Dei skitne ords taktikk

«The high heels are on, and the gloves are off.» Silkehansken er kasta, katta er ute av sekken, og me leikar ikkje lenger valgkamp. I krig og politikk er alt lov! Eller..? Både McCain og Obama har offentleg bedyra at dei vil drive ein annleis valgkamp, utan personangrep og skittkasting. Når me nå likevel er vitne til ein valgkamptaktikk kalla «The Kitchen Sink Strategy», der skitt og grums blir kasta i utslagsvasken og ut til velgarane, er det tydeleg at maktbegjæret kan gjere at ein går på akkord med sine noble prinsipper.

John McCain har vore ein respektert mann i Senatet, på tvers av partia, og han har framstilt seg sjølv som ein moralsk, hederleg og prinsippfast kandidat. Men trengt opp i eit hjørne, med kniven på strupen, har pipa fått ein annan lyd. Republikanske strategar seier det rett ut: Dersom me snakkar om økonomien, tapar me valget! Ein dag utan fokus på økonomi eller Irak, er ein god dag for McCain. Men bailout-planen har ikkje løyst situasjonen, og dei økonomiske problema er meir i fokus enn nokon gong. Dette passa McCain dårleg. Desperasjonen har gitt seg utslag i den mest nedrige strategien av dei alle, ondsinna personangrep og tydeleg appell til folks framandfrykt. «Who is the real Barack Obama..?» spør han retorisk, med eit megetsigande og skeptisk blikk mot forsamlinga. «A terrorist!» brølar ein av tilhøyrarane. Sarah Palin har imidlertid fått hovudansvaret for skittentøysvasken, og ho har på kort tid gjenoppliva alle dei potensielle skjeletta i Obama-skapet. Samtlige historiar er avslørt og oppklart for lenge sidan, men kva gjer vel det; når dei tjener sitt formål om å så tvil om personen Obama og hans hensikter. Sjølv om ho ikkje går så langt som den overivrige tilhøyraren hos McCain og eksplisitt kallar han ein terrorist, antydar ho at han har tette bånd til terroristar: «Our opponent is someone who sees America as being so imperfect that he’s palling around with terrorists.» Fra publikum høyrer ein at nokon ropar: «Kill him!» Sjølvsagt kan ikkje McCain og Palin haldast ansvarlege for kva enkeltpersonar i folkemengda kan finne på å ytre, men dei bør kanskje spørre seg sjølve kva klima dei skapar med ein slik retorikk. 

Dessverre har heller ikkje Obama holdt seg for god til å komme med skitne personangrep. I ein tv-reklame drar kampanjen hans fram igjen den såkalla Keating-skandalen, og prøver å knytte McCain til denne. Etter mi meining burde han ha heva seg langt over dette desperate forsøket fra McCain på å snu fokuset fra sak til person, og kjørt sitt eige løp. Undersøkingar viser at velgarar mislikar personangrep, og det er lett å forstå at dette lett kan bidra til politikarforakten mange føler. Så kvifor gjere det likevel..? Eg trur bakgrunnen er at sjølv om dei fleste er enige om at dette oftast er ondsinna og irrelevante avsporingar fra dei viktige sakene i valgkampen, vil deler av budskapet kunne klistre seg til folk sin underbevissthet. Ved å spele kynisk på frykt for det ukjente, spelar ein på følelsar som ikkje alltid fornufta kan styre. Og følelsar er viktig når folk velger kven dei skal gi sin stemme. Når McCain-kampanjen nå innser at dei ikkje kan vinne debatten om den viktigaste saka for amerikanarar flest, økonomien, håpar dei nå at «The Kitchen Sink Strategy» på mirakuløst vis kan bli ein gamechanger. 

Men svertekampanjane og skittkastinga foregår ikkje på høgaste hald. McCain og Obama voktar seg vel for å få skitt under neglene. Det er valgkampstrategar, bakmenn og -kvinner, og ikkje minst ein pitbull med lipstick som gjer «the dirty work». I kveld har den andre presidentdebatten mellom McCain og Obama gått av stabelen, og det er påfallande kor låg risiko dei tar. Det er stram regi, innøvde replikkar, ingen uventa utbrudd, ingen blir pressa til verkeleg å svare på spørsmåla, og ingen egentleg debatt kandidatane i mellom. Dei berre byttar på å gjenta sine mantra. Det er nesten slik at dersom McCain eller Obama begynner på ein setning, ja då kan eg avslutte den.. Det er forutsigbart og trygt, og så absolutt å foretrekke framfor skittkasting. Men akk, så kjedeleg.. Det er nesten så ein kan få lyst til å dra ein Sarah Palin: Get the high heels on and the gloves off! Men berre nesten…

Stikkord: , , , ,

5 kommentarar to “Dei skitne ords taktikk”

  1. Sexy Sadie Says:

    Nå er ikke Obama noe bedre enn han andre. Han blir bare tatt på med silkehansker pga han er svart.

  2. ingacecilie Says:

    Eg er ikkje enig. I dette siste tilfellet me har vore vitne til siste veka, med svertekampanjer og personangrep, var det faktisk McCain som starta og som har brukt denne strategien mest. Rett nok har Obama sin kampanje dessverre heller ikkje holdt seg for gode til å besvare angrepa, men dette er i betydeleg mindre skala. Det er ikkje mi oppfatning at Obama er blitt tatt å med silkehanskar under denne kampanjen. Dei tar vel ikkje akkurat på han med silkehanskar når dei knyttar han til terroristar..? Den som til ei viss grad er blitt tatt på med silkehanskar er heller Sarah Palin. Ho er blitt skjerma fra presse og gitt få intervju, og i visepresidentdebatten hadde Biden klare instruksar om ikkje å angripe henne på nokon måte fordi det kunne få han til å framstå som «sexist». Ganske tragisk at ho ikkje er blitt behandla som ein likeverdig kandidat, men fått spesialbehandling fordi ho er kvinne. Det er ikkje likestilling.

  3. Tante Grønn Says:

    IC, jeg venter fremdeles på akkurat det innlegget – om hvordan Palin blir behandlet annerledes i debatter og intervjuer fordi hun er kvinne…

  4. Sexy Sadie Says:

    Vel, men så er jeg ikke for likestilling heller, jeg er feminist og jobber for kvinners rettigheter.

  5. ingacecilie Says:

    Marte: Så mykje å skrive om, så lita tid…
    Sadie: Eg er også feminist, men for meg handlar likestilling og feminisme om at begge kjønn skal ha dei same muligheter og rettighetar. Men det er ein annan diskusjon! Det eg lurar meir på er korleis du som feminist kan støtte Sarah Palin..? Veit du kva meiningar ho har..?

Legg att svar til ingacecilie Avbryt svar