending utanom det vanlege. I over 90 minutter samanhengande pågjekk debatten, heilt uavbrutt av dei sedvanlege reklamepausane kvart tiande minutt. Og publikum var godt dressert, dei fekk kun lov til å klappe når kandidatane gjorde sin entré på scenen, etterpå var det ikkje eit knyst å høyre fra salen. 

Denne første tv-debatten mellom presidentkandidatane skulle opprinneleg dreie seg om utanriks- og sikkerhetspolitiske spørsmål. Dei siste vekers hendingar nødvendiggjorde imidlertid ei endring av planen, og den første halvdelen av debatten omhandla krisen i det amerikanske finansmarkedet. Barack Obama kom best ut i starten. Han såg rett inn i kamera og proklamerte at «this is a defining moment of our time». Han var tydeleg på offensiven når han snakka om finanskrisen, og han retta fokuset mot Main Street heller enn Wall Street. Mange vanlege arbeidstakarar har ei lita finanskrise på slutten av kvar månad, sa han mellom anna, og anklaga McCain for å ville gi millionar i skattelette til dei rikaste. McCain på si side messa vidare om at «we gotta fix the system», og «we gotta cut spending!» Løysinga hans på dei økonomiske problemene er å bruke mindre statlege penger og å kutte skattane. Ingen av dei svara direkte på om dei kjem til å støtte den gigantiske redningsplanen til Bush-administrasjonen eller ikkje. Obama fekk inn eit par gode poeng, blant anna at McCain har vore enig med Bush i 90% av tilfellene dei siste åra og dermed er lite truverdig som talsmann for ein ny politisk kurs. Som svar til McCain si oppfordring om å kutte pengebruken, svara Obama at ein eminent måte å spare pengar på er å få slutt på den pengeslukande krigen i Irak. 

Det bringer oss over på det neste temaet i debatten: utanriks- og sikkerhetspolitikk. John McCain er ein krystallklar tilhengar av krigen i Irak, og han kvikna også tydeleg til når temaskiftet var eit faktum. Me vinner krigen i Irak, og me kjem til å komme heim med seier og ære, sa han med stor overbevisning. Han påpeika også at han heile tida var tilhengar av «The Surge», den store økninga i amerikanske styrker som har lykkast i i stabilisere situasjonen i Irak den siste tida. Obama brukte eit pedagogisk grep debatten i gjennom ved at han påpeika saker der han og McCain er fundamentalt uenige. Irak er ei av dei sakene. Obama var motstandar av krigen heilt fra begynnelsen av, noko han bruker som bevis for si dømmekraft. Han meinar at grunnlaget for Irak-krigen var fullstendig fråverande (noko ettertida har gitt han rett i), og at dette har vore ei uklok og kostbar affære for USA. Militæret må brukast på ein klok måte, sa Obama igår. Mean det for McCain er utenkeleg å trekke seg ut av Irak før seieren er eit uomtvisteleg faktum, meinar Obama at krigen var eit stort feilgrep fra starten av og vil avslutte krigen på ein ansvarleg måte ved tilbaketrekning innan 16 månadar. 

Når det gjeld krigen i Afghanistan, er kandiatane meir på linje. Obama meinar at forsterking av styrkane i Afghanistan er nødvendig for å få kontroll over situasjonen. Krigen mot terror starta, og må slutte, i Afghanistan, sa han igår. Han meiner situasjonen har forverra seg fordi ein altfor stor andel av dei amerikanske styrkene er opptatt i Irak. McCain tala varmt for økte styrker og ein ny strategi i Afghanistan, men gir ikkje på same måten uttrykk for samanhengen mellom desse to krigane. Strategien ovanfor land som Iran, Nord-Korea og Russland tydeleggjorde også dei utanrikspolitiske forskjellane mellom kandidatane.  Obama ønsker dialog, og meinar at problemer ikkje kan løysast før ein begynner å snakke saman. McCain er sterkt imot dialog utan at bestemte vilkår er oppfylt i forkant. This is dangerous! sa han og sikta til Obama sin utanrikspolitikk. McCain spelar kraftig på si lange erfaring innan utanrikspolitikken, og droppar stadig navn på statsmenn han har møtt og land han har besøkt. Han påpeikar at han har vore involvert i alle viktige utanriksspørsmål dei siste 20 åra, og meinar dette talar for seg sjølv. 

Så kven sto igjen som vinnar etter denne viktige debatten..? Dei fleste meinar at det enda uavgjort. Ingen knockout i første debatt, skriv CNN på nettsida si. Ein god kveld for McCain, men betre for Obama, uttalar den lokale avisa The Boston Globe. Dei fleste er enige om at Obama var hakket hvassare under økonomidelen av debatten. Det er eg heilt enig i. Obama var mest poengtert i starten av debatten, og gjekk rett på sak med ei punktvis opplisting av kva ein økonomisk kriseplan bør innehalde. Trass i iherdige forsøk på å distansere seg fra den sittande republikanske regjeringa, er det vanskeleg for McCain å unngå å vere på defensiven i denne saka. McCain kom imidlertid sterkare tilbake når debatten skifta over til hans favorittfelt, utanrikspolitikk. McCain har overlegen ekspertise og erfaring på dette feltet, men Obama demonstrerte solid kunnskap og lot seg ikkje vippe av pinnen til tross for at McCain tok i bruk samtlige hersketeknikkar i boka. McCain sin overtydelege strategi var å stille eit stort spørsmålsteikn ved om Obama er klar for presidentansvaret, og han underbygde dette med stadig å seie «Obama forstår ikkje..» eller «det som senator Obama ikkje ser ut til å forstår, er at…» Det er uklart korleis denne strategien vil slå ut hos sving-velgarar. Kanskje virkar hans forsøk på å framstå som mest presidentaktig, mest «commander in chief», men det er også ein mulighet for at han framstår som belærande. Han spelar uhemma på folk sine følelsar når det gjeld krigen, og forteller nærmast på presenilt vis dei same historiane om og om igjen. For min del blir det i meste laget når han endå ein gong forteller om armbåndet fra den drepte Irak-soldaten han bærer med seg, eller når han endå ein gong viser til sine tankar «når han kom ut fra fengselet».  Eg synest også at hans manglande vilje til dialog med andre land og regimer er skremmande. «The silent treatment» har ikkje direkte vore ei suksessoppskrift så langt. Utsagn som at «eg såg Putin inn i augene og såg tre bokstavar: KGB» bringer tankane tilbake til den kalde krigen og kan umulig gi grunnlag for eit godt samarbeidsklima supermaktene imellom. 

Totalt sett må det seiast at begge gjorde ein rimeleg god figur under debatten. Det var ingen store tabbar, begge fekk tydeleg fram meiningane sine, og det var ein disiplinert og forholdsvis lite skitten debatt. Men det er klart at mangelen på ein klar vinnar favoriserer Obama i større grad enn McCain. For det første fordi valgkampens momentum har vore i favør av Obama dei siste to vekene, og han har opparbeida seg ei knapp leiing på meiningsmålingane.  For det andre fordi kveldens hovudtema utanrikspolitikk var forventa å vere klar heimebane for McCain. Nerva i valgkampen er fortsatt i høgspenning. Kva amerikanarane bestemmer seg for den 4.november vil få betydning for oss alle. Så om ikkje denne debatten klargjorde utfallet, er det likevel ingen tvil om at denne valgkampen er eit «defining moment» for vår tid.