8.mars? – Yes we can!

mars 8, 2009

img_7760Det er 8.mars – kvinnedagen, og det kan ikkje gå upåakta hen. I fjor blei Norge kåra til det mest likestilte landet i verda. Eit halvår i USA har ytterlegare minna meg på kor langt me faktisk er komne heime i Norge. Så kvifor bør me framleis markere kvinnedagen?

For det første; alle verdas kvinner er ikkje like heldige som oss. Eg blir provosert av å høyre kvinner som seier: Nei, eg føler meg ikkje diskriminert, og er derfor ikkje opptatt av feminisme eller likestilling. Manglande personleg erfaring er ein egoistisk og sneversynt grunn til å unnvike temaet. Særleg nå rundt kvinnedagen er avisene fulle av rystande artiklar om kvinneundertrykking, æresdrap, og vold mot kvinner i andre deler av verda. La oss ikkje sette skylappane på og oversjå den urett som ikkje rammar oss sjølve.

For det andre: La oss ikkje kvile på lauvbæra heime i Norge heller. At Norge nå er på verdstoppen innan likestilling er ikkje ein tilfeldighet. Det har tatt lang tid, og me må ikkje gløyme alle dei kvinner og menn som opp gjennom åra har kjempa for dei rettane me ser på som sjølvsagte i dag. Å latterleggjere ”rødstrømpene” er å håne dei forkjemparane for likestilling som har bidratt til at me er der me er i dag. Å ta avstand fra kvinnebevegelsen fra tidlegare tiår er både ignorant, historielaust og utakknemleg. Me treng ikkje lenger stå på barrikadane. Men det er fordi nokon har gjort det for oss.

Det har også krevd politisk mot og vilje over mange år å komme dit me er i dag. Nokon meinar at likestilling kjem av seg sjølv, med tida; og at ein derfor ikkje bør gripe inn med aktive verkemiddel som kvotering eller lovfesting av rettar. Ideelt sett skulle eg også ønske at kvotering var unødvendig, men då vil dei ønskelege prosessane ta usigeleg lang tid. Utan kvotering hadde me ikkje hatt ein kvinneleg statsminister i Norge (Gro blei kvotert inn i politikken, og er stolt over det!), og me hadde heller ikkje hatt så mange kvinnelege statsrådar. Og kravet om 40% kvinner i styrene var truleg det som gjorde at Norge kapra førsteplassen i den tidlegare nevnte kåringa. Pappapermisjonen var omstridt då den først blei innført, men nå ønsker 7 av 10 fedre seg meir permisjon. 

For det tredje: Likestillinga er ikkje fullkommen i Norge heller. Særleg er me ikkje heilt i mål når det gjeld økonomisk likestilling og likelønn. Det bør vere nok å minne om at kvinner fortsatt tjener 15% mindre enn menn, og at det er altfor få kvinner i leiar- og professorstillingar. Det er framleis slik at normen er at kvinner tar hovudansvar for barn og husarbeid, medan mannen gjer karriere. Kvinner velger fortsatt tradisjonelt, og typiske kvinneyrker er dessverre lågt lønna. Resultatet er i mange tilfelle at kvinner blir økonomisk avhengige av menn, og svært mange kvinner endar opp som minstepensjonistar. Ei meir rettferdig fordeling av foreldrepermisjonen er eit beslekta tema eg har vore opptatt av i år. Foreldrepermisjon er eit velferdsgode som begge foreldra bør få nyte godt av, som vil ha positive ringvirkningar for heile familien, og som kan bidra til økt likestilling både i heimen og i arbeidslivet. Vold i nære relasjonar ogvoldtekt er andre enormt viktige saker som fortjener økt oppmerksomhet. Det same kan seiast om integrering og inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn. 

Kva er mine visjonar og ønsker for kommande år?

Eg ønsker meg ein brei og inkluderande debatt rundt feminisme og likestilling. Mange mislikar feminist-stempelet, og føler at dette er eit belasta begrep dei ikkje kan identifisere seg med. Eg har lest mange artiklar og blogginnlegg som diskuterer kva det vil seie ”å vere feminist”. Så interessant dette enn kan vere – eg skulle ønske at me kunne legge denne diskusjonen bak oss, og heller konsentrere oss om dei mange konkrete sakene. Kva bør gjerast for ytterlegare å fremme likestilling, både i Norge og ellers i verda? Ottar-feminist, radikal-feminist, liberal-feminist eller Gucci-feminist – kven bryr seg..? Sjølvsagt er ikkje alle feministar like, men så lenge ein er interessert i å fremme likestilling bør der vere plass til alle. Når diskusjonen sklir over i kor vidt det er kvinnefrigjerande eller ikkje å barbere leggane eller pynte og sminke seg – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje vil kalle seg feministar. Så lenge kvinnegruppa Ottar til stadighet dukkar opp som dei einaste representantane for kvinnesaka i debattar – ja, då er det lett å forstå at mange ikkje føler at dei kan identifisere seg med feminisme-begrepet. Kvinnene i Ottar gjer ein god jobb, og eg er enig med dei i mange saker. Men eg har også forståelse for at stilen deira kan virke framandgjerande på mange. Men det er plass til alle! Eg trur dei fleste som er opptatt av likestilling har dei samme overordna måla; men framgangsmåte, stil og retorikk er ulik. Så la oss ikkje krangle oss i mellom om smålege detaljar, men la det vere plass til alle i ein konstruktiv debatt om dei viktige sakene.

I tillegg; for å komme vidare er det avgjerande å innsjå at likestilling dreiar seg om både kvinner og menn sine muligheter og rettigheter. For meg er det viktig å reagere på urettferdig behandling av begge kjønn. Sjølv om diskriminering av kvinner har vore det største problemet så langt, er det urimeleg og lite truverdig å neglisjere at menn i nokon samanhengar kan bli diskriminert også. Verneplikt, foreldrepermisjon og barnefordelingssaker er nokon eksempel på at dette. Og ikkje minst; hovudfokus bør vere at likestilling er til det beste for både kvinner og menn. Menn er ikkje fienden, tvert imot. Likestilling handlar ikkje om at det ikkje skal vere lov å vere maskulin eller feminin lenger, eller at menn og kvinner skal vere ”like” – sjølv om nokon ”steinaldermenn” yndar å framstille det slik. Slik eg ser det, er målet eit større handlingsrom og eit større mangfald av muligheter for begge kjønn. Me kan heller ikkje alltid skulde manglande likestilling på det motsatte kjønn; ofte er det kvinner sjølve som motarbeidar likestilling, for eksempel ved tradisjonelle karrierevalg eller ved å tvihalde på foreldrepermisjonen. Systemet må legge til rette for likestilling, men kvinner og menn har også eit individuelt ansvar for å benytte dei mulighetane som fins.

Gratulerer med dagen!

PS: Det er jammen godt at det er kvinnedag ein gong i året, for det er jo man(n)dag kvar veke.. 😀

The Oscar Curse

mars 1, 2009

img_7773Sist helg gjekk den årlege Oscar-utdelinga av stabelen i Hollywood. Mange av dykk registrerte sikkert at Slumdog Millionaire vant ei rekke prisar, inkludert den gjevaste prisen for Beste Film; og at Kate Winslet og Sean Penn stakk av med seieren for Beste Hovedroller. Nokon av dykk har sikkert også høyrt om det som blir kalla “The Oscar Curse”, eller Oscar-forbannelsen. Å vinne Oscar er den høgaste utmerkelsen i filmbransjen, og det er rekna som ei stor ære å vinne den prestisjetunge prisen. Men nokon meiner også at det å vinne Oscar kan vere ein forbannelse, både for karrieren og for privatlivet. 

Eg hadde også høyrt om dette angivelege fenomenet, men ei av jentene på jobb forklarte det meir i detalj. Ifølge henne er Oscar-forbannelsen som følger: Vinnaren av Beste Kvinnelege Birolle får ein karrieremessig knekk og vil slite med å få gode roller igjen. For vinnaren av Beste Kvinnelege Hovudrolle vil ekteskapet eller forholdet ryke. Eit kjapt internett-søk bekreftar at dette er eit kjent og mykje omtalt fenomen her i USA. Det er lett å finne eksempler på skuespelarar som har fått smake Oscar-prisens bakside.

Første aspekt ved forbannelsen blir ofte omtala som “Post-Oscar” syndromet; nemleg at mange skuespelarar sliter med å følge opp suksessen i ettertid, og henfaller til dårlege B-filmar eller tv-seriar. Nokon stader blir dette fenomenet skildra etter Oscar-pris for både birolle- og hovudrolle, og nokon meiner at dette ofte er tilfelle både for kvinner og menn. Men mest kjent er “Best Supporting Actress Curse”; at mange lovande  kvinnelege skuespelarar som vinn prisen for beste birolle ikkje klarar å leve opp til forventningane. Særleg på nittitalet blir det hevda at mange har blitt offer for denne forbannelsen, blant andre Whoopi Goldberg, Mercedes Ruehl, Kim Basinger, Mira Sorvino, Geena Davis og Marisa Tomei. 

Eit anna aspekt ved Oscar-forbannelsen er det som blir kalla “Oscar’s Relationship Curse”. Og denne baksida av medalja skal visstnok vere forbeholdt kvinner. Teorien går ut på at kvinner som vinn Oscar, hovudsakleg for Beste Hovudrolle, går eit snarleg samlivsbrudd i møte. Ifølge mi venninne på jobb, er følgande scenario hyppig tilfelle: Den kvinnelege Oscar-vinnaren er gift med ein mindre kjent mann, som reagerer på kona sin suksess med å finne seg ein ny og mindre kjent kjæraste. Mest sannsynleg er samlivsbrudda rett etter Oscar-tildelinga ein tilfeldighet, men det er påfallande mange kvinner som har delt denne skjebnen. Eg nevner i fleng: Reese Witherspoon, Julia Roberts, Hillary Swank, Halle Berry, Gwyneth Paltrow og Helen Hunt. I tillegg tok forholdet mellom Nicole Kidman og Tom Cruise slutt rett før ho mottok Oscar for “The Hours” i 2002.

“Win an Oscar – lose your man”. Det blir sagt at “she who wins an Best Actress will bring home one man (Oscar), but lose her own”. Er det verkeleg slik at menn ikkje tåler at kvinner er meir berømte eller suksessfulle..? “It is hard on any couple when the woman is perceived to be more successful”, blir det sagt i ein av artiklane om dette temaet. Er det verkeleg slik..?! Og i såfall, gjeld dette berre når kvinna er meir berømt og suksessfull enn mannen? Kvifor skulle det ikkje vere like problematisk andre vegen?

Eg håpar dette er ei myte. Men eg fryktar at det er ei kime av sannhet i det – særleg her i USA..

Small vs Big Government

februar 26, 2009

Det er eit skadeskutt republikansk parti som må reise seg fra aska etter valget i haust, og spekulasjonane rundt kven som skulle ta leiinga og gjenreise partiet har vore mange. I går kveld kom ein av kandidatane fram i rampelyset for fullt, då han på vegne av republikanarane kom med eit motsvar til gårsdagens kongresstale fra Barack Obama.

Eg har høyrt om han fleire gonger tidlegare, men i går slo det meg at dette faktisk kan komme til å bli ein framtidig republikansk presidentkandidat. Kanskje allerede ved neste valg? Bobby Jindal er utvilsomt ei ”shooting star” i partiet, og kanskje kan han representere den ”change” som dei siste 8 åra og valgresultatet nødvendiggjer. Han er guvernør i Louisiana, og den første guvernør med indisk-amerikansk bakgrunn. Han er ung, dynamisk, karismatisk og veltalande. Ta ein kikk på karakteristikken ovanfor, og bytt ut ‘indisk-‘ med ‘afro-‘. Kan dette vere republikanarane sitt svar på Barack Obama?

Talen i går hadde hovudfokus på den økonomiske krisa som rammar USA hardt. Han skisserte på ein forenkla måte forskjellen mellom demokratane og republikanarane sin økonomiske politikk: Demokratar trur at staten (”government”) kan løyse problema. Republikanarar vil ha minst mulig statleg innblanding, og meinar at det er det amerikanske folket som best kan løyse problema sjølve. Dette er den klassiske høgre- mot venstre retorikken som ein har i mange land. Men her er ingen av partia særleg venstrevridde, det er jo USA, må vite!

Jindal gjekk kraftig ut mot stimulus-pakken som nyleg er vedtatt, og kalla den uansvarleg. Det tilbakevendande slagordet i talen hans var: ”Americans can do anything!” Meir presis: med skattelette og utan statleg innblanding kan amerikanarane klare kva som helst! Slik sett representerar Jindal ”back-to-basics” innan det republikanske partiet, ved å forfekte ”small government”, skattelette og ansvarleg økonomisk politikk – akkurat dei grunnideala som gjorde Ronald Reagan så populær på 80-talet. Dette er prinsipper som gir gjenklang hos mange amerikanarar. Husk; dette er “do-it-yourself” landet. Det er ikkje tilfeldig at New Hampshire har valgt mottoet “Live Free or Die”. 

Small eller big government – kva strategi fungerar best i den økonomisk politikken? Eg synest det virkar som om opp- og nedgangstidene kjem med jevne mellomrom uansett kva parti som styrer skuta. Men er det ikkje slik at oppslutninga og populariteten til dei to retningane fluktuerar på samme måte? Er det ikkje eit omvendt proporsjonalt forhold mellom trua på det frie marked med minimal statleg innblanding og dei økonomiske konjunkturane? Grovt sett kan det virke som om denne teorien stemmer for USA dei siste 30 åra. Etter at både Reagan-åra og jappetida var forbi, tapte Bush senior for Clinton tidleg på 90-talet. Tidene blei betre, og økonomien gjekk så det suste då Bush junior stakk av med valgseieren i 2000. Den økonomiske situasjonen var høgast prioriterte sak for amerikanarane ved valget sist haust, og finanskrisa var medvirkande årsak til demokratane sin brakseier.

Er det ikkje litt slik i Norge også? I nedgangstider blir me engstelege og søker trygghet og forutsigbarhet i statleg styring. Men så snart det er gode tider og alt går på skinner; då klagar me på bensinprisen og støttar Fremskrittspartiet..?

Men Bobby Jindal altså. Merk dykk navnet – det er alt eg seier! Americans can do anything. 

Hipp hopp hurra!

februar 21, 2009

Kilde: Scanpix (www.dagbladet.no)

Kilde: Scanpix (www.dagbladet.no)

 “En historisk dag for damene”, skriv Marte på bloggen sin idag. Eg kunne ikkje vore meir enig. Dessverre fekk eg ikkje sjølv vere augevitne til det første VM-hopprennet for kvinner, men pyttsann; eg kan skrive om det likevel!

Det har vore ei lang ferd mot VM-skihopping for jentene. Eg har sett mang ein diskusjon og debatt om dette dei siste åra. Bakstreverske haldningar og fordommar har skjult seg bak tilsynelatande velmeinande argument som at “sikkerheten må stå i fokus” eller at “bredden er ikkje stor nok”. Medan det ein leser mellom linjene er at “skihopp er ikkje noko for jenter” eller at “skihopping er for farleg for jenter”. Eg skal ikkje snakke stygt om Torbjørn Yggestad, eg leste på nettet at han er alvorleg sjuk. Eg lar han tale for seg sjølv: “Jeg synes det er veldig koselig at de er med. Men det kommer til å ta mange år fremover før vi får skikkelig blest og fart rundt dette med damehopp. Det finnes fremdeles for få damer med den kapasiteten som trengs for å lage et skikkelig renn”, seier han på vg.no. Koseleg var ikkje det første ordet som falt meg inn, men greit nok. Han meinar det nok godt. Og eg såg jo ikkje rennet idag, men var det ikkje eit “skikkeleg renn”..?

For jentene må ikkje berre få hoppe, dei må få hoppe skikkeleg! Eg leser at den norske hopparen Line Jahr uttalar til dagbladet.no at “juryen var dritfeig” og at “det ser så jævlig dårlig ut når jentene lander på kulen”. Det er viktig at utøvarane får optimale forhold, særleg sidan skihopp for jenter er ein ny sport som treng litt “blest og fart” som Yggestad seier. Idag virkar det som om farten hadde vore altfor dårleg, slik at mange landa på kulen og dei lange hoppa uteblei. Dette er jo ein sport der jentene sannsynlegvis har betre forutsetningar enn gutane. Men dei må få ein sjanse til å vise kva dei kan. Marte skriv at under rennet var ekspertkommentator og tidlegare hoppar Espen Bredesen avmålt og strekte seg ikkje lenger enn til å seie at enkelte av hoppjentene er “relativt gode”. På ein slik historisk dag kunne vel superlativa sitte litt lausare..? Eller er det nokon som føler seg trua?

Vanlegvis skyr eg kommentarfelta i nettavisene, men idag kom eg tilfeldigvis over ein kommentar eg merka meg: Vedkommande som skreiv kommentaren hadde besøkt si gamle mor på sjukeheimen idag. Ho hadde tørka sine modige tårer då jentene satte utfor hoppkanten i VM. Ho var nemleg ei av dei første norske jentene som dreiv med skihopping i sin ungdom på 40-talet. Det har vore ei lang ferd. 

Can’t Buy Me Love

februar 16, 2009

img_7746Som sagt; alt er stort her i USA. Derfor inga overrasking at Valentine’s Day tar av her borte. 14.februar er dagen då alle hjerter skal glede seg, koste kva det koste vil.

Valentine’s Day er angiveleg den tredje største “spending holiday” i USA (etter jul og Halloween, trur eg), altså den tredje største høgtida kva forbruk angår. Den er strategisk plassert midt mellom jul og påske, for at handelsnæringa kan gi folk eit påskudd til å opne lommeboka også i februar. I fjor brukte amerikanarane 122 dollar (ca 850 kroner) kvar på feiringa av denne dagen. I år skal visstnok finanskrisen ha lagt ein dempar på kjøpefesten; predikert forbruk per person var i år redusert til 102 dollar (ca 700 kroner). Blomster og søtsaker står for ca 80% av forbruket på Valentine’s Day, og prisen på nettopp desse varene blir skrudd kraftig opp i forkant av denne dagen. Butikkane har eigne utstillingar lang tid i forvegen, med rosa hjerteforma konfektesker som kostar skjorta og vel så det. Vil du overraske din kjære med røde roser denne dagen, må du også rekne med å punge ut. Eg har høyrt at eit dusin røde roser kan koste opp mot 500 kroner. 

Og kjøpepresset er stort. Rosa reklame blinkar mot deg overalt – skreddarsydd for å gi deg dårleg samvittighet dersom du ikkje viser din kjærlighet til din utkåra på ein kostbar nok måte. Eit anna fenomen eg har lagt merke til: i tida før Valentine’s Day er avisene fulle av “hjelp-til-sjølvhjelp” artiklar for dei “stakkars” single, som ikkje har nokon hjertevenn å dele denne dagen med. Det blir på ein måte tatt for gitt at dette er ei vanskeleg tid for alle einslege, og at dei sitter ensomme og aleine heime og deppar denne kvelden. For noko tull! Eg tippar at dei fleste single gir blaffen i denne krampaktige og kommersielle høgtida. Kanskje er dei rett og slett glade for å sleppe å forholde seg til kjøpepresset og forventningane knytta til denne dagen?

Eg har ingenting i mot ideen om ein dag der ein setter ekstra pris på sin kjæreste, sambuar eller ektefelle – det er ein fin tanke. Men kva med å gjere det på sin eigen måte? Kva med å gjere det resten av året? Kjøp heller blomster ein tilfeldig kvardag! Eller betre; vis at du setter pris på din utkåra på ein måte som ikkje kostar penger. 

På Whole Foods idag var all den rosa hjerteforma konfekten på salg, til 50% av gårsdagens pris.. The best things in life are free (eller på tilbud..?) 😉

Warning: High Ick-Factor!

februar 9, 2009

Eg likar mange typar filmar. Eg kan også like romantiske komediar, dersom dei er godt laga. Eg kan gjerne sjå ein lett film for underhaldninga si skuld. Eg likte både Notting Hill og Love Actually. Sex and the City er min favorittserie. Men ein plass går grensa. Etter å ha sett “He’s just not that into you” på kino i helga, må eg kvesse slaktekniven. I’m just not that into this movie..

Filmen er det nye stjernespekka tilskuddet på romantisk komedie-stammen. Ei rekke kjente skuespelarar har stilt opp i denne filmatiseringa av det som opprinneleg var ei sjølvhjelpsbok om dating. “He’s just not that into you” var også bakgrunnen for ein episode i Sex and the City-seriens sjette sesong. Konseptet går ut på at dersom ein mann ikkje ringer deg etter ein date, er det fordi “he’s just not that into you”. Det er ikkje fordi mobilen ikkje virkar, han har det travelt eller eit familiemedlem er avgått ved døden.. Dersom han er interessert, vil han få tak i deg. There are no mixed messages. Denne moralen harselerar altså med kvinners tendens til å dissekere, overanalysere og bortforklare når det gjeld dating og forhold. Det kunne vore eit artig utgangspunkt for ei romantisk komedie litt utanom det vanlege. I Sex and the City er denne episoden veldig morsom og treffande, og seriens Miranda får ei frigjerande åpenbaring når ho høyrer dette budskapet: He’s just not that into you. Genialt. Move on.

Så kva går så alldeles gale i filmen..? Filmen kretsar rundt ei rekke personar, unge vaksne som enten er single eller i eit forhold, men som alle har eit eller anna problem i sitt forhold til det motsatte kjønn. Midt i begivenhetane sitt sentrum finn me single Gigi (Ginnifer Goodwin) som er så desperat, obsessiv, nevrotisk og reint ut irriterande at Carrie Bradshaw blir som Dalai Lama å rekne i forhold.. Ho er desperat opptatt av dating og det å finne seg ein mann, koste kva det koste vil. Men å ta noko form for initiativ sjølv er utelukka; i stadan slepp ho ikkje mobilen av syne i vekesvis i håp om at den siste date’n skal slå på tråden. Desperasjonen og grensepsykosen lyser lang veg av henne, og det er egentleg fullt forståeleg at dei fleste menn skyggar banen..

Filmen lar oss også bli kjent med ei rekke andre meir og mindre dysfunksjonelle unge menn og kvinner. Jennifer Aniston og Ben Affleck spelar eit samboarpar som har vore ilag i 7 år, men der ho er så besatt av at dei må gifte seg; at forholdet tar slutt som resultat. Eit anna par har vore gift i mange år, men eit stort oppussingsprosjekt tærar på forholdet, og mannen innleiar ei affære med filmens femme fatale, spela av Scarlett Johansson. I tilleggg er det bartendaren Alex, som begynnar å gi Gigi råd om dating, etter reglane i “he’s just not that into you” konseptet, og ei rekke andre personar som viklar seg inn i denne søtsuppa. 

For søtsuppe blir det nemleg. Filmen er ein einaste stor sjølvmotsigelse. Reglane i “he’s just not that into you” konseptet gjeld berre fram til siste halvtimen, knapt nok det. Då er plutseleg alle så “into” alle, at den påfølgande kvalme happy ending’en fekk meg og Qingling til å simulere brekningar til kvarandre. Ick..! Men: søtsuppe er ikkje i seg sjølv bakgrunn for denne bloddryppande slakten. Hovudproblemet med filmen er at den framstillar jenter som patetiske og desperate, utan andre mål i livet enn mann og bryllup. Dei single jentene i filmen er besatt av å skaffe seg ein mann, og dei som er i eit forhold er besatt av å gifte seg.. Eindimensjonale robotar på stadig søken etter den store kjærligheten..! Framstillinga av mennene i filmen er ikkje like kliss klisjefylt, men det er sanneleg ikkje langt unna. Dei er redde for forpliktelsar generelt og bryllup spesielt. Dei går hodestups inn i utroskapsfella og mister både kone og elskerinne med dumskapen sin. Både menn og kvinner blir undervurdert og fornærma i denne håplause framstillinga av kjønnsrollene. 

Eg er klar over at kjønnsrollemønsteret er hakket meir konservativt her i USA enn heime, og at viktigheten av det å gifte seg er større her; men likevel: Hallo Hollywood! Dette går ikkje an!! Og til mine kjære lesarar: Dykk er herved advart! Ikkje la dykk lure av Hollywood sine forsøk på å lobotomere både kvinner og menn. Me kan betre enn dette! Skygg unna denne filmen!

Ei utstrakt hånd

februar 1, 2009

 

img_6891Change we can believe in? Yes we can! Barack Obama si første halvanna veke som president har markert ei kraftig kursendring i amerikansk politikk. Mange av tiltaka hans har vore mest av symbolsk art og hatt som formål å distansere seg fra Bush og hans politikk. Andre tiltak har nærmast hatt eit historisk sus over seg, med potensiale til å få betydning langt utover USA sine grenser. 

Obama venta ikkje lenge med å sette løftene om endring ut i politisk praksis. “He hit the ground running”, som dei seier her i USA. Han var kjapt ute med å reversere mykje av Bush sin sikkerhetspolitikk, ved å beordre stenging av den berykta Guantanamo-basen i løpet av eit år, forby dei hemmelege CIA-fengsla, og endre reglane for avhør av terrormistenkte. Han har gitt krystallklar beskjed om at USA ikkje er eit land som skal drive med tortur. Målet skal ikkje lenger heilaggjere bruk av alle tenkelege midler, og kampen mot terror skal kjempast på ein måte som ivaretar USA sine ideal og moralske prinsipp. “We believe we can abide by a rule that says, We don’t torture, but we can effectively obtain the intelligence we need”, uttala Obama om denne saka. 

Også innan familie- og likestilingspolitikken har Obama markert seg innan eit par saker som har stor symbolverdi, og som lovar godt for framtida. Først fjerna han det som blir kalla “the global gag rule”, ei lov som har lagt ned forbud mot støtte til internasjonale organisasjonar som driv med familieplanlegging og aborthjelp. Denne ballen har blitt sparka att og fram mellom republikanarane og demokratane sidan Reagan innførte forbudet i 1984. Clinton fjerna forbudet då han kom på plass i det kvite hus, og Bush var kjapp med å gjeninnføre forbudet då det blei hans tur. Som forventa sparka Obama ballen i retur så snart han fekk sjansen, men i det stille og utan å gjere noko nummer ut av det. Truleg vil han kaste minst mulig ild på det følelsesladde abort-bålet nå i dei viktige første vekene som president. 

Eit anna positivt signal fra Obama var signeringa av Lilly Ledbetter Fair Pay Act, ei lov vedtatt av Kongressen og oppkalla etter ei kvinne som gjekk til retten fordi ho opplevde å få mindre lønn enn sine mannlege kolleager. Ho fekk medhald i retten, men Høgsterett avviste saka fordi det hadde gått meir enn 180 dagar fra første gong ho opplevde forskjellsbehandling til ho gjekk til søksmål. Den nye lova endrar desse strikte reglane, og skal gjere det enklare å gå rettens veg dersom ein opplever diskriminering i arbeidslivet. 

Obama har også signalisert ein ny stil innad i det kvite hus. Han har vedtatt reglar som skal begrense og regulere lobbyvirksomheten, og varsla større åpenhet rundt dei politiske prosessane. Han har også vedtatt ei frysing av lønningane til alle ansatte i det kvite hus som tjener over 100 000 dollar i året, og dermed satt eit eksempel til etterfølgelse; moderasjon må gjelde alle i desse økonomiske krisetider. Han har også gitt Wall-Street leiarane ei skikkeleg overhøvling fordi dei tok ut store summar i bonus til seg sjølv medan finanskrisen sendte økonomien i ein nedadgåande spiral. Det var tydeleg at dette provoserte Obama, og han brukte sterke ord: “That is the height of irresponsibility. It is shameful.”

Økonomien har naturleg nok vore den viktigaste enkeltsaka for Obama å gripe fatt i. Nyleg blei stimulus-pakken hans på 819 milliardar dollar vedtatt i Representantenes Hus, rett nok utan støtte fra ein einaste republikanar. Det må ha vore noko skuffande at redningsplanen ikkje oppnådde noko som helst tverrpolitisk støtte, men viktigare er det nok om planen vil virke etter hensikten eller ikkje. Det vil truleg ha mykje å sei for Obama si politiske framtid. Kriseplanen skal nå til vidare behandling i Senatet, og justeringar kan framleis gjerast før Obama setter sin signatur på papiret, noko han håpar å gjere i midten av februar. 

Men økonomi, sikkerhet, familiepolitikk og annan innanrikspolitikk til side.. – det som utan tvil har gjort sterkast inntrykk på meg er den fundamentalt nye tonen innan utanrikspolitikken. Me har fått ein forsmak på dette gjennom valgkampen og ikkje minst i talen under innsettinga, då han henvendte seg direkte til heile verda. Hans bruk av den utstrakte hånda som eit bilde på dette blir truleg ein klassikar: “we will extend a hand if you are willing to unclench your fist”. Å sjå at dette skjer i praksis er likevel noko anna enn å høyre det i talar. I løpet av sin første dag som president var Obama på telefonen med mange av verdas leiarar, også i Midtausten, for å vise sin vilje til dialog. Vidare har han gitt uttrykk for vilje til å ta tak i konflikta mellom Israel og palestinarane heilt fra starten av, og har allerede gjort ei populær utnevning av George Mitchell som spesialutsending til Midtausten. Han presiserte også at Mitchell si hovudoppgave i første omgang er å lytte, ikkje diktere, og at tiltak vil bli sett i verk først etter å ha konsultert alle partar i konflikta nøye. Dette er nye tonar. 

Change we can believe in..? La meg seie det slik: So far, so good. Etter mi meining har Obama komt godt i gong desse første dagane av si presidentgjerning. Forventningane er store, men han rir også på ei bølge av godvilje fra amerikanarar og fra verda ellers. Alle forstår me at ting kjem til å ta tid. Alle ønsker me at han skal lukkast. Eg seier som i X-files: I want to believe. 

Den mest talande handlinga til nå er utan tvil intervjuet Obama ga på den arabiske tv-kanalen Al-Arabiya i veka som gjekk. “My job to the Muslim world is to communicate that the Americans are not your enemy. We sometimes make mistakes. We have not been perfect.”

Den utstrakte handa gjekk fra å vere ein abstrakt metafor i ein tale til å bli ein håndfast realitet.

USA+Israel=sant?

januar 18, 2009

Å vere her i USA medan Gaza-krigen utspelar seg i Midtausten, gjer at ein undrar seg over følgande: Kva er det som gjer at USA alltid gir Israel si ubetinga støtte? Kva er det som gjer at synet på denne konflikta er så forskjellig i USA og Europa? Eg veit på langt nær nok om dette til å gi dykk svaret, men eg gjer meg nokon tankar. 

Dei amerikanske myndighetene og regjeringa støttar Israel fordi landet utgjer ein viktig alliert i Midtausten, eit område der USA har sterke interesser og også sterke fiendar. Det er av avgjerande betydning for USA å ha ei demokratisk og sterk USA-vennleg militærmakt i dette urolege hjørnet av verda. Når Israel nå bruker “øks i stadan for skalpell” mot Hamas i Gaza-krigen, er dette ein del eit større maktspel i Midtausten. Dei viser musklar for å demonstrere si overlegne militærmakt i området ovanfor fiendar som Iran og libanesiske Hizbollah. Og i Midtausten er det slik at mine venner er dine venner; Israel og USA har dei same vennene og dei same fiendane. 

Det er imidlertid litt vanskelegare å forstå kvifor den amerikanske folkeopinionen også støttar Israel. Haldninga til konflikta mellom Israel og palestinararne er merkbart forskjellig i Europa og her i USA. I Europa har eg inntrykk av at fleirtalet utviser eit snev av nyanse i synet på konflikta, og det er nærmast politisk korrekt å uttrykke ein sunn skepsis ovanfor Israel sin okkupasjonspolitikk. Mitt inntrykk er at storparten av nordmenn, også i det politiske landskapet, prøver å sjå saka fra begge sider. Det kun FrP som kjører ein knallhard Israel-vennleg politikk. Lite tyder på at dette vil vere ein stemmesankar i Norge idag. Men i USA kan ingen bli president utan å vere fullstendig uforbeholden i si støtte til Israel. Det var nesten komisk å sjå korleis kandidatane kjempa om å vere den største Israel-vennen under valgkampen; korleis dei overgjekk kvarandre i å erklære si livslange og inderlege kjærlighet til Israel. Republikanarane prøvde hardnakka å så tvil om Barack Obama verkeleg er ein ekte og lojal Israel-venn. Då han ga uttrykk for eit ønske om ein meir diplomatisk utanrikspolitikk og opna for dialog med USA sine fiendar, som mellom anna Iran, blei han stempla som håplaust naiv. Desse uttalelsane blei han håna kraftig for i kvar debatt – tenk å seie at ein ønsker å snakke med Iran! Nei, då er det vel betre å begrense seg til Bush-administrasjonen sin einsidige taktikk; starte ein krig eller to.. 

Men kvifor er det så viktig for politikarane å markere seg som den største Israel-vennen? Nokon meinar dette er for å vinne stemmane til dei ca 6.7 millionar amerikanske jødane. Dette er sjølvsagt ei side av saka, men kan ikkje fullt ut forklare fenomenet. For eksempel bur heile 1.75 millionar av jødane i New York City, i ein stat som alltid stemmer erke-demokratisk og på ingen måte er nokon vippe-stat. Mange jødar bur også i den viktige staten Florida, og her kan det ha meir praktisk betydning å vinne jødane sine stemmer. Men likevel; dei amerikanske jødane sine stemmer er ikkje aleine nok til å forklare viktigheten av å markere si Israel-støtte. Det er også andre forhold som spelar inn. Den israelske lobbyen står sterkt i USA og har betydeleg makt innan politikk og i samfunnet ellers. Dei sterke interesseorganisasjonane er truleg viktigare enn sjølve antallet jødar i USA, og ein kan sannsynlegvis lide ein rask politisk død dersom ein legger seg ut med desse. Men kanskje endå viktigare: For å vinne det amerikanske valget må ein ikkje berre vere Israel-vennleg, ein må også vere sterkt religiøs. Og med religiøs meinar eg kristen altså, ikkje muslim som Obama meir enn ein gong blei beskyldt for å vere.. Dei sterkt religiøse er ei stor velgargruppe i USA, mykje større enn jødane. Og dei støttar Israel. Overraskande mange kristne amerikanarar leser nemleg Bibelen bokstaveleg, og trur at ein av tinga som må skje før dommedag er at jødane skal få kontroll over Jerusalem. Kåre Willoch siterer The Economist i sin kronikk i Aftenposten: “To av fem amerikanere tror at Israel ble gitt til det jødiske folk av Gud, og en av tre sier at opprettelsen av staten Israel var et skritt i retning av Kristi gjenkomst.” Eit anna forhold som blir påpeika blant anna i denne kronikken av Harald Stanghelle i Aftenposten, er at USA og Israel føler eit skjebnefellesskap i kampen mot terror. Særleg etter 11.september 2001 har denne følelsen av felles skjebne og felles fiendebilde gitt eit endå sterkare fellesskap landa i mellom. Som Stanghelle seier: “Både supermakten USA og landet med Midtøstens mektigste militærkompleks – begge atommakter – ser seg selv i offerrollen, og gjenkjenner frykten i hverandres nasjonale ansikt.”

Avtroppande president George W. Bush og hans regjering har vore ekstremt Israel-vennleg, sjølv i amerikansk målestokk. Dette har truleg hatt negativ innvirkning på konflikta i Midtausten, og ikkje nettopp skapt eit klima for utvikling av ein fredsprosess. Nå håpar mange at Barack Obama kan vere i stand til å “give peace a chance”; ikkje minst er der mange muslimske land som har forhåpningar om ein ny retning i utanrikspolitikken. Mange blei imidlertid skuffa, og tok det som eit dårleg signal, då Obama valgte jødiske Rahm Emanuel som stabssjef. Sjølv om det er overdrevent å trekke slutningar kun basert på denne utnevninga, kan nok kritikarane ha rett i at det neppe blir noko radikal endring av USA si linje ovanfor Israel. Til det er bånda altfor tette, den gjensidige avhengigheten altfor stor. Men ryktene seier at den nye administrasjonen har planar om å opprette ein kanal for kommunikasjon med Hamas, og Obama har sagt at han ønsker å starte ein dialog med Iran. Willoch siterer Nelson Mandela: For at det skal bli fred, må fiendar snakke saman. Det høyres ut som eit betre forslag enn bomber iallfall.. 

På tirsdag blir Barack Obama utnevnt til den 44.amerikanske presidenten. Tida vil vise om han kan lukkast med “mission impossible”; å skape fred i Midtausten. Skal dette nokon gong skje, må USA vere med på laget. Det er vanskeleg å ha for store forhåpningar til verdas urolege hjørne, men me kan jo håpe. Eg håpar iallfall at Obama kan bidra til å gjere verda til ein litt tryggare stad å vere.

Anonymt avfall

desember 16, 2008

Eg prøver å følge litt med i dei norske nettavisene, men nå har eg sett meg kraftig lei på følgande fenomen: Anonyme kommentarar på artiklar, kronikkar og alt mulig som det går an å meine noko om. Takk og pris for ytringsfriheten, men det må då vel kunne gå an å stå fram med fullt navn dersom ein har noko viktig å seie..?? Eg forstår at tanken bak denne anonymiteten er at fleire skal kommentere og delta i debattane, og at ein kanskje skal oppnå eit breiare meiningsmangfold enn ein hadde gjort dersom folk måtte oppgi navn. Men ein kan lure på om dette egentleg fører til ein meir konstruktiv og nyttig debatt?

Fredag leste eg ein kronikk i Aftenposten kalla “Barn er ikke alt”, av skribenten Anniken Strømøy. Denne kronikken blei skreve i kjølvatnet av Knut Olav Åmås sin kronikk “De frivillig barnfrie” i samme avis, der han skildrar det å ikkje ønske seg barn som eit stort tabu i dagens samfunn. Strømøy skriv ein svært personleg kronikk der ho deler sine eigne erfaringar og følelsar rundt det å få barn. Ho skriv om ting som at det var grusomt å gå gravid, at ho ikkje kjente nokon glede når barnet blei født, og at ho ofte skulle ønske seg friheten tilbake. Samtidig presiserar ho at ho er utruleg glad i den lille 6-åringen sin, og at ho ikkje angrar på at ho fekk barnet. 

Kommentarfeltet under denne kronikken er til dels sterk lesning. Mange støttar henne, og synest det var befriande at nokon setter ord på dei mindre rosenrøde sidene ved det å få barn. Mange har også liknande erfaringar. Men det haglar også med direkte utskjelling og utilbørlege anklager:

“Mest sannsynlig burde forfatteren aldri vært mor, da hun virker som hun vil leve for seg selv og ikke for sine barn.”

“..bare det å tenke tanken på å såre følelsene til en person DU har satt til verden fordi du ikke opplever morsrollen som en porselensglasert paradegate av komfort, er i mine øyne heslig, du skulle hatt deg en saftig smekk, vær den moren ungen din trenger og fortjener, kvinne!”

“Ingen ber om å bli født, og vi har adgang til abort i Norge.den følelsen du vekket i meg var rett og slett “forakt””

“Det er det mest sutrete og patetiske innlegget jeg lest!”

“Hater slike damer som deg! Ta ansvar for det du har gjort, og sørg for at barnet får det så godt som overhode mulig. Stakkars barn!!!”

“Det burde vært lisens på å få unger når man hører slikt egosentrert preik fra en selvopptatt mor.”

“Jeg synes at mødre som ønsker seg både i pose og sekk skal gå inn i seg selv og finne ut hva slags mennesker de er. Barna har ikke bedt om å komme til verden, og min erfaring er at det i første rekke er kvinnene som ønsker seg barn.”

“Skam deg du som angrer! Du burde kansje ha adoptert bort barnet ditt til noen som ville ha elsket henne i stedet.”

“Nettopp pga slike kvinner er Norge en døende kultur. Barnehatende, mannshatende, “leve ‘livet’ først”, tvilende, “skulle gjerne ha knullet en neger først”, utro av prinsipp, ansvarsløs, “krevende”, rettigheter og ingen plikter. Disse kvinnene, kanskje ca 70% av norske kvinner, må man for enhver pris unngå.”
“Dette tror jeg er det mest ureflekterte, selvsentrerte, og latterligste jeg har lest i hele mitt liv
Nei det er synd på disse kjerringene her i landet… ”  

“..dette er andre gang et innlegg fra meg blir slettet….dagens kjerringer ER egosentriske,tåler dere ikke høre det?”

 

Etter desse kommentarane er det lett å vere enig med Åmås og Strømøy; å snakke om slike følelsar verkeleg må vere eit stort tabu.. 

Når nokon er modige og deler sine personlege opplevingar på eit så sårbart område som dette, kan ein kjenne seg igjen eller ikkje; vere einig eller ikkje; tenke sitt i sitt stille sinn eller ikkje; – men ein bruker då vel vanleg folkeskikk og behandlar forfattaren med respekt..?! Og dette er berre eit enkelt eksempel på ein ukultur som berre har akselerert den siste tida. 

I Aftenposten sine reglar for innlegg og kommentarar står det følgande: “Innlegg som strider mot norsk lov eller alminnelig folkeskikk vil bli fjernet. (…) Selv om man er uenige, forventer vi at man behandler andre debattanter med respekt. Krenkende og nedsettende kommentarer om motparten er et tegn på at man selv er gått tom for argumenter, og denne type innhold vil bli fjernet.” Då lurer eg på: Kor går grensa? Kva må til for å bryte alminneleg folkeskikk eller opptre respektlaust..?? Det kan forøvrig nevnast at etter 109 kommentarar blei denne debatten stengt for anonyme innlegg. 

Eg synest denne utviklinga i norske nettaviser er hårreisande, og kan ikkje sjå at anonymiteten bidrar til anna enn ei forsøpling og ei fordumming av det offentlege rom.

Gubbeklubben Grei

desember 14, 2008

Til dagleg tenker eg ikkje vidare over dei mulighetane eg har fått tildelt. Sjølvsagt kan eg ta utdanning og bli lege! Sjølvsagt kan eg ta doktorgrad! Sjølvsagt kan eg reise eit år til Boston! Som eg sa den gong eg som lita jente ville og skulle klare alt (men kalla meg sjølv “du” i stadan for “eg”..): “Du skal! Du kan!” Men av og til blir eg minna på at det ikkje er så lenge sidan dette ikkje var sjølvsagt. Iallefall ikkje for størsteparten av befolkninga. Og iallfall ikkje for jenter. 

Nyleg var eg på ei foredragsrekke på Brigham and Women’s Hospital, i eit stort flott amfiteater eller auditorium. Tankane kan lett vandre av stad i slike samanhengar, særleg når detaljutbroderinga av basalforskning fjernt fra eige fagfelt drar ut i langdrag. På dette foredraget begynte eg å kikke meg rundt i auditoriet, og blei etterkvart fascinert av at veggene nærmast var dekka av portrettmaleri av gamle professorar. Eg veit sjølvsagt ikkje kven alle dei portretterte menna var, men eg reknar med at dei var framståande legar og forskarar fra opp gjennom sjukehusets historie. Det var sikkert snakk om totalt tredve maleri på auditoriets to langvegger, og av desse var det kun ei einsleg kvinne. Resten var eldre ærverdige gråhåra menn i dress eller legefrakk. Det portrettet som særleg fanga oppmerksomheten min var av ein professor som sto smilande framfor arbeidspulten sin. På pulten i bakgrunnen var det inniblant bøker og papirer også to familiebilder; truleg av kone og barn. Detaljar i bakgrunnen. Eg kunne ikkje la vere å tenke på at slik var det nok for mange av familiane til desse framståande og ærverdige professorane: Dei var i bakgrunnen. Dei blei ikkje prioritert. Dei la til rette for professoren sin suksess, dei laga mat og stelte hus og heim. Dei fleste ektefellene hadde truleg ikkje anledning til eigen utdanning, jobb eller karriere. Det kan ikkje ha vore lett for professorane sjølve heller. Lange arbeidsdagar og lite ferie, stort arbeidspress. Kanskje såg dei familien sin oftare på fotografiet på pulten enn i levande live..?

Ting har endra seg. Ingen finn seg lenger i ein så altoppslukande jobbkvardag, der ein må forsaka tid med familie og fritid for å kunne lukkast. Jenter blir legar og tar doktorgrad sjølve, i stadan for å sitte heime og vente med middagen klar til ein mann som jobbar 15 timars dagar. Me er heldige. Men også idag er det store fleirtalet professorar gamle grå menn. Til tross for at jenter for lengst har gjort sitt inntog i høgare utdanning og forskning, viser statistikken at veldig mange faller av på veg oppover karrierestigen. La oss sjå nærmare på dei harde fakta: Likestillingsstatistikk fra Universitetet i Bergen (UiB) for året 2007 viser at 49% av stipendiatane ved UiB er kvinner. Kvinneandelen varierar betydeleg mellom ulike fagområde. Medisin er eit av dei fagområda med størst kvinneandel, i 2007 var 62% av stipendiatane ved Medisinsk Fakultet kvinner. Dette er ei økning på nesten 10% dei siste ti åra, og gjenspeglar den utviklinga me ser på medisinstudiet; der fleirtalet studentar dei siste åra har vore kvinner. Statistikken på professornivå viser ei anna kjønnsfordeling. Kvinneandelen blant professorar på UiB er 17%, og her har det ikkje vore nokon økning dei siste åra. Innan fagfeltet medisin er 16% av professorane kvinner, også dette talet har vore stabilt dei siste åra. Noko av denne forskjellen kan sjølvsagt forklarast utfra det faktum at det tar tid å oppnå professor-kompetanse, og at det derfor nødvendigvis vil måtte ta nokon år før desse kjønnsforskjellane utjevnar seg.

untitled1

Kilde: Likestillingsstatistikk, UiB 2007

Men dette er ikkje einaste forklaringa. Isåfall burde kvinneandelen også på professornivå ha økt meir enn den har gjort. Forskningsminister Tora Aasland uttalar følgande til Norges Forskningsråd: “Kvinneandelen i medisinfaget er høy og har vært det en stund. Men selv om 56 prosent av dagens doktorander i medisin er kvinner, får vi ikke flere kvinnelige professorer i faget. Da er det grunn til å se nærmere på hva det er som gjør at utviklingen stopper opp på doktorgradsnivå.” Figuren ovanfor illustrerar det som blir kalla ”the leaky pipeline”, nemleg at kvinner fell i frå på den akademiske karrierestigen i større grad enn menn. Mens ein tidlegare trudde at så lenge fleire kvinner tok høgare utdanning, ville kjønnsforskjellane også i toppstillingane forsvinne etterkvart, ser ein nå at dette truleg ikkje kjem til å skje heilt automatisk. Det kjem iallfall til å ta lengre tid enn forventa. Mange brukar begrepet ”glasstaket” for å illustrere at kvinner kan møte motstand i systemet i større grad enn menn. Både “the leaky pipeline” og “glasstaket” har truleg mange og kompliserte årsakar. Mest sannsynleg er fenomenet delvis forårsaka av kvinner sine eigne valg, og delvis av treghet i systemet. Stadig fleire universitet og bedrifter har nå ein bevisst likestillingspolitikk, der det er eit uttalt mål å utjevne kjønnsforskjellane og få opp kvinneandelen på toppnivå. Innan medisinsk forskning er det avgjerande at det blir oppretta fleire stillingar i mellomsjiktet mellom stipendiat og professor, og at desse stillingane blir tryggare og meir forutsigbare. Men det er også viktig at ein på individuelt nivå tenker over kva “glasstak” ein har i sitt eige liv. Kva er årsakane til at mange kvinner frivillig hoppar av den akademiske karrierestigen?

Professorane er fortsatt i all hovudsak gamle grå menn. Og oftast er dei ei uvurderleg ressurs for oss i den nye generasjonen legeforskarar, dei fleste tar i mot oss med opne armar og øser av sin kunnskap. Eg har etterkvart vore på ein del forskningsmøter og -kongressar. Mi erfaring gjenspeglar statistikken: Mange unge kvinnelege stipendiatar og mange eldre mannlege professorar. Hierarkiet på mange møter er ofte påfallande forutsigbart. Dei mannlege professorane sitter fremst og snakkar desidert mest, med den største sjølvsagthet. Me i den yngre garde setter oss oftast langt bak til tross for at det er ledige plassar lenger framme, og me tar sjeldan ordet uoppfordra. Dette er ikkje alltid sant, men det er ofte tilfelle. Og dessverre er me jenter verst.. Held me oss pynteleg i bakgrunnen og tier i forsamlingar..?? Det er kanskje på tide å våge å ta litt meir plass? Men eg trur også det delvis har med ein annan kultur å gjere. Ein stille revolusjon er på gang. Me blir nok professorar, men kanskje me ikkje føler behov for å få maleriet vårt på veggen?

Tilbake på foredragsrekka på Brigham and Women’s Hospital: 6 framståande forskarar innan sitt fagfelt var valgt ut til å halde kvart sitt foredrag. Kor mange var kvinner? Ei av seks. Det er betre enn ei av tredve. Det går framover. 

Norge best på likestilling!

november 12, 2008

img_6666Gledelege nyheter idag: Aftenposten kan melde at Norge er kåra til verdsmestarar i likestilling! Ifølge den ferske rapporten “The Global Gender Gap” fra World Economic Forum er Norge det landet i verda der likestillinga er komt lengst. Rapporten måler avstanden mellom menn og kvinner på fire viktige områder: 1) Økonomisk deltaking og muligheter, 2) utdanningsnivå, 3) politisk representasjon, og 4) helse og forventet levealder. Den omfattande rapporten har gitt 130 land ein “Global Gender Gap index score”. Indeksen kan tolkast som prosentandelen av gapet mellom menn og kvinner som er blitt lukka, og Norge får ein score på 82,39 prosent. Denne målinga er blitt utført dei tre siste åra, men 2008 er det første året der Norge tronar på toppen av lista. Finland og Sverige følger på 2. og 3.plass, medan USA er å finne heilt nede på 27.plass. Les heile rapporten her

Dette er gode nyheter, som viser at politiske valg gir konkrete resultater. Som barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt seier til aftenposten.no: “Mange har sagt at likestilling vil komme av seg selv, og at man ikke skal gripe inn i folks privatliv og bedriftenes anliggender. Men dette viser at tiltakene fører frem.”

Så la oss ikkje kvile på lauvbæra, men fokusere på arbeidsoppgavene; og la det vere typisk norsk å vere best framover også! 82% likestilling er kanskje best i verda, men det er ikkje bra nok-

Jobbsøkar i “barneklar alder”..?

november 12, 2008

Bør det vere forbudt å spørre om graviditet og familieplanlegging under jobbintervju? Om få dagar går høyringsfrista ut for ei endring av likestillingsloven som vil gjere dette forbudt. Det er allerede forbudt å diskriminere på bakgrunn av graviditet i ein ansettelsesprosess, men denne presiseringa av loven vil sende eit sterkt signal om at det også er uholdbart å stille spørsmål om dette i ein intervjusituasjon. I høyringsnotatet står følgande: “Et eksplisitt forbud mot spørsmål om graviditet vil kunne effektivisere diskrimineringsvernet ved at det klargjør dagens rettstilstand og kan motvirke at arbeidsgiver stiller spørsmål om forhold det ikke er adgang til å vektlegge.”

I ein kronikk i Aftenposten idag diskuterar ein skribent i “barneklar alder” dette spørsmålet. Ho fryktar at eit lovforbud mot spørsmål om graviditet under jobbintervju kan virke mot si hensikt, og gjere jobbsøking vanskelegare for kvinner i “barneklar alder”. Ho begrunnar dette med at mange bedrifter kan velge minste motstands veg, og rett og slett la vere å innkalle desse kvinnene til intervju. 

Artikkelen belysar problemstillinga på ein god måte, men eg er uenig i konklusjonen. For det første ar eg vanskeleg for å tru at særleg mange bedrifter vil vere så ukloke og kortsiktige at dei unnlatar å innkalle kvalifiserte kvinner til intervju. For det andre forstår eg ikkje heilt denne prinsipplause pragmatismen basert på høgst hypotetiske konsekvensar som stadig gir seg utslag i diverse debattar. Det var akkurat det samme i debatten rundt kriminalisering av kjøp av seksuelle tjenester. Dei fleste er enige i at prinsipielt og moralsk sett bør dette vere forbudt. Mange var likevel skeptiske til eit forbud på grunn av hypotetiske følger dette kunne få, som at bransjen vil gå under jorda og skape dårlegare forhold for dei prostituerte.  

Men bør ikkje lovar og reglar gjenspegle kva som er akseptabelt og ikkje i eit samfunn? Bør ikkje lovar og reglar signalisere samfunnet sine haldningar? Skal spekulasjonar eller mulige konsekvensar avgjere kva som skal vere lovleg og ikkje..?

Akkurat i dette tilfellet er det sannsynleg at presiseringa av lova blir vedtatt. Det ville vore eit tvetydig signal dersom det skal vere ulovleg å diskriminere på bakgrunn av graviditet, men likevel lov til å spørre om det i ein intervjusituasjon. Nokon vil kanskje tenke at arbeidgivar har rett til å få kjennskap til ein mulig arbeidstakar sine planar framover. Eg meinar at i ein ansettelsesprosess bør søkaren sitt privatliv og personlege framtidsplanar vere totalt irrelevant. Alle bør bli vurdert på bakgrunn av sine kvalifikasjonar og si erfaring. Imidlertid er det forståeleg at arbeidsgivar av praktiske grunnar kan ha eit ønske om å bli informert om arbeidstakar sin graviditet på eit forholdsvis tidleg tidspunkt. Dette kan vere eit rimeleg krav, vel og merke etter at vedkommande er ansatt. Men dersom det skal vere legitimt å etterspørre slik informasjon i ein ansettelsesprosess vil dette utvilsomt øke risikoen for at unge kvinner blir diskriminert på usakleg grunnlag. Det samme må sjølvsagt også gjelde for unge menn i “barneklar alder”. Dersom arbeidsgivarar følger med i timen, veit dei at stadig fleire menn tar ut foreldrepermisjon, også utover fedrekvoten. På samme måte som det bør vere uakseptabelt å spørre om ei kvinne sin graviditet under eit jobbintervju, bør det like fullt vere uakseptabelt å spørre ein mann om han planlegg familieforsøkelse og om han isåfall har tenkt å ta permisjon.

Kva meinar mine lesarar i “barneklar alder” om dette? Er diskriminering av unge kvinner (og menn) eit stort problem? Vil det nevnte lovforslaget kunne endre dette i positiv eller negativ retning? Og kva skal ligge til grunn for lovgivinga; prinsipper, pragmatisme eller begge deler..?

La dei små barn komme..

november 11, 2008

Tenk deg at du ligg med ei lita nyfødt jente i armane, utslitt etter fødsel og eit langt svangerskap, med mange nye rutinar som skal lærast både for deg, barnet og den stolte barnefaren. Nattevåk, amming, bli kjent med eit nytt lite menneske. Tenk deg så at i staden for å glede dykk til totalt 1 års lønna foreldrepermisjon, ligg du der og bekymrar deg for kor mange dagar eller kanskje veker du har råd til å vere vekke fra jobben. Kanskje får du berre eit par veker lønna permisjon, kanskje må du bruke av ferie eller sjukedagar, eller kanskje får du ingen lønna permisjon i det heile tatt.. Tenk deg at du må levere den vesle bylten i fra deg til framande etter nokon få veker eller månadar for å begynne på jobb igjen. Velkommen til USA.

Me er heldige i Norge. Ordningane for foreldrepermisjon er svært gode, og det er politisk vilje til å gjere ordningane endå betre; nå sist ved økninga av fedrekvoten fra seks til ti veker. Eg har tidlegare skreve om at det også i Norge er rom for forbetring, særleg når det gjeld å fordele permisjonstida meir rettferdig mellom foreldra, men når ein høyrer korleis forholda er her i USA er det lett å vere glad for at me bur i eit priveligert og beskytta lite hjørne av verda. Her i USA er det nemleg ikkje slik at lønna foreldrepermisjon er ein lovfesta rett. Praksis vil dermed avhenge av kor du jobbar, kor lenge du har jobba der, og i nokon tilfeller kva stat du bur i. Ifølge ein rapport fra 2007 utarbeida av Institute for Women’s Policy Research er ikkje lønna permisjon eingong standard i dei “beste bedriftene”. Dei har sett nærmare på dei 100 mest familievennlege bedriftene i landet, og det viser seg 24% av desse bedriftene tilbyr 4 veker lønna permisjon eller mindre. Nær halvparten tilbyr ingen permisjon for fedre eller adoptivforeldre. 7% av desse bedriftene tilbyr ingen lønna permisjon. Og dette er altså snakk om forbilledlege bedrifter som i ei undersøking er kåra til dei mest familievennlege i landet. Som forventa er tilgangen til permisjon endå dårlegare dersom ein ser på heile privat sektor under eitt. Samme rapport angir då at kun 8% har tilgang til lønna permisjon. Dei påpeikar også at offentleg sektor ikkje går føre med eit godt eksempel; heller ikkje her er lønna permisjon standard. 

Kva seier det føderale lovverket i USA om foreldrepermisjon? The Pregnancy Discrimination Act of 1978 (PDA) pålegger arbeidsgivarar å gi gravide samme behandling og rettighetar som andre arbeidstakarar, og forbyr diskriminering av gravide. The federal Family and Medical Leave Act of 1993 (FMLA) beskyttar arbeidstakar sin jobbsikkerhet ved sjukdom (inkludert svangerskap og fødsel), og gir rett på inntil 12 veker ulønna permisjon årleg. FMLA gjeld imidlertid berre dersom du jobbar over 20 veker årleg, har jobba minst 12 månadar hos nåverande arbeidsgivar, og jobbar i eit firma med minst 50 ansatte. Utover dette er det fleire statar som har eigne bestemmelsar som tilbyr arbeidstakarar noko betre ordningar. 

Rett nok er me godt stilt i Norge, men i denne samanhengen er det faktisk USA som skiller seg radikalt fra dei aller fleste andre industrialiserte land. Ifølge ein artikkel i USA Today viste ei undersøking fra Harvard University at 163 av 168 undersøkte land hadde ei eller anna form for lønna foreldrepermisjon. Dette plasserer USA i selskap med land som Lesotho, Papua New Guinea og Swaziland. Kva kan vere årsakane til at USA har valgt ein annan kurs enn land det ville vore naturleg å samanlikne seg med? Den første teorien mine kollegaer lanserte, var at økt foreldrepermisjon blir sett på som sosialistisk. At frykta for sosialismen fratar amerikanarene mange grunnleggande velferdstilbod har eg tidlegare skreve om på denne bloggen. Artikkelen i USA Today peikar på at medan mange andre land har ført en bevisst familiepolitikk for å stimulere til fleire barnefødslar og halde folketalet oppe, har ikkje USA hatt dette behovet fordi innvandring har sikra folkeveksten. I USA er fødselraten per par 2.1, som tilsvarar den raten som er nødvendig for å halde befolkningstalet oppe. Til samanlikning er fødselsraten i Norge 1.9. Nokon meinar også at den feministiske bevegelsen har hatt ulike mål i Europa og USA. Medan europeiske feministar lenge har framheva ordningar som permisjon og barnehagar som eit viktig likestillingspolitisk verkemiddel, var det i USA lenge uaktuelt å kreve særbehandling av kvinner. Amerikanske feministar søkte likebehandling på alle plan og kjempa derfor heller ikkje for ordningar for gravide og mødrer. Nå har denne mentaliteten endra seg, men noko av forklaringa kan ligge i i tidlegare feministar sine haldningar. Andre peikar på det naturlege spørsmålet: Kven skal betale for det..? Det er lite tradisjon for offentlege skattefinansierte ordningar her i USA, jamfør den overdrevne frykta for sosialismen; og arbeidsgivarar er uvillige til å påta seg denne betydelege ekstrakostnaden. 

Tenk deg så at den vesle jenta di skal begynne i barnehage, og du oppdagar til din forskrekkelse at prisen på barnehage nærmast er som å ta opp eit ekstra huslån. Kva skal du gjere..? Tjenar du nok til å klare dei skyhøge barnehageprisane? Dersom du har fleire barn er det lite sannsynleg. Skal du skaffe dagmamma? Eller skal du slutte i jobben og bli heimeverande? Dette er daglegdagse betraktningar i USA idag. Ei av mine kollegaer har ei lita jente på 8 månadar. Dersom ho skulle hatt jenta i barnehage, hadde dette kosta henne 1800 dollar i månaden – med dagens dollarkurs tilsvarar dette godt over 12 000 norske kroner i månaden. Her i Boston er rett nok barnehage dyrare enn mange andre stader i landet, men det er likevel sjokkerande stor kontrast til den norske maksprisen for barnehageplass (for tida 2330 kr/mnd, med mål om å komme ned i 1750 kr/mnd innan 2012). 

Mange får sjokk når dei oppdagar kor dyrt det er å ha barn her i USA, men mange er også smerteleg klar over det i forkant. Eg har i løpet av mi korte tid i landet snakka med fleire jenter over 30 år, med høg utdanning og sikre jobbar, som seier rett ut at dei gjerne vil ha barn – men dei har ikkje råd ennå. Ei av jentene fortalde meg at sidan ho og ektemannen har kjøpt hus, må dei vente med å få barn. Naturleg nok vil mange vente med barn til dei har lagt seg opp nok penger til å kunne gi barnet sitt det aller beste; det vere seg bustad, barnehage eller college. Men skal ein verkeleg måtte vente fordi ein ikkje har råd..? Skal ein måtte velge mellom bustad eller barn?

Utfra desse skildringane skulle ein tru at barne-, familie- og likestillingspolitikk sto høgt på den politiske dagsordenen her i USA, og at dette var viktige kampsaker under den nyleg avslutta valgkampen. Tru om igjen! Dette er saker som såvidt meg bekjent ikkje blei nevnt med eit ord under valgkampen, iallfall ikkje i nokon av dei siste store debattane. Det er liten politisk vilje til å ta tak i desse sakene, og akkurat nå kan ein vel kanskje seie at USA har større og meir umiddelbart presserande problemer å ta tak i. Men likevel; mitt inntrykk er at dette er viktig for folk; dette er noko folk kjenner på kroppen og noko som i sterk grad påverkar folk sine livsvalg. Amerikanske familiar fortjenar velferdsordningar på linje med andre vestlege land, men då trengs det ein ny politisk vilje til å prioritere barne- og familiespørsmål og sjå viktigheten av dette i ein større samanheng. Kvifor er ikkje dette tilfelle idag? Kvifor er dei velferdsordningane me tar for gitt i Norge utopi her i USA? Og korleis kan det ha seg at amerikanarar likevel får fleire barn enn nordmenn..?

Front row to history

november 6, 2008

img_7231“This is our moment. This is our time.” Eg trur me alle følte at me sat på fremste rad og såg historien utspele seg framfor augene våre igår. Kva vil eg huske fra 4.november 2008?

 

Eg kjem til å huske den unge svarte jenta på t-banen om morgonen. Eg trur det er vanskeleg å fullt ut forstå kor viktig denne dagen er for den svarte befolkninga her i USA. Mange hadde nok ikkje trudd at dei skulle få oppleve denne dagen. “I never thought I’d live to see the day”. Jenta på t-banen hadde Obama-genser, sat rak i ryggen, og såg så utruleg stolt og glad ut. Kanskje kom ho rett fra stemmelokalet? Det formeleg lyste stolthet av henne. Yes we can. 

Eg kjem til å huske den spesielle stemninga på jobb. Lett nervøs stemning, håpet om at dette kunne gå vegen, frykta for at dei kunne bli skuffa denne gongen også. Dei fleste av kollegaene mine hadde stått i kø og avgitt si stemme før dei kom på jobb, og hadde “I voted”-klistermerke på genseren. Dei fleste trudde at Obama kom til å vinne, men det var delte meiningar om korvidt det kom til å bli spennande eller ikkje. Eg følte meg sikker på at Obama kom til å vinne stort. Ingen grunn til å tvile nå. Yes we can. 

Eg kjem til å huske at då me kom til Kings Lane, ein av dei mange barane som arrangerte ‘election party’ denne kvelden, hadde McCain klar ledelse i mange av dei viktige sving-statane. Me blei redde eit øyeblikk, før den rasjonelle forklaringa gjekk opp for oss: Sannsynlegvis var opptellinga kun ferdig på små plassar utanfor dei store byane. Me slapp med skrekken. Yes we can. 

Eg kjem til å huske øyeblikket då det ikkje var tvil lenger. Klokka var berre halv ti på kvelden, men Obama blei annonsert som vinnar av viktige Ohio. Eg kjem til å huske den store unge vennegjengen som braut ut i spontane jubelbrøl og kasta seg om halsen på kvarandre. Ei av dei hadde ei t-skjorte med påskrifta: Yes we can. 

img_72261Eg kjem til å huske at presis klokka elleve var det offisielt: “Barack Obama elected president!” På storskjermen viste CNN fantastiske jubelscenar fra rundt om i landet. Ikkje lenge etter holdt John McCain ein svært god tale der han erkjente nederlaget. Han framsto som oppriktig og verdig, og gjorde ein av sine beste talar. Etter dette venta alle på den talen det var knytta aller størst forventningar til: Barack Obama direkte framfor tusenvis av tilhøyrarar i Grant Park, Chicago. Han innfridde forventningane. Eg trur alle hadde konstant gåsehud og ei tåre i augekroken under denne legendariske talen oppbygd rundt det som har vore slagordet i valgkampen: Yes we can. 

Eg kjem til å huske Jesse Jackson sine tårer, den vesle jenta i Chicago som burde ha vore i seng for lengst, at Obama snakka om den 106 år gamle svarte kvinna fra Atlanta som etter eit langt og begivenhetsrikt liv avga si stemme for forandring og for framtida på ein elektronisk skjerm, og den enorme folkemengda i Chicago som taktfast ropte: Yes we can. 

Eg kjem til å huske at då me gjekk mot t-banen var det store gjengar ungdommar ute i gatene, dei song og dansa og var elleville av glede. Og kanskje det mest påtakelege; både igår og idag har alle virka så stolte..! Endeleg har me klart det, virkar det som om folk tenker. Ein av naboane våre har tidlegare fortalt oss at ho føler behov for å unnskylde på vegne av det amerikanske folk når ho er i Europa. Ho føler at ho må seie unnskyld for alt det USA har stelt i stand dei siste åra. Versåsnill, ikkje tru at alle amerikanarar er enige med Bush! Det samme inntrykket har eg fått på jobb. Dei er skamfulle heller enn stolte over landet sitt. Nå er det som om folk pustar letta ut. Håpet og trua på den amerikanske draumen vender tilbake. Det er store forventningar til kva Obama kan utrette som president. Men som Obama sjølv seier: “I’m reminded every day that I am not a perfect man. I will not be a perfect president.”

Men han har allerede gjort mykje for mange. Han har gjort dei stolte. Han har gitt dei håpet tilbake. Yes we can.

Fornuft og følelsar

oktober 31, 2008

Med berre 4 dagar igjen til det amerikanske presidentvalget, tenkte eg å gi dykk eit lite innblikk i følgande: Kven stemmer kva, og kvifor? Dette innlegget er ei salig sjangerblanding, med fakta og følelsar om kvarandre – akkurat som valgkampen sjølv. Å sjå nærmare på desse spørsmåla gir ikkje berre innsikt i amerikansk velgardemografi; til ei viss grad kan skillelinjene også ekstrapolerast til å beteikne heile det amerikanske samfunnet. For sjølv om Obama seier: “There is no liberal America, there is no conservative America – there is just the United States of America”, så kan ein av og til få følelsen av at USA er ein splitta nasjon. Iallfall når det er snakk om politikk. Som komikaren Groucho Marx sa i si tid: “All people are born alike – except Republicans and Democrats..”

Republikanarane framstår for meg grovt sett som ei todelt gruppe velgarar. For det første er det mange pengesterke forretningsfolk som sympatiserar med partiet. Dei er økonomisk konservative, det vil seie at dei har klokkartru på det frie markedets og den reine kapitalismens velsignelse. Dei er motstandarar av økt statleg styring, og ikkje minst; dei er sterkt i mot skatteøkning. Det er sikkert ideologiske og godt begrunna årsarar til dette standpunktet, men den enklaste forklaringa er ofte den beste: Dei er redde for at uvedkommande kan komme til å få sugerøyret ned i pengebingen deira. I tillegg til dresskledde businessfolk er det også mange eldre som stemmar republikansk, mest av gammal vane kan det ofte virke som. Partiet har ikkje tilnavnet Grand Old Party (GOP) for ingenting – det er eit ærverdig parti med lange og stolte tradisjonar. Den andre hovudgruppa er truleg fleire i antall enn businessfolka; dette er folk fra smalltown America og mindre tettbebygde strøk, særleg i statane midt i landet og i sør. Det er denne folkerike velgargruppa McCain og Palin prøver å appellere til ved å snakke om Hockey-Mums, Joe Sixpacks og ikkje minst det siste tilskuddet til familien; Joe the Plumber. Dette er for det meste vanlege arbeidsfolk som har lite å vinne på den konservative økonomiske politikken til det republikanarane. McCain prøvar å skremme dei med at Obama vil ta pengene deira og ‘spread the wealth around’, men faktum er at mange ville ha profittert betre på Obama sin økonomiske politikk. Mange i denne velgargruppa er religiøse og sterkt sosialkonservative, f.eks når det gjeld abort eller homofile ekteskap. Dei er også skeptiske til for mykje statleg innblanding og kontroll. 

Demokratane virkar umiddelbart som ei meir heterogen og mindre stereotyp velgargruppe. Demokratane er meir liberale både i økonomiske og sosiale spørsmål, og er i fleirtal blant innbyggarane i dei store byane, blant høgt utdanna og blant unge velgarar. Geografisk kan ein forenkla seie at øst- og vestkysten er demokratisk, medan midten av landet og sør er republikansk. Ifølge ei meiningsmåling utført av Time er demokratane støtta av 97% av svarte velgarar, 88% av registrerte demokratar, 88% av folk som reknar seg som liberale, 56% av alle kvinner, 54% av dei som reknar seg som moderate, 49% av partiuavhengige (independents), 48% av kvite kvinner, 43% av alle menn, 38% av kvite menn og 20% av konservative. Til samanlikning er republikanarane støtta av 90% av registrerte republikanarar, 75% av konservative, 57% av kvite menn, 51% av alle menn, 45% av kvite kvinner, 43% av partiuavhengige, 38% av moderate, 37% av alle kvinner, 6% av liberale og 0% av svarte velgarar. Dette er ei enkelt meiningsmåling utført i begynnelsen av oktober. Den gir ikkje heile sanninga, men eit lite innblikk i kven som støttar dei to partia. 

Ei velgargruppe det er mykje fokus på nå i valgkampinnspurten er dei såkalla sving-velgarane (swing-voters). Dette er ei noko diffus beteikning på velgarar som ikkje har bunde seg til ein kandidat eller eit parti. Dei kan derfor like gjerne stemme både til høgre og venstre. Kor stor er denne velgargruppa? Gjennomsnittleg dei siste tiåra har sving-velgarane utgjort cirka 20% av alle velgarar. Dette antallet er imidlertid synkande, og i 2004 var dette talet nede i ca 13%. Antallet er høgare tidleg i valgkampen, og går nedover ettersom det nærmar seg valg. Det er snakk om eit betydeleg antall potensielle velgarar, og begge kandidatar brukar mykje tid og penger på å overbevise denne ubestemte gruppa velgarar. Sving-velgarar er ikkje ei demografisk definert velgargruppe, men dei tenderer til å vere moderate og ikkje veldig politisk engasjerte. Mange klarar då heller aldri å velge side, og endar opp med å ikkje stemme. Eg vil tippe at i denne valgkampen er det mange sving-velgarar å finne blant kvit middel/arbeidarklasse utanfor dei store byane, mange av desse var kanskje tilhengarar av Hillary Clinton i primærvalga. 

Så kva er det til sjuande og sist som avgjer kven ein stemmer på..? Dei politiske sakene er sjølvsagt viktige, og i år har økonomien naturleg nok vore den klart viktgaste saka for amerikanarane. Men det er ikkje berre fornuft som ligg bak valget av ein kandidat – følelsar spelar også inn. Mange gir si stemme til den kandidaten dei likar best, den kandidaten dei kjenner seg mest igjen i, og som dei lettast kan identifisere seg med. Mange har spekulert i kor stor betydning rase vil ha i årets valgkamp. Mi meining er at rase kan vere eit ledd i beslutningstakinga for nokon få, men eg trur også at det det ofte er meir komplekse forhold som ligg bak den Obama-skepsisen nokon føler. Han framstår for mange som vanskeleg å identifisere seg med av ulike grunnar. Nokon kallar han for elitistisk og akademisk, andre synest han er “annleis” på grunn av sin eksotiske bakgrunn. Det har derfor vore ein del snakk om korvidt han er “amerikansk nok” eller “patriotisk nok”. I kor stor grad dette er uttrykk for meir eller mindre bevisst diskriminering på grunn av rase, er ukjent, men eg trur bakgrunnen for haldningane er meir samansette.

Når han nå ligg an til å vinne, er det mange grunnar til dette også. Bush er kanskje tidenes mest upopulære president, og dei aller fleste er enige om at dei siste 8 åra har vore eit svart kapittel i amerikanske historie. USA har starta to krigar. Krigen i Irak blei starta på feilaktig grunnlag og er blitt eit pengesluk av dimensjonar. Den nasjonale gjelda har økt noko heilt usannsynleg. Det har lenge vore økning i arbeidsløyse og tvangssalg av boligar, og den nedadgåande økonomispiralen enda som kjent nyleg med den største finanskrisa sidan 30-talet. Det er dermed lett å forstå at det amerikanske folket er klare for endring. Men dette er ikkje heile forklaringa. Obama har vist seg å utklasse McCain når det gjeld retorikk og talegaver, han har hatt eit meir konsistent og ufravikeleg budskap heile kampanjen gjennom, han presenterte eit tydelegare forslag til løysing då finanskrisa var eit faktum, og han engasjerar og inspirerar nye velgargrupper på ein unik måte. McCain på si side har ført ein meir vinglete valgkamp, der budskap og strategi nærmast har skifta fra veke til veke. Eg trur tidspunktet er tilnærma perfekt for Obama, men eg trur også han er rett mann til rett tid. Vil den neste presidenten bidra til å dempe kulturkrigen som den politiske polariseringa representerar, og virke samlande på the United States of America?

Snart får me vite om USA verkeleg er “ready for change”.